Gå til innhald

Luke 14 -2020

desember 14, 2020

For tida er me i ein prosess på skulen der trinna dei siste vekene har blitt utfordra til saman å laga eit opplegg knytta til eit fag der me bruker eit av måla i den nye læreplanen. Me har prøvd det i norsk og matematikk, og denne veka var det kunst og handverk som stod for tur. Kombinert med førjulsaktivitetane me alltid driv med på denne årstida, bestemte me oss for fylgjande kompetansemål etter 4. klasse:

«Gjennomføre kunst- og designprosesser ved å søke inspirasjon, utforske muligheter, gjøre valg og lage egne produkter».

Det var litt beslekta med eit godt gammaldags opplegg i fri forming, bare med litt andre inspirasjonsmetodar. Me hadde laga ein inspirasjonsbank på nettet og lagt ut på showbie med foto av formingsprodukt me hadde funne på nettet og ein og annan instruksjonsvideo, til foreksempel å laga gammaldagse korger i glanspapir.
Hovudmaterialet vårt i dag var papir, så me hadde lagt fram papp, silkepapir, glanspapir, kartong, trekuler, teiknepapir og farga papir. Me hadde og lagt fram andre rekvisittar som treperler, knappar, ståltråd, garn, gulltråd og lim. Elevane vart så utfordra til å gå inn i inspirasjonsbanken og få idear til noko dei hadde lyst til å laga. Me førebudde dei og på at me ikkje hadde alle materiala som var på bileta, og då måtte dei finna sin eigen måte å gjera det på.

Eg let meg imponera over kor greitt det gjekk. Nesten alle elevane bestemte seg for noko dei hadde lyst til å laga, og kom fort i gang. Nokre av dei prøvde å kopiere det dei såg på bileta så nøyaktig dei kunne. Andre løyste det heilt på sin eigen måte. Eg hadde i grunnen venta at det ville bli langt meir kaotisk enn det gjorde. Ei ulempe med denne måten å jobba på er at me ikkje veit heilt kva me kjem til å trenga, så det er vanskeleg å ha alt klart. Me var fleire vaksne i rommet, så me var frigjorde til å henta ting etterkvart, silkesløyfer, trelim, sytråd og så vidare. Nokre av elevane fekk vera med ned på formingsavdelinga for å sjå om dei såg noko dei trong, det var stor stas.

Denne måten å jobba på gjorde at kreative elevar fekk stå langt friare enn dei ofte gjer når me har juleverkstad. Nokre få av dei valde å sjå vekk frå inspirasjonsbileta og laga noko dei bare fekk lyst til å laga, men det er jo ein måte å bli inspirert på det og. Det eg kanskje kunne ønska meg var at elevane i endå større grad frigjorde seg frå det dei såg i staden for å kopiera, men det å kopiere design er jo og ein måte å læra på. Eg veit at eg personleg er ein slik kunst- og handverklærar som er meir glad i kunsten enn i handverket, men begge deler skal jo vera med. Elevane fekk jobba i to klokketimer med produkta sine. Då var nokre ferdige og godt fornøgde mens andre trygla om å baaaaare få gjera seg ferdige før dei rydda. Dersom me hadde hatt betre tid der og då kunne me godt ha sett meir på produkta deira i lag, laga utstilling og sett meir på om det var andre måtar me kunne bruka idéane på.

Alt i alt så var dette ei spennande erfaring og ein form for juleverkstad som eg fekk lyst til å bruka igjen. I ein av tre grupper vart dette opplegget gjennomført parallelt med at elevane gjorde ferdig ei skilpadde med skall vove på rundvev og kropp i filt. Eg såg at elevane som sydde trong så mykje vaksenassistanse at det gjekk litt utover dei som laga eigendesigna papirpynt. For å sei det med ein forslitt lærarklisje: Ein lærer så lenge ein har elevar.

Og ja, me lærarane er akkurat såpass slitne som det er tradisjon for å vera når det er fire dagar att til jul. Eg kunne ha skrive mykje om førjulsmagi i klasserommet. I tillegg til å vera heilt vidunderlig så dukkar det alltid opp ein del tankevekkjande problemstillingar i desse vekene. Det får eventuelt bli ei anna kalenderluke.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: