Sommarlivet
Eg elskar sommarlivet. Det er heilt annleis enn livet mitt resten av året, som eg forøvrig og er veldig glad i. Dette å ha rekkjer av dagar som ikkje er timeplanlagde er ei sann lise for sjela for slike som meg som elles opererer med fullmøblerte dagar veke etter veke.

Den siste halve veka i Danmark fekk eg problem med å leggja ut blogginnlegg både på grunn av ustabilt nett i huset me leigde, og fordi eg gjennom WordPress, som er det domenet eg legg ut blogginnlegga på, anbefalte meg sterkt å gå over til eit nytt og forbetra system. Etter å ha klikka forbi spørsmålet om eg ville gå over til den nye varianten i lengre tid, gav eg etter og klikka på «ja». Det angra eg straks bittert på for eg fann ikkje ut av dette nye som skulle vera både enklare og betre… Med god grunn plar eg venta til i absolutt siste runde med å gå over til noko nytt. System som blir beteikna som «enkle og intuitive» kan virka uoverstigeleg kompliserte når eg skal i gang med dei… Men skam få den som gir seg. Nå skal eg sjå om det ikkje går betre når eg jobbar frå den stasjonære heimemaskinen….

Så langt ser det rett og slett overkomeleg ut. Eg trur eg legg ut dette for å sjå om det funkar, så kan eg heller skriva nye innlegg når eg ser om eg har kontrollen…
Heidi