13. mai 2019
I dag vil eg forsiktig retta lyskastaren mot noko som ikkje alltid er så lett å leggja merke til i mengden av høge stemmar, støy og sterke viljer, – godleiken og vennlegdomen. Av og til legg eg merke til kor mange gode og vennlege menneske det finst, og kor mange som går inn for å vera snille med kvarandre. Det er mykje godleik som sviv rundt oss, men me ser han ikkje alltid for han ropar ikkje så høgt.
I går reiste eg heim att med Vy, det nye togsystemet vårt som heldigvis så langt liknar til forveksling på NSB. Turen heim vart innleia av ein togtur på to og ein halv time til Lunde stasjon. Det er alltid litt nedtur å oppdaga at deler av strekningen du har tenkt å toga går med buss, men i går var det utruleg vakker utsikt frå bussen ut i det heftiggrøne landskapet i ettermiddagslys. Det vart ein slags sightseeing delvis gjennom terreng eg ikkje kan hugsa å ha vore i før.
Ein gut var ute og reiste med faren sin. Før bussen gjekk las han ordet «flytog» på skiltet på naboperrongen. «Er det tog som kan fly?» spurde han faren sin. Han fekk teorien sin avkrefta på ein vennleg måte, men eg mora meg lenge over spørsmålet. Det er jo mykje med ordet flytog som tyder på at det er eit tog som kan fly.
Bak meg sat ein mann som var fortvila fordi han ikkje fann nøkleknippet sitt. Han tok diverse telefonar til menneske som kunne tenkjast å ha funne nøklane og det gjorde meg godt å høyra den vennlege tonen i samtalane han hadde. Han bad drosjesjåførar sjekka bilane sine på ein så vennleg måte at eg skjøna då dei ringde opp at dei både hadde leita og beklaga på ein høfleg måte at dei ikkje hadde funne dei. Til slutt var det eit medlem av familien hans som klarte å finna nøklane og han vart veldig glad og takknemleg. Slike små hjartevarmande høyrespel kan ein få gratis på Vy, det var nesten som barne-TV- serien om «Redda Joppe død eller levande». Då han begeistra takka finnaren, vart eg så glad for at det ordna seg for denne gilde mannen som eg ikkje ein gong visste korleis såg ut, for eg kunne jo ikkje sitja og snu meg i tillegg til å smuglytta.
Etter eit par timar på toget følte eg for å gå inn i restaurantvogna dei hadde reklamert så fint for då me kom på toget med «Varme og kalde smårettar og ferskt bakverk…» Eg følte for å unna meg litt god kveldsmat. Då eg kikka på menyen, sa den sjarmerande mannen som betjente restaurantvogna. «Du trenger ikke å se på menyen, spør mæ hæller hva vi har… Vi har nesten ingenting siden vi ikke har fått fylt opp i Oslo. De æ pinlig å jobbe her i dag». Eg spurde kva han hadde å by på, og han kunne by på «pølse med ingenting», siden det var slutt på potetmos, pølsebrød og lomper. Papir hadde han, og sennep og sprøløk. Så gjennomført sjarmerande har ingen prøvd å selgja meg «pølse med ingenting» før, så sjølv om eg normalt ikkje et pølser så måtte eg nesten slå til…
Nå er ikkje misjonen min å markedsføra nokon av desse to mennene som kryssa min veg i går som heltar… Eg bare reflekterer litt over det at det aller meste kan gjerast med sjarm og hjartevarme. Det er greitt å prøva å hugsa når det går i overkant fort i svingane. Dei fleste menneske vil mest av alt ha gode og fredelege relasjonar til menneska rundt seg.
Heidi