Gå til innhald

Dei rette orda

AV APRIKOS OG LAKRIS

Orda skal fylla hjarta våre 
og bu i munnane våre 
dei skal bera med seg
ei kribling av noko større,
slag av sommarfuglvenger 
den fjørlette kjensla av spindelvev,
lydane av barneføter på golvet,
varmen av barnekinn
pusten frå dei som gjekk frå oss.

Orda skal smaka av aprikos og lakris
av sommareple og rabarbra.
Rause skal me la dei bu mellom oss,
me skal kjenna dei att 
og røra dei med ettertanke.


***
Det er ikkje bare, bare å fanga dei rette orda. Her på bloggen går det fint, her er det bare å plukka dei ned utan å tenkja seg om, for eg veit at her har eg slingringsmonn, låge aksler og rause lesarar.

Andre gonger er det verre. Eg har hatt ei utfordring om å laga ein salmetekst liggjande i bakhovudet ganske lenge. Eg hadde bestemt meg at eg måtte finna ut i helga om eg kunne få teksten til. Av og til kjem salmetekster heilt av seg sjølv, andre gonger må dei meislast fram. Det er fint å ha opplevd begge formene for produksjon. Eg har skrive linjer om og om igjen med kulepenn på papir og nesten skrive ut ei heil skrivebok. Nå nærmar det seg å bli omtrent det eg hadde tenkt, men eg er vel ikkje hundre prosent fornøgd endå. Me får sjå kva det blir til.

Eg har snakka før om ho på to og eit halvt som driv og erobrer språket. I dag snakka ho veldig om «då du og morfar var på Låseland». Eg fatta ingenting heilt til ho sa at ho hadde ringt, men eg kunne ikkje koma for eg var jo på Låseland. Då gjekk det opp for meg at det var ordet Jørpeland ho naturleg nok ikkje hugsa. Då me tok på utedressen vart det litt trangt i halsen og ho sa at ho ikkje likte «den hyllå». Etterkvart gjekk det opp for meg at hylla var halslinninga som på ein måte stakk litt ut som ei hylle på ein vegg, og då var det i grunnen eit ganske logisk ord.

I dag lurte eg på om «Jøhette og ulven»-besettelsen var gått litt langt då ho såg alvorleg på meg og sa: «Men mormor, du he så store aue!» Eg har forøvrig bestemt meg for at me må læra litt av toåringars pågangsmot.
I dag sette ho seg med eit relativt intrikrat strikketøy ho hadde funne i korga mi og sa «Mommor, kan æg læra å strikka litt». Eg må nok læra meg litt meir av den innstillinga når eg sit og prøver å få digitale og elektroniske hjelpemiddel til å fungera som tenlege verktøy. Den som verkeleg kunne frimodig tru det same som Pippi Langstrømpe: «Det har eg aldri gjort før, så det klarer eg sikkert…»

Pågangsmot og fleksibilitet treng me alltid i lærarlivet, akkurat nå kanskje meir enn nokon gong. Eg arbeider på eit trinn som framleis har heimeundervisning, og me anar ikkje når dei skal tilbake. Det kan bli om ei veke, eller det kan bli lenger til. Vekene må sjølvsagt planleggjast heilt ulikt om det blir den eine eller den andre formen for undervisning, og når me kjem tilbake må opplegg, rom og timeplanar justerast ut i frå kohort-tankegangen. Ein del fag må gå ut, og me må fylgja elevane på litt andre måtar enn før, friminutta må organiserast heilt annleis, og me skal driva ansvarleg smittevern midt i det heile. Det blir sikkert fint, og går nok bra, men det er mange ukjende faktorar.

Så er det tid for utviklingssamtalar som skal foregå på nettet, me skal ha overføring til ungdomsskulen, og me skal prøva å avslutta skuleåret på ein fin og verdig måte som må bli heilt annleis enn dei rutinene me har for sjuande trinn på skulen. I tillegg skal me begynne å planleggja neste skuleår, noko som mellom anna inneber heilt nye læreplanar, og i fylgje ekspertane kan me vel ikkje vera heilt sikre på at me kan rekna med at det er eit heilt vanleg skuleår me startar med då heller. Kanskje blir det kohortar og smittevern fram til jul, men det veit me jo ikkje endå, og det er det vel heller ikkje nokon andre som gjer.

Me får satsa på at når fleksibiliteten har vist seg å bera oss uventa stødig fram til nå, så kjem resten av utfordringane til å gå bra og. Her gjeld det bare å halda blikket stødig på vegen framfor oss og ta eit steg om gongen.
Eg trøystar meg som så ofte før med Lina Sandell sin song om «Blott en dag ett ögonblick i sänder» og med Arne Garborg sine ord om at «Alt lagar seg bare ein ikkje kjem i ulage sjølv.» Det gjer det som oftast.

Og skulle eg verkeleg strødd om meg med sitat, så kunne eg jo smelt til med Karin Boye sitt dikt om knoppar og dropar. Det skal eg ikkje gjera, eg sluttar heller med eit fotografi som minner oss om kva årstid me er komne inn i. Då me stengde skulen ned hadde me nettopp hatt vinterferie…

Heidi

Om ulvar, hestablomma og Koronavirus

Eg skimtar stadig spora

Med reinleik og visdom skulle me gå fram,
med tålmod og godleik.

Eg skimtar stadig spora etter deg
det hender til og med at eg ser dei tydeleg.

Eg fylgjer dei
famlande, skråsikker og i blinde.
Kor skulle eg elles
gå med meg sjølv
sterk som eg er og svak,
trøytt og uroleg,
roleg og overmodig?

Eg fylgjer deg
utan solbriller
utan kart og GPS
med alt eg måtte ha
av mot og vilje.

***

I dag skulle bli ein skikkeleg skrive- og arbeidsdag for eg hadde mykje å ta igjen. Det vart det forsåvidt og, eg kom bare seinare i gang enn eg hadde tenkt. Eg skulle bare innom barnebarnet som snarast, for dei hadde sol på verandaen og eg hadde tilbod om ein kopp kaffi. Slikt kan ein ikkje la gå i frå seg.

Det er så forferdeleg vanskeleg å bryta opp frå ei verd der det bur ein to-og-eit-halvt-åring. I anledning dagen var ho utstyrt med store blomsterforma solbriller og var heilt sommarkledd fordi dei verkeleg har ein veranda som forvandlar vasskalde vårdagar til varm sommar.

«Skal me læsa Jøhette, mormor?» Ho hentar boka inne og mormor er klar. Ingenting er som å liggja tett saman på magen i sola og lesa om Rødhette. I eventyrbøkene ser mormor til Rødhette og alle andre bestemødre ut som dei er åtti år med oppsett grått hår, lange kjoler og runde briller på nasen. Dei ser eldre ut enn oldemødrer gjer i dag, eg har ikkje lagt skikkeleg merke til det før eg vart mormor sjølv, men den eventyr prototypen får eg heller leva med. «Mommor te Jøhette bur i huse der borte». Ho peikar med ein liten finger. Ho har tydelegvis ikkje gløymt at me måtte finna huset den dagen for to veker sidan då ho var så lite motivert for å gå heim frå tur at me måtte flytta oss inn i eventyret for å få gang på det.

Etterpå må me leita etter » Jøhette» på mobilen min, finn barnet ut. Og jo visst, der er ho på mange bilete og mange små teiknefilmar og forteljingar. Nokre av dei er så snille at bestemor aldri blir eten av ulven, bare gøymt i vedkassen heilt til Rødhette kjem med tømmerhoggeren i hælane, slik at han er klar til å koma inn og ta affære før ulven får lagt labben sin på jentungen. Eit av variantene er så politisk korrekt at Rødhette får med seg ein sunn og næringsrik grønnsakrett til bestemor i staden for ei korg med kaker og vin som det står i grunnforteljinga, eller som eg må innrømma at eg pleier å fortelja det; kaker og saft-. Rett skal vera rett.

Når eventyret er gjennomgått ein fire fem, gonger finn gullungen ut at det er på tide å gøyma seg for ulven. Ved hjelp av ein solstol og eit teppe lagar me oss ein absolutt ulvesikker gøymeplass for ei jente og ei mormor, og så sit me der og prøver å pusta heilt lydlaust mens ulven går forbi. Men han er jammen meg lurare enn me trudde, for me kan tydeleg merka at ha står og riv litt i teppet og knurrar forsiktig med ein stemme som kunne minna litt om mamma sin. Heldigvis går faren over, og me kan krypa letta fram att. Då er det på tide å finna ut om mormor kan finna bilete av troll på mobilen sin, og kanskje trollmusikken frå Dovregubbens hall?

Nå har me vore i ein lang fase der det mest spennande i verda er ulvar og troll. Framleis finst det ting som er for skumle til å nemna, for eksempel faren til Emil i Lönneberget, så han let me vera å snakka om.

Visst finst det litt av kvart å vera redd for i verda, så det kan kanskje vera bra å øva seg litt på ulvar og troll slik at ein veit litt om å handtera det skumle og usikre. Eg høyrde ein klok mann seia på TV i går at litt av kunsten under Korona-pandemien er å leva med det usikre, og ikkje heilt vita korleis, kor tid og på kva måte ting kjem til å bli. I følge han var det ein av dei nyttigaste ferdigheitane ein kunne ha i usikre tider. Det er kanskje ikkje så dumt å trena seg litt på å sitja under eit teppe og trena på å vera stille mens ein håpar at ulven går fort forbi, i alle fall ikkje så lenge ideen til leiken kjem frå barnet sjølv. Me har blitt minna på at me er sårbare alle som ein av oss.

Då eg var lita jente budde eg delvis i den same hagen som der barnebarnet bur nå. Eg har veldig klare minne om at det vaks hestablommar i store mengder før hagen var ferdig opparbeida og at to store jenter, Reidun og Siri lærte meg å laga kransar, krøller i vatn, fløyter og lange lenker av stilkane og ikkje minst å blåsa tusenvis av frø med kvite fallskjermer ut over markene. Det er ikkje mange blomar som kan gje så mykje barnsleg glede som hestablomma, sauablomma eller løvetann alt etter kva ein vel å kalla det. Eg seier som dikteren i «Løvetannens bønn». La de små barn komme til meg, for de vet ikke hva ugress er…

Heidi

Trådar av håp og silke

Å LENGE ME VEIT AT ME BLIR BORNE

Så lenge me veit
at me skal bera
og bli borne
blir ikkje avstanden mellom kroppane
større enn me kan leva med.

Me skal spinna
trådar av håp og av silke,
trådar av styrke og tru
som me og andre
kan sveipa oss i
når det trengst

Som prinsessa
som veit det hemmelege
skal me spinna skjorter av nesle og myrull
sjølv om hendene sprekk under arbeidet.

Me klarer det så lenge
me ikkje gløymer musikken.

***

Det er første mai. Denne dagen er meir enn noko dagen for solidaritet. Eg håpar solidaritet ikkje er ein gløymd dyd. Tvert i mot håpar eg at me meir enn nokon gong må sjå kva som er viktig i livet og kva som djupast sett er heilt bagatellmessig.

Sidan me hadde så fin tur gjennom Ryfast og over til andre sida på sundag, fekk me lyst til å gjenta suksessen. Eg måtte over og sjå om graset framleis var grønare på den andre sida, og det var det. Både det og trea var grønare og frukttrea blømde endå meir intenst. Grøne tre og kvite kirsebærtre har ein merkeleg verknad på meg. Eg har kjend det før og, men ikkje så sterkt som i år, trur eg.

I dag gjorde me det same som «Pitter si mor og tanten dis», me reiste til Jørpeland og fann ut kor blåbæra veks, eller i det minste kjem til å veksa. Då eg tok biletet tenkte eg at det vil eg ha på bloggen i dag, for det er eit passande bilete på håpet om at noko nytt og fint som skal koma når den rette tida er inne.

Me var og på Idse og Meling der eg kunne prøva å finna att bedehusa der mi kristenrussgruppe var på turné for nokså nøyaktig 40 år sidan. (Nå måtte eg stoppa og tenkja om eg hadde bomma med eit tiår, men det var ikkje så vel, eg kom fram til at talet stemde…) Eg trur ikkje eg har vore der sidan då. Så utruleg mange vakre stadar me har her i landet. At dei ligg bada i maisol gjer dei ikkje mindre vakre.

Så tilbake til det eg sa om at solidaritet er ein gammal dyd. I dag har eg lese Lönnebo si utleggjing om det som i min bokmålsomsetjing av den svenske boka hans blir kalla «Det hellige hjertes regel»: Han skriv då om «åndens frukter» som dei ni store dydene, og problematiserer det som har skjedd med ordet «dyd» som i veldig gamle dagar var eit heidersord om noko dei fleste ønska å leva opp til. Eit ord som passa på riddarar og helgenar. Nå er det nok dei aller færraste av oss som har nokon interesse av å bli omtalt som «dydsmønster», eit forferdeleg ord som lyser av hovmod, og kjedeleg prektigheit. Korleis vart det slik mon tru?

Uansett så ramsar han opp desse ni, som eg har lese så mykje om på bokmål at eg vel å referera dei på det skriftspråket: «Kjærlighet, glede, fred, overbærenhet, vennlighet, godhet, tålsomhet, trofasthet, selvbeherskelse». Saman med den gyldne regel om å gjera mot nesten din som du vil at nesten din skal gjera mot deg, meiner han at dette er eigenskapar som alle djupast sett ynskjer å sjå meir av uansett ståstad i livet, livssyn og religion. Det er slike eigenskapar me gjerne vil skal gjennomsyra samfunnet, nabolaget, arbeidsplassen og familien.

Lönnebo meiner at dette er ei liste dei fleste av oss godt kan henga på veggen og øva oss på i kvardagane. Han foreslår å fokusera på ein ting om gongen. Det er ikkje for ingenting han har vald å kalla boka «Veven» for ei treningsbok for sjela. Sidan eg har planar om å henga denne teksten opp på min facebookvegg, så tenkte eg at det kunne vera eit passande treningsprogram å henga opp på 1. mai. Ikkje minst nå i 2020, når koronakrisa begynner å røyna på på både den eine og andre måten.

La oss spinna av og veva med trådar av håp og silke, trådar av styrke og tru. Det er godt å ha noko å sveipa rundt oss sjølv og andre når me treng det mest.

Heidi

Den raraste månaden

DÅ SKAL EG SYNGA DEI MOLDMJUKE SONGANE

Når alt sitrar
og livet skjelv,
når varmen kjem innanfrå
og bare vindane stryk huda mi,
Då skal eg syngja
syngja deg dei  moldmjuke songane
dei som kunne hatt triste ord,
det hender det er dei som passar best.
***

Akkurat nå er april månad i ferd med å bli til mai. I følgje klokka er det faktisk skjedd allereie. Ein av dei raraste månadane eg har opplevd er nå gått over i historiebøkene. Det spesielle er at andre rare månadar eg har opplevd har hatt såpass private grunnar til å skilje seg ut at det er bare eg og mine næraste som har lagt merke til det. Dette gongen har det vore annleis, me har kollektivt i lag med store deler av verda vore i ein merkeleg bølgjedal der koronanytt har summa uavlateleg frå alle massemedia, der store deler av verda har vore meir eller mindre nedstengt og der me nordmenn skil oss ut fordi me ikkje går med munnbind. Korleis mai månad vil bli er det ingen av oss som veit og få som vågar spå om, men med forsiktig optimisme så kan det kanskje sjå ut som om samfunnet veldig forsiktig er på veg til å koma tilbake på hengslene.

Og me er her framleis alle saman. Ingen eg kjenner har vore alvorleg koronasjuke, eg kjenner snautt nok nokon som har vore smitta. Likevel har nok fleire av oss gått litt meir på tå hev og med litt høgare aksler enn vanleg. Me har manøvrert oss gjennom dei nye kvardagane med reinare hender enn nokon gong før. Me har engsta oss for helsa til menneske me er glade i, og i ekstra sårbare stunder sett for oss oss sjølve tilkopla ein respirator. Me har og engsta oss for korleis landet vårt, og ikkje minst resten av verda, vil sjå ut når dette er over, og samtidig lurt på om og når det går over.

Fleire enn meg har vel likevel undra oss over kor tilpasningsdyktige både me og andre viser seg å vera når livet strammar seg til. Me lærarar har drive fjernundervisning sidan midten av mars, og eg trur dei aller fleste av oss synest at det i grunnen har gått over all forventning. I januar hadde eg ikkje akkurat sett for meg at eg skulle filma meg sjølv med iPad om kveldane medan eg underviste om for eksempel kyrkjemusikk, for så å leggja det ut på nettet til bruk neste dag. Fleire enn meg har sitte i møter og samtalar og observert sitt eige ansikt på ein skjerm medan me saman prøver å løysa små og store utfordringar. Ein bieffekt av dette har for meg, og kanskje andre og, er at eg har blitt fint nøydd til å observera mitt eige ansikt andre stadar enn i spegelen. Eg er blitt realistisk forsona med å måtta min eigen framtoning i mitt 58. år, og er nesten blitt van med det eg ser. Det er då noko…

Bent Høie haldt ein vakker tale til ungdomen. Eg kan skriva under på det han seier. Elevane våre er akkurat i desse dagar i ferd med å bli tenåringar. Den siste våren deira på baarneskulen er til nå blitt heilt annleis enn nokon skulle tru og ein del av dei tinga 7.klassingar alltid pleier å få vera med på har måtta leggjast heilt vekk. Dei har vore nøydde til å vera veldig mykje heime i lag med familiane, har måtta leggja til sides fritidsaktivitetar og har i lita grad kunna vera sosiale med kvarandre. Eg synest dei har vore kjempeflinke. Dei loggar seg inn på nettskulen kvar morgon og er stort sett bare positive, flinke og greie.

I grunnen har me vel vore ganske flinke alle saman. Eg høyrer andre rapportera om det same som eg kjenner på sjølv: stort sett går dette veldig bra, men i glimt kan me kjenna at me er litt trøytte og slitne på ein måte me ikkje heilt klarer å definera. Kanskje det er veldig naturleg at det er slik.

Eit stort privilegium har me utan tvil me som bur i dette landet. Me har ikkje hatt portforbod, men tvert i mot blitt utfordra til å koma oss ut på tur. Årstida spelar på lag med oss, og det gjer underverk med oss å koma oss ut til grønfargane og blåfargane, til fugleliv og vår. Me hadde til og med ei lita veke med nesten sommarliknande tilstandar før nordavinden innhenta oss. I dag på kveldsturen var eg tilbake i to lag ull under jakka, lue og strikkevottar, men du all verda så fint det er ute når ein bare var kledd for det. I dag var det alle blåfargane som bergtok meg. Eg trur eg fekk med ein del av nyansane i biletet øverst.

Vipene flaug lågt og skrikande over markene. Eg trur dei kanskje har lagt egg nå og prøver å avleia merksemda og å skremma vekk vandringsmenn og fiendar. Ein flokk med tjeldar spaserte på lange bein nede i tangen medan det sat stormåkar med mørke venger litt lenger ute på steinane. Det gjorde godt å få seg ein skikkeleg tur ut. Klokka nærma seg ti då me kom heim, og då var det framleis ikkje blitt skikkeleg mørkt.

Nå ønskjer me oss ei lys og lang årstid.

Heidi

Her i frå til Nangijala

HER I FRÅ TIL NANGIJALA

Her i frå til Nangijala.
spelar min lind
synger min nattergal.
La Madicken balansera på taket
medan Pippi lyftar hesten sin.
For alle oss
som framleis er barn
trass i rynker og det som verre er
La oss og Ronja Røverdotter
gjera oss klare
for vårskriket vårt
Etterpå
skulle det ikkje forundra meg
om me svever
som på fuglevenger
rakt og triumferande
rett over Helvetesgapet.
Modigare enn Karlsson på taket.

***
Eg er svak for eventyr og for barnebøker, ikkje minst Astrid Lindgren sine bøker. Då eg lærte om eventyr på forteljarstudiet las eg i ei bok at ein skulle lesa masse eventyr for barna for dei førebudde dei på alt som sidan skulle skje dei. Det har eg tenkt mykje på og erfart at det er mykje sant i. Eg trur me kan bruka Astrid Lindgren sine bøker på same måten. Eg er spesielt glad i Ronja Røvardotter, Mio min Mio og Brødrene Løvehjerte. Dei handlar alle om å stå opp mot urettferd og maktmisbruk, og om å våga å kjempa for det ein trur på sjølv om ein i utgangspunktet er svak og liten samanlikna med dei som har maktposisjonane.

Eg trur mange av oss både kan kjenna på ei indre Madicken som er til synelatande ganske snill og veltilpassa, ei indre Pippi Langstrømpe som ser på verda på sin eigen heilt alternative måte, og som peikar nase til alt som er vedtatt vakse og besteborgarleg, og ikkje minst ei indre Ronja Røvardotter som oppdagar at ho er av røvarslekt og tek eit oppgjer med alt ho har trudd på og stolt på og dreg ut i skogen for å klara seg sjølv. Heldigvis har Ronja ei usedvanleg klok mor midt i alt elendet, og som klarer å vera der når den sterke karismatiske røvarpappaen sviktar barnet sitt.

Me får skrika vårskriket vårt og la det stå til. Karlson på taket har me vel alle møtt i diverse utgåver, men det får me snakka meir om ein annan gong…

Heidi

Det er noko med det grøne

KANSKJE ME SKULLE LØFTA EIN HEST AV OG TIL

Kanskje  me og rett og slett
skulle løfta ein hest av og til?
Kanskje me skulle ta oss tid
til å sitja på ein benk i sola
og høyra bekken klukka
under isen ein stad
medan bjørka sprett i vilden sky?
Eg kunne sitja der aleine og,
bare sitja der med  eit ullteppe
og hekla langbeinte dokker
i rosa og knall oransje
medan eg prøver
sånn heilt i det små
å knekka den hemmelege koden
Vel vitande at
ein stad i det fjerne
står Brogeen med fela si
og spelar den magiske melodien.

***

Det er noko med det grøne. Eit eller anna med desse grønfargane om våre får meg til å gje meg heilt over. Ein tur i skogen omgitt av intenst grønt og med fuglesong på alle kantar må vera noko av det mest avspennande som tenkjast kan. Då barna var små på begynnelsen av 90-talet eller noko slikt, var det inn med det som vart kalla fargebad. Eit bad i badekaret med intens blåfarge eller grønfarge på vatnet skulle gjera underverk. Fargar har eg alltid likt, så ungane mine fekk bada i intenst blått som eg trur lukta som sjøvatn, eller kanskje det var eukalyptus, og det grøne lukta furunål. Av ein eller annan grunn så må det vera tiår sidan sist eg var vitne til eit fargebad, men omtrent same effekten gav det å vera i Sandtangen i ettermiddag.

På turen min møtte eg Ståle som hoppa av sykkelen og sa at nå kan me bare gleda oss til alt me skal ta igjen når det blir lov til å klemma einannan igjen.
Heldigvis er det framleis mykje barn og leikelyst i dei fleste av oss. Nesten kvar dag får eg ei uventa glede. I dag var det Anne som hadde funne den magiske melodien på nettet, den Brogeen lette etter, og som eg skreiv om for eit par dagar sidan. Det gjorde at eg visste kva for eit dikt eg måtte bruka på bloggen i dag, for etter oppfordringa mi er nå sjølvsagt alle på leit etter den magiske melodien, og alle i hardtrening for å kunna løfta hestar.

Tysdag er dagen for dobbelt arbeid for min del, først skule og så kulturskule, begge deler for tida i digital versjon. På kulturskulen i dag hadde eg lagt opp til å møta ein og ein elev på nettsamtale for å snakka om tekstane deira. Det var fint og interessant. Syster var innom i døra og eg fekk send med eit strikkesett til det framleis nye barnebarnet hennar. Eg trur det er første gongen me ser kvarandre sidan alt stengde ned. Så kjekt å bare få sjå kvarandre på to meters avstand etter så lang tid.

Litt underernærte på sosialt liv fekk me lokka Inger inn i sofaen då ho ringde på døra for å kjøpa ei bok. Sjølv sette me oss på god avstand i den andre sofaen og i lenestolen. Det var så koseleg å rett og slett ha ein gjest ei lita stund, bare sitja i sofaen og prata. Det er mykje me nesten hadde gløymt å setja pris på.

Heidi

Om å høyra heime i livet

Eg høyrer heime i livet

Eg høyrer heime i livet,
eg lener meg mot sterkare hender,
og kjenner dei ber meg
når eg ikkje sjølv orkar bera.
Trygg ligg eg der
med hendene rundt meg
som ein fjørlaus fugleunge i eit trygt reir.
Der ligg eg mellom stjerner og planetar,
mellom kvardagane og det heilage,
mellom fødsel og alderdom,
mellom barndomen og alt eg ikkje veit kva er.
Alt eg veit er kjærleiken,
at han er skapt for å bera meg
stille og utan store fakter,
heilt til eg ein morgon,
utan å skjøna kva som skjer,
strekkjer vengene ut
og kjenner eg kan fly att.

***

… «Han spurte så, han sagde så: Hvor hører du vel hjemme?»
Eg høyrer heime i livet, svarer eg. Og det gjer du og.

Med jamne mellomrom, og kanskje ikkje minst akkurat nå, kan me av og til stoppa opp og kjenna som gamle Obstfelder: «Jeg er visst kommet på en feil klode, her er så underligt.»

Av og til kan me av ulike grunnar bli sette litt ut av spel. Då er det godt å vita at me faktisk høyrer heime i livet. Det er her me bur, og her me skal vera med heile oss. Det er dette livet me er med på å skapa, det er dette livet me kan gjera noko med, det er her me kan vera med på å utgjera ein forskjell.

Hadde eg vore prest, kunne eg ha skrive: «Ta i mot velsigninga». Det hadde passa så fint akkurat nå… Og kanskje treng eg ikkje å vera prest for å kasta ut det tilbodet. Det er slett ikkje sikkert…

Heidi

Nesten turistar

Me følte for å få litt «luft under vengene.» Dei siste seks vekene har me stort sett halde oss rundt telta, og dei einaste gongene eg har vore i bilen har vore for å køyra til stader relativt nær oss for å gå turar. Me fann ut at nå ville me koma oss litt lenger av stad.

Me kom på tanken at me ville prøva den nye Ryfast-tunnelen. Det var ein god idé. Me køyrde gjennom tunnelen til Tau og stoppa for å lada bilbatteriet. Så fint det er i Ryfylke. Det såg ut som om våren var komen litt lenger enn heime, alt var hakket grønare. Det er noko med grønfargane om våren. Dei gjer noko med ein… Det er vakrast når verda blir grøn igjen. For eit fint land og for eit fint fylke me bur i.

Blømande frukt- tre og nyfødde lam, blå fjordar og høge fjell, delvis med snø på toppane. Eg forstår at utanlandske turistar synest at Norge er eit eksotisk land.

I dag morges såg eg tilfeldigvis eit bilete av denne kyrkja på facebook, og då eg såg den same kyrkja på ein turist-info-plakat, så forstod eg at me ikkje var så langt i frå. Då me las at det var ein fin turveg som gjekk frå kyrkja, så visste me at det var det me skulle gjera i dag. Dette er Årdal gamle kyrkje, ei raudmalt og veldig fin gammal trekyrkje. Ho er bare open om sommaren, men eg kikka inn vindauga og fekk eit lite inntrykk av korleis ho såg ut inni. Me må nok tilbake dit ein gong.

Så gjekk me tur langs vatnet. Det var den gamle Prestevegen der presten rei i gamle dagar for å koma seg mellom kyrkjene i soknet. Langs vegen var det informasjonsplakatar både om historiske hendingar, om naturen og om lokalmiljøet. Me hadde til og med sol på vegen, og sommarfuglane sverma.

Planen var å ta fergevegen heim att, men det var sett opp skilt om at ferga ikkje gjekk. Om det skuldast Ryfast, Korona eller driftsproblem veit eg ikkje. Det vart tunnel heim att og, og det gjekk kjempefint. På veg heim henta me med oss indisk mat som me avslutta sundagen med før eg hadde ei jobbeøkt og ein triveleg telefonsamtale med ei venninne.

Turen kan anbefalast. Det var nesten som ein liten ferietur for sånne som oss som til nå har klart å avstå frå «unødvendige fritidsturar».

Ha ei god ny veke

Heidi

Når Minnie Mus fyller år

Ei opprømt lita jente kunne opplysa foreldra sine om at Minnie Mus hadde bursdag og fylde to år i dag. Då måtte ho vel ha selskap? Kven er ikkje klar for ein liten fest i tider som dette, så mormor og morfar stilde opp klokka halv fem med norsk flagg, partyhattar og presangar frå rikhaldige skattkammer i mormorhuset. Den to og eit halvt år gamle partyfiksaren hadde laga gelékake i lag med pappa og dekka bord til fem i hagen, jammen flaks at det er akkurat det antallet ein kan vera på hagefestar i denne tida. Mopsen og Minnie Mus telde me ikkje med for dei sat ikkje til bords sjølv om begge to hadde på seg fine hattar.

Arrangementet vart særdeles vellukka, så me får ta utfordringane som dei kjem dersom apekatten Adam, Pandaen eller babydokka Nicholas skulle visa seg å fylla år sånn ca i morgon. Nokon gonger må til og med utruleg søte menneske på sånn ca to og eit halvt år møta livets harde begrensningar.

For ein fin dag det har vore. I går var eg litt sliten av å leva med koronarestriksjonane, men i dag har livet vore meg vennleg. Mesteparten av dagen har eg sitte fordjupa i ferdigstilling av tekstar til boka me skal gi ut på skapande skriving i kulturskulen. Det er utruleg kjekt å jobba med å få barn og tenåringar til å skriva tekstar. Det ligg så utruleg mykje fint der som det kan vera lett å oversjå når ein ser på slike tekstar med vaksne auge. Eg har veldig tru på å løfta opp barn og unge sine litterære verk og bruka dei til noko fint.

Etter hageselskapet hadde eg ein fantastisk tur aleine i Sandtangen. Eg gjekk der med klassisk musikk frå P2 på øyrene akkurat i den tida det begynte å skumra. Det som skjer i skogen og ved vatnet akkurat på denne tida er det heilt overveldande å vera ein del av. Trea sprett så fort at det er forskjell frå dag til dag, dei står der, det eine treslaget etter det andre, med mjuke, klissete, nyfødde blad. Mellom trea blømde det både kvitveis, gauksyre, løvetann og påskeliljer. Eit grågåspar flaug lågt over vatnet og markene med høge skrik, og på eit jorde var det ein heil flokk av store gjess. Fleire svanepar symde på vatnet, nokre av svanene var framleis litt spettete og såg ut som det var fjorårsungar. Vipe, tjeld, svarttrost og mange småfuglar såg eg og i tillegg til alle endene og måkene som er fastbuande ved Frøylandsvatnet.

Det er interessant å sjå korleis svaneparet i tjødna like ved oss kvar vår får nye egg som hoa ligg lenge på medan hannen bevegar seg beskyttande rundt henne. Så passar dei på ungekullet på ein nesten agressiv og overbeskyttande måte heilt til dei jagar dei ein vakker dag ved påsketider, og sjølve går inn i ein ny hekkingsperiode. Eg skulle gjerne vita kva svaneungane gjer etter å bli jaga frå barndomsparadiset. Finn dei seg ein flokk å vera i lag med? Held ungane frå kullet saman den første perioden? Korleis finn dei seg ein make og eit eige habitat? Alt dette har eg lurt på i fleire år, og det er heilt sikkert mogleg å leita seg fram til svara. Om nokon som måtte lesa dette veit meir enn meg, får dei svært gjerne koma med svara.

Vel heime vart det ein veldig sein middag med aurefilet på ei seng av lauk og purrelauk. Eg og Leif oppdaga at det allereie var laga ein dokumentar om koronautbrotet i landet vårt. I filmen fekk me vera i lag med bebuarar i ein bygard i Oslo og sjå korleis dei ulike menneska opplevde og takla det som skjedde. Det var ein veldig fin film som eg anbefalar alle å sjå. Nå burde eg sjølvsagt fortald kva filmen heiter, men eg har gløymt tittelen og ei rask googling på mobilen førte ikkje fram.

Heilt sidan sundag har eg hatt lyst til å sjå den danske dokumentaren om kronprins Frederik, faren til dronning Margrethe. Den trongen har eg ikkje delt med han eg deler hus med, men i kveld var tida komen for å ha styringa på fjernkontrollen. Eg likte godt den filmserien og, men etter eit kvarter sovna eg, så eg måtte sjå episoden ein gong til. Då eg oppdaga at episode nummer to var lagt ut og, gjekk den med i same dragsuget, så nå vart det plutseleg ein veldig sein kveld i natt og. Men fine laurdagar i april må det vel vera lov å feira med å vera litt lenge oppe sjølv om det ikkje er tida for selskapsliv?



Heidi

Slikt som ikkje varer

«Skål for slikt som ikkje varer», stod det på bloggen min i går. Sitatet er henta frå visa mi: «Sommar i april». Sommar i april varer sjeldan lenge i vårt vesle hjørne av verda, og i dag var me allereie over på nokre andre linjer: «Koma alt som snart skal koma, skodde, regn og nordavind.» Skodda og regnet har latt seg venta på, men i dag var den gode gamle iskalde nordavinden på plass. Eg var mykje varmare kledd enn i går då eg la ut på turen min, men likevel fraus eg.

Andre ting varer enn så lenge. Eg trur Erna Solberg traff spikaren på hovudet i dag då ho sa at mange kjende nå på at dei var leie av alle reguleringane og at dei var veldig klare for å treffa folk og leva som vanleg. Ho advarte mot å tru at det at barnehagane har opna, at skulane er i ferd med å opna, og at hytteforbodet er oppheva, gjer at me kan gløyma alle restriksjonane.

Me veit alle at me ikkje kunne vore heldigare med automatisk val av fødeland enn me er akkurat nå. Likevel kan eg merka både på meg sjølv, på kolleger, elevar og venninner eg møter på nettet og på telefon, på han eg deler hus med og resten av kohorten, som eg vel får begynna å kalla oss nå når eg tenkjer på den næraste familien som me har teke eit val om å omgåst i tider der me helst ikkje skal omgåst, at me av og til er litt slitne av å vera positive og flinke samfunnsborgarar. Me dreg pusten litt ekstra djupt når me forstår at dette kan koma til å vara nokså mykje lenger enn me først hadde fantasi til å tru, og at dette kanskje, som ein eller annan innvia person sa, kanskje bare slutten på begynnelsen.

Sjølv kan eg merka at eg i glimt føler meg trøytt, sjølv om eg eigentleg ikkje opplever at eg er det. Då klappar eg meg sjølv og andre på skuldera og seier så oppmuntrande som eg bare kan at det ikkje er rart om me er litt slitne, me står jo midt oppi noko som me ikkje har nokon som helst erfaring med å takla, og heller ingen opplæring i å forhalda oss til. Me har rett og slett vore omstillingsdyktige og flinke, og kan nok trenga ein pust i bakken av og til.

I dag var me så heldige at me fekk låna barnebarnet heile ettermiddagen. Det er jo ei omstilling for oss og som har vore i lag med henne veldig jamnleg under nedstenginga av barnehagen at ho rett og slett er i barnehage nå. Der trivest ho veldig godt, sjølv om eg må innrømma at eg vart smigra då eg henta henne i barnehagen første dagen etter oppstart og ho kom springande med opne armar og eit stort smil. På veg heimover i vogna sa ho at I dag lekte æg i barnehagen, å då lengta æg te mommor».

I dag var ho strålande fornøgd med å bli henta i sykkeltralle. Ho fekk gå gjennom sentrum med mormor og morfar. Ho hoppa og spratt, prøvesat alle benker og gjekk over bruer med dei magiske orda «Hvem er det som tramper på mi bru?» Det å øva seg på å gå ned steintrapper utan å halda i noko er og veldig spennande. Så gjekk me heim for å eta middag saman. Ho fekk tilbod om at morfar kunne laga «morfars spesialpizza», men då kvitterte ho kontant med «Nei, den liga æg ikkje!» Derimot ville ho gjerne baka sjokoladekake, så det vart ettermiddagsaktiviteten. Ho får sitja på kjøkkenbenken med bakeforkleet på og hjelper til med teljing av egg og oppmåling av sukker og sånn. Det er og fint med små pausar der ho må gøyma seg for ulven og sånn.

Pynting av hjertekaka fekk ho gjera «heilt sjøl» og ho var over alle grenser stolt over resultatet då mamma og pappa kom for å henta, og ho fekk dekka bord til dei i hagestova og servera sjølvpynta kake. Det er godt å observera barnet som ikkje har nokon som helst forståing for Koronakrise og restriksjonar, sjølv om ho har blitt litt meir oppteken av å ha «veldig reine fine hende». Som det vesle barnet ho er tek ho alt som det kjem og lengtar ikkje etter noko som helst.

Me vaksne kan nok av og til dagdrøyma om å gå på kafé og kino, kunna bruka kyrkja som vanleg, kunna møta folk utan dårleg samvit, og rett og slett kunna handhelsa eller klemma nokon når me har lyst til det. Sjølv har eg aldri hatt så lyst som nå til å invitera folk. Eg ville helst invitert mange og så hatt ein ny runde med besøk så snart dei første var ute av dørene. Eg veit at eg lever i rein luksus med mine næraste rundt meg og tenkjer med beundring på dei som nesten ikkje har vore i lag med folk på seks veker. Eg er usikker på korleis eg sjølv hadde takla akkurat det. Eg har sjeldan vore så glad for å ha ein livsledsagar som eg er akkurat nå.

Skål for alt som ikkje varer, det me er oppe i nå skal ikkje vara for alltid. Korleis det ser ut i den andre enden av tunnelen veit me ikkje heilt, heller ikkje når me kjem dit. Det eg reknar for sannsynleg er at me når det har gått ei stund kjem me til å tenkja på våren 2020 og fortelja kvarandre at «Det var på mange måtar ei fin tid…» Dagens Lønnebo-sitat får vera dette:
«Ingen av oss veit kva behov me kjem til å ha om ein time, men det gjer ikkje noko for den tida eksisterer ikkje endå. Det er nåtida som eksisterer og den me kan leva i og gjera noko med».

Som ei lita oppmuntring heilt på tampen av dagen, kan eg setja inn eit bilete av Brogeen, helten min frå ein fantastisk barne-TV-serie som gjekk då eg eigentleg hadde slutta å sjå på barne- TV. Brogeen på biletet under var på reis for å finna den magiske melodien som han visste eksisterte ein eller annan plass. Det spesielle med denne serien er at filmrullane brann opp, og det fantest ingen kopi, så Brogeen er tapt for ei kvar framtid. Det seier i alle fall historien. Eg fekk biletet av ei som hadde kome over det og som kjende min kjærleik til Brogeen.

La oss aldri bli for vaksne til å leita etter den magiske melodien.

Heidi