Luke 1 -2019

Med blogge-innsatsen min dei siste vekene veit eg ikkje om dette er heilt truverdig, men eg har faktisk gleda meg til den tradisjonelle adventsbloggen min. Nokre av dei tusen ballane eg har hatt i lufta er plukka ned, og det kjennest som om eg rett og slett skal ha tid til å kosa meg med litt skriving. Etter nokre ganske travle dagar med kjekke ting som å vera med på å arrangera julebord på jobb og julemesse i kyrkja, kom dagen i dag som den første dagen på lenge eg ikkje har ansvar for noko som helst bortsett frå å få litt besøk av familien. Det kjennest fantastisk.
Eg har kost meg med å pynta litt til advent, julepynt ligg sånn omtrent tre veker fram i tid her i huset, men litt stjerner, engler, hjarte og lys unnar me oss å finna fram. Eg klipte av dei siste roseknoppane og sette i den eine adventstaken, eg reknar med at kulda ville hindra dei frå å springa heilt ut der ute på buskane.
Det mest spennande prosjektet denne veka er boklanseringa nå på onsdag klokka sju. Eg har tjuvstarta litt med å lesa frå boka på nokre arrangement dei siste vekene, likevel kjennest det som det er første gong eg opnar boka for innsyn for andre enn dei eg har søkt råd i frå i prosessen. Eg er så glad for at Torhild skal vera med meg med pianospel og kanskje litt song. Det er kjekt å ha nokon å opptre i lag med, og me kjenner kvarandre så godt at det er ekstra trygt at det er akkurat henne. Alle er velkomne til å koma dersom de kan få det til, det blir gratis inngang.
Det er sjølvsagt spennande å sjå om tekstane mine finn gjenklang hos andre. Eg har tru på at det som skal formidla noko viktig må koma frå nokon sitt hjarte og i beste fall treffa andre sitt hjarte heime. Denne gongen er nok tematikken endå meir spissa enn før. Eg ynskjer å formidla håp i ein verden som står overfor store utfordringar, og i beste fall håpar eg å gje eit bittelite bidrag til den positive reaksjonsrekka «tru-håp-og-handling».
Når det er sagt så er det og ei «bestemorsbok», ei bok om å høyra heime på Jæren, ei bok om nye livsfasar og ei bok om venninner. Eg håpar og at humor, varme og optimisme skal koma lesaren i møte.
Dette utvikla seg viss til promotering av bok. Det var i grunnen ikkje meininga. Hensikta mi med den første luka i adventbloggen var ikkje meint som eit salgsframstøt eller noko slikt. Takk og lov for at eg ikkje er i handelsbransjen, eg ville ikkje ha eigna meg der i det heile tatt…
Eg har lyst til å ta med eit par dikt til slutt. Det første diktet er inspirert av eit dikt Carl Petter Opshal har skrive: «Eldst i meg er barnet». Då eg sjekka hans tekst tenkte eg at eg ville ta mitt dikt ut av samlinga for ikkje å laga noko som var i nærleiken av eit plagiat. Carl Petter meinte at eg trygt kunne ta det med, men me vart samde om ei fotnote om kor inspirasjonen kom i frå. Her er min variant av noko eg synest er ein viktig innfallsvinkel til livet:
*
Det i meg som har vore barn
Det i meg som har vore barn
er framleis lite og sårbart.
Det i meg som har vore barn
er lukkelegast og tristast.
Det i meg som har vore barn
har levd lengst og veit mest om livet.
*
Så vil eg ta med dette:
Eg øver meg på tillit.
Først løftar eg himmelen forsiktig på plass,
så byggjer eg ein katedral
og lagar ei forteljing
eg kan dela med barnet.
*
Eg sluttar med noko som kanskje nærmar seg eit juledikt:
Nå kjem me
Nå kjem me,
dansande, haltande eller krypande
med lys i skjøre glaslykter
og alt for lite klede
her i denne kalde vinden
i stille heilage natta
medan himmelen tek jorda i famn
og strekkjer framtida si mot vår.
*
Velkomen til å slå fylgje med meg gjennom adventstida. Eg vandrar med freidig mot, – enn så lenge i alle fall.
Heidi
Så spennande, Arne. Gler meg til å lesa 🙂