Gå til innhald

9.mai 2019

mai 9, 2019

IMG_20190509_140059_429

Det var rett og slett koseleg å vera på søppelplukking med elevane i føremiddag. Regnet var av den lite aggressive sorten som kom loddrett og ikkje vannrett, det var meir enn seks varmegrader ute og det var grønt på den intense måten som nesten gjer ein litt sentimental. Elevane var ivrige og arbeidsomme, og me plukka opp alt frå porsjonssnus og sneipar i store mengder til gamle hundeposar og øydelagde sparkesyklar. Me fann til og med ein gjennomvåt og mosegrodd lenestol i ei grøft. Bare frå oss på sjette trinn vart det ein stappfull tilhengar frå det tildelte området. Eg tippar at den vesle byen vår aldri har vore reinare enn i ettermiddag.

Det er alltid litt nervepirrande å skulla nå eit tog. For førti år sidan kom eg to minutt før avgang, eventuelt tre minutt etter. Då lærtr eg på den ubehagelege måten at om ein kjem for seint til eit tog så kan ein bare gløyma å nå det att gjennom å kjøra vil til neste stasjon. Nå er eg blitt ei middelaldrande og smånevrotisk dame som gjerne står i kø både femten og tjue minutt for å vera sikker på å nå toget. Eg pustar heller ikke helt ut før konduktøren har vore og delt ut billettane og eg kan forsikra meg om at eg er på rett stad til rett tid…

Alt gjekk som eg hadde håpa og foreløpig var det ingen merkbar forskjell å bli frakta med gamle NSB til mitt nye liv som vy-kunde… Eg fekk eit dobbelsete for meg sjølv heilt til Nelaug og konstaterte at akkurat som eg visste frå før så er toget ein utmerka lesesal der ein kan konsentrera seg om å lesa utan å bli forstyrra av alt ein bare nå få gjort.

To bøker og to artiklar med temaet munnlege ferdigheiter i skulen er såpass bra uttelling for tid at ein kunne vurdera tur-retur- billett att og fram den siste veka før eksamen.

Eg høyrde om ein som sat på T-banen og lytta til folk for så å skriva doktergrad om kva folk snakka om. Noko slikt kunne eg tenkja meg å gjera. Eit halvt år på Vy med øyrene på stilkar?

Eg elskar å øya til folk sine togssmtalar, og så lenge eg har tenkt å halda det eg høyrer for meg sjølv, så gjer eg det med nokså godt samvit. Det virkar som om det kjennest trygt å opna seg for vilt framande ein nokså sikkert aldri ser igjen. Eg har overhøyrt store mengder interessante samtalar på toget dei siste førti åra. I dag var det ein av dei gongene eg sjølv havna i ein lang og interessant samtale med medpssasjeren frå Nelaug som var ei triveleg dsme.

Timane flaug av garde. Eg forstår ikkje heilt at nokon kjeder seg på toget.

På Lysaker stasjon vart eg plukka opp av ein bil som akkurat svinga opp framfor stasjonskomplekset. Så vart eg køyrd til døra og innanfor den venta det varm suppe som smakte heilt nydeleg og ein stor heimelaga gebursdsgspresang. Dette er verkeleg hotell i særklasse.

ÆææIMG_20190509_204132_122

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: