Gå til innhald

OAP

juni 30, 2019

Sundagen kom med sol og ein deilig lånt hage. Eg forstod fort at dette var ein sjeldan sjanse til ein lat dag på ei lånt solseng på eit skjerma område av verda. Reisefylgjet mitt har vore ute og sykla. Eg har ikkje med meg sykkel, og slik sykling som inneber klikkpedalar og sykkelbukse har ikkje blitt mi greie endå. I staden såg eg verkeleg fram til timar aleine i hagen med notisbok, penn og lånte danske vekeblad funne i bladkorga i stova. Dette er eit ordens hus. Det er veldig fint her, systemet i alle skuffer og skap er så gjennomført at eg blir heilt nervøs for om me klarer å rydda det på plass i same standarden. Det er godt me har mobil slik at eg kan foreviga korleis plastboksar og litermål skal plasserast i plastboks-og-litermål-skuffa. Eg har utan tvil stort læringspotensiale på området…

Sidan eg ikkje alltid har så mykje tid til å reflektera over trendforskning, så tenkte eg at eg kunne opplysa mine lesarar som kanskje er like blanke som meg om den siste, og for meg til nå ukjende livsstilstrenden: AOP. Kjelda er eit dansk vekeblad. Det er forresten stil over vekeblada i bladkorga og, magasin med mange interessante artiklar og ikkje så mykje overflatisk kjendisstoff og tips til korleis ein skal koma i mål med strandkroppen sin til i sommar.

Nå skal eg ikkje drøya lenger med å informera om trenden som i fylgje bladet er i ferd med å overta etter hipstergenerasjonen, AOP står overraskande nok for Old Age Pensionnaire. Den noko overraskande tittelen kjem av at det beteiknar unge menneske som gjerne vil leva livet slik besteforeldre- og oldeforeldregenerasjonen gjorde det på 50-talet.

IMG_20190630_162259_192

Trenden går ut på å ha eit stille og roleg familieliv med fokus på barna sin oppvekst, tradisjonell matlaging, gode relasjonar i nabolaget og gjerne at ein av foreldra jobbar redusert for ikkje å stressa familielivet opp til eit rotterace.

rrem

rrem

rrem

rrem

rrem

rrem

AOP-arar går tur og jobbar i hagen i staden for å gå på helsestudio. Dei kjøpar kjøt frå den lokale slaktaren og kokar frikase og lagar frikadeller slik bestemor gjorde det. Dei avskyr trendar som raw-food og lavkarbo og sverger til kortreist mat og grønsakar frå naboen eller frå eigen hage, og dei har gjerne høns i hagen som legg egg til familien sitt bruk. Dei reiser på biltur med telt eller campingvogn og syklar på tur i skogen i staden for å ta timar i yoga, og dei baker gammaldagse kaker og inviterer naboen over på kaffi kokt på kaffikjele, heimebakst og hagefest i staden for å gå på nattklubb…

Så intet er nytt under sola. Eg kjem til å tenkja på at eg faktisk kjenner ein del menneske som plutseleg står i fare for å bli trendy utan å ana at dei er det. Det er som med gamle kjolar som plutseleg blir supermoderne etter førti år i klesskapet. Når denne trenden kjem til Bryne, kan du godt nemna at dette har eg høyrt om for lenge sidan etter å ha lese om det på bloggen til trendforskar Harboe… Nemnde eg forresten at gode AOP-arar er skeptiske til sosiale media. Dei tek heller ein prat over den nyklipte hekken enn å «laika» på facebook og instagram.

Eg skriv ikkje om dette temaet for å ironisera over noko som helst. Eg synest tvert i mot at det er interessant. Kanskje det er på tide at farmor sine veldig gode heimelaga fiskekaker i brun saus med heimeavla kokte gulrøter til kjem til heider og verdigheit. Eg har allereie registrert at det er trendy å gje vekk heimelaga syltetøy og heimebakt brød. Eg har til og med gjort det sjølv ved passande høve. Det er kanskje ikkje merkeleg at denne trenden blir henta fram i Danmark for her har jo dette med «hygge» hatt mykje høgare status enn i Norge. Ein av dei intervjua AOP-arane framhever at roen og hyggen ved å baka ei god sjokoladekake og gleden ved å nyta smaken av henne saman med gode venner gjer baking positivt og nesten sunt… Jo då, det kunne vera litt av kvart her som appellerte til nokon kvar av oss…

IMG_20190629_125829_085

Og som ein ekte AOP-ar har eg tileigna meg denne nye lærdomen i ein hage full av peonar, roser, sommarfuglar, humler, rabarbra og markjordbær. I pallekassane veks det salat og poteter akkurat som i hagen vår på Bryne bare for å ha nevnt det… Dette var dagens tekst frå ein som nesten er frista til å bli AOP-ar. Kva skal eg lesa meg opp på nå, mon tru. Livet er ikke det værste man har…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: