Luke 2 – 2019

Den andre dagen i desember kom med nullgradars føre og spinnglatte vegar. Elevane som begynner så tidleg som klokka åtte på måndagar på grunn av timeplanen i symjehallen, kom seg etterkvart til skulen, fleire av dei forsinka og nokre av dei meir eller mindre forslåtte etter fall med og utan sykkkel.
I klasseromet tende me det første adventlyset og lytta til «Little drummer boy» med Pentatonix før me gjekk laus på inneverande tema på årsplanen i KRLE som er kunst og musikk i kyrkja. Noko av det kjekkaste eg veit er å sjå på kunst saman med små og store barn og diskutera kva me ser. Etter å ha hatt kunsthistorie på formingslærarskulen med ein lærar med initialene PIM så har kunsthistorie vore noko eg ikkje kan få nok av.
Advent på skulen er noko for seg sjølv. Det er ei veldig hektisk tid og ei veldig levande tid med utfordrande timeplaner med mange avvik frå normalen. I dag var mi vesle personlege utfordring å skaffa stjernekikkerter til tre vise menn frå sjuande klasse som skal opptre i kyrkja på julegudsteneste i neste veke. Det viste seg å ikkje vera noko ein har i leikebutikkar eller andre butikkar, så løysinga vart tome Pringels- sylindarar kledde med svart teip og med nyborra hol i lok og botn. Nå skal mannen i huset og andre som kjem innom få eta Pringles til den store gullmedaljen.
I morgon tidleg skal eg øva i kyrkja med vismenn, tenarar, ein korpsmusiker og ein kamel. Me har fått halvannan times øvetid før julevandringane for barnehagebarn tek til, så det er hektisk for tida andre stadar enn på skulen og. Det blir spennande å sjå korleis det utviklar seg. Mi største personlege utfordring er å vera der så tidleg at eg rekk å finna fram og gjera klar før elevane dukkar opp. Eg må hugsa å ta med meg den eine sopekosten som skal vera inne i hodet på kamelen…
I ettermiddag var me så heldige å få vera litt barnevakt for vårt eldste og einaste barnebarn. Helst ville eg ha henne rundt meg alltid. Me er heldige som bur i gang- og sykkelavstand. I dag avsluttar eg med eit mormordikt om å ha ein liten overnattingsgjest som hostar om nettene i staden for å sova.
*
Natt
Dei små mjuke føtene dine mot knea og låra mine,
hovudet ditt i halsgropa,
pusten din mot halsen min
Desperat trøytt lita jente
som hostar vekk nattesvevnen.
La meg få sova, ropar tankane mine.
Vesle blomen min, kviskrar hjartet
og får ikkje nok av barnet.
Du vesle menneske,
kviskrar hjartet rytmisk og om igjen:
Kjøt av mitt kjøt,
blod av mitt blod,
lengt av min lengt.
Du sovnar medan dei første fuglane syng, klokka ti over fem.
Dette har eg gjort før,
minnest kroppen min,
i mange år sov eg med barn tett inntil meg.
Kroppen min er ute av trening, klarer ikkje lenger å berekna
plass til å sova tett inntil
ein som absolutt ikkje må vekkast.
Eg dett nesten ut av senga,
men ligg der i pusten din og kjenner varmen.
Du vesle håp,
kviskrar eg,
svært forsiktig,
må ikkje vekka deg nå.
Heidi