Gå til innhald
Bilde

Voggevise

Denne veka fyller veslejenta to år. I går feira eg det med å skriva ei voggevise. På spørsmålet frå meg sjølv om voggeviser er for nyfødde og ikkje for to-åringer, så svarar eg at to-åringer og treng songar å sovna til og vakna til. Eg har den ærlege overbevisning at barn skal få lov til å vera små lenge samtidig som dei utviklar seg i ein fart som får oss vaksne til å nesten bli fartsredde. Dei skal ut i ein stor og utfordrande vrden og treng alt dei kan bera med seg av kjærleik, mot, håp og tillit. Barn som blir borne medan dei er små får meir kraft til å bera med når dei blir store.

Det var desse tankane eg gjerne ville formidla i teksten under. Som eg nesten alltid skriv når eg legg ut nye tekstar, så kan det henda at eg kjem til å forandra på noko. Eg veit ikkje om eg er heilt fornøgd med alle formuleringene, men nå får teksten liggja litt til mogning. Grunnen til at eg vågar å leggja han ut er at eg av erfaring veit at det kan koma kloke tankar og innspel i denne kanalen. Ha ein god oktoberdag, alle saman.

Voggevise

Bysse, bysse liten venn,
bysse lita jente,
du er viktig, du er her,
resten kan få vente.
Her i varme, håp og tru,
skal du kvile, vesle du,
bysse, bysse håp og barn,
stjernene er tente.

Bysse, bysse, barnet mitt,
det finst mange farar.
Mange spørsmål ventar deg,
mange stemmar svarar,
men i varme, håp og tru,
skal du vekse, vesle du,
vekse og bli sterk og trygg
slik at motet varar.

Bysse, bysse, tid skal gå,
livsveven skal veve
du skal danse, gråte, le,
elske, synge, streve.
Ta med varme, håp og tru,
ut i livet, vesle du,
tillit nok til vegen din,
livet skal du leve.

Heidi



To be or not to be?

Det er september, og haustregnet har sett eit preludium for ein dag som skal lysna og vakna til etterkvart. Ein dag med litt ekstra tenkjeplass, slik fredagane ofte er for meg, gav rom til nokre tankar eg rett og slett føler for å dela.

Den siste veka har debatten gått på internett og i sosiale medier om Greta Thunberg og kampen ho fører for klimaet. Eg skal ikkje gjenta det som har blitt sagt, for det reknar eg med at lesarane har fått med seg, eg vil bare seia at jenta har min fulle sympati, støtte og medkjensle. Det er ikkje lett å vera den som kjenner seg kalla til å gå ut i ein kamp med mange og sterke interesser som djupast sett angår oss alle på ein ubehageleg måte.

Dei fleste forskarane er einige med Greta Thunberg i hovudargumenta ho legg fram. Me står i ein overhengjande fare for å øydeleggja livsgrunnlaget vårt på jorda, og klimaendringar som kan bli dyre både økonomisk og menneskeleg er her allereie.

Eg veit at det er forskarar som seier det motsette og som meiner at dette dreier seg om naturlege ikkje-menneskeskapte temperaturendringar. Velsigne dei om dei har rett. Ingenting ville ha gleda meg meir. Eg har ingen som helst behov for å ha rett i det eg fryktar og trur når det gjeld denne saka.

I hovudet mitt har det dukka opp nokre bilete: Me står ein mengde menneske på ein flyplass og ventar på eit fly. Ein som har greie på flymekanikk stiller seg ved innsjekkinga og seier: «Det er stor grunn til å tru at dette flyet kjem til å styrta, me anbefaler alle å venta til neste avgang.» Dei fleste av oss, med meg i spissen ville straks ha opplevd det heilt utenkjeleg å gå ombord på dette flyet frå det sekundet av. Sjølv om det skulle stå ein annan flyingeniør i døra og seia «Eg er ueinig, dette går sannsynlegvis bra, trur me, så bare gjer klar for bording…», så hadde ikkje ti ville hestar fått meg inn i fartøyet.

Eit anna bilete: Om nokon sa at barnet mitt sannsynlegvis ville utvikla ein alvorleg sjukdom om det fekk lov til å eta frukt, så ville ikkje frukt stå på menyen sjølv om nokon sa at dei ikkje kunne vita 100% sikkert at det var slik.

For meg er det nokså innlysande at me må gjera noko fordi det ikkje lar seg bevisa at klimafryktskeptikarane har rett. Konsekvensane er alt for store om dei tek feil. Framleis kan dette gå bra om me har vilje og mot til å snu. Når eg ser kor mange menneske som demonstrerer i gatene og ser alt som har skjedd på kort tid, så tenkjer eg at håpet er levande. Håpet har eit ansikt. Mennesket er endringsdyktig når det må.

Eg veit at dommedagsprofetiar ikkje er noko nytt under sola. Det ville vera rart om dei var det. Så sårbare og små me menneske er her me virrar rundt på ein trua klode i eit univers me ikkje anar omfanget av, så måtte me vera særdeles fantasilause om me ikkje var redde av og til. Sjølv vaks eg opp under den kalde krigen og hugsar framleis at eg stod under ei gatelykt i Solåsvegen i lag med Else, Einar og Morten og diskuterte om me kom til å få oppleva å bli vaksne. Det fekk me heldigvis.

Historier gjentek seg. Ein mann ved namn Jona, som er betre kjend for å ha vore i magen på ein stor fisk, prøvde å vri seg unna oppdraget å dra til byen Ninive for å framføra ein domsprofeti. Om ikkje folket tok tak og snudde heilt om, ville byen bli øydelagd. Jona var sint på Gud då byen viste seg å bli berga frå undergangen. Nå kunne ingen bevisa at domsprofetiane hans hadde vore nødvendige.

Så langt har det ikkje blitt lagd på skuldrene mine å reisa til Ninive, men store fiskar døyr med magen full av plast, og historia om Jona verkar meir aktuell enn eg nokon gong før har trudd at ho var.

Dersom Greta Thunberg har rett i det ho seier, så er det ikkje første gongen sanninga kjem frå barnemunnar. Det er brukt mot henne at ho har Aspergers syndrom, men i dette tilfellet kan det kanskje tenkjast å vera ei styrke som ho sjølv seier det, å ikkje vera alt for opphengd i mellommenneskelege sosiale spel om aksept.

Om barna våre er redde, så er det kanskje ikkje utan grunn. Då kan me koma med dei positive forteljingane om håp, samhald og endring. Mennesket lever ikkje aleine av brød, raudt kjøt, lange flyreiser og luksuriøse vaner. Det er bare så vanskeleg å vita kor me skal starta, for det er så mykje me kan koma til å måtta endra på. Ingen av oss har reine hender, og ingen av oss har alle svara. Likevel har eg eit håp om at det kjem til å skje, eg trur mennesket har sterk overlevelsesevne og sterk endringskapasitet når me bare kjem så langt at me ikkje ser andre utvegar.

Det er spennande å leva og spennande å håpa. Me er omgitt av så mykje godt og fint og saman er me sterke. Det må me velja å tru.

Heidi (58 år, og på grensa til å bli klima-aktivist).

September

Blada gulnar, raunbæra raudnar, lufta er blitt kaldare og klarare med eit skarpt drag av haust. Dei lovar varmare ver i helga, men det er vel på tide å innsjå at sommaren er i ferd med å forlata oss heilt, og at det kanskje er på tide å byte ut sommarkleda i skapet med varmare klede.

Skuleåret har vart lenge alt, om ei veke reiser me på leirskule med sjuande klasse og veka etter er det haustferie. Denne fredagen har eg stort sett sett av til skriving. Dersom eg brukar mykje tid på skrivinga i haustferien så kan det tenkjast at eg likevel kjenner eg har ei diktsamling eg kan stå inne for som kan utgist til jul. Me får sjå. Eg les bøker, strikker barnejakker, let meg fengsla av serien «Herrens veier på fjernsynet». Eg les Martin Lönnebo om morgonane til kaffen og havregrauten og let meg inspirert. Eg har lyst til å leggja ut eit par sitat frå boka «veven» som eg synest det er fint å ta med seg vidare til meir ettertanke.

Desse sitata handlar alle på ein eller annan måte om å finna ut kven ein sjølv er, eller som Lönnebo så poetisk omtalar det: «Å finne sitt hemmelege namn.»

Lykkelig er den viss hode samarbeider med hjertet». (William Shakespeare)
Der du ser et lite menneske som bøyes ned av tynge byrder, der ser du Kristus. (Hjalmar Ekström)
Om du står i samme høyde som dem som ikke teller, kommer du til å ane hva det er som teller.(Anonym)

Det neste sitatet eg vil ta me, undrar meg. Det kan kanskje virka provoserande, men for meg vekkjer det undring:

Dersom man elsker Gud, selv om man ikke tror at han finnes, da vil man komme til å vite at han finnes. ( Simone Weil)

Det siste er det mindre komplisert å slutta seg til:
Menneskene burde ikke tenke så mye på kva de skal gjøre, de burde heller tenke etter hva de skal være. (Ekhart)

Med ein hang til det litt melankolske, så er eg glad i haustdikt og haustviser.
Nesten kvart einaste år har eg lagt ut Einar Skjæråsen sitt fantastiske septemberdikt, så for å ikkje gjenta meg alt for mykje, så legg eg ut Tove Jansson si haustvise i dag. Mummitrollet si litterære mor kan skriva vakkert om vårt eige univers og:

Höstvisa

Text: Tove Jansson
Musik: Erna Tauro

Vägen hem var mycket lång och ingen har jag mött,
nu blir kvällarna kyliga och sena.
Kom trösta mej en smula, för nu är jag ganska trött,
och med ens så förfärligt allena.
Jag märkte aldrig förut, att mörkret är så stort,
går och tänker på allt det där man borde.
Det är så mycket saker jag skulle sagt och gjort,
och det är så väldigt lite jag gjorde. 

Skynda dej älskade, skynda att älska,
dagarna mörknar minut för minut.
Tänd våra ljus, det är nära till natten,
snart är den blommande sommaren slut. 

Jag letar efter nånting som vi kanske glömde bort
och som du kunde hjälpa mej att finna.
En sommar går förbi, den är alltid lika kort,
den är drömmen om det man kunnat vinna.
Du kommer kanske nångång, förr’n skymningen blir blå
innan ängarna är torra och tomma.
Kanske hittar vi varann, kanske hittar vi då på
något sätt att få allting att blomma. 

Skynda dej älskade, skynda att älska… 

Nu blåser storm därute och stänger sommarns dörr,
det är för sent för att undra och leta.
Jag älskar kanske mindre än vad jag gjorde förr
men mer än du nånsin får veta.
Nu ser vi alla fyrar kring höstens långa kust
och hör vågorna villsamma vandra.
En enda sak är viktig och det är hjärtats lust
och att få vara samman med varandra. 

Skynda dej älskade, skynda att älska…

Heidi

…som følger sin innerste lengsel

Eit av mine store førebilete i livet heiter Martin Lönnebo og er pensjonert svensk biskop og forfattar av fantastiske bøker. Her i heimen er me nettopp ferdige med å lesa ei bok av han som har ørkenvandring som tema. Nå går me over til ei av dei bøkene som har gitt meg aller mest hjelp til å orientera meg i verda og livet mitt, boka «Veven» med undertittelen «ei treningsbok for sjelen». Eg har lese boka mange gonger, men det er nokre år sidan sist, og nå kjenner eg at det er på tide.

I føreordet skriv han «Livet har to retningar, den ene er rettet utover mot den materielle verden, den andre innover mot den åndelige… Ve oss og alt levende dersom materien taper sin åndelige dimensjon, overflaten mister dybden og kraften sin verdi. Den indre tomheten er vår største trussel for fremtiden.» Videre skriv han: «Jeg frykter tomheten for de mange og innestengtheten for de få». I det legg han at han ser ein fare for at dei mange mistar interessa for og grepet på dei åndelege sidene ved livet, og at dei få kan utvikla ekstreme trusgrupperingar som er lite opne for verda og livet.

For meg er dette tekst til ettertanke. Eg vil til slutt dela det diktet han begynner føreordet sitt med. Det er vakkert og spelar på saligheitsprisningane i Jesus si Bergpreike som mange av oss kjenner til.

***

Til himmelrommet, hjertet, sandkornet og de som ikke regnes med:

Salige er de vevere som søker åndens skjønnhet,
de skal bli lette som sommerfugler.

Salige er de vevere som følger sin innerste lengsel,
de vever sine egne vinger.

Salige er de vevere som følger sin ytterste lengsel,
de vever vinger for mange.

Salige er nådens mennesker,
de lyser i mørket.

Salige er det udelte hjertets helgener,
de skal se Gud
.

Martin Lönnebo

Eg vil la orda hans stå som de er, sjølv om eg tenkjer dei kanskje kan virka uvane eller gammelmodige for nokre av dei som les. For meg gir dei meining.

Heidi

Helsing frå Oslo S

Ventar på toget som ser ut til å gå på oppsett spor til oppsett tid. Slikt er ingen sjølvfølge, så det er eg takknemleg for. Sola skin og folk er glade. Dei som ventar ute ved sporet i lag med meg drikk kaffi, les i boka si eller samtalar på språk eg ikkje forstår. Kofferten er tyngre enn då eg kom takka vera Eva Mari sine gavmilde gener og eit loppemarked med mange fine bøker. Helga har vore god og haustveret på denne sida av landet har vore sympatisk.

På sida av meg snakkar dei sørlandsk og lenger bak stavangersk, det burde vera ein grei indikasjon på at du Huskestuen har kome seg på rett spor.

I dag har me vore og sett på utstillinga til mi svigerkusine Ingrid Østenstad. Eg har ikkje spurt om lov til å leggja ut foto av bileta hennar rett og slett fordi og gløymte det. Eg fjernar det straks viss eg ikkje får lov. Eg liker bileta hennar kjempegodt. Ho baud på kaffi, sjokoladekake og nydelege haustplommer.

Gleder meg over å ha treft Halvard og fått mykje tid med Sunniva og Eva Mari. Veit at nettdekninga på toget er elendig, så det er fornuftigast å prøva å få lagt ut det eg har skrive.

Fred og solskin

Fortset med litt spontanoppdatering. Me er på Drammen stasjon der dei opplyser om at det er eit toghavari lenger framme på linja og at me blir ståande her inntil vidare. Får bare håpa at toghavari ikkje betyr ei alvorleg ulykke, men eit eller anna som det går raskt å ordna opp i… Høyrer at billettøren sannsynlegvis får opplysningar på telefonen nå. NSB og Vy passar godt for folk som lever etter Askeladdmetoden:Dette blir sikkert spennande, for dette var heilt uventa…

Me står framleis på Drammen stasjon. Nå blir det opplyst om at det og er straumstans pga tre som har falt over linja… Dei prøver å få alternativ transport, men han på høgtalaren antyda at det heller ikkje blir problemfritt… Så får me sjå…

Det er ikkje så ofte eg er live-reportar frå det skjer /ikkje skjer. Nå har me vore i Drammen i snart halvannan time trur eg. Dei har prøvd å skaffa bussar utan å lukkast, og akkurat nå koplar dei på eit ekstra tog som skal sørover. Dei er viss i ferd med å få skikk på toglinja, så nå vil dei prøva å få eit dobbelt tog trygt gjennom uveret det fleire tre skal ha falt over linja. Dette er framleis spennande. Folk tek det heile med fatning, sjølv om eg høyrde ei seia at dette var siste gong ho satsa på å reisa strekninga med tog. Veldig synd at det blir slik. Eg har strikketøy, mobil, ipad, niste og fire bøker, så me får bruka tida godt…

Nå står me på Kongsberg stasjon og har fått beskjed om at me må venta til kvart på tolv i natt før me i beste fall kjem vidare. Det er forsåvidt eit interessant sosiologisk eksperiment. Dei fleste tek det med fatning, andre er temmeleg ampre.

Heidi

For livet skal vi slåss

Sist fredag stilde me opp i Stavanger med ein liten delegasjon frå familien for å vera med på klimabrølet. Via mobilen vart me oppdaterte med at Sunniva på same tida stod klar i Oslo for å brøla i lag med venninnene sine. Ein kan meina kva ein vil om betydninga av eit brøl og to, men det kjennest godt å få sagt i frå om miljøfrustrasjon, engstelse for framtida og ønsket om å gjera noko, om enn aldri så mikroskopisk for å betra sjansane for at barnebarn og eventuelt komande oldebarn og skal få ei grøn jord med reint vatn og reint hav å leva menneskeliva sine på.

Som me snakka om i bilen på veg heim, så er litt av problemet at me alle har så mange svin på skogen, så mykje me kunne gjort annleis og så mange små val i kvardagen som ikkje er berekraftige nok. Me er så vikla inn i vanar, oppdragelse og ei miljøuskuldig fortid at det ikkje er fort gjort å feia stien sin rein. Likevel ser eg små håp, små lyspunkt, små vendingar som tilseier at verda er på veg i rett retning. Dei vel eg å halda fast på. Eg stoppar meg sjølv og spør litt undrande om det er klimaaktivist eg skal bli når eg blir stor, så svarer eg meg med nokre linjer frå Ingrid Sjöstrand sitt dikt «Angår det mig, kanske?» «Angår vi varandra, du och jag och alla vi som råker leva här just nu och som det hänger på hur det skal bli här i världen? Kanske det, kanske…»

Denne tematikken er noko som vil visa att i den nye diktsamlinga mi som kanskje blir klar før jul og kanskje ikkje. Nå vil eg lufta nokre av desse dikta her og invitera til tankar og innvendingar om nokon kjenner noko til det når dei les. Eg er takksam for innspel for eg vil gjerne at råmaterialet mitt skal bli betre.

Så mykje
kan framleis halda henne oppe,

denne skjelvande, sårbare

og sterke jorda vår,

den einaste me har,
denne kloden av mold og støv og gras

fast og tålmodig under føtene våre.
Ho som framleis kan bera oss,

vogga og lindra,

gje vatn til dei tørste og
solvarme til dei frysande.
Ho som ved eit under

framleis er her
etter feberrier, forvirring,
kalde og varme krigar,
tørke og flaumar
og våpenlagar kaldare enn fantasien

sine barmhjertige grenser.
Framleis finst det mykje
som kan bera oss og henne
gjennom forbi og bortanfor
alt me går rundt og frykter:
bøner, kjærleik, svarttrast-song.
snøklokker og humler
solsikker og barnebarn.

Utfordra meir enn nokon gong
til tillit og klokskap

står me her med utstrekte hender
Fyll våre tome skåler
med håp og tru og kjærleik.

***

Med reinleik og visdom
skulle me gå fram,
med tålmod og godleik

Eg skimtar stadig spora
etter deg
det hender eg ser dei tydeleg
eg fylgjer dei
famlande, skråsikker og i blinde.
Kor skulle eg elles gå med meg sjølv
sterk som eg er og svak,

trøytt og uroleg,
roleg og overmodig.

Eg fylgjer deg
med og utan solbriller

utan kart
og med alt eg måtte ha av mot og vilje.

( 2.Kor 6. 4-3)

***

Du som framleis leier dine

gjennom skogar av alt me ikkje har visst om
gjennom brenningar av nedkjølt liv
og gjennom buldrande stormar.
Du som framleis er der
og skal vera

midt i alt som koma skal.
Sjå til meg her går eg.
Eg plukkar stjerner

og syng nye songar om mot.

***

Skulder ved skulder
hand i hand
og dagane lysnar
merkbart nesten synleg

Frå dag  til dag
drope for drope
smeltar isen.
Me stør kvarandre sine ryggtavler
med flate modige hender

Og går saman ut

For å redda verda

***

Det er fort gjort å la oss sluka
sluka av den store kvalen
med eller utan plast i magen.
Slukast av det store mørket
og enda i dødsskuggens dal.

Men visst
kan me koma oss ut att.
bli spytta ut og reka i land
på den rette stranda.
Her har skjedd under før.

***


Å gå her med eit lite menneske
med framleis ustø gange,
min intenst blåøygd kvitrande liten fugl
med musehaleantenner på toppen
og eit overmot av open uskuld.
til og med i raseriet
kvar gong ho støyter skoen sin
og snublar i steinar og røter,
med hudlaust tillitsfull framtid
som treng å møta rødhetteskoger
og enger med humler og bier
viper og ville bringebær.

Eg ber for henne som endå ikkje veit
om ei framtid der håpet må sigra
og løfter henne opp,
eit sommarbarn mot kroppen min.

Ho lener det vesle ansiktet
mot sida mi
med heile sin tillit og tyngde.
Eg held henne godt fast.

Klar til å vassa eg
barføtt i dei kalde bølgjene.

***

Heidi

Å gje slepp på august

Eg kan ikkje dy meg for å sitera Skjæraasen igjen når me skal nyta siste dagen i denne månaden som er «det mykeste myke jeg kjenner,
denne skjelvende streng mellom sommer og høst, denne dugg av avskjed i mine hender».

Eg skundar meg å fortelja meg sjølv at eg liker september og. Eg liker september veldig godt faktisk, så her er det bare å gje slepp. Det er bare å la årshjulet me viser dei minste elevane snurra roleg frå stikkordet «sommar» til stikkordet «haust». Om alt går som det skal og plar, så kjem sommaren tilbake før me veit ordet av det.

Nå skal me ta i mot litt kjølegare og litt mørkare dagar. Og framleis er årstida slik at mysteria og freden i naturen er godt synlege. «Dette lyset som hviler på modningens høyde, dveler og synker mot visningens dal.»

Eg er eit velsigna og grådig menneske. Sommaren har vore god, og nå er tida inne for å gje slepp på han for å gje plass til noko nytt.

Eg er ikkje i mål med diktsamlingsprosjektet mitt. Eg skriv og skriv frå notatbøker og lause lappar alt eg har skrive ned i sommar og vintrane og somrane før det. Framleis er det eit laust og ustrukturert råmateriale som kan bli til noko fint eller enda i den digitale eller fysiske papirkorga. Eg tenkte likevel å by på nokre tekstar der i frå. Det verkar litt skjerpande på meg sjølv. Eg tek gjerne i mot ros og ris og oppbyggjelege innspel om nokon skulle kjenna at dei får lyst til å kommentera. Når ein sit aleine med skribleria sine, kan ein lett bli litt blind og ufokusert.

*

Så står me her
saman og aleine
med dei sprikande liva våre
pakka tett rundt kroppen.
Står her med trass og håp,
med vrang og god vilje
og store haugar
av alt me ikkje makta
sjølv om me gjerne ville
blanda med bunker av alt som vart betre
enn nokon kunne ha venta.

Me står her med hendene fulle
av liv og knuste glasbitar,
med krukker fulle av skår,
og speglar fulle av sprekker.

Me står her med sorga
over alt som skulle ha vore
og takken for alt som vart.
Står her og er framleis i live
skjelvande, sterke og redde,
framleis med håpet
som gulltrådar
i furene i handflatene våre.

Sjå i nåde til nervebanane i våre levde liv
til spora me tråkka opp
der me skulle og ikkje skulle gå,
slik at dei ikkje blir andre til skade,
slik at gode ting kan spira
i furer av tap og tårer.

Så kviskrar me knapt høyrbart,
i takt med vår eigen pust og puls:
Så får du ha takk, då Gud,
deg høyrer livet til.

*

For alle som har uro i blodårene.
For dei som bur i lengten
og aldri slepp fri
tenner eg eit lys.

*

Med vemod opnar me for det vakraste
for mogning, rips og bringebær
for gult korn,
stankelbein,
og svarttrasten
som snart skal slutta å synga.

Dagane mørknar forsiktig,
og morgonane har med seg
eit skarpt drag
av noko me framleis ikkje vil kjennast ved.

Alt som har liv er velsigna.
Bare det som har vore kan bli borte.
Bare me som lever kan møta døden.

Det er me som er her
med vemod, undring og håp.
Barbeinte i det gulnande graset.

*

Eg kan nok tenkjast å by på meir seinare. Nå ropar andre gjeremål på meg.

Heidi

Ja, ja kjære barn, har du noe ull?

Eg trur eg må ha nemnd det før, men det å ha eit bittelite menneske i ferd med å erobra talekunsten på fanget i nærleiken eller i tankane, er stort.

Heilt sidan eg las «Det musiske mennesket» av Jon-Roar Bjørkvold, og var på fleire foredrag med den same mannen, har eg vore djupt fascinert over barn si spontant musiske tilnærming til livet. Han gjorde meg merksam på noko eg hadde observert utan heilt å vera det bevisst, korleis barn som ein del av utviklinga si leikar seg med songar dei kan og lagar nye tekstar til melodiar dei har lært. Det er fascinerande at dette er noko nesten alle barn gjer, akkurat som alle barn skriblar fram og tilbake før dei rablar runde krusedullar og så teiknar hodefotingar, og akkurat som barn i heile verda bablar dei same lydane før dei snakkar ma-ma, da-da og så vidare. Det triste er at veldig mange av oss sluttar å teikna og sluttar å laga songtekstar og melodiar etter kvart som me utviklar oss og blir sjølvkritiske.

Den vesle eg observerer tettast, har stor glede av å synga. Ho syng heile dagane, når ho har lagt seg, når ho nettopp har vakna og ventar på å bli henta i senga, og når ho blir køyrd i vogna. Ho kan mange vers på mange songar, men treng ofte hjelp undervegs. Slett ikkje alle songane ser ut til å vera meiningsberande for henne, det er vel symptomatisk at første linja i ein av yndlingssongane ofte blir sunge slik: «Ja, ja kjære barn, har du noe ull?»

I sommar opplevde eg for første gongen at ho på Bjørkvoldsk vis forandra på ein tekst ho kunne. Ho sat i vogna og me var ute og gjekk tur langs ein landeveg i Danmark. Plutseleg song ho om seg sjølv på ein melodi ho kunne: «… sover, … sover, vooooognen sin». Eg tenkte at det måtte nokon ha sunge for henne før, og improviserte vidare med henne: «… søve i vognå, … søve i vognå, … søve, … søve oppi vognå si.» Ho var med på leiken og song vidare saman med meg. Eg tenkte det måtte vera noko andre hadde sunge med henne på trilletur, men ingen kunne hugsa at dei hadde gjort det.

Før ho var gammal nok til å seia nesten noko som helst, sat ho i den høge stolen sin i lag med mamma, pappa, mormor, morfar, oldemor og oldefar.
Ho hadde nettopp begynt i barnehagen. Ho klappa hendene sine på hodet
gong etter gong og smilte forventningsfullt. Ein av oss kom på at det kanskje var ein song i barnehagen ho gjorde bevegelsane til. Mamma foreslo «Hode, skulder kne og tå,» og «Oldemor foreslo «Min hatt den har tre kanter». Ho smilte av familiekorets musikalsk sett litt vaklande framføringar, men først då me prøvde oss med «Lille Petter edderkopp» lo ho høgt og fulgte ivrig bevegelsane om at «Så begynte det å regne, og Petter ned han datt». Ved ein kvar anledning i vekene som fulgte fekk ho folk med på å synga «Lille Petter edderkopp» kvar gong ho klappa seg på hodet. For henne må det ha vore ei sterk bekrefting av kommunikasjon og å nå fram til nokon med noko ho ville fortelja.

I går då eg fekk gleda av å vera i lag med henne song ho både «Oscar (hunden) sier, voff, voff, voff, voff, voff gjennom hele byen», og «Babbine på bussen sier mamma min, mamma min, mamma min…» Det kan jo tenkjast at nokon har sunge dette med henne før, men det virkar som spontan barnesong. Som mormor med bittelitt meir avstand enn eg hadde til mine eigne fire barn som delvis var små samtidig, så frydar eg meg endå meir over det mirakuløse med ungar si spontane utvikling. Eg tenkjer: er dei verkeleg så små når dei begynner med dette? Det kan godt vera at ein eller fleire av dei gjorde akkurat det same på same alder, eg har bare gløymt det.
Eg skreiv ned eldsteguten sine filosofiske betraktningar og eldstejenta sine dikt og eventyr, men då var dei eit par år eldre. Med dei to yngste som nesten var tvillingar utan å vera det, vart det lite tid til å skriva ned.

Så dette er litt for å hugsa for framtida korleis det var å oppleva. Tanken slår meg at det kan virka som snikskryt av mitt fremmelege barnebarn, og slikt har me jo fått læra at ein ikkje skal driva på med. Eg må derfor leggja til at eg slett ikkje trur ho er den einaste ungen i verda som gjer desse tinga, det er bare det at nå har eg tid til å leggja merke til det. Eg ser ho er relativt tidleg med å snakka, og det er kanskje ikkje så rart etter å ha levd i hus med fire tilgjengelege vaksne som alle er glad i å prata.

Det er så fint å vera mormor og det er så fint å få lov til å observera. Leve dei musiske elementa i menneskelivet, dei gjer livet fargerikt. Nå skal eg sjå om eg får til å skriva ein julesong nokon har ønska seg… Det er lov å vera musisk sjølv om me er vaksne og sjølvkritiske. Saman med barn syng eg av full hals, og skulle ønska at eg hadde litt meir talent kombinert med songgleda.

Heidi

Ved skulestart

Så er skuleferien ugjenkalleleg over. Me vaksne har vore på jobb i mest ei veke allereie, og gjort oss så klare som me har kunna bli til å ta i mot elevane våre på måndag.

Som all erfaring alt hadde kviskra meg i øyret: Det var fint å møta kollegene igjen, det var interessant å førebu seg gjennom diskusjonar, foredrag og praktisk arbeid, og det var fort gjort å gløyma den lange sommaren og den store fridomen. Då eg sykla heim frå jobb etter den første planleggingsdagen var det mest som om eg ikkje lenger hugsa anna enn regulerte og disiplinerte dagar med jobb og andre faste gjeremål. Som alltid så skjelv eg litt for det store ansvaret det er å skulla ta i mot alle barna med eit ope og varmt hjarte og med med armane fulle av læreplanar. Me er blitt minna om kor viktig jobb me har, og at forskning viser kor stor betydning det har for eit barn å kjenna seg sett, likt og respektert av læraren sin. Heldigvis har eg aldri slitt med å bli glad i elevane mine, det som kan kjennast overveldande er at dei er så mange og at me har så få armar, auge og øyrer når me skal vera der for dei. I tillegg så er det alt det som det er krav om at me skal tilretteleggja for dei slik at dei skal kunna læra.

Sjølv synest eg stort sett at alt eg prøver å formidla og tilretteleggja for elevane er kjempeinteressant, men av og til ser eg det frå deira side og tenkjer at for nokre av dei er dette nesten som om eg sjølv etter ein streng timeplan kvar dag skulle ta leksjonar i astrofysikk, kinesisk, motorlære, avansert kjemi og arabisk. Så skulle eg bruka ettermiddagen på å prøva å læra alt om forskjellane på ulike bilmerke medan eg grudde meg til at det i morgon vart forventa at eg skulle springa 60-meteren på ti blank for å klara livsmeistringsmerket…

Heldigvis er det slik at dei fleste barn og vaksne liker å læra nye ting. Og heldigvis er det slik at skule er uendeleg mykje meir enn å bli tvangsmata med kunnskap ein ikkje har bedt om å få servert…

Skulen er ein arena for å vera levande og i utvikling. For dei fleste barn er skulen ein stad der ein får venner, utvikler sosiale ferdigheiter, opplever fellesskap med andre, er omgitte av interesserte og omsorgsfulle vaksne, og lærer å meistra seg sjølv og livet. Ikkje først og fremst for å bli gagns menneske i ei framtid som vaksne, men like mykje for å leva gode liv her og nå. Barndomen har stor eigenverdi, og er ein del av livet dei alle skal bera med seg resten av tida si. Det veit alle me som har vore barn.

Som det står i Bryne- skule- songen som alltid blir sungen ved flaggstonga første skuledag «Her ska me gå på skule i sju lange, gode år, mens regnet pøse og mens solå skine», «her ska me læra møje om å leva», «ja når me æ litt leie oss og når alt æ heilt topp, når livet smile og når me må streva» «For her på Bryne skule her liga me oss godt, her trivest me her æ det godt å vera, her ska me synga, lega, dansa og teina møje flott, her ska me leva ska me veksa og læra».

Måtte det vera godt å vera barn på skulen vår, og måtte me vaksne klara å stå i alt det boblande, levande, utfordrande, uforutsigbare og alltoppslukande på ein god måte.

Heidi

Kjærlighet fra Gud

Eg er framleis i prosessen vaska og sortera gamle kosedyr. Kanskje det har fått meg på ein barnsleg kanal, for plutseleg dukka ein av dei første salmetekstane eg lærte opp i hjernen min, og vil ikkje heilt sleppa taket. Det er ein fin tekst som får meg til å smila, så eg tenkte at det kunne eg skriva ein spontantekst. For meg er denne teksten i slekt med barndomsminne som glansbilete og kveitemjølsklister og blomeplukkande barn på bruer og stup beskytta av ein engel. Samtidig som teksten ber med seg smaken av solbær frå hagen, lukta av nivea solkrem og kjensla av eit sveitt kronestykke i handa som skal i kollekten på sundagsskulen, så rommar han eit stort og djupt kjærleiksmysterium eg alltid har bore med seg:

Kjærlighet fra Gud springer like ut
som en kilde klar og ren.
I dens stille bunn i dens dype grunn
gjemmes livets edelsten.

Mormor, eller bestemor som eg må omtala henne som dersom dette skal bli rett, var ikkje kyrkjegjengar og så vidt eg veit sette ho aldri i vaksen alder sine bein på eit bedehus, sjølv om eg ikkje har sikre belegg for å hevda det siste. Livsanskuelsen hennar var nok ei blanding av pragmatisk realisme med eit lite streif av barnetru. Ho fortalde at dei song mykje salmer på skulen og at læraren som spelte orgel sa at ingen trong å prøva seg på noko tull mens han spelte fordi han hadde auge i nakken. Bestemor song denne songen for meg og i det vesle hovudet mitt med stor trong til poesi, sentimentalitet og alt som var vakkert var, var desse linjene så vakre at det gjekk kaldt nedover ryggen min. Kjelder av rennande vatn og edelsteinar av liv i djupe grunnar, kunne det bli finare? Bestemor sa at ho hadde lese at dei song den songen i eit kongeleg bryllaup og at det andre verset passa så godt:

Kjærlighet fra Gud som en yndig brud,
kommer smykket til oss ned.
Lukk kun opp din favn, kom i Jesu navn,
himlen bringer den jo med.

Dette gjorde at eg insisterte på å bruka denne salmen då me gifta oss. Eg hadde litt problemet med orda yndig brud, kunne det bli oppfatta som om nokon trudde at det var det ein trudde ein var. Begrepet ynde er for meg assosiert til noko skjørt, vevert, forsiktig og sjarmerande, og eg har aldri tenkt at det var det første ordet nokon ville bruka om dei skulle beskriva meg med enten det var med brudekjole eller andre typar klede. Eg tenkte at det var det andelege innhaldet som var det viktigste og let det stå til…

Det siste verset har eg først oppdaga for fullt i vaksen alder. Ei klok dame eg møtte i Korsvei-samanhang sa at det hadde gått opp for henne at dette var sjølve grunnsteinen i trua hennar. Her tillet eg meg å sitera det med gammal språkbruk sidan eg innleia diktet i stilen glansbilete og blondegardin. Eg synest rett og slett det er vemodig vakkert slik:

Kjærlighet fra Gud, er det store bud,
er det eneste jeg vet.
Bli i kjærlighet og du har Guds fred,
ti Gud selv er kjærlighet.

Dette er då ei utruleg vakker skildring av eit mysterium? Dersom ein klarer å bli i kjærleiken, i tilliten, i respekten for livet og for andre menneske, det er då ein finn fred. Dette er tankar som er gjenkjennelege i meir enn vår eigen religion, og eg tenkjer at her kan dei som svergar til å nærma seg livet gjennom meditasjon og mindfullness og kan kjenna seg att. For meg inneber det og at ein kan fokusera på noko anna enn seg sjølv, det å sikra eige velvere og å engsta seg for alt ein ikkje kan gjera noko med.



Eg trur framleis at kjærleik, håp, tru, tillit og solidaritet kan redda verda.

Heidi