Luke 9 -2020

Eg har brukt deler av kvelden til å skriva min del av julebrevet som i år. Dette er eit arbeid eg liker veldig godt når eg først er i gang. Problemet er alltid å skriva kort nok. Ikkje å fatta seg kort i tradisjonell forstand, men bare det å ikkje sprenga alle anstendige grenser for kor langt eit julebrev kan vera… Eg må nok ta ein streng runde med meg sjølv og teksten for å korta det ned litt…
I anledning julebrevet, kom eg på at det kanskje hadde vore fint å ta med det adventsdiktet eg har begynt å skriva, men då burde det vel kanskje helst ha fire vers?
Eg er nok eit deadlinemenneske som får gjort ein del under tidspress, og i kveld kom tidspresset frå meg sjølv. Eg skreiv dei to siste versa på ein times tid, kanskje, og det er ikkje sikkert eg kjem til å ta vare på det akkurat slik det er, men akkurat nå står det i denne varianten i det framleis usende julebrevet mitt. Då får eg by på det her og før eg legg årene inn for kvelden. På den måten har eg jo på ein måte klart å ordna meg med ei adventskalenderluke i same slengen…
Elles har me hatt ein fin ettermiddag med to tende adventslys (biletet av fire lys er frå i fjor), i lag med mormorgulla og foreldra deira. Livet er godt.
*
Me tenner første lyset
i adventskransen vår
for kjærleik håp og varme,
det treng me nå i år,
eit lys for alt som gløder,
i natta stor og svart,
eit lys for kloke tankar,
og for livet slik det vart.
Me tenner lys i mørket
for livet som me får,
to lys for tunge bakkar,
to lys for oss som går,
to lys for håp og styrke,
to lys for oss som skal
ta lys i redde hender
og gå ut i alle fall.
Tre lys skal stå og skina
for alt me håpar på,
for alt som me skal møta,
for vegen me skal gå,
ei bøn om lys og varme
om å få vera nær,
om me må halda avstand,
og om alt er slik det er.
Sjå fire lys skal brenna
for alt me har i lag,
for lyset som skal koma,
for natt som skal bli dag,
velsigne oss som leitar,
som lengtar og som trur,
velsigne oss og håpet.
og det landet der me bur.
Heidi
Elsker aa lese om advents- og juletiden i Norge. Lenge siden jeg selv har oppleved den.
Takk for dine innlegg!
Storhilsen
Suse