Trille og Benny

rrem
I går var me på ettermiddagstur til Holstebro, en by som ligg nokså nær oss her på Midtjylland. Mitt forhold til Holstebro har til nå vore gjennom ei linje i eit dikt av Tove Ditlevsen:
Det er en lille pige hvis hjerte ligner mit.
Hun bor måske i Holstebro, måske i København,
hun lever andres drømme og har ofte mareridt.
Hun skælver lidt når skingre stemmer
råber hennes navn.
Lenger ute i diktet står det:
Den lille piges verden er beskyttet, god og tryg,
Dens farlighed er skjult og fylt med brøde.
Hun elsker dragen som spyr ild fra heksens hule ryg,
og pigen med de røde sko der danser sig til døde.
Hun elsker gamle salmer og den spinkle poesi,
der klinger sprødt i rummet fra den fint opphængte måne,
Hun elsker sagn om kærlighed der evig er forbi,
og alle hennes dukke må de andre gerne låne.
…
Då eg las dette diktet som tenåring, tenkte eg at det ikkje var heilt fritt for at Tove Ditlevsen sin lille pige liknet litt på meg som «lille pige».
Diktet slutter slik:
Jeg har så mange børn, men ingen af dem ligner hende,
hun er en strofe i mit sind, men er dog til et sted.
Vi mødes her i denne bog, vi ses ved verdens ende,
og drømmere og dårer skal vi dele dagen med.
Tove Ditlevsen
Dette var ei lang innleiing til byen Holstebro som eg altså var i i går. Det var ein fin by som eg gjerne vil tilbake til før med reiser heim. Noko av det kjekkaste eg veit når eg er ute og reiser er å finne meg ein bokhandel. Det gjorde me i går og. Heldigvis er reisefylgjet mitt sånn omtrent like glade i bøker som meg, om enn ikkje fullt så tålmodige, så det vart tid til å drøyma seg vekk mellom bøkene. Eg fann to eg ikkje kunne gå i frå. Den eine var ein sjølvbiografi skriven av Trille Nilsen, den danske visesongaren som eg var så glad i på åttitalet. Ho song fantastiske viser, og forsvann plutseleg utan at eg heilt har forstått kva som skjedde. I boka fortel ho at ho fekk ein tung depresjon midt i førtiåra, og etterpå var det som om trongen til å skriva og synga viser var borte. Det var ikkje nødvendig å skriva lenger, så då lot ho det vera. Både ho og Tove Ditlefsen har vore til stor inspirasjon for mi eiga skriving. I boka stod mange av tekstane hennar. Denne, skriven til dotter si, gjorde den gongen stort inntrykk på meg:

rrem
Eg hugsar at eg tenkte at det måtte vera så fint å få eit barn, ei dotter kanskje, og eg lurte på om det kom til å skje meg. Eg visste at barn ville eg veldig gjerne ha, og så heldig skulle eg vera at eg fekk fire. Om ein halvtime sikkert kjem den nyaste vesle sola mi hit, for då kjem Iben og foreldra hennar for å vera her i lag med oss, og det gleder eg meg villt og uhemma til. Tidlegare i dag har me henta Sunniva på stasjonen. Ho kom med båt og tog, så nå blir me herleg mange her.
Før eg sluttar og dekkjer bord til gjestene som skal koma, må eg og nemna Benny Andersen. Den andre boka eg kjøpte var den nyaste Benny Andersen biografien. Han er og ein av dei lyrikarane eg beundrar og som eg gjerne vil likna litt på i måten eg skriv på. Tidlegare i dag høyrde eg Janne Stigen Drangsholt på «Sommer i P2». Ho sa at ei av dei store sommargledene hennar var å lesa bøker. Tipset hennar var det same som den japanske ryddeguruen eg ikkje hugsar namnet på gir i forhold til rydding: «Hald boka i handa og kjenn om du kjenner glede og ei intens lyst til å lesa ho. Då er det den boka du skal lesa i sommar. Dra for alt i verda ikkje med deg bøker du synest du burde lesa av plikt. Sommaren er for kort til slike pliktløp». Det var det rådet eg fulgte i bokhandelen i går. Eg har lese i Trille- boka i kvart ledig sekund, og gleder meg til det blir meg og Benny etterpå.
Heidi