Gå til innhald

Luke 8 -2020

desember 8, 2020

Biletet over er treåringen sitt portrett av lillesøster Karamella. Eg er så glad i barneteikningar og synest det er interessant å sjå gjennom leik, samtalar, teikningar og historiar korleis små barn opplever ting. Det å prøva å ta treåringane sitt perspektiv på livet er verkeleg spennande.

Sjølv om aldersspennet er stort, så er det litt beslekta med det eg brukar tysdagskveldane mine på. Etter langdag med undervisning og pedagogisk utviklingsarbeid og ein halvtimes matpause, gjennomgår eg ei lita forvandling: Eg tek på meg ein annan hatt og blir kulturskulelærar i faget skapande skriving. Der har eg ei ungdomsgruppe med sju jenter som går på ungdomsskulen eller vidaregåande skule. Det gir ein fin kontrast til den daglege jobben med åtteåringar, og eit annleis fagleg fokus.

Det hender eg er ganske trøytt før eg kjem så langt som til kulturskulen, for arbeidsdagen fram til då er lang og intens. Når eg først er i gang så gløymer eg å vera trøytt fordi det rett og slett er ein så fin gjeng å vera i lag med. Eg skriv i lag med dei, og saman utforskar me språket og uttrykksformer. Me jaktar på kunsten å fanga orda i lufta medan dei framleis er fulle av kjensler og meining og ikkje har rukke å bli verken kjedelege eller klisjeaktige. Eg lærer mykje om det å vera tenåring når eg er i lag med dei, det synest eg er eit stort privilegium.

I dag var me så heldige å få vera publikum på ein prøve av ei framleis ikkje heilt ferdigstild forestilling som ei ungdomsgruppe i dramaseksjonen skal visa fram over jul. Det var spennande. Me snakka om å få til eit samarbeid der mine skrivejenter kan skriva små dialogar og monologar om det å vera ungdom. Tekstane kan så vidareførast til dramagruppa som kan vidareføra og framføra dei. Det høyrest ut som eit spennande prosjekt. Skrivegruppa var klare til å gå i gang over jul. Nå tek me juleferie. Me på skriving har eit litt forkorta arbeidsår fordi me på slutten av skuleåret reiser på tur og gir ut bok slik at me treng å ha litt oppspart tid.

Det er vel sånn ca femten år sidan eg fekk spørsmål frå leiinga i kulturskulen om eg hadde lyst til å vera med på eit pilotprosjekt med skapande skriving som kulturskulefag. Sidan har me drive på her i Time. Me er litt stolte av at faget er på plass, for det er mange kulturskular som framleis ikkje har det som eige fag. Sjølv om det skal bli godt med litt julefri, så gler eg meg til framhaldet.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: