
dav
Så står me her
Så står me her
saman og aleine
med dei sprikande liva våre
pakka tett rundt kroppen.
Står her med trass og håp,
med vrang og god vilje
og store haugar
av alt me ikkje makta
blanda med bunker av alt
som vart betre enn nokon kunne ha venta.
Står her med hendene fulle av liv og knuste skåler,
med krukker fulle av skår, og speglar fulle av sprekker.
Står her med sorga
over alt som skulle ha vore og takken for alt som vart.
Står her og er framleis i live,
skjelvande, sterke og redde,
framleis med håpet
som gulltrådar
i furene i handflatene våre.
Sjå i nåde til nervebanane i våre levde liv
til spora me tråkka opp
slik at dei ikkje blir andre til skade,
slik at det gode ting kan spira
også i furer av tap og tårer.
Me kviskrar forsiktig
i takt med vår eigen pust og puls:
Så får du ha takk, då Gud,
deg høyrer livet til.
Heidi
Eg fekk sÃ¥ mange gilde tilbakemeldingar pÃ¥ blogginnlegget i gÃ¥r, sÃ¥ nÃ¥ dristar eg meg til Ã¥ stilla meg opp pÃ¥ balkongen med trompeten min, eg meiner orda mine i kveld og. Eg har lyst til Ã¥ dela eit dikt til frÃ¥ den siste diktsamlinga mi, «For humlene si skuld». Hovudtemaet i denne boka er hÃ¥p, og det passar godt akkurat nÃ¥:
HÃ¥pet har eit ansikt
Ho vandrar rundt på stiane, på gatene og torga.
Ho set seg ned på benkane for å lytta.
Ho seier at ho håpar
at håpet har eit ansikt.
Veit ho at det kan vera hennar eige?
***
Me er framleis ikkje heilt vane med denne mÃ¥ten Ã¥ leva pÃ¥, sÃ¥ me famlar oss litt fram. Me ser pÃ¥ ein mÃ¥te alt med barneauge fordi det er nytt for oss. Den første utanomvanlege tingen eg gjorde i dag var Ã¥ fÃ¥ med meg ein sundagsgudsteneste pÃ¥ nettet. Eg var digitalt invitert til Ã¥ vera med pÃ¥ lukka dÃ¥psgudsteneste i Bogafjell kirke. Sidan det er restriksjonar for kor mange ein kan samla i eitt lokale for tida vart gudstenesten streama til kyrkjelyden. Det var ei vakker oppleving. Eg merkar at alle ord om «hÃ¥p og mot og kjærlighet fra Gud» akkurat nÃ¥ treff meg pÃ¥ ein annan og meir levande mÃ¥te enn før. Eg las og fleire prestar sine sundagstankar som lÃ¥g ute pÃ¥ nettet.
Eg famlar meg litt fram med kor strengt reglar skal overhaldast. Eg har vore litt i tvil om eg kan våga å treffa mine spreke foreldre som begge er fødde det året krigen starta og som er unge til å vera foreldre til ein så vaksen person som meg. Eg vil jo ikkje vera medansvarleg for å spreia smitte, samtidig kjennest det merkeleg å ikkje kunna treffast. Eg hadde eigentleg bedt dei innom meg i dag, men gav kontrabeskjed sidan ein eg deler hus med hosta og naus i går kveld. Eg har lese at nysing er forkjølelsessymptom og ikkje eit Koronasymptom, og sidan han var frisk att i dag morges reknar eg ikkje med at me er innhenta i denne omgangen.
Eg høyrer og at ein del ikkje fÃ¥r treffa barnebarn i denne perioden. Her hadde det vore vanskeleg gjennomførbart. Mi vesle solstrÃ¥le har me alltid fÃ¥tt lÃ¥na mykje, og etter at ho budde her i lag med foreldra i eit halvt Ã¥r fordi dei pussa opp huset har ho bÃ¥de stellebord og ein eigen leikekrok her hos oss. Sprinkelsenga, gyngehesten, leikekassen og barnestolen fast plassert i heimen, Sidan barn sÃ¥ vidt eg veit ikkje blir alvorleg sjuke har eg ikkje hatt skruplar med Ã¥ ha henne pÃ¥ fanget heilt som vanleg. Det verste er vel at ho kanskje kunne smitta oss, men det har me teke sjansen pÃ¥. Det einaste nye er eit handvaskregime som gjer at eg er heilt tørr og sprukken pÃ¥ fingertuppane. Det lever eg greitt med. Me blir utfordra pÃ¥ dette Ã¥ setja grenser, i dag har eg bÃ¥de tenkt pÃ¥ Jonas Gardell si bok om Ã¥ tørka tÃ¥rer med hanskar og pÃ¥ Sigvart Dagsland sin tekst: «Kan me elska uden nagen hud?» Eg er ein klemmar av natur og klemmer vanlegvis bÃ¥dembarna mine kvar gong eg ser dei, gode venner, foreldra mine og elevane mine. NÃ¥ har eg forstÃ¥tt at eg mÃ¥ læra meg nye triks som albue mot albue og sko mot sko, men toÃ¥ringar mÃ¥ det vel vera lov til Ã¥ gi ein heilt ekte klem? Alt anna ville virka uforstÃ¥eleg for barnet, men ta gjerne til motmæle om du tenkjer at eg mÃ¥ skjerpa meg…
Kongen hadde tale der han kom med fine og oppmuntrande ord inn i ei vanskeleg tid. Han er flink til å vera der når mange treng at han er der, Einar Gerhardsen vart i si tid kalla landsfader. Eg synest kongen ofte opptrer med faderleg omsorg, humor og empatisk varme. I ei tid der mange er sjenerte for å nærma seg det religiøse, så synest eg det er ganske modig at han seier at folket er i bønnene hans og i tankane hans.
I kveld har eg sett filmen om Nicolai Astrup. For nokre fantastiske maleri han har laga med utgangspunkt i naturen i Jølster. Eg har lenge vore Astrup-fan. Nå er eg det endå meir.
Det er pÃ¥ tide Ã¥ avrunda dagen som allereie har segla forbi midnatt. I morgon er det arbeidsdag, ein veldig spesiell ein. Elevane skal i staden for Ã¥ sykla til skulen logga seg pÃ¥ ipadane sine og me skal vera der for dei ved vÃ¥re eigne kjøkkenbord og arbeidspultar. Det blir ein ny erfaring for oss alle. Det er heilt umogleg Ã¥ vita kor lang den perioden blir. Først tenkte eg to veker, men nÃ¥ høyrest det ut som om det er store sjansar til at det blir forlenga. At eg skulle bli fjernundervisningslærar hadde eg aldri trudd sjølv for mindre enn ei veke sidan. Heldigvis har eg flotte og dyktige kolleger som har den digitale komfortsonen sin uendeleg langt utforbi min sÃ¥danne, sÃ¥ dette skal nok gÃ¥ bra… Viss ikkje sÃ¥ fÃ¥r me bare finna ut av det.
Så får du som les dette halda fram med dugnadsjobben vår. Hald deg frisk og sunn, det håpar eg og på å gjera.
Heidi

La oss gjera det igjen
Det var den gongen det var sommar, den gongen for lenge sidan
då me framleis ikkje ante
kor livet skulle ta oss hen,
og var opne for det meste
fordi sola strauk oss så varmt over ryggtavla
medan me telte dagar og velsigningar
og framleis bada i håp.
Kom la oss gjera det igjen.
*
Inspirert av historiar og filmsnuttar av italienarar som stÃ¥r pÃ¥ balkongane sine og spelar pÃ¥ ulike instrument eller syng for Ã¥ dela livsglede og hÃ¥p med andre, sÃ¥ deler eg eit dikt frÃ¥ den siste diktsamlinga mi. Eg sÃ¥g at Sindre Eide i den same inspirasjonen stilde seg opp utanfor huset og spelte trompet. Det skulle eg og ha gjort om eg kunne spela trompet, klarinett eller saksofon, det gjer eg ikkje, sÃ¥ eit dikt fÃ¥r duga…
Eg høyrde og at italienske skulebarn laga plakatar med fine teikningar pÃ¥ og med teksten :»Dette skal gÃ¥ bra», sjølvsagt pÃ¥ italiensk om nokon skulle lura. Det er og eit tiltak heilt etter mitt hjarte.
Det er verkeleg rart kor fort ein heilt surrealistisk situasjon blir nesten normal. Sjølv om eg er ein person som har stor tru på optimisme og tillit til både gode krefter og gode menneske, så har eg samtidig fantasi nok til at ein del av meg er ein katastrofetenkjer. Eg har meir enn ofte nok sett for meg ulike scenario me kan koma ut for. Nå seier eg til meg sjølv at det faktisk ikkje er tredje verdenskrig som er i gang. Det har ikkje gått av ei atombombe, ingen atomkraftverk har gått i lufta, og me har framleis ikkje kome til eit punkt der naturen har klappa heilt saman og ikkje lenger kan gje oss mat og vatn. Denne utfordringa står me saman om å møta, og nå skal me gjera det me kan for at det skal gå så godt som mogleg.
Avtaleboka mi er full av avtalar det ikkje blir noko av. Det skal bli spennande å sjå kva eg skal gjera i staden. Eg ser at livet blir temmeleg ulikt for den som er aleinemor til fire barn og skal ha heimekontor, hjelpa skulebarn og ta seg av barnehagebarn, den som er aleine og jobbar i sektorar som blir lagt heilt ned nå, og dei som er gamle og sjuke og nesten ikkje kan våga å få besøk eller gå på besøk til dei dei er glade i. Eg håpar me blir flinke til å finna gode løysingar for å hjelpa kvarandre. Akkurat som å sjå italienarar som spelar trompet eller syng ariar frå balkongen, så varmar det hjartet mitt at eg ser folk skriva på facebook at dei kan handla for folk som er i karantene eller hjelpa til med andre praktiske gjeremål.
Eg høyrde nokon forklara ordet høgtid som høg tid, tid som er annleis enn anna tid som stikk opp over kvardagane og er dagar ein kjem til å hugsa alltid. Slike dagar skal ein stella fint med fordi ein alltid skal bera dei med seg. Det ville vera heilt feil å kalla desse dagane for høgtid, men kanskje dei er høg tid? Eg hugsar dei bilfrie sundagane på 70-talet som fine fordi dei var annleis enn andre sundagar. Folk kunne ikkje setja seg i bilen og måtte gjera ting annleis. At dei hadde opphav i ei krise tenkte ikkje me ungar så mykje over. Eg håpar desse dagane og vekene som sikkert veldig mange av dei som er barn nå kjem til å hugsa for resten av sitt liv kan vera så gode og trygge som mogleg.
Me ser kor sårbart livet er, og at mykje me trudde for bare ei veke sidan ser annleis ut nå. Det har gått opp for meg at det er godt mogleg interrail-billettane me hadde tenkt å bruka i juni blir liggjande ubrukte. Det kan godt vera at planane om pilgrimsvandringa frå Porto til Santiago de Compostella må leggas til sides til seinare bruk. Merkeleg nok kjennest det heilt greitt, det er ikkje det viktigste i livet kjenner eg på. Eg må innrømma at eg håpar eg får besøk av dei vaksne barna mine i påskeferien, men det viktigste er likevel at alle held seg friske.
I dag hadde eg føremiddagen i lag med barnebarnet som nÃ¥ forsiktig nærmar seg to og eit halvt Ã¥r. Ho haldt ein fascinerande forestilling i stova der ho brukte det Jon Roar Bjørkvold kallar spontan barnesong og dikta smÃ¥ songar til melodiar ho kan frÃ¥ før eller laga nye medan ho dreiv rolleleik med ein apekatt og ei dokke. Apekatten «datt» i golvet og ho sa strengt til dokka. «Nei, baby, Adam blir leie sæg nÃ¥r du dytte han!» Eg reknar med at den setningen kanskje var ein reproduksjon av ein beskjed frÃ¥ smÃ¥barnsavdelinga i barnehagen der det nok kan tenkjast at bÃ¥de ho og andre har dytta litt…
Eg gler meg over Ã¥ sjÃ¥ at sÃ¥ smÃ¥ barn faktisk blir trente til Ã¥ setja seg inn i andre sin situasjon og fÃ¥r hjelp til Ã¥ oppøva empati. Den eigenskapen treng me alle. NÃ¥ fÃ¥r me støtta kvarandre og ikkje dytta… Eg ser at i denne situasjonen er det mange som irriterer seg over andre som hamstrar dopapir, reiser pÃ¥ hytta eller lar barna sine leika med andre barn. Det er heilt forstÃ¥eleg at me reagerer ulikt pÃ¥ ting. Dette er jo ein situasjon ingen av oss er trente i Ã¥ vita korleis me skal takla, og me veit ikkje alltid kva som er dei rette svara. Eg pleier Ã¥ fortelja elevane mine at dei aldri mÃ¥ gløyma at me menneske er flokkdyr. Det er viktig at me veit det for det gjer oss bÃ¥de klokare og meir sÃ¥rbare. Det er viktig at me veit at av og til handlar me meir som ein av flokken enn som eit individ som sjølv mÃ¥ finna vegen. Kanskje er det bra for oss at me kan oppdra kvarandre litt. Som me veit: «It takes a village to raise a child».
Akkurat nå er det sannare enn vanleg at vegen blir til mens me går han. La oss støtta oss på alle gode krefter og vera romslege med kvarandre.
Heidi
Dagane er rare. I dag har me laga opplegg for fjernundervisning av elevane våre. Det blir ei ny erfaring for alle partar. Det blir eit interessant prosjekt.
Me har vore barnevakt for ei lita solstråle av eit menneske. Ho sette seg i vogna og eg og ho gjekk ut i verda. Ein nydeleg vårdag var det, sol og blå himmel, slike har me ikkje for mange av her. Det blåste kald vind, men vårblomane lyste i beda.
Helst ville vesle jenta funne «enn legeplass», men eg var usikker pÃ¥ om leikeplassar var forsvarlege akkurat nÃ¥. Ho kom med ein plan B:»GÃ¥ i skogen dÃ¥, mommor?» Det var eit betre forslag, men først hadde me nokre ærend nede i sentrum. Ein gut i skulealder stod ved eit vindauge og tok spensthopp. Han var kledd i treningstøy. Etter nokre sekund kom eg til Ã¥ tenkja pÃ¥ at det nok var ein fjernundervisningselev i ferd med dagens gymøkt. Eg vart nesten i litt godt humør av Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥… Det er nok ei merkeleg og surrealistisk oppleving for elevane Ã¥ plutseleg ha skule heime, kanskje heilt aleine i huset. Ein del av dei kjenner seg nok litt aleine. Eg hÃ¥par alle elevar som nÃ¥ er isolerte med skulen heime har eit kontaktnett med gode vaksne og gode venner dei kan kommunisera med i løpet av dagane.
Sjølv ville eg følt meg litt aleine, til og med som vaksen, om eg budde for meg sjølv akkurat nÃ¥ og var henvist til mitt eige selskap. Eg er av det slaget som er glad for at eg deler huset med mann og katt…
Nede i sentrum var det nesten litt spøkelsesaktig tomt i det fine vårveret. I garnbutikken spurde eg om det framleis var lov å leita etter garn i hyllene. Det var det. Fleire strikkande damer var det inne og kjøpte garn til store genserar. Den eine hadde nettopp lært seg kunsten og skulle for første gong prøva seg med to fargar. Sjølv kjøpte eg garn og seksten kvite knappar til to baby jakker og to bukser.
I daglegvarebutikken vaska folk hendene i antibac og handlevognhandtaka vart vaska mellom kundane. To bekymra damer diskuterte at det første dei skulle gjera når dei kom heim var å vaska hendene.
Mens veslegull var på sykkeltur med morfar fekk eg sett meg ned og jobba med fjernundervisningsopplegg. Fredag er jo frilansardagen min, men sidan det var litt alternative opplegg som skulle lagast måtte eg finna tid til det.
På ettermiddagen vart det kaffi på bordet og familie i sofaen. Nå ligg gullungen og søv. Ho startar nok dagen grytidleg i morgin, men det gjer ikkje noko for me skal jo ingenting.
Det er rart kor fort me venner oss til nye situasjonar. For ei veke sidan ville alle avlysningane av sosialt samver og kulturarrangement virka uttenkjelege, nå er det slik det er. Det å ha langt betre tid enn vanleg kan kanskje utfordra oss kreativt og menneskeleg. Det som er positivt er at både eg og andre plutseleg kjenner mykje sterkare enn vanleg kva som er det viktige i livet og kva som djupast sett er bagatellmessig.
Eg ynskjer alle kraft og mot nok til å bu i desse dagane med pågangsmot og eit ope sinn. Nå er me på dugnad.
Heidi
Som ein del av rulleringa av opplegg i sjuande klasse, har eg ei gruppe som har Edvard Munch-prosjekt pÃ¥ onsdagsmorgonar. Eg kunne ikkje hjelpa for at eg syntest bilete som «skrik» og «syk pike» passa betre inn i situasjonen enn nokon sinne… Eg vÃ¥gar Ã¥ by pÃ¥ eit potpourri av kunstverk i skapingsprosessen.
Det har vore ei rar veke, og eg har gÃ¥tt gjennom dei fasene ein psykolog pÃ¥ radioen skildra som normale: Først tenkja at nÃ¥ mÃ¥ me ikkje bli hysteriske, sÃ¥ føla behov for Ã¥ sperra seg inne ein stad utan smittefare, blanda med ein lettare hypokonderisk varheit for om ein kanskje sjølv kunne ha eit symptom eller to…
Nå var eg heilt klar for å applaudera stenging av skular og barnehagar og leggja til sides alt organisert liv. Det er heilt surrealistisk at dette skjer, og det følest rett. Etter ei veke der elevar går ut og inn av karantene og dagar der me har prøvd å praktisera handvask-rutinar som gjer at elevane har stått i kø i nesten eitt kvarter i begynnelsen av kvar time for å få vaska hendene etter oppskrifta, så har eg og fleire følt på ansvaret med å fjuska i smittevernsbransjen. Nå blir det nettundervisning.
Eg er heilt med på tanken at dette er ein stor nasjonal dugnad for å beskytta kvarandre så godt me kan, og eg håpar me kan klara dette på ein god måte. Eg håpar og at alle som er redde og føler seg aleine har nettverk som gjer at dei har nokon å lena seg i mot.
I kveld tenner eg lys for håp og kraft og mot. Det er litt rart å skulla ta vare på kvarandre på ein måte som inneber minimal grad av sosialt samver og lite klemmar og varme handtrykk. Me skal kanskje rett og slett vera takknemlege for sosiale media og for at me kan ta ikkje-smittande telefonsamtalar når me treng å snakka saman.
Kjære dugnadsdeltakarar: Dette skal me klara å koma gjennom. Eg håpar me saman klarer å finna ein kvilepuls som kan gjera oss sterke, og eg håpar me vaksne klarer å trygga alle skulebarn slik at unntakstilstanden blir til å bera.
Eg ynskjer alle som les dette fred over unntakstida.
Heidi

Våren er her på jærsk vis, med ruskever, krokus, klosterklokker og grøne skot på mørke greiner. Vinterferien var over sist helg, og på måndag var det lyst då eg sykla til jobb.
Livet er mangfaldig, og bloggen har ikkje heilt makta å halda fylgje med livet mitt, det som skjer og skjer. Då blir det alltid litt vanskeleg å skriva her fordi eg ikkje veit kva ende eg skal begynne i.
Sidan sist har Jahn Teigen og Alf Cranner teke steget ut av tida. Eg likte dei godt begge to. Landet vårt har fått Korona-feber saman med at Koronaviruset kom til landet. For første gongen har eg opplevd at menneske er sett i heimekarantene, at skular har blitt stengde og at Holmenkollrenn måtte gå utan publikum. Det er merkelige tider. Sjølv er eg vel ikkje eigentleg skremt, men eg synest det er bra at me prøver å begrensa eit virus som er farleg for gamle og sjuke mest mogleg. For ein gongs skuld har eg blitt ganske forkjøla, men sidan eg ikkje kan sjå at det er nokon som helst sjanse for å ha Koronasmitte, så har eg våga meg på både tog, teater og i ein seksti-års-dag, men det er bare så vidt eg torde å hosta, for ein vil jo ikkje skremma folk. Eg såg at nokon meinte at alle forkjøla burde halda seg inne. For oss som jobbar i skulen og vassar i forkjøla ungar til ei kvar tid, høyrest det litt utopisk ut å tru at samfunnslivet ville klara å halda seg oppe dersom alle forkjøla haldt seg inne. Men kanskje eg må begynna å tenkja i nye banar.
Noko veldig triveleg som skjedde i vinterferien var at eg vart grandtante til ein nydeleg liten gut, barn nummer to på mi side av slekta, så nå får barnebarnet antydning til konkurranse. Den dagen eg fekk vita at han var blitt fødd måtte eg feira det med å skriva ei lita voggevise.
Voggevise til ein nyfødd liten gut:
Du reiste til oss gjennom natta som var
mens vindane susa og song.
Eit morgonlysbarn kom til mor og til far,
dei stod der med alt som du trong.
Velsigne deg vesle, med lys og med liv,
må jorda ta vennleg i mot deg,
med blomar og gras og med draumar som sviv.
Me lengta så til å få sjå deg.
MÃ¥ jorda bli vennleg og bera deg trygt
mens vindane susar og syng.
MÃ¥ du bli beskytta mot alt som er stygt,
må solstråler kitla ditt fjes.
Velsigne deg vesle, må vegen bli god,
må jorda ta vennleg i mot deg,
må håpet bu hos deg og livsmotet gro,
må gledene pakka seg rundt deg.
Sjå vindar skal blåsa frå aust og frå vest,
skal storma og ula frå nord,
skal leika frå sør, laga sommar og fest,
når verda blir open og stor.
Velsigne deg, vesle, hos oss skal du bu,
må livet ta vennleg i mot deg,
og vogga deg mjukt gjennom frykt, håp og tru.
Me er her og lever det med deg.

Heidi
Så sit eg her i dag og med ein tekst som eg fekk lyst til å la prøva vengene sine her på bloggen. Alle innspel blir tekne til etterretning og ettertanke. Temaet er framleis håp. Eg ser for meg dette som ein av fleire byggjesteinar i noko som skal bli ei forestilling eller kanskje ein konsert etterkvart.
*
Me står her, Gud med livet vårt
i bøn for denne jorda.
Med trøytte tankar kjem me hit
og leitar etter orda.
Ver hos oss, Herre, gi oss håp
og tru på at det vender.
Nå legg me oss og jorda vår
til trøyst i dine hender.
*
Når dagar kjem og dagar går
og endringsviljen manglar,
når ingen lyspunkt er å sjå,
og framtidstrua hanglar,
då nynnar me for jorda vår
ein song om kraft og draumar,
ei bøn om vilje, lyst og håp
om mot i sterke straumar
*
SÃ¥ kjem ein dag i februar
då vinterlyset smiler,
og kjem med bod om sommar att
til oss som går og tviler.
Sjå snøklokker med halsen bar
i trassig tillit talar
om lys og varme, liv og tru,
om fest i grøne salar.
*
Og i september kjem ein kveld
der lyset gyller enger,
og alt er moge, mjukt og godt,
og gleda har fått venger.
Når jorda står med moge korn
og frukt i fulle hender,
og kviskrar trygt ein song om håp,
om håp som aldri ender.
Heidi
Av og til kjem tekstane til meg heilt utan motstand. Dei sånn omtrent bare dukkar opp setning for setning og blir til eit heile utan at eg veit heilt kor dei kjem i frå. Det merkelege er at dette er tekstar eg ofte blir godt fornøgd med etter den obligatoriske umiddelbare forvirringsfasen etter at ein tekst er skriven, der eg ikkje veit om det eg har laga er brukbart eller ikkje.
Det er ikkje alltid slik. I dag har eg jobba med ein tekst som eg har lagt vekk og funne fram mange gonger. Han har rett og slett ytt meg motstand. Eg veit sÃ¥nn omtrent kor eg vil hen, men rim og sprÃ¥k og rytme har ikkje villa seg heilt. Før ville eg ha lagt vekk slike tekstar, men ein gong var eg pÃ¥ eit seminar der me vart oppfordra til Ã¥ slipa og pussa millimeter for millimeter heilt til me hadde fÃ¥tt fram det me ville. Eg tenkte at det mÃ¥ eg jammen prøva pÃ¥ ein gong…
NÃ¥ tek eg til motet, for det finst smÃ¥ avgrensa omrÃ¥de i livet det eg er ganske modig, og legg ut arbeidet slik det er nÃ¥…
Kanskje nokon i det store usynlege rådet som sit der ute og les vil gje meg tilbakemelding? Kommuniserer dette? Kva bør eg sjå nærare på eller endra på? Eg har tankar om at denne salmen, om han blir ferdig skal vera ein del av eit større verk om håp og om ei meir berekraftig og rettferdig framtid:
*
Eg lener meg mot tillit,
eg legg kinnet mitt mot tida,
vil våga vera levande
vil synga, elska, strida,
vil stå her midt i livet
der eg høyrer, ser og kjenner,
eg trur at kjæleik varer,
at det gode aldri ender
*
Eg lener meg mot andre
me er mange som skal kjempa,
me trur på tru og liv og håp,
og ingen skal få dempa
vår tillit til Guds kjærleik
og vår tru at me skal finna
at lys og kraft skal sigra
og at kjærleiken skal vinna.
*
Me lener oss mot livet
det me veit at me skal leva,
i lyset frå Guds skaparkraft
her frå og inn i æva.
I livsmot, kraft og glede,
der skal du og eg få vandra.
Me trur at godleik varer,
og at håpet kan forandra.
*
Eg er glad for all tilbakemelding, og fÃ¥r eg ingen, sÃ¥ har vel denne runden pÃ¥ bloggen gitt tankane ein ny runde med «slipsteinsvalsen» (som gÃ¥r og gÃ¥r og gÃ¥r…)
Heidi

Det eg skal skriva om nÃ¥ er noko eg faktisk synest er veldig vanskeleg Ã¥ forhalda seg til. Er det noko eg ikkje kan fordra Ã¥ mÃ¥tta gjera sÃ¥ er det Ã¥ stÃ¥lsetja hjartet mitt. Av og til kjem ein i situasjonar der ein gÃ¥r vidare med følelsen av Ã¥ vera eit kaldt og uvennleg menneske eller ein lettlurd person heilt ute av stand til Ã¥ setja grenser, same korleis ein snur og vender seg… Og mine kjensler er pÃ¥ ingen mÃ¥te den største utfordringa i dette.
Eg gÃ¥r av bussen pÃ¥ bussterminalen i Oslo. Etter ikkje sÃ¥ alt for mange meter kjem eg til ein gut med eit pappkrus framfor seg. «Hjelp ein norsk narkoman gutt som trenger penger» stÃ¥r det pÃ¥ skiltet. Eg gÃ¥r forbi og tenkjer at eg nok ikkje hjelper han veldig ved Ã¥ gje han pengar til meir rus. Eg prøver likevel Ã¥ smila oppmuntrande til han.
Eg har ikkje kome langt oppover Karl Johan før ei dame i langt skjørt vil selgja meg «Folk er folk» for 100 kr. Eg vil heller kjøpa enn Ã¥ bare respondera pÃ¥ tigging, sÃ¥ eg finn fram lommeboka. DÃ¥ stÃ¥r det ein kollega av den første der og treng pengar til medisin. Eg prøver meg pÃ¥ eit smil og eit “Dessverre ikkje i dag. » Ho peikar pÃ¥ 50 lappen ho ser i lommeboka og seier at den vil vera til god hjelp. Ho fÃ¥r femtilappen. EtterpÃ¥ spring dei etter meg og fortel om sjuke barn og om behovet for ullteppe for dei som skal sova pÃ¥ gata. Eg seier sÃ¥ vennleg eg kan at nÃ¥ har dei fÃ¥tt det dei kan fÃ¥ av meg i dag.
To hundre meter lenger oppe står ei ung jente som fortel meg at ho er gravid, og veldig, veldig svolten. Eg tenkjer at det siste i det minste sikkert er sant, og tek henne med inn på eit bakeri og vil kjøpa eit par bollar til henne. Ho seier med veldig tynn stemme at ho er så veldig svolten og heller vil ha ein hamburgar. Me går inn på hamburgarsjappa og eg kjøper den billigste hamburgaren til henne. Då ho gjerne vil ha meir, seier eg litt irritert at nå har ho fått mat og at det ikkje er lurt å masa om meir når nokon gir henne noko. Utanfor sitte ein norsk gut med eit skilt om at han er veldig svolten og lenger nede står det ein som vil selgja =Oslo.
Eg veit nesten ikkje om eg vil leggja ut dette, for eg vil absolutt ikkje trigga eit ramaskrik om organisert tigging og bakmenn osv. Eg trur på dei, om ikkje på alle historiane deira, og eg trur ingen skal misunna dei som sit på eit iskaldt fortau med eit pappbeger framfor seg. Eg ynskjer av eit oppriktig hjarte å hjelpa dei som har det vanskeleg. Spørsmålet er bare, korleis møter me denne utfordringa på ein god måte utan å gå i den fella å lata som om dei er luft og usynlege?
Eg gÃ¥r før den unge jenta fÃ¥r hamburgaren sin. Eg legg handa lett pÃ¥ skuldera hennar og kviskrar «God bless you» før eg spring.
Heidi

Datoen såg så fin ut at eg måtte bruka han til overskrift. Eg kunne og ha skrive at dagen frå gammalt av er rekna som den første vårdagen, eg kunne og ha skrive at eg sit på litteraturhuset i Oslo med noko varmt i koppen og open skrivebok. Eg kunne ha nevnt at sola skin ute, og at det er nesten vårstemning i Oslo sentrum i dag.
I går hadde me ei veldig fin feiring for Torun som fylde runde år. Me var i eit tidlegare kornlager på Helgelandsmoen det dei hadde gjenoppbygd ein kafeteria frå 1920- talet som den gongen låg i Hønefoss. Det var nesten som å koma inn på ein gammal kafeteria i Paris eller noko slikt. Me var 18 damer som koste oss der frå klokka fire om ettermiddagen til langt utover kvelden. Jubilanten fekk gode ord, songar, dikt og klemmar. Neste helg er det me som skal arrangera stor dag. Det er blitt tida for slikt.

Noko av det største for meg var å få helsa på denne vesle hjarteknusaren, Torun sitt tre månadar gamle barnebarn, William. Eg er framleis umetteleg på det å få eit spebarn i armane mine.
Elles kan eg melda at livet rundt meg skjer og skjer. Januar har vore ein månad full av små og store, viktige og uviktige hendingar, og lite har eg fått dokumentert i dette forumet. Ein del kjem kanskje sånn etterkvart. Av og til blir det slik at uskrivne innlegg samlar seg på harddisken der inne ein plass, og så veit eg mest ikkje kva ende eg skal begynna på når eg set meg ned for å skriva.
Ha ein fin februardag alle saman 😊
Heidi




