Humlum var det visst
Det heiter der me bur, og av alle ting så bur me på Vossevangen. Det er så pass heimsleg for ein nordmann at det skal eg klara å hugsa. Med min ytterst manglande stedssans, så er eg stolt over å kunna fortelja at eg har vore på befaring på Humlum heilt aleine for å sjå meg om og kjøpa brød, og eg fann vegen tilbake heilt aleine.
Me har vore på befaring i området og mellom anna sett oss om i Struer det butikkane i sentrum var stengde for dagen, men nede i havna yrde det av folk og liv. Me har drukke kaffi og ete is på ein fortausrestaurant, funne oss ei strand der me kan bada i morgon og handla inn masse god dansk mat som me snart skal tilbereda til eit betre måltid.
Veret er fantastisk, godt og varmt med blå himmel. Desverre seier ryktene at det skal takast frå oss. På mandag skal gradestokken falla ca ti grader. Alt som skal bli borte er ekstra verdifullt, så nå burde me nesten sitja pal i sommaridyll så lenge det kan vara.
Heidi