Fullt hus og feiring dagen lang
Trass i stygt ver og kansellerte hurtigbåtar så kom alle seg vel fram etterkvart, og godt var det, for me hadde gleda oss til å vera samla og feira Ingrid sin trettiårsdag. Dagen vart feira med danske flagg og familiefrokost, og med middag i byen i passe tid til at dei som er eit og eit halvt år kan få lagt seg før det blir alt for seint. Dansk jordbærkake blei det også etterkvart.
Det er koseleg å starta dagen med ei lita jente som kjem inn på soveromet med bøkene sine «Bokke Bruse, mommor!» Med til eventyret høyrer både sang og forteljing og handbevegelsar som visar korleis trollet flyr gjennom lufta. Det er for tida veldig kjekt å lesa bøker, synga songar og «gygga» med duploklossar og «kaga jordbær» er veldig populært.
y dag vart det ny bytur til Holstebro, ein by eg har blitt veldig sjarmert av. Byen blir marknadsført som kulturby, og er Holstebro kommune er visst nok ein veldig populær kommune å slå seg til i. Det er eit nytt rådhus der som er veldig flott der det er eit fint bibliotek med eige barnebibliotek der det er leikerom, fin lesesal med små og store bord og høge barnestolar og masse ulike spel til heimlån. Det er foreslått ei rute der ein kan sjå på mange skulpturar og annan kunst, men den har eg ikkje rukke å utforska. Det er og eit grønt prosjekt i byen med forskjellige miljøtiltak som eg bare har sett plakatar om i gatene. Det er ikkje så mange turistar her som i for eksempel Ebeltoft der me var sist, det kan virka som om byen er meir innretta for lokalbefolkninga.
Då eg var sånn ca frå tolv til femten år gammal, var me i Danmark kvar sommar på campingferie. Me budde i telt, og sånn eg hugsar det så bada me kvar dag og solte oss på strendene. Nå har me vel leigd sommarhus i Danmark sånn ca seks gonger saman med familien, og me har aldri klart å treffa det godveret eg meiner å hugsa frå syttitalet. Det har vore skandinavisk sommar med mykje vind og og ein del regn. For to år sidan var me i Danmark i tre veker og hadde det heilt fantastisk, men varmt sommarver var det ikkje då heller. Med unntak av sommaren i fjor så er det vel kanskje slik at nordisk sommar er mykje lys og ikkje fullt så mykje varme. Det kan vera gode greier det og… Eg har lese ferdig Trille- biografien, og koser meg veldig nå med den om Benny Andersen. Tekstane til Benny Andersen er noko av det mest inspirerande eg veit å lesa.
Heidi