Gå til innhald

7.juli

Me vakna i dag og såg at vermeldinga ikkje var så verst. Så las eg kommentaren til Aud om Selja, og fekk endå meir lyst til å dra ut dit. Me bestemde oss for å kjøpa bilettane og eg fann fram langbukse og sokker for å vera kledd for ei litt kald uteoppleving. Då viste det seg at billettane ikkje var der lenger: Nokon hadde kome oss i forkjøpet og kjøpt dei.

Litt skuffa vart me vel, men det er jo slikt ein risikerer når ein ikkje får bestemt seg. Det positive var at nå kunne me ta oss litt betre tid både med frokosten på folkehøgskulen og med turen nedover langs vestlandskysten. Under frokosten bestemte me oss for å gjera noko anna me hadde hatt lyst til, besøkja Ivar Aasen- senteret på Ørsta. Sist me køyrde forbi skulle me i sølvbryllaup på Sunnmøre og hadde ikkje tid til stopp. Så då fekk det bli Aasen-senteret i dag og Selja i mente.

Eg må jo innrømma at det å kunna ta seg god tid med turen nedover var fint plaster på såret. Kvar gong eg kjører nedover Vestlandet blir eg heilt mållaust over kor vakkert det er her, og eg kjenner at eg er stolt av å vera vestlending.

Ivar Aasen- tunet ligg som etternamnet kanskje skulle indikere i ei åsside. For å koma opp dit gjekk me gjennom ei blomstereng med masse humler og sommarfuglar og med beitande geiter. Då Sverre Fehn teikna huset til det nye senteret som var ferdig i år 2000 hadde han presisert at det skulle vera geiter rundt huset, nesten som ein rekvisitt til den moderne bygningen.

Frå før av var det to hus på tomta som hadde vore museum, det hadde stått der heilt frå Ivar Aasen si levetid.

Det var eit fint museum og ein flink guide. Me fekk først sjå ein film i ein slags kinosal om Ivar Aasen sitt liv. Det gjekk for fullt opp for meg kva livsverk dette var. Han reiste rundt i nesten heile landet, til fots, i båt eller med hest og karjol for å samla inn dialektord, og systematisere dei i eit grammatisk system som han så brukte for å gje nordmennene eit skriftspråk som var deira eige. For eit pågangsmot han må ha hatt, og for ein spesiell person han må ha vore.

Eg kan ikkje påstå at eg har noko driv til å gå inn for dei same hobbyane som mannen eg er gift med. Nokon lidenskap for dans, brettseiling eller golf har eg aldri hatt og kjem heilt sikkert aldri til å få, men når det gjeld språk og litteratur er me like mykje nerdar begge to, og me gjekk med stor entusiasme inn for å få med mest mogleg av alt som kunne inspirera. Det var og utstilling der med utgangspunkt i Jon Fosse og Carl Frode Tiller. Dei hadde dessutan ein for meg uimotståelig kasse med kvalitetsbøker til 20 kroner stykket, så eg ende med å bera med meg to papirposar fulle av bøker som eg gleder meg til å lesa.

Av anna å ta med seg frå museumsbutikken kan eg nevna truser med logo på strikken. Ivar Aasen som var ein stor systematikar skreiv pakkeliste for turane. Det kan avslørast at han hadde med bare eit underbukseskift og mange vestar, men det var jo ei anna tid. Ein kunne og kjøpa seg kunstferdig filta Ivar Aasen- tøflar. Han har ofte varme tøflar på føtene på bilete. Det trong han nok, for han budde på små og iskalde hybler og unna seg aldri noko meir standsmessig. Guiden meinte at han hadde skostorleik 46, ikkje lite for ein mann som var omtrent like høg som meg.

Me unna oss litt lunsj medan me var der. Over ser du ein sommartallerken med gode ostar, heimelaga spekepølse og spekeskinke med flatbrød og diverse tilbehøyr. Det smakte kjempegodt og er den klart beste maten me har ete på turen med unntak av Arild sin kokekunst på lørdagskvelden.

Turen vidare gjennom Sunnmøre, Norfjord og Sunnfjord var ei synsoppleving. Eg hadde lyst til å gå ut kvar hundrande meter for å fotografera, ta vare på og senda vidare synsinntrykk til folk eg kjenner. Bilen snodde seg langs vegar som delvis gjekk heilt nede ved fjorden og delvis litt lenger opp i fjellsida i tillegg til ferger og tunnellar. Eg forstår at både tyskarar, japanarar og alle andre turistar let seg blenda av synet. På veg sørover hadde me lyst til å ta kontakt med både den eine og den andre me kunne hatt lyst til å treffa og slå av ein prat med. Det vart til at me brukte tida på vegen. Slike gonger blir eg litt sjenert for bare å koma ramlamde spontant utan å ha avtalt dagen før, og nå i koronatida er det litt ekstra vanskeleg å ta spontant kontakt med nokon.

Me har hatt ei kjekk og innhaldsrik veke som har gått alt for fort. I morgon skal me nyta siste etappe med vestland før me skal innom Jæren for mellom anna å klappa katten, møta barnebarnet, vatna tomatane og vaska litt klede før me kjører austover på fredag. I kveld havna me i Førde utan at me kjem til å gjera så mykje meir ut av det enn å vera hotellgjester.

Heidi

6.juli

På rockehotellet på Namsos var det utsikt over sjøen i frokostsalen og Bjarne Brøndbo som som venta om Vinsjan på kaien på musikkanlegget. Trønderrockmuseet låg vegg i vegg med hotellet og turnebussen til Prudence var parkert ved inngangen.

Etter å ha kjørt ein time eller to vart me innhenta av regnet og så har det vore bygever resten av dagen med vannslusene på vidt gap innimellom. Det var spennande ting å sjå frå bilvindauget i dag og, på ei mark var det traner og plutseleg såg me ei elgku kryssa vegen i lag med ein kalv i det me passerte eit vegkryss. Ho hadde vet til å gå når det ikkje kom bilar. Ein stad kjørde me forbi myrer med snøkvit myrull, som fekk meg til å tenkja på Hans Børli sitt dikt: Jeg har sett noe som er hvitere enn vingene dine Gabriel. Jeg har sett myrulla bløme på Lomtjennmyrene heime på jorda.

Då me kom fram til Kristiansund var klokka så mykje at butikkane allereie var stengde. Det vart ein kort spasertur med paraply i regnet før me åt middag på ein kinarestaurant.

Dagens høgdepunkt var den strekningen på Nordmøre som har fått namnet Atlanterhavsveien, ein veg frå Averøya som går langt uti havgapet med bruer mellom forskjellige øyer og heilt fantastisk natur. Det var og laga til ein spennande gangsti som delvis gjekk på ei sånn plattform av metall på utsida av eit svaberg. På spørsmål trur reisekameraten min at det blir kalla ei svevetrapp, dei som ikkje har fatta kva eg meiner kan skimta det på biletet.

Det at deler av strekningen framstod i kulisser av høljeregn, mørke skyer og skodde gjorde det ikkje mindre vakkert. Det var rett og slett ei stor oppleving.

Nå har me roa oss for dagen på eit rom på Molde folkehøgskule som er i bruk som sommarpensjonat nå i ferien. Det er luksusvarianten av eit slikt rom. Me har både kvar vår seng og dusj og do tilknytta rommet.

I morgon har me eit luksusdilemma. Me har håpa og lurt på om me får til ein tur ut på klosterøya Selja når me kjem til dei kantar. Me har høyrt at det er veldig vakkert der. Eg har håpa i mange år på å få til å reisa dit ein gong. Det går to båtturer ut dit kvar dag, og den andre turen i morgon er det framleis igjen billettar til, men for å rekka det må me koma oss ganske tidleg her i frå i morgon. Me vurderte å kjøpa billettar, men er litt usikre både på grunn av at det blir litt travelt, og fordi me ikkje heilt veit korleis vêret kjem til å bli. Ein slik tur er jo truleg finast dersom det ikkje regnar og bles alt for mykje. Me klarer ikkje å sleppa tanken på å få det til, samtidig som me ikkje er så sikre på at me rekk det at me har kjøpt billettar. Det blir rett og slett spennande å sjå kva morgendagen bringer.

Heidi

5.juli

Det var med ei viss sorg me snudde bilfronten sørover då me reiste frå Mosjøen i dag. For det første var det litt trist at besøket var over, og for det andre så hadde eg hatt veldig lyst til å sjå meir av dei nordlegaste landsdelene når me først er så langt. Me får ha det til gode. Eg har forelska meg heilt i dei nordnorske sommarnettene som aldri er i nærleiken av å bli mørke. Det er det næraste eg har kome min gamle draum om å finna patenten på å forlenga døgnet.

Eldstejenta i huset varta opp med frokostpannekaker i dag og. Eg let meg imponera. Ho er nettopp ferdig med 3.klasse og ordnar opp med det meste heilt aleine. Det var ein flott start på dagen. Så tok me fatt på ein veg me hadde gleda oss til å køyra, riksvegen som går lenger ute langs kysten enn E6 som me køyrde nordover. Me vart ikkje skuffa. Naturen langs Helgelandskysten var heilt fantastisk. Me hadde ikkje tid til å stoppa overalt der me hadde lyst til å fotografera, så eg sat og knipsa vilt frå passasjersetet samtidig som eg strikka på ein blondeaktig babyjakke i kvit babyull med masse holmønster.

Me hadde bestemt oss for å prøva å gå opp for å fotografera holet i Torghatten, ein sundagstur mange andre og hadde tenkt seg ut på i dag. Den første tabben var at me ikkje tok oss tid til å skifta til skikkelege sko, for vegen me skulle opp var ganske steinete og ulendt sjølv om det til dels var laga steintrapper. Me kom oss likevel greitt opp og ned utan å skli på våte steinar eller tråkka over. Det var ein fin tur. Då me kom opp var den siste biten opp til holet ei slags røys av store steinar. Der stod det på eit fareskilt at ein gjekk opp på eige ansvar fordi det kunne oppstå ras.

Det ende med at eg venta nedafor røysa slik at eg aldri fekk kikka inn i holet og ut på andre sida. Eg angra litt då eg såg at andre gjekk der både med 3-åringar og med babyar i beremeis. Kanskje eg får ein ny sjanse ein annan gong. .. Det er nesten slik som i USA der det står fareskilt over alt om at ein kan koma til å skli på golvet slik at ein er advart. Litt herleg kardemommelovaktig er det nå i det minste at det står «Rasfare, du går videre på eget ansvar. God tur.» Sidan ein av oss kom seg heilt opp fekk eg i det minste eit skrytebilete å leggja på bloggen.

Dersom me hadde starta lenger nord enn me gjorde måtte me ha teke fleire ferger, slik me gjorde det trong me bare ei. Me hadde høyrt at det var ein del turistar langs vegen, så me tenkte det var lurt å vera ute i god tid. Førti minutt før avgang var me der, og då var det allereie ganske mange bilar i køen. Slike kystferger er ikkje alltid så store, så me var slett ikkje sikre på at me ikkje kom til å bli ståande for å venta i alle fall ein avgang.

Men fin henteutsikt, det hadde me absolutt. Som ved eit under kom me med den første ferga sjølv om det kom ein heil lang rutebuss med førpåkjøringsrett akkurat då det var vår tur. På ferga kunne ein kjøpa seg vafler med syltetøy, sveler med brunost eller eit pizzastykke til personleg oppvarming i mikrobølgeovnen.

Då me kom i land begynte landskapet langsomt å skifta karakter og me kom inn i dei lange skogsstrekningane i Trøndelag som me hugsa frå turen nordover.

Av alle stader hadde me endt opp med overnatting på eit hotell tilknytta senteret for trønderrock. Sidan hotellet låg i Namsos tulla eg med at eg rekna med at det var eit stort bilete av Bjarne Brøndbo på veggen. Den siste mila måtte me spela litt DDE for å førebu oss på den rette stemninga. Då «Visjan på kaia» tona ut av høgtalaranlegget i hotellresepsjonen, hadde eg nesten kjensla av å vera klarsynt, men då me kom opp på rom 513 var det Hans Rotmo, han frå Vømmøl spelemannslag som hang på veggen vår.

Apropos Bjarne Brøndbo, så har eg bestemt meg for å sjarmera fyren i senk om eg ein gong skulle møta han, for eksempel på gata her i Namsos. Han uttalte nemleg at han sterkt mislikte avholdsfolk fordi dei var så fordomsfulle. Eg har alltid oppfatta han som ein sjarmerande og triveleg kar så eg var dum nok til å la meg provosera såpass at eg bestemde meg for at den fordommen skulle eg plukka av mannen første gong eg møtte han. Så langt har eg ikkje gjort det.

Mens me er inne på det med provokasjonar, så kan eg på ein måte nå forstå at folk i nord blir litt leie av at det er folk i sør som er premissleverandørar. Nå har me hatt nydeleg sommarver her i dag, og så var omtrent hovedsaken i nyheitene på fjernsynet det forferdelige vêret. Eg forstod det jo litt betre når dei viste reportasje av at dei som skulle gå til Galdhøpiggen i dag måtte gå i noko som likna snøstorm. Til nå har me vore superheldige med vêret, men i fylgje vermeldingane skal regnet innhenta oss i morgon. For folk på bilferie er ikkje regn det største problemet, men eg ser jo at folk på fottur, sykkeltur eller telttur kanskje ikkje får heilt den opplevinga dei hadde drøymt om når det regnar, bles eller snør.

Me var ute ein liten tur i Namsos for å få oss litt mat og ei ørlite føling av kor me er akkurat nå. Det finnest idylliske motiv her og, for eksempel biletet under.

I morgon går turen etter planen til Molde. Der har eg vore innom før, men turen sørover blir heilt ny. Me har tenkt å køyra Atlanterhavsvegen, som skal vera ein spesielt vakker del av strekningen.

Heidi

4.juli – Mosjøen

For ein fin dag me har hatt. Då me stod opp var bordet dekka til fest med flagg, blomar og spidermantallerkenar til ære for Albert som fylde seks år. Storesøstrene hans hadde steikt pannekaker, og dei vaksne hadde ordna varme rundstykke og eggerøre.

Tidleg på føremiddagen gjekk me vegen langs elva ned til sentrum. Eg har vore der før ein gong og oppdaga mot sedvane at eg kjende meg sånn nokonlunde att. Eg hugsa den gamle trehusbebyggelsen i Sjøgata, men det var endå meir idyllisk enn eg kunne hugsa. Kanskje det hadde samanheng med at gata låg forgylla i sommarsol, og sjølv om det var eit skarpt og kjøleg drag i lufta så varma sola så godt at det gjekk an å kasta jakken.

Utanfor det ærverdige gamle hotellet kunne ein kjøpa seg ein zip-line tur frå ein avsats på Øyafjellet på den andre sida av elva Vefsna. Via ein sele blir ein kopla til ein slags løypestreng og send i stor fart nedover fjellet og over elva. Det frista lite å prøva, men var ganske spennande å sjå på. To gutar bada frå ei brygge, eg vil tru at det var ein kjøleg fornøyelse i ei elv eg antar var full av smeltevatn, men den eine påstod hardnakka at vatnet var ganske bra.

I smug og tverrgater var det koselege kafear og små kunstgalleri, og folk sat i sola og koste seg med at det var sommar. Me åt lunsj ved eit utebord på Blomsterbua, ein liten kafé, og me vart fortalde at dette var den første dagen dei hadde ope etter koronanedstengninga. Etterpå koste me oss med å vasa rundt på eit antikvariat drive av frivillige eldsjeler der me unte oss å kjøpa med oss to bøker me kunne ha leita etter viss me visste at dei stod der.

På strikkebutikken Den røde tråd fekk eg kjøpt meg nytt strikketøy for eg ser at slikt går unna på bilturar. Etter mykje om og men, og med ei veldig hjelpsam og triveleg dame som gjorde alt ho kunne for å hjelpa meg, gjekk eg til slutt ut med sju nøster kvitt babyullgarn og eit mønster fotografert på mobilen pluss ei adresse til korleis me eg kunne lasta det ned frå nettet.

Alt blir bra står det på desse barneteikningane på veggen, og sykkelen med blomar i korga får stå som eit symbol på ubekymra sommardagar med vind i håret og ein sommar der framme der det blir lov igjen å dela ut varme klemmer i aust og vest og sitja tett saman utan å vera redde for å smitta kvarandre.

I ettermiddag har me drukke kaffi og ete is og vannmelon saman med foreldra til Hege, Åse og Per. Det var veldig koseleg. Eg møter så masse gjestfriheit her at eg blir heilt rørt. Mitt møte med Mosjøen er at alle her er kjempehyggelege, og det inntrykket kjem eg til å behalda, for i morgon reiser me vidare. Det som rørte meg endå meir var at eg fekk helsingar frå Kari og Gro, gamle venninner frå året i Notodden for sånn ca 36 år sidan. Eg har ikkje sett dei sånn omtrent sidan då. Begge har busett seg i Tromsø og ønska velkommen dit. Det hadde vore så fint å møtast, men det må dessverre bli ein annan sommar.

I morgon kjem fronten på bilen til å venda sørover. Eg kjenner at nå hadde eg vore klar for tre veker i Nord-Norge med midnattssol og glede, men slik vart ikkje kabalen denne sommaren. Men framleis har me ein tur med etapper me verkeleg gleder oss til, og så blir neste avdeling kattepass i Oslo.

Vermeldinga såg dårleg ut før me reiste, men me har hatt sol nesten heile turen. Nå ser det bra ut i morgon og. Då er planen at me skal koma oss tidleg av gårde så me får sett litt av Helgelandskysten. Det blir spennande.

Heidi

3.juli

Dagen starta med nydeleg frokost på pilgrimsgården. På grunn av smittevern hadde dei gjort maten klar på serveringsbrett med små øskjer med nysteikt surdeigsbrød, ferske heimebakte rundstykke og ulikt pålegg. I tillegg var det eit kokt egg og eit vaffelhjarte med pilgrimsmerke på.

Etterpå prøvde me å ringa Ingrid som fyller år i dag, men ho var oppteken i andre telefonar. Då ho ringde oss opp igjen, hadde me nettopp kome inn i Nidarosdomen. Dagen før hadde me tulla med at me fekk ringa henne der i frå og synga bursdagssongen. Nå vart det akkurat det me gjorde, me gjekk til eit hjørne der me var aleine og song så forsiktig me kunne. Etterpå fekk ho ei lita omvisning med mobil. Det er ikkje alle som blir gratulerte såpass standsmessig på store dagar.

Sidan sist eg var der har dei gjort noko med lyset inni. Dei var faktisk opptekne med lyssetjingsarbeid akkurat nå. Lyset gjorde at opplevinga vart annleis og sterkare fordi detaljane og interiør høgt oppe under taket kom fram på ein heilt ny måte. Eg lurer og på om det samiske altaret i midten nede har kome sidan sist,

Eg blir alltid fyld med ei slags ærefrykt når eg kjem inn i denne katedralen. Det er så storslagent og vakkert. Eg tenkjer på alt det levde menneskelivet og truslivet som er gøymt i dette store rommet opp gjennom tidene og på alle generasjonane som har kome inn hit som pilgrimar eller som innbyggjarar i Trondheim. Sist eg var der sat eg lenge og skreiv, og eg hugsa det som så fint at eg hadde teke med meg skrivebok og penn i dag og. Eg såg på alle menneska med ryggsekkjer og mobiltelefonar som gjekk rundt og knipsa bilete for å ha med seg litt av opplevinga heim.

Eg såg på dei som med stort alvor tende lys, og eg tende sjølv lys for nokon som eg hadde med meg på ein spesiell måte i tankane akkurat i dag. Eg såg på ei lita jente som strauk over utskjæringane med fingertuppane når ingen såg på, og eg såg på ein gut som hadde oppdaga at det var fantastisk akkustikk når ein stod under buen framfor høgaltaret og laga smellelyder med tunga, så det gjorde han.

Oppe i buegangane mellom helgenar og glasmaleri dukka det opp ein mann i blå kjeledress med verktøyskrin og tommestokk. Han dreiv på med arbeid i samband med lyssetjingsprosjektet vil eg tru, men det var så fint å sjå eit lys levande menneske der oppe. Truleg tenkte han lite over at han akkurat nå var ein del av det oppbyggelige interiøret i Trondheim domkyrkje. Eg fekk meg ein halvtime til ein time med skriving før me måtte vidare. Eg tenkte at ein eller annan gong må eg prøva å skaffa meg ein heil skrivedag der inne. Eg kom og til å tenkja på at eg faktisk har sjansen til å gjera akkurat det i Brynekyrkja kor tid eg vil. Der kan eg til og med låsa meg inn sjølv.

Så bar det vidare. Me stoppa for å lada litt i Steinkjer, og så køyrde me langs endelause trønderske skogar med myrull og markblomar langs vegkanten. Då me nærma oss grensa til Nordland fylke opna landskapet seg, og det dukka opp blå runde fjell med kvite flekkar av snø mot horisonten. Så spennande det er å utforska delar av landet der me ikkje kjenner landskapet frå før.

Då det kveldna kunne me svinga av E6 og kjøra til Mosjøen der me skulle besøkja nevø og fadderbarn Arild som bur her med Hege og tre fantastisk fine ungar. Me har Vore så heldige at me har fått fått møta med jamne mellomrom sjølv om dei bur langt borte. Me vart varmt tekne i mot med heimelaga pizza og har hatt ein koseleg kveld i lag med dei. I morgon får me vera med og feira ein 6-årsdag, og sidan me skal vera her ei natt til, så får me sjansen til å sjå oss om i eit litt fredelegare tempo enn me har hatt dei tre første dagane.

Då me begynte å tenkja på å leggja oss klokka elleve var det framleis fullt dagslys, og sjølv om me er litt sør for polarsirkelen så blir det ikkje mørkt her på denne tida av sommaren. Dette lyset er heilt magisk. Eg trur aldri eg hadde kome meg i seng om eg hadde lys heile døgnet… Nå får eg prøva å gjera akkurat det likevel. Eg reknar med at morgendagen og blir innhaldsrik.

Heidi

2.juli

Før eg gløymer det av, så får eg hugsa å ta med dagens bidrag i serien gode bedriftsnamn. På Ål hadde dei det eg trur var eit tannlegesenter med det klingande namnet «Tanngarden». Og Ål var dagens utgangspunkt for ny etappe. Det første prosjektet vårt i dag var å kontakta venner på Torpo for å høyra om det passa at me stakk innom på ein kopp kaffi sidan bilen skulle rulla rett forbi huset deira. Det viste seg at dei var på Sunnmøre akkurat nå, så det kan henda me stikk innom dei der i staden når me etterkvart kjem dit.

I dag har me sett mykje av fjellheimen, stort sett frå bilen, og det er utruleg vakkert. Det er nesten så eg får lyst til å leggja ut på fjellvandring, noko eg har gjort relativt lite av fram til nå. I dag gjorde me eit forsøk på å få med oss Hegge stavkyrkje, ei lita kyrkje frå 1200-talet som ligg på toppen av ein bratt bakke, nesten på eit gardstun, men der var det ikkje ope. Eg kan i det minste stilla med eit nytt lite namnefunn frå ei av gravstøttene utanfor. Gamlelensmannen på Hegge på 1800-t heitte Ronjus til førenamn. Eit lite forslag til dei som måtte leita etter eit sjeldan gutenamn med solide røter.

Biletet øverst trur eg er frå Valdresflya, men eg er ikkje heilt sikker. Me køyrde gjennom, eller kanskje heller forbi Jotunheimen og, men klarte ikkje heilt å orientera oss. Kan det me ser der borte vera Besseggen? Sjåføren min har gått over Besseggen ein gong i ungdomen, men sikker var han ikkje. Me fann ut at me i alle fall ikkje kunne leggja ut bileta av kjende fjellplatå og gissa oss til namna. Me tek ikkje sjansen på å bli avslørte av fjellfolket eller å erta på oss nokon som er meir lokalkjende på slike stadar enn det me er.

Me stoppa i Vågå og åt Skagen-røre på ein bok-kafé medan bilbatteriet lada seg. Der var det og ei fin gammal kyrkje som bare var open under gudstenester og konsertar på grunn av korona.

Så køyrde me over Dovre. Det var og ei fin naturoppleving. Litt seinare enn me hadde trudd kom me oss til Pilgrimsgården i Trondheim der me skal overnatta til i morgon. Her har me budd nesten ei veke ein gong for nokre år sidan. Det ligg rett ved Nidarosdomen og tek i mot vanlege gjester i tillegg til å ta i mot pilgrimar både på tomannsrom og sovesalar. Dei har og arrangement her, sist me var her fekk me med oss ein pilgrimskveld.

Trondheim er ein av dei trivelegaste byane eg veit om. Me kjenner det var litt dumt av oss at turen går vidare alt i morgon føremiddag, for me skulle gjerne ha vore her lenger. På det store biletet er utsikta vår frå rett utanfor pilgrimsgården, her ser me over Nidelva til Bakklandet. Me måtte ut på kveldsvandring i den fine lyse sommerkvelden, og først gjekk me over på Bakklandet. Der åt me middag på ein koseleg liten kafé i eit av dei gamle husa. Etterpå gjekk me over til torget og gjekk litt i dei gamle tronge gatene før me ende opp ved Nidarosdomen. Der skal me ta oss litt tid i morgon før me reiser vidare nordover.

Når me er vekke frå alt som skal gjerast heime får me tid til å ta i mot nye inntrykk, ikkje bare det me ser, men og ting me les og høyrer. Eg har lyst til å reklamere litt for magasinet STREK og ein veldig sterk artikkel eg las i går kveld om ei åttito år gammal nonne som i 35 år har hatt det som ei av sine oppgåver å besøkja dødsdømde i eit fengsel i Singapore, ha samtalar med dei i tida fram til dødsdommen vart fullbyrda og til slutt fylgja dei fram til galgen. Det var sterkt å lesa. Ho såg verkeleg menneska bak forbrytelsane og gråt over skjebnane deira. Om ho aldri så mykje ville det, kunne ho ikkje endra dommen, men ho kunne prøva å løfta menneskeverdet deira så lenge det lot seg gjera.

Eg vil og reklamere for eit av mine yndlingsprogram, Sommer i P2, der me kvar dag møter eit menneske som fortel om seg og livet sitt. Viss det ikkje passar å høyra på radioen klokka ti ein dag, så ligg programmet der som podcast 10 år fram i tid. I dag var programmet spesielt interessant. Gjesten heitte Rebekka Brox Liabø, og eg må innrømma at eg ikkje kjende til henne frå før. Ho er lærar og forfattar og held mellom anna skrivekurs for ungdom. For meg er det spennande nok i seg sjølv, sidan eg gjer det same, men det som gjorde det ekstra interessant er at ho sjølv aldri likte seg på skulen. Ho kjeda seg forferdeleg og vart oppfatta som frekk og opprørsk. Etterkvart droppa ho ut av vidaregåande og fekk eit barn i staden, og ho hadde aldri sett for seg eit come-back i skulevesenet, og spesielt ikkje innan skriving.

Nå såg ho det som sitt spesielle oppdrag å læra barn og ungdom å bruka stemmen sin og visa dei at dei har mykje å bidra med og mykje å seia. Den visjonen deler eg fullt ut, og eg vil oppfordra alle som ikkje fekk med seg programmet å gå inn og høyra podcasten. Ikkje minst me som jobbar i skulen treng å få høyra kor kjedeleg og uengasjerande skulen oppleves for enkelte barn, mellom amma fordi me ikkje får til å kommunisera med dei. Nøkkelen inn til dei barna er eg alltid på jakt etter.

Nå får eg avrunda. Det er ikkje noko latmannsliv å vera på ferie, sjølv om det sjølvsagt er akkurat det det er for sånne som meg som sit på sida av den utøvande sjåføren og høyrer radio og strikker babytøy medan eg med jamne mellomrom kjem med råd og formaningar sjåføren ikkje har bede om å få. I morgon går vegen vidare.

Heidi

1.juli og me er på hjul

Det er alltid godt å vera så langt som på plass i bilen. Rett nok måtte me snu ein gong fordi eg hadde gløymt modellen eg strikka etter, men då me stansa for andre gong for å sjå om me hadde med oss kamera og Leif si lommebok, så viste alt seg å vera i skjønnaste orden. Me fekk vinka to gonger til den same naboen, og det må vel vera bra.

Sidan dette var sommaren me skulle ha vore på pilgrimstur, har me lagt inn nokre pilegrimsmål langs vegen. Det får heller våga seg at me ankjem i bil. Bilkøyrande pilgrimar eksistere dei og.

I dag hadde reisekameraten lagt inn eit ønskje om å besøkja Røldal stavkyrkje, så då vart det slik. Dette er den tradisjonelt mest besøkte pilgrimsstaden her til lands etter Nidarosdomen. I kyrkja er det eit gammalt krusifiks som nokon i si tid skal ha blitt drege opp av sjøen slik at ingen kan vita kor det stammar frå. I folketrua var det slik at dette krusifikset sveitta ei helbredende væske kvart år ved jonsoktider. Folk kom langveisfra i håp om å bli helbreda, og mange meinte at dei hadde blitt det.

Nokre dagar for seine var me, og dei har nok for lengst slutta å ta krusifikset ned ved jonsok for at folk skal få stryka sveitten frå det på helbredande klutar. Det var likevel merkeleg å tenkja på korleis det må ha vore å vera i dette rommet for mange hundre år sidan.

Det var så fint å vera der inne. Sjølv er eg overbevist om at ein kan be til Gud kor som helst, men eg har vore på stadar der det kjennest så godt å vera at ein ikkje har lyst til å gå ut att. Slik var det i dag. Eg snudde og gjekk inn ein gong til, men eg hadde ikkje kome så langt at eg måtte desinfisere hendene og registrera meg på ny. Det kjennest litt uvant at ein må registrera seg med namn og nummer når ein går inn i kyrkjer, men slik er det i desse koronatidene.

Eg liker å sjå meg om på gamle kyrkjegardar og, og eg la merke til fleire namn eg ikkje har høyrt om før, Gjøri, Durdei og Helleik. Dei har nok hatt andre namnetradisjonar i Røldal enn på Jæren. Eg såg namnet Udmund og tenkte at det var då eit sjeldant namn, men like ved kvilte det ein annan person med namnet Udmund. To støtter med førenamnet Orm stod like ved kvarandre og. Det er heller ikkje eit namn nokon eg har møtt har presentert seg med.

Så køyrde me langs smale svingete vegar i Hardangar der gardane låg høgt oppi fjellsidene og der ein kunne kjøpa eplesaft i sjølvbetente buer og betala med vipps. Ein stad vart me ståande i ein sving og venta medan 4-5 store trailarar med naud og neppe klarte å passera oss. Den siste trudde eg kom til å skrapa lakken av bilsida vår, men det gjekk bra. Dei har sikkert ei viss trening i det. Eg lurte litt på kva tyske turistar hadde tenkt då tre av bilane var merka «Toten transport», det kunne jo ha gjort heile situasjonen endå meir skremmande… Nå er det vel i og for seg ikkje så mange tyskarar langs vegane i år. Nå er dei fleste turistane like norske som oss, men med nesten same entusiasmen som utlendingar går me i flokk ut av bilane for å fotografera store fossar og vakre landskap.

Me var ikkje kledde for temperaturen på Hardangervidda i dag, så me var bare ute av bilen for å fotografera litt. Det er veldig vakkert der, men framleis ligg det ganske mykje snø i store flekker utover landskapet, og det var isrestar igjen på ein del av vatna. Fleire meter høge brøytestikker stor langs vegen, eg veit ikkje om dei tek dei ned om sommaren. Det må i så fall vera eit heilt arbeid å få gjort det for så å setja dei ut att om ikkje alt for lenge.

Det var fristande plakatar langs vegen om fjellstover med servering av rømmegraut og spekemat. I staden vart det laks og pastasalat på ein pizzarestaurant på Geilo. Laksen var min, og den smakte godt.

Dagens språkpris frå meg ville ha gått til bedriften Munnviken. Me stod i vegarbeidskø lenge og såg bare skiltet, så me fekk tid til å fundera på kva som kunne skjula seg bak firmanamnet. Det viste seg å vera ein tannlege ved namn Viken… Eg hadde tenkt ut at det kunne vera ein tannlege, ein kjeveortoped eller ein kosmetisk kirurg som fylde botox i lepper, men etternamnet var ein bonus fantasien min ikkje hadde rukke å kopla på.

For oss som er vane med å ha rekkevidde på ca 15 mil på ein god dag, er det luksus at me nå kan kjøra tre gonger så langt. Eg må bare læra meg å kjøra den nye bilen i løpet av sommaren. Eg er verdens mest pysete sjåfør. Då eg var med på å bestemma at me skulle ha ein knallraud bil, så hadde eg ikkje tenkt på kor synleg eg kjem til å bli når eg manøvrerer rundt i han. Det er nesten så eg angrar litt…

Nå er me installerte på Thon hotell på Ål. Planen er å køyra til Trondheim i morgon. Me gleder oss både til turen og byen.

Heidi

Juni månad- som eit dikt og ein salme

Juni månad er snart til endes. Det har vore ein sterk månad som best kan samanliknast med eit dikt eller ein salme, innhaldsmetta og full av levd liv.

Dei første tre vekene var prega av avrunding og avslutning. Det er vemodig, sterkt og fint å senda ein gjeng sjuandeklassingar ut i det store livet. Denne gongen var det ekstra spesielt etter ein lang periode med heimeskule og med koronarestriksjonar som gjorde at ikkje alt kunne bli som tradisjonane tilseier. Heldigvis var den siste veka full av sommar av det slaget me ikkje kan rekna med i juni. Me kunne bruka stort sett heile veka utandørs, og hadde nesten daglege turar på sykkel og til fots. Ingenting kunne vore betre etter ein rar etterjulsvinter og veker ned låge temperaturar og iskald vind enn det å vera ute i sola, bada, grilla og kosa oss saman. Elevane fekk og ei veldig fin avslutning utandørs på stadion som kunne gjennomførast takka vera kreative og energiske foreldre som var ansvarlege for festen.

Ved slutten av eit skuleår er normalt sett både lærarar og elevar ganske slitne. Avslutningsvekene med sjuande klasse er ein slags sorgprosess. Etter mange år i lag med elevane, for min del heile sju, har me rukke å bli utruleg glade i dei. Me har sett dei fella melketennene, læra å lesa, skyta i veret og forandra seg langsamt frå seksåringar til tenåringar. Nå skal dei vidare utan oss. Heldigvis får me sjansen til å vera med på ei trygg overlevering med god informasjonsflyt til ungdomsskulen. Dei klarer heilt sikkert å ta i mot dei på ein god måte.

Det fine med å jobba på same staden som ein bur er at eg heilt sikkert kjem til å møta dei i framtida, og når me er ute av koronaskuggane har me utsikter til både ein klem på gata og oppdatering om liva deira. Me har fått sjansen til å vera med og gjera dei flygedyktige, og me kryssar fingrar og tær for at dei alle saman går vidare med rak rygg og sunn og positiv tru på seg sjølv. Eg håpar dei har lært noko om å ta vare på seg sjølv og ikkje minst andre menneske. På skulen har me ein fin visjon om å gje elevane lyst på livet og evne til å meistra det. Dersom me har lukkast i dette er det ikkje lite.

Den første ferieveka vart heilt fin med det same fantastiske sommarveret som veka før. Me har hatt Sunniva og Halvard på ferie heime og sett ganske mykje til dei barna som bur her og. Det har vore så fint å vera i lag. Det har blitt tid til gode samtalar, brettspel, jentetur til byen, kafebesøk, jordbær og vaflar ute i sola og til og med bading i sjøen. Det sosiale livet har og opna seg opp med fleire besøk av venner både inne i huset og i utestova. Hengekøya på terrassen har vore i flittig bruk, og barnebarnet har me sett mykje til. Ho gleder seg spent til å bli storesøster i overgangen august/ september.

På jonsokdagen fekk eg og Leif med oss ei pilgrimsvandring langs havet frå Obrestad hamn til steinkrossen på Njærheim. Me gjekk i nydeleg sol og varm vind gjennom eit landskap som er så vakkert at eg alltid lengtar etter å vera akkurat der.

På laurdagskvelden kulminerte varmen i eit skikkeleg torever med enorme mengder regn. Etterpå sokk temperaturen med 10-15 grader og nå er me tilbake på heilårstemperaturen på desse kantar, tolv varmegrader. Den temperaturen dukkar ofte opp både på 17.mai, i påskeferien, på julaften og på jonsokkvelden, så den er me vane med. Foreløpig har temperaturfallet vore svalt, friskt og deilig etter ein lang varmeperiode. Langtidsvarselet melder om meir av denne vertypen, men me håpar at sommaren kjem tilbake til oss.

Nå har me nokre dagar med litt rydding og ordning av ting som ordnast må og skal. På onsdag set me oss i den nye og oppdaterte el-bilen med tre gonger så lang rekkevidde som den forrige og så reiser me på Norgesferie. Det skal bli fint, sjølv om dei ikkje kan lova oss sol og varme på turen. Eg reknar med å skriva om reisa etterkvart. Eg liker veldig godt å leika reiseskildringsjournalist, og gler meg til å ha litt av kvart å skriva heim om.

Heidi

Juni

Me gjekk inn i juni på best tenkjeleg måte med gilde gjester, nydeleg sommarver og ein deilig dag i sola.

I denne veka har eg gjort unna overføringsmøter for elever som skal til ungdomsskulen, blitt ferdige med alle dei digitale utviklingssamtalane, og skrive avslutningstalar med elevane i sjuande klasse. I dag regnar det ute og temparaturen ute er i fylgje Yr elleve plussgrader. Slikt ver er me vane med, så det skal me nok klara å handtera, eg er framleis takknemleg for den utruleg fine og varme pinsehelga.

Det er to veker igjen av skuleåret og mykje følelsar i sving. I dag har elevane skrive avslutningstalar. Vekene som kjem blir spesielle. Eg reknar med at dei blir både fine og krevande. Me skal gje slepp og me skal rydda oss ut av skulen og alt det formelle skal i mapper og oversendast til ungdomsskulen. Det blir utruleg rart å sleppa taket i elevane, og nå er me i gang med den prosessen. Eg kryssar fingrar og tær for at den siste svingen og oppløpssida blir fin og god for elevane å bera med seg vidare.

Heidi

Mission completed?

Eg veit at eg har skrive dette her, men skriv det ein gong til…
Då landet stengde ned 12.mars visste eg at eg skulle skriva her kvar dag i ein periode. Eg visste at eg hadde ein del tekstar som i mitt eige hovud passa godt til situasjonen, og som eg hadde lyst til å bruka som min variant av å spela saksofon frå verandaen om kveldane for å hjelpa til å halda motet oppe hos dei som høyrde på. Det var for så vidt eit veldig naturleg val sidan eg til mi eiga sorg verken spelar saksofon eller andre musikkinstrument.

Då april blei til mai, var eg inne i eit anna årleg prosjekt, nemleg å skriva maiblogg, noko eg har gjort i veldig mange år etterkvart. I morgon blir det juni. Faktisk ser eg på klokka at det vart juni for fem minutt sidan, så nå har sommaren i følgje kalenderen begynt. Ein urørd sommar ligg framfor oss alle, det er ein fin tanke å halda seg fast i.

Livet er ikkje tilbake i normalt stemningsleie, men det har begynt å falla på plass i nokonlunde kjende former. Nå håpar me vel alle at det langsomt men sikkert skal likna meir og meir på det gode gamle kvardagslivet som dei fleste av oss vel kanskje oppdaga at me var endå gladare i enn me hadde rukke å leggja merke til. Det blir framleis spennande å sjå korleis det ser ut, ikkje minst i den store verda, når portane til slutt lukkar seg bak epidimien. Me kan jo håpa at me er blitt litt klokare, men det er farleg å seia for slike som meg som til nå har hatt både jobb og lønn og har sluppe å lida personlege tak på nokon måte. Eg er rimeleg sikker på at me kjem til å bli utfordra både moralsk og praktisk i lange tider framleis.

Dagen i dag har vore god. Som i går har det vore herleg sommarvarmt. Eg har hatt ein mormordag og ein storfamiliedag på terrassen, -ein riktig vitamininnsprøyting av ein dag. I morgon tidleg reiser Halvard tilbake til Oslo. Det andre besøket får me behalda eit døgn til. Barnebarnet har med stor begeistring fått prøva hengekøya. Då ho låg der lukkeleg i ei brei seng av gul og oransje fallskjermsilke, kom ho med dei bevinga orda: «Nå liknar eg på ein sommarfugl!» Og det gjorde ho, når me bare visste kva me skulle sjå etter. Ho kunne og fortelja foreldra sine at hunden Lara «høyrest ut som ULVEN når han bjeffar.» Det kan ho kanskje og ha rett i. Heldigvis er ho ikkje redd for hundar.

I avsnitta over kom eg viss aldri så langt som til konklusjonen… Konklusjonen er, som nokre sikkert las mellom linjene, at nå trur eg at eg ikkje kjem til å skriva blogg kvar einaste dag lenger. Det er det overskrifta gjenspeglar og. Sjølvsagt kjem eg til å skriva, men ikkje kvar einaste dag.
Trur eg…

Framleis god pinsehelg til alle.

Heidi