Gå til innhald

Viborg

juli 6, 2019

IMG_20190705_215541_906

  • I går var me i Viborg, ein nydeleg gammal by der eg ikkje kan hugsa å ha vore før. Sola var og i lag med oss, og det gjorde veldig godt etter nokre kalde dagar med grå himmel.

Me var på uterestaurant og eg åt kvite asparges med «handpillede rejer». Det var kjempegodt. Vesle Iben fekk smaka litt frå alle sine tallerkenar. Reker, kokt torsk, kylling, pommed frited, blåskjell og nachos. Ho er relativt tålmodig ved bordet, men sit ein ute med gateutsikt, så er det mykje som freistar. «Iben ne, gå hagen, mommor!»

Hagen er ordet for det fine som er utanfor huset, og for eit men neske som bare har levd ein sommar før dette så er det masse å oppdaga i ein kjekk gatehage. Ein kan klatra opp små trapper og hoppa eit og eit trinn ned, ein kan»sitta der» på alle benker, helsa på hundar og babyar, lukta på «fineblommar», kommentera skulpturar og utstillingsdokker og seia «Hei Iben og mommor» og «Ha det Iben og mommor» til alle avspeglingane i alle vindauga. Det er nesten så ein sjølv oppdagar «hagen» litt på ny.

Viborg domkirke var majestetisk og vakker. I tillegg til dei gamle uysmykningane var det tre eller fire store veggteppe sett saman av små kvadratiske broderte bilete med utgangspunkt i ein setning frå sslmeboka. Eg fann ikkje ut kven det var som hadde brodert. Kvinner frå Visby? Elevar ved ein husflidskule?
Det er lett å spekulera. I teorien kan det jo like gjerne vera fire broderiglade pensjonistmenn som har sitte i månadsvis med nåler tråd og broderisakser. Uttrykka gjorde inntrykk på meg.

IMG_20190705_202919_113

Det var og ein fin leikekrok der for barn med eit himmelblått leiketepoe og korger med puter, teppe, bamsar, dokker, puslespel og bøker. Slikt kan me lika. Organisten begynte å spela og vemodsvakre orgeltonar la seg mellom dei gamle steinveggene. Iben var nesten ikkje til å få med seg ut att etter at ho hadde oppdaga dei gilde leikene.

Etterpå var me i miniatyrhagane i «Den latinske have“. I dansk ånd hadde den eine hagen kun vekster» der kunne benyttes under tilvirkning af snaps“. Iben fekk lukta på mange blomar, studera humler og klappa ein katt. I tillegg vart ho grundig fotografert. Det er bare ein gong i livet ein er så søt som sommaren før ein fyller to.

Etterpå vart det kaffi og belgisk vaffel med «borbær å is», og byturen var fullkomen.

IMG_20190705_202420_575

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: