Gå til innhald

Luke 10- 2020

desember 10, 2020

Denne fine påminninga frå Unni skal få fylla den visuelle delen av luke 10. Dette biletet stod på arbeidspulten min på jobb i dag, eg går ut frå at det er ei helsing frå min hemmelege nissevenn, så det kan jo tenkjast at det bare er til låns. Eg elskar bodskapet og den herleg rampete framtoninga på dama på biletet, og sjølv har eg alltid ønska meg lange augnevipper og rosa hår med naturlege blomar i. Biletet var midt i blinken, det gav ei ekstra vitamininnsprøyting før eg snofla inn i arbeidsdagen som var av det gode slaget.

Eg sykla ned på senteret for å ordna nokre småting, og då eg kom heim låg det ferdige bunker av julebrevet vårt med fine bilete i. Min ryddige venn hadde ordna opp. Me fekk koseleg ettermiddagsbesøk av snillaste Gerd som kom på besøk med nybakt ambrosiabrød, aniskringler og julegavar i ein pose. Baksten smakte heilt nydeleg, så dette var verkeleg dagen for å bli overaust med fine ting.

I kveld skulle eg og nokre venninner ha hatt juleforening med rømmegraut og spekemat heime hos ei av oss. På grunn av smittesituasjonen fann me ut at det var tryggare å møtast ute i byen, så me hadde bestilt bord på Møllehagen der det var både romsleg mellom borda og god plass mellom stolane. Me er ein gjeng som har møttest fast ca ein gong i månaden i omtrent 35 år, eg er så heldig at eg framleis har venninner både frå barneskulen, nabolaget der eg vaks opp, vidaregåande skule og lærarhøgskulen. Det er fint å kjenna så mange som ein har kjent lenge, då er det mykje ein slepp å forklara og mykje ein bare veit og forstår. Ein eller annan samfunnsmedisinar eller psykolog skal ha sagt at syklubben er ein av dei viktigste faktorane for kvinnehelse. Det trur eg på, og eg trur heldigvis at ein del menn har noko liknande.

På Møllehagen åt eg deilig gratinert fiskesuppe med blåskjell og rista kvitlaukssbrød. Det viste seg at alle som åt middag der på torsdagar fekk gratis sjokoladefondant med is på torsdagskveldane. Det kunne me jo ikkje seia nei takk til så nære jul. Eg gir meg sjølv amnesti frå min veldig sunne livsstil ut året… I alle fall sånn delvis. Ein får vel prøva å halda tunga nokonlunde rett i munnen medan ein balanserer på slakk line mellom kaloribomber av ulikt slag. Eg trur at det må vera sunt å kosa seg ekstra 2-3 veker i året, men det gjeld sjølvsagt å ikkje ta heilt av og å ha evnen til å seia at nok er nok når jula er over. Den aller beste fristelsen eg falt for i dag var Gerd sitt nybakte ambrosiabrød med brunost. – Det var godt det…

Etter end måltid med påfylgjande kaffi tok me opp kvart vårt nett og begynte omstendeleg og systematisk å dela ut julebrev og små innpakka presangar med dompappar på papiret til kvarandre. Viss me vakte oppsikt så la me ikkje merke til det sjølv. Nå er det helg dersom eg tenkjer på frilansardagen min som helg. Det er intenst å vera lærar i desember, så det skal smaka godt med litt fri. Kanskje eg til og med set inn litt forsiktig julepynting. Eg er eigentleg ein julepyntpuritanar som har pleidd å tenkja at det er advent fram til lille julaften, og at det er først då det skal pyntast skikkeleg til jul. I år har me nærmast fått beskjed frå høgaste hald på blå resept at me ikkje skal spara på lys og trivsel. Juletre er det ikkje snakk om på lenge endå, men kanskje me forsiktig skal sleppa til litt meir førjulspynting.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: