Gå til innhald

Luke 16-2019

Store delar av dagen vart brukt på toget. Deler av turen var det snøtungt vinterlandskap utanfor vindauget, grantre med hendene fulle av snø og isdekte vatn under vintermørk himmel.

Noko av det eg liker aller best med lange togturar er at eg kan lesa i timesvis i strekk utan å få dårleg samvit for alt eg burde gjera.

Boka på biletet er så sterk at ho fortener ein omtale ein dag eg har betre tid til å skriva, så slik får det bli. Eg vil likevel fortelja at boka består av dagbøker og brev skrivne av nedelandske Etty Hillesum, som ein veldig forenkla kan referera til som ein vaksen utgave av Anne Frank. Ho var ei jødisk jente som døydde under Holocaust 29 år gammal.

Det mest bemerkelsesverdige med boka er at denne Etty viser seg å vera ei dame heilt utanom det vanlege. I begynnelsen av boka møter me henne som ei sterk jente med sterke meiningar i eit litt bohemaktig miljø.

Etterkvart utviklar ho ei tru på Gud, på medmenneske og på formidling av det gode som gjer at ho på ein heilt eigen måte ber med seg kjærleiken til livet og andre menneske under svært vanskelege kår. Sjølv i konsentrasjonsleiren held ho fast på at livet er vakkert og at alle menneske er verd å elska. Ho klandrer ikkje Gud for det som skjer, men meiner at Gud treng menneske som ser andre menneske med kjærlege auge same kor dumt og ondskapsfullt desse måtte bera seg åt.

Eg ser at desse setningane kan virka naive og floskelaktige. Det er ikkje lett å nærma seg det gode i det vonde på ein truverdig måte, så eg skal som sagt koma tilbake til det.

Korsveipresten Tone Stangeland Kaufmann refererte til denne boka på avslutningsgudstenesten på Korsvei, og eg kjende det og då at det var ei bok eg måtte få tak på og lesa. Boka gjorde sterkt inntrykk, men var relativt krevande å lesa fordi ho var skriven på eit ganske avansert engelsk med ein del referansar me ikkje utan vidare kjenner til. Eg trur kanskje eg skal lesa ho ein gong til for å få tak på alt.

Vel heime hadde me koseleg besøk av Torun. Leif serverte god heimelaga fiskesuppe og kvelden vart avslutta med å kjøra henne til nattoget. Nå må alle flinke jenter koma seg i seng. Morgondagen kan fort bli intens.

Heidi

Luke 15- 2019

Det er så mykje ein skal hugsa og halda greie på her i livet. Då alle her i huset på Haslum hadde gått til ro og sov søtt i går kveld, var det tida for å leggja ut ny luke på blogg-kalenderen via mobilen min. I halvsøvne tasta eg inn feil pinkode og fekk jernteppe. Kva gjorde eg gale nå nettopp. PIN-koden min er den som låg inne då eg fekk mobilen og derfor ikkje logisk på nokon måte. I halvpanikk begynte eg å byta om på siffer, og plutseleg hadde eg brukt opp dei tre forsøka. For å hugsa det til ein annan gong, og til alle som måtte koma i same situasjonen: Vent til jernteppet har heva seg og forvirringa har gått over før du tastar inn siste forsøk…

Nå ville mobilen ha PUK-koden. Den visste eg innerst inne at var ei lang rekkje tilfeldige tal, men eg måtte likevel prøva om det kunne vera noko eg hadde lagt inn. Eg prøvde diverse kjende kodar og fødselsdatoar, men nei… Her var det bare å innsjå at det ikkje kom til å bli opna nokon bloggrute på rett side av datogrensa.

Nå er «alt så meget bedre»… Det hender at det lønnar seg å ha ein datakyndig mann. Han har klart å spora opp PUK-koden via kanalar eg ikkje visste om, så nå blir det ny luke for alle som måtte ha venta på det.

Bak luke 15 skjuler det seg og ein dag med mykje innhald. Eg var på sjukebesøk, og er så glad for at eg tilfeldigvis var så nær at det let seg gjera. God betring til ei kjær venninne, eg er så glad du er så langt.

Nede i byen møtte me Sunniva og Trygve og Halvard og Therese til lunsj. Det er så fint å vera i lag med dei. Aller helst skulle eg sjølvsagt hatt alle barna mine i nabogata, men Oslo er heller ikkje eit dårleg alternativ, ein kjem lett fram utan både bil og fly.

Sunniva og Trygve hadde til å drikka kaffi med oss på kulturhuset etter lunsjen, og så gjekk me litt i lag i ein julepynta hovudstad. Det vart fint og stemningsfullt sjølv om snøen var nesten heilt borte og det var regn i lufta.

Då dei andre måtte vidare gjekk eg og Leif ned til nasjonalteateret gjennom sentrumsgatene. Butikkane var sundagsopne bortsett frå Bok og media som haldt sin sundagssti rein. Det var litt synd for oss som hadde lyst til å sjå på julekrybbeutstillinga, men eg har respekt for at dei tydelegvis har stått i mot presset om opningstider.

I «Spikersuppa» var det rigga til julemarknad med boder der dei selde alt frå kakao, brende mandlar og glaserte eple til spekepølser, ost, ullsokkar og skinntøflar. Det var òg sett opp parisarhjul og ein gammaldags karusell. Med alle lysa i mørket minde det meg om julemarnaden i tivoli i København.

Vel tilbake på Haslum med litt ost og lefser som bygave såg me ein passe tåpeleg julefilm medan me fordøydde sterke inntrykk frå dagen som var og strikka juleenglar av Eva Mari sitt restegarn.

Heidi

Luke 14-2019

Me reiste med bane og buss ut til Sunniva og Trygve for å få levert ein tung koffert. Etter å ha drukke ein kopp kaffi med dei og kattane, spaserte me ned til sentrum. På vegen rask eg innom to av mine absolutte yndlungsbutikkar, Gudrun Sjöden og Sprell leikebutikk. Eg fekk kjøpt meg ny julekjole og to harde pakkar som skal under treet. Så tok me banen til Haslum saman med Sunniva og Trygve og rakk akkurat fram til Eva Mari sin fantastiske julelunsj for heile storfamilien.

Me var 17 personar som åt kalkun med stuffing, tranebærsaus, gratinerte søtpoteter med marshmallows og pecan-nøtter. Det var kjempekoseleg å møta alle saman, ikkje minst Halvard som eg ikkje hadde sett på lenge. Reint matlagingsmessig så kjenner eg ikkje mange som kan konkurrera med Eva Mari. Eg får prøva å la meg inspirera. Det vart nesten litt julaftenstemning med fint dekka bord, julepynt og masse glade menneske. I morgon har me ein ny heil feriedag før me skal vestover att på måndag.

Heidi

Luke 13- 2019

Ei innhaldsrik luke skal snart lukka seg. Me har hatt ein dag med mykje innhald i kviletempo. Strikking, kaffi og frokost-TV, tur til Bærums verk og lunsj med Sunniva.

Seint på ettermiddagen tok eg banen med til byen og hadde ein veldig koseleg kveld med gode venner som tilfeldigvis var i byen i dag, Astrid og Lars, Torun og Torbjørn og Mildrid og Birger. Me hadde eit langt og innhaldsrikt måltid på ein Thai-restaurant der mellom anna fisken på biletet vart fortært. Maten likna i grunnen ikkje på noko eg har ete før, men smakte veldig godt.

Etterpå drakk me kaffi på litteraturhuset før folk skulle vidare med tog og banar, det vart ein kjempetriveleg kveld. Eg møtte Borghild på trappa på litteraturhuset og fekk ein god kveld.

Det som har skjedd på Bryne denne veka er forferdeleg trist. I løpet av helga håpar eg å få besøkt ei sterk og modig venninne som har gjennomgått ein stor operasjon nettopp. «Sorgen og gleden de vandrer til hope» står det i songen. La oss ta godt vare på kvarandre, alle saman. ❤️

Heidi

Luke 12- 2019

Etter vel overstått skulegudsteneste og skuledag kom eg meg vel på toget. Det å koma seg på toget med bagasjen var noko eg hadde sett fram til. I går kveld pakka og rydda eg til klokka halv to og for å koma i mål var eg tidleg oppe og tidleg på plass i kyrkja. Det føltest nesten som å få juleferie å vera så langt. Det har vore kjekt og spennande og nå er eg i mål.

Etter å ha drukke kaffi i restaurantvogna halvsov eg meg til Kristiansand og etterpå var eg vaken nok til lesing og strikking. Eg sat saman med ei som òg jobba som lærar. Me utveksla innformasjon om at dette hadde me begge sett fram til, å bare parkera i eit togsete etter ekstremt intenst veker. Ho var nok endå trøyttare enn meg, for ho sov nesten heile turen.

Litt over åtte var eg framme og vart henta av Eva Mari med regn og hålkeføre på Lysaker stasjon. Nå har me hatt ein roleg kveld med strikkepinnar og kaffi. Det blir herleg med ein morgon utan vekkjarklokke

Heidi

Luke 11-2019

I dag får det bli mest bilete. Dei siste dagane har vore uvanleg fullstappa. Mellom ein veldig kreativ jobbdag med vakt i friminutta, førebuingar til skulegudsteneste og førebuing av opplegg til vikarene sidan eg skal avspasera måndagen, vart det jammen tid til eit lite og obligatorisk brannverkurs der me stod ute i vinden og slokte flytande brannar med ulike brannslokningsapparat.

Eg skunda meg heim for å bli klar for juleforening hos Gerd på Sola og rakk det akkurat. Me åt nydeleg rømmegraut med spekemat, fiken, rå løk og flatbrød.

Nå er det pakking til avreise Oslo rett frå jobb i morgon og så ein siste gjennomgang på om eg har kontroll på skulegudstenesten. Når eg kjem meg på toget klokka kvart over eitt i morgon skal eg pusta ut og finna kvilepulsen 🙂

Heidi

Luke 10-2019

Det regnar gjennom taket på arbeidsromet endå det er ein etasje mellom arbeidsromet og utetaket. Eg må finna ut kor den plutselege drypinga kjem i frå og ser at det er ein dam på golvet. Nå har me sjekka og funne ut at det truleg kjem frå takvindauget. Me har funne tørre badehandkle og ei blå bøtte med klovnar på for å fanga opp regnet, men nå dryp det ikkje lenger. Syndeflodsregnet har teke ein pause.

Eg sat og skreiv og mista innlegget for eg måtte finna ut av drypinga. Kladden er ikkje blitt spart på. Teksten sluttar her. Kanskje me må kjøpa tetningslister i morgon. Det gjeld å ta ekstra lange dagar inn for landing før natta blir alt for kort.

Heidi

Luke 9- 2019

Bileta over kan vera eit greitt samandrag av kva ein lærar kan tenkjast å bruka dagen på sånn for eksempel måndag 9. desember… Arbeidsdagen var kreativ og intens. Først hadde eg ein klasse på decoupageverkstad med medbrakte tome syltetøyglas og serviettar. Så var det ein ny klasse som skulle laga seg julegenser av ein gammal medbrakt genser eller T-skjorte, og utradert julepynt frå heimen i tillegg til tilgang på det formingsavdelingen hadde å by på. Entusiasmen var stor. Synåler og limpistolar gjekk seg varme, og me hadde mest ikkje tid til å unna oss matpause.

Før siste time tok eg med meg dramagjengen ut i den iskalde og kraftige nordavinden for å få øvd ein times tid i kyrkja. Dei som ikkje ser at det er ein kamel på det nederste biletet til høgre må kikka etter ein ekstra gong.

Me var så heldige å få låna barnebarnet nokre timar i dag og. Entusiasmen og livsgleden var stor då ho oppdaga at mormor oppbevarte fem tuttar i ei blå dessertskål på kjøkkenbenken. Ho er stadig utsett for den irriterande situasjonen at vaksne insisterer på å passa på tuttane når ho ikkje brukar dei til å sova med. Med ein tutt i munnen og to i kvar hand var livet vennleg. Ho la dei ikkje frå seg før ho trong begge hendene og munnen til å spela piano og synga «Bjørnen sover» av full hals… Seinare vart det både peparkakebaking, fiskekakemiddag og Peppa Gris i armkroken til morfar. At tuttane sit litt lausare i besteforeldreheimen enn elles får me håpa alle kan leva greitt med ei lita stund til.

I morgon kveld skal eg lesa dikt og snakka litt på husflidlaget sin juleavslutning. Eg sette meg ned med dei fem siste diktsamlingane mine for å leita etter dikt der orda veva, strikka, brodera, teikna eller mala dukkar opp. Det vart faktisk ein heil del tekstar, spesielt viss eg utvider med litt baking. Eg veit at eg for lenge sidan skreiv to dikt som eg ikkje finn igjen fordi eg aldri har teke dei med i ei av bøkene. Det eine heiter «Kvinnene strikkar på toget» og var titteldiktet i ei diktsamling som nesten var klar til å gjest ut på eit forlag, men som dei i siste liten trekte seg på fordi forlaget hadde så anstrengt økonomi at dei ikkje tok sjansen på ei ekstra diktsamling. Ein eller annan plass må vel manuset liggja framleis, sjølv om det er meir enn 25 år sidan eg skreiv det. Det andre strikkediktet skal eg prøva å spontangjenskapa akkurat nå, for eg hugsar ikkje heilt korleis det var.

Ho har sett seg på den kalde trappa
og har ikkje tenkt å flytta seg.
Ho er i gang med å strikka seg eit liv
eit med vrangmaskar i lange omgangar
viss det er det som skal til.
Maskane ligg stramt på pinnane,
men driven av trass og skapartrong
kjem ho aldri til å gje tapt.

*

Sistnemnde tekst må nok rekkjast opp og strikkast eit par gonger til før han er klar for husflidlaget eller liknande forum, men kven veit kva det kan bli
fasong på til slutt…

Heidi

Luke 8 -2019

I dag har det regna såpass mykje at det kan passa å synga, eller i det minste lytta til jærsk julevise som eg og Bjarte laga heilt spontant for omtrent tre år sidan. Denne varianten med bilete frå flinke fotograferende jærbuar er direkte rørande for ein tekstforfattar som aldri hadde trudd at det heile skulle ta så pass av.

Søndagen har vore fin. Me har fått tend to lys i diverse adventstakar, fått kopiert opp julebrev og kost oss med diverse julegaveaktivitetar. I tillegg har me teke med oss barnebarnet for å eta middag i lag med foreldra mine der «tante May Biiiit» og kom for å vera i lag med oss. Så heldig veslejenta er som får bli så godt kjend med oldeforeldra sine, både dei på Ålgård og oldemødrene på Sandnes og på Vik. Ho har allereie rituala klare på Ålgård med at den høge barnestolen frå eg var lita står klar ved matbordet. Så blir stol og bord av den typen dei lagar på Åna sett fram i tillegg til ei kiste med gamle leiker. Dokkene mine er ikkje det dei ein gong var, men dei finst framleis.

Eg sat og skulle senda julebrev til ei som ikkje bur her lenger, då eg sende melding for å få den nye adressa, viste det seg at ho tilfeldigvis var i området, og me kunne få til eit veldig koseleg spontantreff. Det vart og ein arena for kaffi heime hos Jan Ivar. Det var lenge sidan sist. Det er alltid fint å vera i lag med slike menneske som ein har kjend i fleire år, og i grunnen er blitt alt for lite flinke til å prioritera tid i lag med. Nokre gonger blir ein minna om slikt og tenkjer at det må eg ikkje gløyma å hugsa at eg veit.

Alt som er mellom oss

Så sit me her saman
og fangar livet
med varm drikke
i rosenraude koppar
og lys på bordet
saman med alt som er mellom oss.

Heidi

Luke 7-2019

I dag byr eg på eit innslag frå youtube som eg såg ei lenke til på facebook i går. Eg syntes det var vakkert og vemodig og ei påminning om kor fort tida går, for det er jo ikkje sååå lenge sidan. Kenneth Sivertsen har gått ut av tida, Herborg Kråkevik har gått vidare, og denne julesongen er vel blitt meir eller mindre gløymt, i alle fall hadde eg gløymt han.

I går kveld var eg på eit veldig koselig julebord med kollegene i kulturskulen, og i dag har eg vore på førjulslunsj i lag med litteraturgruppe. Desse vekene før jul er fine. Eg opplever at folk er ekstra obs på å ta seg tid til kvarandre og gjera gilde ting i lag, sjølv om veldig mange har det ekstra travelt med alt som skal ordnast før jul. Det er ein god idé at me feirer lyset mens det er på det aller mørkaste rundt oss. Eg trur alle lysa me tenner inne er med på å gjera desse aller mørkaste vekene i året koselege og spesielle.

Sidan eg er så godt i gang med trenden å presentera eit dikt frå den nye samlinga kvar dag, så får eg ta med eit i dag og.

Desember

Klokkene ringer modig for oss, for den gråkalde,
våte desembersundagen,
den andre i advent.

Lyset treff oss likevel gjennom farga glasvindauge.

La oss vera stille for Gud.

Heidi