2.juli
Før eg gløymer det av, så får eg hugsa å ta med dagens bidrag i serien gode bedriftsnamn. På Ål hadde dei det eg trur var eit tannlegesenter med det klingande namnet «Tanngarden». Og Ål var dagens utgangspunkt for ny etappe. Det første prosjektet vårt i dag var å kontakta venner på Torpo for å høyra om det passa at me stakk innom på ein kopp kaffi sidan bilen skulle rulla rett forbi huset deira. Det viste seg at dei var på Sunnmøre akkurat nå, så det kan henda me stikk innom dei der i staden når me etterkvart kjem dit.
I dag har me sett mykje av fjellheimen, stort sett frå bilen, og det er utruleg vakkert. Det er nesten så eg får lyst til å leggja ut på fjellvandring, noko eg har gjort relativt lite av fram til nå. I dag gjorde me eit forsøk på å få med oss Hegge stavkyrkje, ei lita kyrkje frå 1200-talet som ligg på toppen av ein bratt bakke, nesten på eit gardstun, men der var det ikkje ope. Eg kan i det minste stilla med eit nytt lite namnefunn frå ei av gravstøttene utanfor. Gamlelensmannen på Hegge på 1800-t heitte Ronjus til førenamn. Eit lite forslag til dei som måtte leita etter eit sjeldan gutenamn med solide røter.
Biletet øverst trur eg er frå Valdresflya, men eg er ikkje heilt sikker. Me køyrde gjennom, eller kanskje heller forbi Jotunheimen og, men klarte ikkje heilt å orientera oss. Kan det me ser der borte vera Besseggen? Sjåføren min har gått over Besseggen ein gong i ungdomen, men sikker var han ikkje. Me fann ut at me i alle fall ikkje kunne leggja ut bileta av kjende fjellplatå og gissa oss til namna. Me tek ikkje sjansen på å bli avslørte av fjellfolket eller å erta på oss nokon som er meir lokalkjende på slike stadar enn det me er.
Me stoppa i Vågå og åt Skagen-røre på ein bok-kafé medan bilbatteriet lada seg. Der var det og ei fin gammal kyrkje som bare var open under gudstenester og konsertar på grunn av korona.
Så køyrde me over Dovre. Det var og ei fin naturoppleving. Litt seinare enn me hadde trudd kom me oss til Pilgrimsgården i Trondheim der me skal overnatta til i morgon. Her har me budd nesten ei veke ein gong for nokre år sidan. Det ligg rett ved Nidarosdomen og tek i mot vanlege gjester i tillegg til å ta i mot pilgrimar både på tomannsrom og sovesalar. Dei har og arrangement her, sist me var her fekk me med oss ein pilgrimskveld.

Trondheim er ein av dei trivelegaste byane eg veit om. Me kjenner det var litt dumt av oss at turen går vidare alt i morgon føremiddag, for me skulle gjerne ha vore her lenger. På det store biletet er utsikta vår frå rett utanfor pilgrimsgården, her ser me over Nidelva til Bakklandet. Me måtte ut på kveldsvandring i den fine lyse sommerkvelden, og først gjekk me over på Bakklandet. Der åt me middag på ein koseleg liten kafé i eit av dei gamle husa. Etterpå gjekk me over til torget og gjekk litt i dei gamle tronge gatene før me ende opp ved Nidarosdomen. Der skal me ta oss litt tid i morgon før me reiser vidare nordover.
Når me er vekke frå alt som skal gjerast heime får me tid til å ta i mot nye inntrykk, ikkje bare det me ser, men og ting me les og høyrer. Eg har lyst til å reklamere litt for magasinet STREK og ein veldig sterk artikkel eg las i går kveld om ei åttito år gammal nonne som i 35 år har hatt det som ei av sine oppgåver å besøkja dødsdømde i eit fengsel i Singapore, ha samtalar med dei i tida fram til dødsdommen vart fullbyrda og til slutt fylgja dei fram til galgen. Det var sterkt å lesa. Ho såg verkeleg menneska bak forbrytelsane og gråt over skjebnane deira. Om ho aldri så mykje ville det, kunne ho ikkje endra dommen, men ho kunne prøva å løfta menneskeverdet deira så lenge det lot seg gjera.


Eg vil og reklamere for eit av mine yndlingsprogram, Sommer i P2, der me kvar dag møter eit menneske som fortel om seg og livet sitt. Viss det ikkje passar å høyra på radioen klokka ti ein dag, så ligg programmet der som podcast 10 år fram i tid. I dag var programmet spesielt interessant. Gjesten heitte Rebekka Brox Liabø, og eg må innrømma at eg ikkje kjende til henne frå før. Ho er lærar og forfattar og held mellom anna skrivekurs for ungdom. For meg er det spennande nok i seg sjølv, sidan eg gjer det same, men det som gjorde det ekstra interessant er at ho sjølv aldri likte seg på skulen. Ho kjeda seg forferdeleg og vart oppfatta som frekk og opprørsk. Etterkvart droppa ho ut av vidaregåande og fekk eit barn i staden, og ho hadde aldri sett for seg eit come-back i skulevesenet, og spesielt ikkje innan skriving.
Nå såg ho det som sitt spesielle oppdrag å læra barn og ungdom å bruka stemmen sin og visa dei at dei har mykje å bidra med og mykje å seia. Den visjonen deler eg fullt ut, og eg vil oppfordra alle som ikkje fekk med seg programmet å gå inn og høyra podcasten. Ikkje minst me som jobbar i skulen treng å få høyra kor kjedeleg og uengasjerande skulen oppleves for enkelte barn, mellom amma fordi me ikkje får til å kommunisera med dei. Nøkkelen inn til dei barna er eg alltid på jakt etter.
Nå får eg avrunda. Det er ikkje noko latmannsliv å vera på ferie, sjølv om det sjølvsagt er akkurat det det er for sånne som meg som sit på sida av den utøvande sjåføren og høyrer radio og strikker babytøy medan eg med jamne mellomrom kjem med råd og formaningar sjåføren ikkje har bede om å få. I morgon går vegen vidare.
Heidi