Eg må innrømma at kråkebilete over er frå ein dag i sist veke. I dag har det regna, og himmelen har hatt ein litt annan farge. Nakne tre med fuglar i er noko av det vakraste eg veit. Dessverre har eg ikkje kamera og kompetanse til å få til å laga dei flotte bileta eg ser for meg i hovudet at eg kunne ha teke dersom eg hadde betre zoom og eit kamera med betre mørkesyn.
I dag har eg nytt å ha fri, det passa utmerka i lag med at eg har pådrege meg litt hoste og forkjøling som eg på ingen måte aktar å gje etter for. Eg har starta litt på julebaksten og laga ein stor prosjon safranbiscotti som er ein av favorittane mine. Eg måtte smaka litt og syntest at dei smakte veldig søtt, sjølv om eg meiner å ha fulgt oppskrifta. Kanskje det skuldast at eg nokså konsekvent har halde meg unna det søtaste i livet i heile haust og rett og slett er avvent frå sukker? Det ville vel i så fall ikkje vera den største ulukka som kan vederfarast eit menneske…
Eg har og hatt ein liten privat julegaveverkstad ved kjøkkenbordet med tend adventlys, radioen på P2 og kaffi i kruset. For ein luksus. Sidan folk eg skal velsigna med gavar kan koma til å lesa dette, så skal eg ikkje gå nærare inn på denne aktiviteten, men eg trur ikkje resultata skal koma som eit sjokk på nokon. Aktiviteten inneber litt gjenbruk og litt nybruk, og eg kom til å tenkja på min legendariske formings- og musikklærar på Ålgård skule på begynnelsen av syttitalet, Liv Godin. Ho er dama som er kjend for å ha bygd bruer i Kongo der ho sykla rundt og administrerte byggjeprosjekt til ho var over nitti om eg hugsar rett. Ho lærde oss songen om mot i brystet vett i panna, stål i ben og armar, og eg trur det stod i teksten at «slike gutter vil det gamle Norge ha», men at me og song om at «slike jenter vil det gamle Norge ha»: Dersom formingstimen fall oss eller henne litt lang, stilde ho opp alle jentene, for det var jentene som hadde handarbeid, bak i klasseromet for å syngja tostemt medan ho dirigerte oss etter ein spesiell metode der ho viste med høgda på hendene kor høgt tonane skulle liggja. Alt dette dersom eg hugsar detaljane rett, og det er ikkje sikkert, for det begynner å bli ganske lenge sidan, og minnene mine er konserverte frå eit barneperspektiv.
Liv Godin hadde vore misjonær i Kongo, og viste oss ofte filmar der ho dirigerte kongolesiske barn som song tostemt akkurat som oss, bare at når ho dirigerte i Kongo hadde ho på seg tropehjelm. Med seg frå Kongo hadde ho mannen som var misjonær frå Belgia. Eg trur namnet hans skulle uttalast Jacques Godin med fransk uttale, men på ålgårdsk vart det Jakop Godin, uttalt rett fram.
Grunnen til at eg kom på Liv i dag var at ho var langt forut for si tid med gjenbruk av det meste. I ein av timane sat ho og laga eit trådsnellestativ av ei isoporplate ho hola ut fordjupningar i. Eg kjenner ennå isingane i tennene når eg tenkjer på lyden det laga, men trådsnellestativ vart det. Ho laga veggtepper av restar frå heildekningsteppe og mosaikk i gardsromet av asfaltbitar. Ho tok det til og med så langt at ho hadde med seg oppklipte biter av mannen sine utslitne bukser som me skulle få applikera og brodera på. Det var litt uvant, syntest me. Nå står det i planane at elevane skal få prøva seg på redesign, hos oss set me i gang på måndag… I mi tid var det rett nok ein sjølvsagt ting at me laga dorullnissar og eggebrettfigurar, men eg trur ikkje det var så mange fleire lærarmenn enn Jakop Godin som fekk bidra med gamle bukser i skulen sitt formingsbudsjett.
Det er mange gode minne, det dukkar opp mange fleire frå Ålgård skule medan eg skriv dette. Eg ser for meg Einar Nilsen med speidarskjorte på 17.mai, Hundebo i grå lagerfrakk og sandalar og Per Erga som instruerte ein klasse i å spela blokkfløyte og xylofon til songen «Alle mine ender, svømmer i en dam». Det får kanskje bli ein tekst ein annan gong, kven veit. I dag var det Liv Godin, me brukte alltid begge namna på henne, som plutseleg dukka opp og fekk vinka fram frå døra som opna seg i den sjette luka.
Ein gong i tida, eg trur kanskje eg var 8-9 år, oppdaga ho at eg skreiv dikt. Ho ville sjå alt eg hadde skrive, som den rotekoppen eg var, så fann eg ikkje mykje heime eg kunne visa fram, så eg måtte setja meg ned og skriva same ettermiddagen, slik at eg hadde noko å visa fram neste dag. Til inspirasjon brukte eg ei fargebok og skreiv eit dikt til kvar side. Det skulle sjølvsagt rima, eg hugsar spesielt dei lyriske og velklingande linjene «Nå bysser fru ekorn sitt lille barn, som ganske sikkert skal hete Arn». Eg tok sjølvkritikk på at Arn ikkje var eit namn, dette var nemleg før Jan Guillot sin romanserie om ein tempelriddar som bar nettopp det namnet. Det var ingen annan råd enn å omformulera linjene: «Nå bysser fru ekorn sitt lille barn, i mens hun strikker på noe garn»… (ja, eg gjekk i bokmålsklasse). Tankane om ekorn sine antekne strikkeferdigheiter kunne eg ikkje dvela vidare med, eg måtte skriva meir, eg skulle trass alt visa fram ei diktsamling nesten dag. Det falt i så pass heldig jord at eg fekk oppdraget å lesa dikt på foreldremøtet på skulen i burgunder spencerskjørt og kvit bluse.
For ikkje å rota meg fullstendig ut på alle jorder, noko som kan enda med at eg ikkje rekk å skifta klede til julebordet i kveld, avrundar eg med eit noko nyare dikt henta frå den siste boka mi. Sjølv om linja «Drag meg etter deg» opprinneleg har eit frommare innhald, kan eg jo dedikera linja til Liv Godin akkurat i dag. Ho var ei føregangskvinne både når det gjaldt redesign og anna viktig, og eg takkar Gud for at eg vaks opp med så mange menneske rundt meg som ikkje kom i A4 format. Det gjorde det lettare å tru at det formatet faktisk var noko ein kunne sleppa unna om ein ikkje ville dit…
Drag meg etter deg
Me står her med trompetar og ventar på blå jul, svart jul,
stjernejul og kvit jul.
Kling no klokka
for alle gleder og sorger som er og har vore
og kanskje skal koma. Eg syng dei gamle orda: Drag meg etter deg.
Det vil eg du skal gjera
Kvar gong føtene mine ikkje orkar, ikkje vågar,
ikkje vil.
Drag meg etter deg.
Så kjem eg kanskje dit eg skal.
Likevel.
Heidi
Så er det faktisk nesten helg, sidan skrive- og freelansardagen min er på fredag. Det kjennest bra. Det har vore intenst hektisk dei siste vekene, så nå håpar eg at kvilepulsen er innan rekkevidde. Alt eg har lova å stilla opp på er gilde ting som julebord med kulturskulen og venninnelunsj. Elles så har eg tenkt å kosa meg med min form for juleførebuingar og ta dagane som dei kjem.
Dagen begynte med at eg vart kjørt til jobb for å ta med ei øskje med bøker til dei på jobbane mine som har lyst til å kjøpa. Så var det korsstingsbroderi, som viser seg å ha fått ein slags renessanse. Eg har aldri før prøvd ut at sjuande klasse tel seg fram til eigne broderi med ord, emojiar eller andre motiv. Det var ikkje min idé, ein god kollega sette i gang med friskt mot, og eg har bare hengd meg på som ekstraressurs. Eg er oppriktig imponert over kor godt det slår an. Eg liker at dagane begynner med musikk, tende lys, høgtlesing, kunsthistorie, maling eller tekstilforming, og denne veka er det stort sett slike morgonar me har hatt. Eg trur det gir elevane ein god start på dagen som vil gjera dei meir motiverte for læring og skule. I tillegg driv eg og øver på dramastykket til juleforestillinga. Det er travelt og kjekt, det skal bli godt med ei relativt roleg helg før me skal gå laus på ei veke med tverrfagleg fokus på berekraft.
Teoriane om berekraftig utvikling har me jobba mykje med både i sjette og sjuande klasse i fleire av faga. Det prosjektet me nå set i gang blir ganske praktisk. Elevane skal laga julegavar av tome syltetøyglas, designa sin eigen julegenser av ting dei finn heime og i hyllene på skulen, laga noko av stoffrestar, ha praktisk vedlikehald av syklar, bidra til ein felles lunsj på trinnet, gjennomføra byte- og gje-bort-marknad med klær og leiker dei ikkje brukar lenger, plukka søppel og rydda skuleområdet, og laga uttrykk for berekraftstenking gjennom musikk og kunst. Det blir spennande, og sikkert ein smule travelt…
I dag kom eg meg heim såpass tidleg at eg var heime i huset litt over halv fem. Me fekk låna barnebarnet litt. Ho er i ei rivande språkutvikling og snakkar som ein foss. Ordforrådet er kjempestort, sjølv om ho ikkje snakkar heilt reint. Det er så spennande å fylgja barns språkutvikling frå sidelinja. Ho er akkurat nå i ferd med å gå over frå å snakka om seg sjølv i tredje person til å begynna å bruka personlege pronomen. Setningane blir lenger. I sist veke sa ho «Oldefar bli mæ opp rommet, finna tutten min sengå». I nokre setningar brukar ho namnet sitt når ho skal seia noko om seg sjølv, men i dag sa ho «eg» fleire gonger. «Æg vil!» Når ho manglar ord lagar ho seg eit som kan passa. «Æææg vil trilla pepparkage» = eg vil kjevla deigen sjølv. Det skal seiast at ho etterkvart var meir interessert i å smaka på deigen enn å stikka ut kaker, men ho haldt ut ganske lenge. Me fekk innvia mine nye kakeformer forma som figurar frå Mummidalen. Eit totalt unødvendig innkjøp tatt i betraktning av den store mengden former me har samla oss gjennom meir enn tretti år, og som me bruker sånn ca ein gong i året, men eit gledesprodukt henta frå mormor sin leikelyst. Kven har ikkje lyst til å pynta små mummimammafigurar med stripete forkle og stjerneauge?
Heidi
Eg må bare få lov til å bruka luka i dag til å fortelja at det var ei fin og gild oppleving å ha boklansering på biblioteket i dag. Me vart varmt mottekne av Aud Søyland Kristensen bibliotekssjefen vår som er så gild å inngå slikt samarbeid med oss. Dei som kom utgjorde det mest fantastiske publikumet som tenkjast kan og Torhild er ein fantastisk musikalsk støttespelar. Eg har før snakka varmt om det å ha nokon å vera kreativ i lag med, og sidan eg ikkje har fått den puslespelbiten som gjer at ein kan trylla fram fin musikk, så er eg så glad for at eg kjenner menneske som kan leggja på dei finaste ting der eg sjølv kjem heilt til kort.
Det vart ein gild dag og nå er den ballen og teken ned att for landing. I frå i morgon av er boka til sals, ho kan kjøpast hos meg, på biblioteket og på nokre lokale bokhandelar. Eg kan senda eller levera om nokon vil bestilla. Boka kostar 250 kroner hos oss og litt meir i butikkane.
Det kjennest fint å vera så langt. Livet er spennande.
Heidi
Dei tusen kråkene som samlar seg kvar dag i skumringa i trea utanfor arbeidsplassen min tek til vengene kvar dag i morgongryet. Dei er med i motivkrinsen i den nye diktboka mi. Det er utruleg fascinerande kor gode dei er på å vera flokk.
Eg trur det å vera flokk er noko me menneske burde satsa meir på. Det blir så slitsamt å vera menneske om det det heile dreier seg om er å albua seg sjølv fram, prestera og få prestisje. For meg gir det så mykje meir meining og glede å tenkja seg at me er mange som skal kjempa skulder ved skulder og gjera kvarandre gode. Det er herleg befriande å tenkja at eg er med i det store spelet der eg skal få leggja ned dei puslespelbitane eg tilfeldigvis har fått tildelt. Dersom eg gjer akkurat det, og dei andre kjem med sine biter kan me skapa noko fint saman som alle kan gleda seg over.
Dagen i dag begynte som gode dagar gjer med kaffi, frokostgraut, tende lys sterk kaffi og litt høgtlesing. Etterpå var eg klar til å sykla i pøsregn til kyrkja med sykkeltaskene fulle av det eg antok eg kom til å trenga i løpet av dagen. Så var det øving med vismenn, tenarar og kamel og ein ung musikar på eufonium som hadde laga ein passande kongefanfare i lag med far sin. Det er så spennande å skapa i lag med andre, i dette tilfellet ein gjeng sjuandeklassingar. Visst er fallhøgda stor, det meste kan gå gale, men prosessen er viktig den og.
Tysdag er den lange arbeidsdagen min med møter på jobb etter skuletid og så nesten direkte på neste jobb i kulturskulen. Pausen med kulturskulekolleger er eit av tysdagshøgdepunkta. Så er det to timar skriving med ei gruppe skrivande jenter frå tolv til nitten år. Eg er ofte veldig sliten når eg går opp trappene med alt me treng til skriveøkta, men det å vera i lag med jentene gir ny energi. Eg skriv i lag med dei og dei to timane forsvinn i rekordfart. Når sommaren nærmar seg gir me ut ei bok med tekster me har laga i løpet av skuleåret. Kulturskule er ein veldig fin form for skule viss eg ikkje skulle jobba i grunnskulen ser eg ikkje vekk i frå at eg ville hatt heile jobben min der. Det kreative og skapande aspektet har slik eg ser det blitt alt for nedprioriert i norsk skule dei siste ti- femten åra, men heldigvis anar eg ei kursendring med dei nye læreplanane.
Når eg nemnde orde høgtlesing om morgonen kan det vera nokon heva augnebryna og lurde på kva eit B-menneske som meg fekk tid til å lesa høgt på den tida av døgnet. Svaret akkurat nå er boka «Veven» av den svenske pesjonerte biskopen Martin Lönnebo. Me har lese ho fleire gonger før, men ho gir like mykje meining og ettertanke kvar gong. Han snakkar stillfarande og klokt om livet utan å ty til enkle løysingar. For meg fungerer boka på den måten undertittelen «Den store treningsboken for sjelen» indikerer.
Lausrivne sitat er ikkje alltid det som gir best inntrykk av ei klok bok, men eg avrundar likevel med akkurat det. kapittelet i dag heiter Mysteriet er intet problem, og tek for seg både mysteriet mennesket, mysteriet Gud og mysteriet livet. Kapittelet begynner med desse setningene:
Pust ut uroen
Pust inn ydmykheten
Les så langsomt
Og kapittelet sluttar med setningene:
Du ser Gud bedre med hendene dine enn med øynene. Si til deg selv hver morgen: Gjør det lille du kan. Mer kan du aldri gjøre, mindre bør du aldri gjøre. (Martin Lönnebo)
Nå skal eg og slutta for i dag. I morgon blir det ein spennande dag. Kanskje eg møter nokre av de som les dette på biblioteket klokka sju?
Heidi

Den andre dagen i desember kom med nullgradars føre og spinnglatte vegar. Elevane som begynner så tidleg som klokka åtte på måndagar på grunn av timeplanen i symjehallen, kom seg etterkvart til skulen, fleire av dei forsinka og nokre av dei meir eller mindre forslåtte etter fall med og utan sykkkel.
I klasseromet tende me det første adventlyset og lytta til «Little drummer boy» med Pentatonix før me gjekk laus på inneverande tema på årsplanen i KRLE som er kunst og musikk i kyrkja. Noko av det kjekkaste eg veit er å sjå på kunst saman med små og store barn og diskutera kva me ser. Etter å ha hatt kunsthistorie på formingslærarskulen med ein lærar med initialene PIM så har kunsthistorie vore noko eg ikkje kan få nok av.
Advent på skulen er noko for seg sjølv. Det er ei veldig hektisk tid og ei veldig levande tid med utfordrande timeplaner med mange avvik frå normalen. I dag var mi vesle personlege utfordring å skaffa stjernekikkerter til tre vise menn frå sjuande klasse som skal opptre i kyrkja på julegudsteneste i neste veke. Det viste seg å ikkje vera noko ein har i leikebutikkar eller andre butikkar, så løysinga vart tome Pringels- sylindarar kledde med svart teip og med nyborra hol i lok og botn. Nå skal mannen i huset og andre som kjem innom få eta Pringles til den store gullmedaljen.
I morgon tidleg skal eg øva i kyrkja med vismenn, tenarar, ein korpsmusiker og ein kamel. Me har fått halvannan times øvetid før julevandringane for barnehagebarn tek til, så det er hektisk for tida andre stadar enn på skulen og. Det blir spennande å sjå korleis det utviklar seg. Mi største personlege utfordring er å vera der så tidleg at eg rekk å finna fram og gjera klar før elevane dukkar opp. Eg må hugsa å ta med meg den eine sopekosten som skal vera inne i hodet på kamelen…
I ettermiddag var me så heldige å få vera litt barnevakt for vårt eldste og einaste barnebarn. Helst ville eg ha henne rundt meg alltid. Me er heldige som bur i gang- og sykkelavstand. I dag avsluttar eg med eit mormordikt om å ha ein liten overnattingsgjest som hostar om nettene i staden for å sova.
*
Natt
Dei små mjuke føtene dine mot knea og låra mine,
hovudet ditt i halsgropa,
pusten din mot halsen min
Desperat trøytt lita jente
som hostar vekk nattesvevnen.
La meg få sova, ropar tankane mine.
Vesle blomen min, kviskrar hjartet
og får ikkje nok av barnet.
Du vesle menneske,
kviskrar hjartet rytmisk og om igjen:
Kjøt av mitt kjøt,
blod av mitt blod,
lengt av min lengt.
Du sovnar medan dei første fuglane syng, klokka ti over fem.
Dette har eg gjort før,
minnest kroppen min,
i mange år sov eg med barn tett inntil meg.
Kroppen min er ute av trening, klarer ikkje lenger å berekna
plass til å sova tett inntil
ein som absolutt ikkje må vekkast.
Eg dett nesten ut av senga,
men ligg der i pusten din og kjenner varmen.
Du vesle håp,
kviskrar eg,
svært forsiktig,
må ikkje vekka deg nå.
Heidi

Med blogge-innsatsen min dei siste vekene veit eg ikkje om dette er heilt truverdig, men eg har faktisk gleda meg til den tradisjonelle adventsbloggen min. Nokre av dei tusen ballane eg har hatt i lufta er plukka ned, og det kjennest som om eg rett og slett skal ha tid til å kosa meg med litt skriving. Etter nokre ganske travle dagar med kjekke ting som å vera med på å arrangera julebord på jobb og julemesse i kyrkja, kom dagen i dag som den første dagen på lenge eg ikkje har ansvar for noko som helst bortsett frå å få litt besøk av familien. Det kjennest fantastisk.
Eg har kost meg med å pynta litt til advent, julepynt ligg sånn omtrent tre veker fram i tid her i huset, men litt stjerner, engler, hjarte og lys unnar me oss å finna fram. Eg klipte av dei siste roseknoppane og sette i den eine adventstaken, eg reknar med at kulda ville hindra dei frå å springa heilt ut der ute på buskane.
Det mest spennande prosjektet denne veka er boklanseringa nå på onsdag klokka sju. Eg har tjuvstarta litt med å lesa frå boka på nokre arrangement dei siste vekene, likevel kjennest det som det er første gong eg opnar boka for innsyn for andre enn dei eg har søkt råd i frå i prosessen. Eg er så glad for at Torhild skal vera med meg med pianospel og kanskje litt song. Det er kjekt å ha nokon å opptre i lag med, og me kjenner kvarandre så godt at det er ekstra trygt at det er akkurat henne. Alle er velkomne til å koma dersom de kan få det til, det blir gratis inngang.
Det er sjølvsagt spennande å sjå om tekstane mine finn gjenklang hos andre. Eg har tru på at det som skal formidla noko viktig må koma frå nokon sitt hjarte og i beste fall treffa andre sitt hjarte heime. Denne gongen er nok tematikken endå meir spissa enn før. Eg ynskjer å formidla håp i ein verden som står overfor store utfordringar, og i beste fall håpar eg å gje eit bittelite bidrag til den positive reaksjonsrekka «tru-håp-og-handling».
Når det er sagt så er det og ei «bestemorsbok», ei bok om å høyra heime på Jæren, ei bok om nye livsfasar og ei bok om venninner. Eg håpar og at humor, varme og optimisme skal koma lesaren i møte.
Dette utvikla seg viss til promotering av bok. Det var i grunnen ikkje meininga. Hensikta mi med den første luka i adventbloggen var ikkje meint som eit salgsframstøt eller noko slikt. Takk og lov for at eg ikkje er i handelsbransjen, eg ville ikkje ha eigna meg der i det heile tatt…
Eg har lyst til å ta med eit par dikt til slutt. Det første diktet er inspirert av eit dikt Carl Petter Opshal har skrive: «Eldst i meg er barnet». Då eg sjekka hans tekst tenkte eg at eg ville ta mitt dikt ut av samlinga for ikkje å laga noko som var i nærleiken av eit plagiat. Carl Petter meinte at eg trygt kunne ta det med, men me vart samde om ei fotnote om kor inspirasjonen kom i frå. Her er min variant av noko eg synest er ein viktig innfallsvinkel til livet:
*
Det i meg som har vore barn
Det i meg som har vore barn
er framleis lite og sårbart.
Det i meg som har vore barn
er lukkelegast og tristast.
Det i meg som har vore barn
har levd lengst og veit mest om livet.
*
Så vil eg ta med dette:
Eg øver meg på tillit.
Først løftar eg himmelen forsiktig på plass,
så byggjer eg ein katedral
og lagar ei forteljing
eg kan dela med barnet.
*
Eg sluttar med noko som kanskje nærmar seg eit juledikt:
Nå kjem me
Nå kjem me,
dansande, haltande eller krypande
med lys i skjøre glaslykter
og alt for lite klede
her i denne kalde vinden
i stille heilage natta
medan himmelen tek jorda i famn
og strekkjer framtida si mot vår.
*
Velkomen til å slå fylgje med meg gjennom adventstida. Eg vandrar med freidig mot, – enn så lenge i alle fall.
Heidi

«November er så trist og grå»… syng me i Alf Prøysen sin song om månadane. Når det gjeld den siste veka på Jæren så har han teke feil. Me har hatt nydeleg haustver, og me ser at naturen i november rett og slett kan vera nydeleg.
Etter at me stilde klokka tilbake for nokre veker sidan så har kveldane og ettermiddagene blitt merkbart mørkare. Me er på full veg inn i den mørkeste årstida, og det er heilt i orden for min del. I dag las eg forresten til mi forskrekking at levande lys er veldig luftforurensende og spesielt ille for dei som har astma. Sjølv elskar eg levande lys og ville helst hatt det både på bordet, i lysekrona og i alle krinkar og krokar så snart skumringa fell på. I artikkelen blir det foreslått å bruka ledlys, men i mitt hovud er det langt i frå det same. I tillegg har eg nærmast lova meg sjølv at det ikkje skal eit einaste batteridrive stearinlys inn over terskelen i huset vårt og heller ikkje eit einaste kunstig juletre. Eg får vel prøva å begrensa meg litt slik eg faktisk må med ein del ting her i livet. Begrensningens kunst fell meg ikkje alltid like lett…
Det er lenge sidan eg har skrive her, gjeremåla har stått i lange rekkjer og krevd si dame, eit par av ballane har eg klart å henta ned, og nye er kasta opp i lufta. Eg er veldig glad for at me kom i mål med boka vår og fekk levert ho til trykking i begynnelsen av denne veka. Nå skulle ho vera her i god tid til lanseringa på biblioteket 4. desember. Tiandeklasseforestillinga som eg lagar i lag med ein gjeng elevar begynner og å ta form sjølv om det nok blir ein del finpussing. Førearbeidet til utviklingssamtalane skal og vera i boks. Det å gjennomføra samtalane med elevar og foreldre pleier å vera bare kjekt, så det ser eg fram til å få gjera dei komande vekene.
I butikkane er dei allereie i ferd med å pynta til jul, men i mitt hovud er det framleis uendeleg langt fram dit. Heldigvis, for det er mykje som skal ordnast og gjerast før den tida kjem. Det aller meste er veldig lystbetont.
For litt over ei veke sidan gjekk eg inn i det nye soknerådet. Det trur eg skal bli spennande. Eg vart nesten litt overraska over kor mange komitear og utval det er i kyrkja mi. Eg har mange tankar om korleis eg gjerne vil at kyrkja eg tilhøyrer skal vera. Heldigvis er det mange gode folk der både i lønna stillingar og som frivillige medarbeidarar. Den første oppgåva eg har teke på meg i tillegg til det eg driv på med i frå før er å vera med og arrangert juletrefest lørdagen i romjula. Eg har faktisk aldri før tenkt over kor mange detaljar som må ordnast for å halda juletrefest, men det skal nok gå bra.
Eg håpar å få litt betre tid til å skriva blogg i vekene som kjem. Nå måtte eg bare koma litt i gang, slik at eg skal hugsa korleis det kjennest. Ha ein fortsatt god november alle saman.
Heidi

Eg sit her og jobbar med det eg trur er ei ferdigstilling av ei ny diktsamling. Eit av temaa i boka blir framtid og håp. Eg er i så god flyt at tida nesten forsvinn, det er ei veldig god kjensle. Eg fekk lyst til å leggja ut litt. Nokre av dei spelar på historia eg refererte til ein annan gong om Jona (Jonas i mine sundagsskuledagar) som fekk beskjed om å advara folk i byen Ninive om at byen kom til å bli øydelagd dersom dei ikkje vende om frå det dei dreiv på med. Jona prøvde å rømma frå kallet han hadde fått, og vart i strabasene mellom anna slukt av ein stor fisk. Til slutt gjekk han for å åtvara folk i byen, noko som førde til at byen aldri vart øydelagd. Jona kunne dermed ikkje bevisa at det han kom med ikkje hadde vore tomme truslar…
Det slo meg plutseleg ein dag i vår at dette er ei forteljing for vår tid. På same måten har eg ein referanse til Ronja og Birk som i boka Ronja Røvardotter av Astrid Lindgren plutseleg oppdagar at foreldra deira ikkje er fullkomne. Tvert i mot, dei er røvarar, og ikkje nok med at dei røver frå uskuldige offer, dei driv i tillegg og ypper til strid og fiendskap. Ronja og Birk, to sinte og forferda barn må ta saka i eigne hender. Dette ser eg og på som ei forteljing for vår tid. Og dukkar ein djupare kan ein ikkje bare skulda på røvarhøvdingane Mattis og Borka. Dei står sjølve på skuldrene til sine eigne fedre og sin eigen tradisjon…
Det var bakgrunnsreferansane, her kjem dikta…
Det er bare oss,
me som stadig går og leitar
leitar etter oss sjølve
på nettet og i gatene
i speglar og på reklameplakatar
med panikk i blikka,
krokete bukkehorn i hendene
og søle i baklomma
medan skjelvende snøklokkehovud
presser seg ut i verkelegheita
gjennom det gamle lauvdekket
frå i fjor.
Du kan lena deg mot dei
og mot alle menneskestemmane
på kafear, på toget og på lokalbussane
med eller utan sko på føtene
og eit knytte på ein kjepp over skuldera
med alt som er ditt.
Om me er på rett veg?
Slikt får me sjeldan svar på.
*
Her står dei,
Ronja og Birk og alle dei andre
med auga svarte av spørsmål og vantru.
Er ikkje dei vaksne vaksne likevel?
Kan dei verkeleg tenkjast å vera røvarar?
slik at barna må bera jorda og framtida
vidare så godt dei kan
med framleis uferdige barnehender?
*
Det er fort gjort å la oss slukast
slukas av den store kvalen
med eller utan plast i magen.
Slukast av det store mørket
og enda i dødsskuggens dal.
Men visst
kan me koma oss ut att.
bli spytta ut og reka i land
på den rette stranda.
Her har skjedd under før.
*
Ikkje be meg om å blanda meg opp i dette
sa Jona då Gud peikte
med Gudsfingeren sin på vondskapen.
Han prøvde å flykta
heilt som om han var deg eller meg
minst like redd som eg ville ha vore,
og vart utpeikt til å bli kasta ut i sjøen.
Og Jona låg
i fisken sin buk.
Der hamnar nok eg og
om eg ikkje får hjelp
til ikkje å flykta,
Men korfor eller korfor ikkje
akkurat meg.
*
Så kjem den dagen då eg kviskrar til deg
knapt høyrbart, men eg kviskrar:
Så send meg dit då Gud,
Send meg til Ninive om det er det du absolutt vil.
Eg skal dra dit med dei beiske orda
Og gje dei 40 dagars tidsfrist på omvendinga.
Og trekk du trusselen tilbake
og sparar Ninive denne gongen og…
Kva ville vel folk ta meg for…
*
Ei måke i snøsmeltinga
roleg kvilande
til knes i grått isvatn
ventar på alt som kanskje skal koma
eller kanskje ikkje
medan ho teiknar rolege ventebilete
med nebb og venger.
*
Å gå her med eit lite menneske
med framleis ustø gange
Ein kvitrande sporv
med musehaleantenner
og eit overmot av open uskuld
til og med i raseriet
kvar gong ho støyter skoen sin
mot røter og steinar.
Går her
med ei hudlaust tillitsfull framtid
mot mi eiga vaksne hand,
ein kandidat for Rødhetteskoger
for enger med humler og bier,
og kratt med ville bringebær.
Eg ber for henne som endå ikkje veit
om ei framtid der håpet har sigra.
Varsamt løfter eg henne
ho lener det vesle ansiktet
mot sida mi
og smiler.
Som eg ofte har sagt: Alt kan framleis endrast. Eg tek gjerne i mot innspel.
Heidi
*

Denne veka fyller veslejenta to år. I går feira eg det med å skriva ei voggevise. På spørsmålet frå meg sjølv om voggeviser er for nyfødde og ikkje for to-åringer, så svarar eg at to-åringer og treng songar å sovna til og vakna til. Eg har den ærlege overbevisning at barn skal få lov til å vera små lenge samtidig som dei utviklar seg i ein fart som får oss vaksne til å nesten bli fartsredde. Dei skal ut i ein stor og utfordrande vrden og treng alt dei kan bera med seg av kjærleik, mot, håp og tillit. Barn som blir borne medan dei er små får meir kraft til å bera med når dei blir store.
Det var desse tankane eg gjerne ville formidla i teksten under. Som eg nesten alltid skriv når eg legg ut nye tekstar, så kan det henda at eg kjem til å forandra på noko. Eg veit ikkje om eg er heilt fornøgd med alle formuleringene, men nå får teksten liggja litt til mogning. Grunnen til at eg vågar å leggja han ut er at eg av erfaring veit at det kan koma kloke tankar og innspel i denne kanalen. Ha ein god oktoberdag, alle saman.
Voggevise
Bysse, bysse liten venn,
bysse lita jente,
du er viktig, du er her,
resten kan få vente.
Her i varme, håp og tru,
skal du kvile, vesle du,
bysse, bysse håp og barn,
stjernene er tente.
Bysse, bysse, barnet mitt,
det finst mange farar.
Mange spørsmål ventar deg,
mange stemmar svarar,
men i varme, håp og tru,
skal du vekse, vesle du,
vekse og bli sterk og trygg
slik at motet varar.
Bysse, bysse, tid skal gå,
livsveven skal veve
du skal danse, gråte, le,
elske, synge, streve.
Ta med varme, håp og tru,
ut i livet, vesle du,
tillit nok til vegen din,
livet skal du leve.
Heidi

Det er september, og haustregnet har sett eit preludium for ein dag som skal lysna og vakna til etterkvart. Ein dag med litt ekstra tenkjeplass, slik fredagane ofte er for meg, gav rom til nokre tankar eg rett og slett føler for å dela.
Den siste veka har debatten gått på internett og i sosiale medier om Greta Thunberg og kampen ho fører for klimaet. Eg skal ikkje gjenta det som har blitt sagt, for det reknar eg med at lesarane har fått med seg, eg vil bare seia at jenta har min fulle sympati, støtte og medkjensle. Det er ikkje lett å vera den som kjenner seg kalla til å gå ut i ein kamp med mange og sterke interesser som djupast sett angår oss alle på ein ubehageleg måte.
Dei fleste forskarane er einige med Greta Thunberg i hovudargumenta ho legg fram. Me står i ein overhengjande fare for å øydeleggja livsgrunnlaget vårt på jorda, og klimaendringar som kan bli dyre både økonomisk og menneskeleg er her allereie.
Eg veit at det er forskarar som seier det motsette og som meiner at dette dreier seg om naturlege ikkje-menneskeskapte temperaturendringar. Velsigne dei om dei har rett. Ingenting ville ha gleda meg meir. Eg har ingen som helst behov for å ha rett i det eg fryktar og trur når det gjeld denne saka.
I hovudet mitt har det dukka opp nokre bilete: Me står ein mengde menneske på ein flyplass og ventar på eit fly. Ein som har greie på flymekanikk stiller seg ved innsjekkinga og seier: «Det er stor grunn til å tru at dette flyet kjem til å styrta, me anbefaler alle å venta til neste avgang.» Dei fleste av oss, med meg i spissen ville straks ha opplevd det heilt utenkjeleg å gå ombord på dette flyet frå det sekundet av. Sjølv om det skulle stå ein annan flyingeniør i døra og seia «Eg er ueinig, dette går sannsynlegvis bra, trur me, så bare gjer klar for bording…», så hadde ikkje ti ville hestar fått meg inn i fartøyet.
Eit anna bilete: Om nokon sa at barnet mitt sannsynlegvis ville utvikla ein alvorleg sjukdom om det fekk lov til å eta frukt, så ville ikkje frukt stå på menyen sjølv om nokon sa at dei ikkje kunne vita 100% sikkert at det var slik.
For meg er det nokså innlysande at me må gjera noko fordi det ikkje lar seg bevisa at klimafryktskeptikarane har rett. Konsekvensane er alt for store om dei tek feil. Framleis kan dette gå bra om me har vilje og mot til å snu. Når eg ser kor mange menneske som demonstrerer i gatene og ser alt som har skjedd på kort tid, så tenkjer eg at håpet er levande. Håpet har eit ansikt. Mennesket er endringsdyktig når det må.
Eg veit at dommedagsprofetiar ikkje er noko nytt under sola. Det ville vera rart om dei var det. Så sårbare og små me menneske er her me virrar rundt på ein trua klode i eit univers me ikkje anar omfanget av, så måtte me vera særdeles fantasilause om me ikkje var redde av og til. Sjølv vaks eg opp under den kalde krigen og hugsar framleis at eg stod under ei gatelykt i Solåsvegen i lag med Else, Einar og Morten og diskuterte om me kom til å få oppleva å bli vaksne. Det fekk me heldigvis.
Historier gjentek seg. Ein mann ved namn Jona, som er betre kjend for å ha vore i magen på ein stor fisk, prøvde å vri seg unna oppdraget å dra til byen Ninive for å framføra ein domsprofeti. Om ikkje folket tok tak og snudde heilt om, ville byen bli øydelagd. Jona var sint på Gud då byen viste seg å bli berga frå undergangen. Nå kunne ingen bevisa at domsprofetiane hans hadde vore nødvendige.
Så langt har det ikkje blitt lagd på skuldrene mine å reisa til Ninive, men store fiskar døyr med magen full av plast, og historia om Jona verkar meir aktuell enn eg nokon gong før har trudd at ho var.
Dersom Greta Thunberg har rett i det ho seier, så er det ikkje første gongen sanninga kjem frå barnemunnar. Det er brukt mot henne at ho har Aspergers syndrom, men i dette tilfellet kan det kanskje tenkjast å vera ei styrke som ho sjølv seier det, å ikkje vera alt for opphengd i mellommenneskelege sosiale spel om aksept.
Om barna våre er redde, så er det kanskje ikkje utan grunn. Då kan me koma med dei positive forteljingane om håp, samhald og endring. Mennesket lever ikkje aleine av brød, raudt kjøt, lange flyreiser og luksuriøse vaner. Det er bare så vanskeleg å vita kor me skal starta, for det er så mykje me kan koma til å måtta endra på. Ingen av oss har reine hender, og ingen av oss har alle svara. Likevel har eg eit håp om at det kjem til å skje, eg trur mennesket har sterk overlevelsesevne og sterk endringskapasitet når me bare kjem så langt at me ikkje ser andre utvegar.
Det er spennande å leva og spennande å håpa. Me er omgitt av så mykje godt og fint og saman er me sterke. Det må me velja å tru.
Heidi (58 år, og på grensa til å bli klima-aktivist).







