Luke15 -2020

«Just like a bridge over troubled water, I will lay me down…» Leif spelar piano i stova, han tek eit nettkurs for å trena opp ferdigheiten å spela friare med besifringsspel. Han spelte piano i oppveksten og vart ganske flink, men då var det klassisk piano etter noter. Eg liker at nokon spelar piano i stova. Snart kjem Halvard heim, han pleier å spela mykje og ofte. Sjølv har eg dessverre ikkje, sjølv etter eit par iherdige forsøk lært meg å spela noko instrument på eit bort i mot brukbart, i ordets heilt bokstavelege forstand, nivå. Eg ville likt veldig godt å kunna det, og eg ville likt veldig godt å vera flink til å synge. Nå er det slik at me sit med kvar våre kort og puslespelbitar på handa, og så får me spela så godt me kan med dei korta me får.
«Like a bridge over troubled water,» eg liker biletet. Det er ein av dei tinga eg verkeleg har lyst til å vera. Det er så mykje splittelse og konfliktar her i verda. Eg innser at ein del av dei er nødvendige, men eg seier som Martin Lönnebo då eg var på ein gruppesamtale med han under det store treet i den stille hagen på ein Korsveifestival «Jag er så fryktansvärd dålig på det med konflikter». I alle fall hugsar eg det som om det var slik han ordla seg, og eg var glad for å finna ein forbundsfelle. Eg hadde og sansen for det Thorvald Stoltenberg sa ein gong, som var omtrent slik som dette: «Alle er for tida så redde for å være konfliktsky. Det er blitt som det verste skjellsordet. Kom til meg med de konfliktsky, det er ofte dem det er bruk for. Det er nok av de som oppsøker konflikter.» Litt konfliktsky som eg er, så må eg skunda meg å seia at Stoltenberg er sitert heilt etter mitt eige feilbarlege minne, og er heilt ute av stand til å forsvara seg viss det ikkje var det han sa eller meinte…
Dagane er fine og dei er rare. Me står i valgsituasjonar me ikkje er vane med å måtta forhalda seg til. Skal me invitera gjester denne veka, eller er det det me absolutt ikkje skal? Kven kan me vera i lag med i jula? Kva slags sosiale ting er det ok å gjera, og kva er heilt forkastelig. Skal me la vera å stikka innom folk som kanskje kan bli smitta fordi me kan vera smitteberarar utan å vita det sjølv?
Det snører seg litt til med smitte, og snart kjem dei vaksne barna heim på juleferie. Eg gleder meg villt, men kor stor avstand bør me eigentleg halda? Kor mykje må ein kribla i halsen før ein avlyser selskapet på julaften? Me prøver å navigere så klokt me kan i relativt ukjend farvatn og gler oss til juleferie. I går var eg og eldstesonen på vår tradisjonelle førjulshandletur til Kvadrat, eit kjøpesenter eg besøker sånn omtrent ein gong i året. Ein måndagskveld mellom halv åtte og ti viste seg å vera eit vellukka tidspunkt. Det var nesten ikkje folk der, så det kjendest ganske så trygt. Det er ein fin tradisjon som heng saman med at mine kjøreferdigheiter tilseier at eg helst lar bilen stå viss eg skal lenger enn til Klepp. Eg er litt merkeleg skrudd saman slik.
Det er mange fine julesongar. Kvar morgon spelar me musikk når elevane kjem inn. «Mary did you know?» «O holy night» og «Nordnorsk julesalme». Det er finfine songar alle saman, men i kveld vart det den med brua som verkeleg nådde meg inn i hjartet. «Like a bridge over troubled water, I will lay me down».
Heidi