
Desse lengste nettene og mørkaste dagane i året fascinerer meg. Eigentleg går denne perioden litt for fort over slik all tid gjer det i mitt hovud, men det er eg forsiktig med å snakka høgt om.
Eg har vast rundt og sett på folkelivet og handla litt, men sett mest. Men først var det jobb og litt utviklingssamtale før eg vaste meg heim.
Vel heime såg eg ein nydeleg film frå Mexico, Roma, som så vidt eg forstår er den første filmen som er lagt ny ut på Netflix utan å ha vore vegen om kinoane.
Filmen er ein sterk historie om året 1970 og hushjelpa Cleo som framstår som det verkeleg gode mennesket. Filmen er på spansk, og noko eg trur er eit indianarspråk, men midt i er det ein nesten absurd scene der nokon prøver å slukka ein skogbrann og ein mann utkledd som eit slags monster direkte frå nyttårsfest, tek av seg maska og syng «Barndomsminne frå Nordland», betre kjend som «Å eg veit meg eit land». Kor mannen kjem frå og kor han går hen og korfor han syng på norsk, får me aldri vita… Det er nesten som i firkantegg- mysteriet i Donald der dei innfødde plutseleg hoppa rundt og syng «På Vossevangen der vil eg bu…» Ikkje la deg skremma av at produserane har vald å laga filmen i svart- kvitt. Det var ei stor filmoppleving. Under filmopplevinga fekk eg laga ferdig den hekledokka eg held på med. Nå manglar ho baren klede å ha på seg.
Nå er eg veldig sliten, og skal koma meg i seng. Denne siste veka før jul er alltid intens for slike som meg som snoflar seg litt fram i siste liten.
Eg prøver å halda julegavekjøping på eit nokonlunde nøkternt nivå, men eg må innrømma at gavar til nokså små personar ser eg overalt både i butikkar, strikkebøker og i kreative lyspunkt…

Heidi

I dag har me pakka julepost og ordna julebrev. Framleis er eg ikkje i mål med breva, men i bete fall får dei fleste brevet sitt før jul. Romjulsbrev er forresten koselege å få dei og.
Nå drikk eg gløgg og landar dagen, forøvrig ein blåsande desemberdag av det slaget me på Jæren vil karakterisera som «bidande å vasskalle».I dag kom eg meg rett og slett aldri ut på tur…
Derimot har me vore på mange koselege førjulsbesøk og ete risbollar hos Gunnar og Hanne Lise, julebrød med brunost hos mor og far og vegansk kake hos Arne og Hilde. Me får håpa den siste runden veg litt opp reint kosthaldsmessig… Til alt dette har me drukke store mengder svart kaffi og eg har hekla på dokka eg vil ha ferdig til jul.
I dag har eg brukt litt av dagen til å leita etter fine dikt til eit juleprosjekt eg har gåande. Eg har sitte lenge med diktsamlinga «Vinterhuset» av Åse Marie Nesse, ei av favorittsamlingane mine gjennom tidene. I boka beskriv ho ein fase i livet der mora vart dement og faren alvorleg sjuk og at ho mistar dei begge to. Ho har skrive eit minnedikt til far sin som eg synest er så utruleg vakkert. Ho held fram at milde menn er ei undervurdert menneskegruppe. Det er eg heilt einig i. Eg har møtt ein del av dei gjennom livet, og i dag vil eg rett og slett hylla milde menn med dette diktet. Verda har meir enn nok av krigshissarar og maktmenneske…
Ettermæle
«Vi levde nesten femti år i lag.
og aldri sa han eit vondt ord.»
I avisene
står det om styre og tillitsverv
råd og komitear.
Kven spør om ein mann var mild?
Berre kvinner
og umyndige barnebarn.
I bøkene
står det om felttog og erobringar
bragder og livsfarlege heltar.
Ein mann lever åtti år på jord
stillferdig og fredsæl
ei uspennande historie.
På tavlene
står det om rekordar og rundetider
omkamp og istider, istider…
Ein mann tar seg tid til å tenke
på andre, og hente, vente
han får ingen medalje.
I stjernene
står det om å sigre over seg sjølv
og ta alt opp i beste meining.
Di livssoge far,
står skriven i ei stjernebok
med gullsnitt.
Åse Marie Nesse

Heidi

Det er med stor glede eg kan ta meg tid til koselege juleførbuingar som å baka litt og sånn. Etter eit aldri så lite maratonløp er eg endeleg så langt, og det kjennest så bra.
Det vesle mennesket eg hadde ansvaret for til i dag ettermiddag sov heile natta, men vakna med stor energi og livslyst klokka kvart på fem. Sidan alle våre barn pleide å vakna i fem- tida på den alderen, så var det kanskje litt halvhjerta eg prøvde dei gamle triksa for å forlenga natta litt, – som å gi henne tutten ho hadde kasta på golvet, leggja henne ned igjen og godsnakka roleg utan å skru på lyset. Gullungen peika på døra ut til gangen på ein veldig bestemt måte med ein liten peikefinger. Sidan ho strengt tatt ikkje kan snakka ennå, så lar eg meg imponera over så tydeleg non-verbal kommunikasjon. Ho var heller ikkje sein om å krabba til tripp- trapp- stolen og peika mot kjøkkenet.
For å gjera ein lang historie kort… Ti over fem sat eg og drakk kruttsterk kaffi medan ho fornøgd gumla i seg brødskiver. Under måltidet fortsatte «samtalen», ho sa «der» og «den» og «meir» og svara tydeleg «ja» når eg spurde om eg skulle henta meir skive til henne. Når ho er fornøgd med seg sjølv eller dei ho snakker med klappar ho i hendene og legg gjerne til eit begeistra «Oi!» Kommunikasjon er fascinerande.
Det skulle visa seg at ho på ingen måte hadde tenkt å sova vekk dagen hos mormor og morfar, så me hadde ein aktiv dag med innlagt trilletur «ned til byen». Etter at ho vart henta har det vore juleaktiviteter og litt enkel middag. I dag passa det godt med ein ettermiddag og kveld heime i fred og ro. Eg høyrde på radioen medan eg jobba med andre ting og fekk med meg at pakkar som skal koma fram til jul må sendast seinast i morgon. Eg har både pakkar og uskrivne julebrev som i beste fall skal fram til jul, så eg er viss ikkje heilt i rute likevel…
Eg fekk og med meg diverse stillingsrapportar frå klimatoppmøtet i Polen. Heldigvis kom dei i mål til sist etter fleire ekstrarundar, og har nå, så vidt eg forstår skrive under på ein oppfylgjingsavtale etter toppmøtet i Paris. Det gleder meg at dei er så pass langt, sjølv om eg gjerne skulle sett ei endå mykje større grad av mobilisering. Menneskeflokkar er ikkje det enklaste å snu. Dessverre trur eg at klimaendringane er menneskestyrde. Eg skulle ynskja eg ikkje trudde det, men det gjer eg altså… For meg er det heilt uforståeleg at me ikkje alle saman set det aller øverst på dagsordenen å prøva å styra unna ein klimakatastrofe…
Korleis kan me få oss til å fortsetja på same måten som før viss me verkeleg trur at me er bare millimeter i frå å styra verda inn i ein katastrofe. Eg forstår jo at endringar tek tid, men eg trur me må kopla på ekstragiret me har til krisehandtering. Dersom det er så gale som mange meiner så må me begynna å tenkja på ein ny måte. Eg forstår jo at det ville medføra ein del praktiske problem dersom alle menneske bestemte akkurat nå at dei aldri meir ville reisa med fly eller om all oljeproduksjon vart stoppa med øyeblikkeleg virkning, men kva er gale med oss sidan me stort sett held fram med å leva akkurat som før? Eg vil helst ikkje tilhøyra den generasjonen som for all ettertid vil få det stempelet at me ikkje våga, var villige til eller gadd å berga jorda frå ein økologisk katastrofe medan det endå var tid…
Eg egnar meg frykteleg dårleg som domsprofet, men når eg nå ein gong har denne vesle talarstolen som bloggen min er, så kan eg jo benytta denne fine førjulskvelden til å seia til alle at me må hjelpa kvarandre til å ta ansvar. Måtte Gud hjelpa oss til det…
Heidi

I dag kan eg rapportera om nok ein innhaldsrik dag. Før klokka tolv på føremiddagen vart det dansa både afgansk og syrisk folkedans. Leif hadde invitert heim den eine klassen sin med ungdomar som har vore så kort tid i Norge at dei har rett på tilpassa norskopplæring, på føremiddagsvisitt i ein norsk heim, (vår) og med servering av peparkaker og clementiner. Sidan fredag er den dagen der eg disponerer tida sjølv, så var eg invitert til å vera saman med dei. Det var ei veldig trivelig oppleving.
Dagens opplæring i norsk julekultur var Alf Prøysen si vise om julefeiring hos firbeinte dyr med lange halar. Eg veit ikkje om songen var vald fordi han truleg er lite religiøst anstøteleg, men det viste seg å vera mange vanskelege ord og raskt tempo i rytmen. Eg måtte dramatisera litt for å få dei til å forstå orda, men dei klarte nesten å læra seg orda. Det var ein versjon litt utanom det vanlege når ungdomar frå Afganistan, Syria, Thailand og Romania sat i sofaar og lenestolar og song «Heisan og hopsan og fallerallera, på jolekvelden da skal alle sammen være glad… Det var omtrent så langt me kom tekstmessig… Dei var meir på heimebane når dei fekk lasta ned musikk på spotify og youtube og spontant demonstrera folkedans frå heimlandet.
Etterpå var det meir besøk av gilde folk i stova. Eg hadde invitert Torhild til lunsj, eggerøre, røykelaks, avokado og reker, og ikkje lenge etter henne ankom gullungen som er her på overnatting til i morgon. Ho har vore ei solstråle heile ettermiddagen, og i femtida tok eg henne ut for å trilla vogn i det fine klare vinterveret. Det har blitt så fint nede i sentrum, det var jo heilt mørkt i femtida, men det er masse julelys både på butikkar, i uterom og på og rundt bolighus. Med den fine parken ved Kongo, det oppgraderte torget med juletre og skøytebane, så er det slik at eg nesten litt stolt kan invitera med meg gjester og fortelja at «Slik har me det her.» Det er utruleg koseleg å få meir liv i sentrum slik at ein ikkje må på kjøpesenteret for i det heile tatt å finna nokon ein kan slå av ein prat med.
Turen vart litt lenger enn eg hadde trudd, og sjølv om eg prøvde etter beste evne å forhindr det, så sovna ho dei siste ti minutta. Eg var litt engsteleg for at nå var legging og nattesøvn spolert for veslejenta, men då eg fekk vekt henne var ho like blid. Ho pratar i eitt sett sjølv om det ikkje er så lett å forstå kva ho har lyst til å seia, men ho ser ut til å la seg oppmuntra av å ha ein samtalepartner. Ho smilte og lo og «song», det vil i dette tilfelle seia å gjera eit par av bevegelsane til Lille Petter Edderkopp for å få meg til å synga. Etterpå krabba ho glad og fornøgd ut på badet til kveldsstellet og la seg med eit smil utan å kny. Eg kan ikkje hugsa at det var sååå lett å leggja ungar for 25- 32 år sidan. Eg og ho har vore aleine heime i kveld, så det vart litt fjernsyn og hekling på ei julegavedokke.
Nå må eg leggja meg, for det kan fort bli ei kort natt… Barnebarn er gildt…

Heidi

Eit knallgult engledecoupagebilete under produksjon på juleverkstaden i går,, får vera den visuelle delen av luka for i dag. I dag har eg brukt ettermiddagen og tidleg kveld på uviklingssamtalar med foreldre og elevar, og nå har eg ei kjensle av snart å ha teke att kollegene mine i framdrift. I år måtte dei få eit skikkeleg forsprang på grunn av at eksamen måtte prioriterast. Her kan eg jo bruka eit linjeskift eller to på å lata som om eg alltid er ekstremt tidleg ute med alt som skal gjerast, og at dette året er eit unntak…
Eg ville bare fortelja at foreldresamarbeidet er ein fantastisk del av lærarlivet. Det er eit privilegium å få lov til å leva så tett inn på levande ungar, og det er ei tillitserklæring å få vera med på å skapa barndomen deira. Eg er fullt klar over at me som lærarar ikkje er handplukka av foreldra til desse barna. Både me og dei er delar av eit system, og det er ikkje å forventa at dei bare møter oss med blind tillit. Eg lærer mykje av å koma i tett kontakt med så mange ulike foreldre, og eg kjenner djup respekt for at dei barna me deler dagane med er det aller finaste og mest dyrebare dei har. Foreldra har ikkje skrive læreplanane for skulen, og det har ikkje me heller.
Så står me der og har saman ansvaret for å gjera barna til «gagns menneske i skule og samfunn», og som det heiter så fint i kommunevedtektene våre:»gje elevane lyst på livet og evne til å meistra det». Eg tenkjer som Kolbein Falkeid seier i diktet til lærarane som skal møta dottera hans: «Å såmenn, ver reine på hendene…» Noko av det eg er aller mest redd for som lærar er å vera med og påføra barna ein barndom som vil vera sår og vanskeleg å bera med seg i vaksenlivet. Martin Lönnebo skriv at barnet som blir bore vil seinare sjølv bli i stand til å bera, både seg sjølv og andre. Eg håpar me saman med alle foreldre kan bera barna passe mykje til at dei blir i stand til å bera tyngda av liva sine seinare. Eg håpar me støttar dei nok til at dei i positiv sjølvkjensle kan våga å lena seg i tillit mot andre menneske og mot alt som seinare skal skje dei.
Ofte skulle me som jobbar i skulen ynskja at me hadde fleire armar enn to, og fleire timar i døgnet enn dei me har fått tildelt. Me ser at det ikkje heilt lar seg gjera å til ei kvar tid sjå og støtta alle barn slik dei optimalt sett til ei kvar tid burde bli sett og støtta. Det å få til eit godt samarbeid med foreldra, er eit godt utgangspunkt for å saman kunna støtta barna med nok omsorg, nok grenser, nok respekt og nok albuerom. Eg trur eg må leita i diktbøkene mine og finna eit dikt som på ein eller annan måte stør opp under desse tankane…
Her i frå til Nangijala
spelar min lind,
synger min nattergal.
La Madicken balansera på taket
medan Pippi løftar hesten sin
for alle oss som er barn
trass i rynker og det som verre er.
La oss og Ronja Røvardotter
gjera oss klare
for vårskriket vårt.
Etterpå
skulle det ikkje forundra meg
om me svever
som på fuglevenger,
rakt og triumferande
rett over Helvetesgapet,
modigare enn Karlsson på taket.
*
Kanskje me rett og slett
skulle ha løfta ein hest av og til?
Kanskje me skulle ta oss tid
til å sitja på ein benk i sola
og høyra bekken klukka
under isen ein stad
medan bjørka sprett i vilden sky?
…
Vel vitande at
ein stad i det fjerne
står Brogeen med fela si
og spelar den magiske melodien.
(frå Ta heller med deg hjartet ditt, 2015)
Heidi
For at de som ikkje er så heldige å jobba i skulen i desember, kan eg visa litt kva det mellom anna går glipp av…

Baking av lussekattar.
Juleverkstad…

Og det ikkje fullt så idylliske: Fru Huskestuen sat i nesten tre timar med å fylla ut evalueringsskjema, eit arbeid som burde teke ein tredjedel av tida dersom dei elektroniske prosessane for ein gongs skuld hadde spelt på lag med henne… Så fekk ho dårleg tid og oppdaga at vinterjakken var gjengløymd i det andre bygget etter utevakt rett før juleverkstad. Så viste det seg at nøkkelkortet låg i lommen på den allereie nemnde jakken. Ho kom seg inn likevel, og sprang heim omtrent samtidig som det var på tide å kjøra til juleforening med venninner frå førti år tilbake-.
Ho kom seg i veg til rett tid med eit berenett fullt av uinnpakka julegavar, teip, julepapir og pakkelappar. Me kom til eit koseleg adventspynta hus med masse lys, heimelaga gløgg, fyr i peisen, graut, spekemat og ovnsvarme lussekattar. Huskestuen lånte eit rom og fekk pakka inn gavane me har tradisjon for å gje kvarandre, helst i innpakka tilstand. Så var det kaffi og julekaker og ei skikkeleg fredastund før bilen skulle heim att. Ute på trappa stod det lykter med levande lys, det var kaldt og stjerneklart og vakkert.

Nå manglar fru Elvira bare I-paden sin, ho har vore på utkikk etter han sidan i dag morges, men han dukkar vel opp att. Sidan ho burde ha sove i fleire timar allereie sluttar ho her med ein lettare omskriven variant av Erik Bye sine ord i «Vår Herres klinkekule»: «Og drømmer at hun leter mer i morgen, og håper at hun finner den igjen».
Heidi

Bak luke 11 ligg det eit mangslungent bilete med baking av lussekattar på skulekjøkkenet med julemusikk i bakgrunnen. Vakt i fin desembersol i heile matpausen og ei økt med samtale om svartedauden og høgtlesing frå «Det kom et skip til Bjørgvin» i 1349 medan elevane teikna Pesta etter informasjon og samtale om bileta til Kittelsen. Så var det arbeid med adventtekstar, førebuing til juleverkstad, overlevering av manus til tiandeklasse- forestillinga, skriveøkt med skriving til julebilete med kulturskule- elevane og så rett ut på opptreden.
I kveld har eg lese dikt og fortald i Helgåleiren på eit kvinnearrangement. Det var veldig fint å vera der. Sjølve lokalet hadde vore eit fotografi eller fem verd, men dessverre hadde eg gløymt att mobilen på skulen. Ironisk nok las eg eit dikt om alle veskene og paraplyane eg hadde mista medan eg lurte på kor mobilen min kom til å dukka opp igjen.
Etter opplesinga sa ho som leda møtet at dei hadde ein heilt spesiell gave til meg som takk for innsatsen. Det vart så bore inn ein svart søppelsekk som viste seg å vera full av vesker, både fint brukte og mykje brukte. Det viste seg at dei hadde lese diktet mitt og funne ut at det måtte jo vera tingen å overrekkja meg slik at eg hadde litt vesker å gå på. Etterpå fekk eg både roser og konfekt, så det stod ikkje på påskjønnelsane, og salet av bøker gjekk strykande. Kofferten var nesten tom då eg reiste heim. Den siste boka av «Eg høyrer heime i livet» måtte eg inn og henta til sjåføren min frå hylla heime, for den vart heilt utseld på Ogna.
Eg lærte før norskeksamen at coda betyr vedheng eller tale. Eg fekk med meg ein aldri så liten coda på vegen heim. Snille Oddlaug som hadde spurt meg om oppdraget henta meg på skulen og kjørte meg heim til døra. Det viste seg at ho hadde jobba i tjue år som flyvertinne før ho vart lærar, så då eg bestilde eit mini- flyskrekk- kurs på vegen heim, så fekk eg akkurat det. Eg er beroliga. Nå må eg skaffa meg litt søvn for å stå med glede og tålmod gjennom juleverkstaden i morgon.
Og viss nokon vart forvitne… Her er det gode, gamle veskediktet…
Det er på høg tid med eit dikt
om alle veskene eg har mista,
og ikkje minst eit om alle dei
som har kome springande,
syklande eller kjørande,
på gummistøvlar eller tøfler
for å gi meg veskene tilbake.
For ikkje å snakka om alle heltane
som har ringt meg frå mobilar
og fasttelefonar
for å fortelja kor eg kan møta opp
for å få lommebøkene mine tilbake.
Om alle gongene
eg nikkande og smilande
bekreftar kor heldig eg har vore
akkurat denne gongen
sidan eg verkeleg
utruleg nok,
trass alle odds
fekk lommeboka mi tilbake
etter at ho hadde fått ein ufrivillig pause
på kafebord, bussar,
i prøverom, i handlekorger
i hyller og i fryseboksar.
Nikka takknemleg
til alle dei som er heilt uvitande om
at kvar einaste gong til nå,
har mobilen min og veska mi
fått kjærleg hjelp
til å finna vegen heim att.
Så eg nikkar og smiler,
deler takknemleg ut klemmar,
blomsterbuketter
og ein og annan twistpose
til glade finnarar.
Då er det verre med alle paraplyane
som ligg fortvila og forletne på bussar og tog,
i butikkar, på kafear og på benkar i alle parkane
og ikkje hugsar kor dei bur.
Det er bare å håpa at dei akkurat nå
dansar i regnet med ein glad finnar
som meir enn noko trong
ein rosa paraply med kvite prikkar.
På same måten får eg bevara håpet
om at alle dei mjuke
strikkehanskane mine
har fått kjærlege fingrar
å smyga seg omkring.
Om at dei halvstrikka strikketøya
som ikkje fekk med heim att
har blitt fullende kunstverk ,
eg sjølv bare kunne
ha drøymt om å få til
med min motorikk.
Måtte alle
mine tapte blomsterfrø
bløma stolte i ukjende grøfter.
Heidi

I dag fekk eg ei ekte julekjerring av ein elev, og slikt fortener ein plass på bloggen. Bak luke ti skjulte det seg elles eit uventa tannlegebesøk-. På fredag då eg sank inn i Lykkeland etter å ha levert begge eksamenane, baud Leif på eit enkelt måltid mat på kjøkkenet vårt. Det var ikkje hard mat ein gong, steikt fisk og potetmos. Plutseleg kjende eg at eit eller anna hardt hadde kilt seg fast mellom to av dei bakerste tennene. Til mi forferding innsåg eg at det ikkje bare var «noko hardt», men ein bit som måtte ha brekt av ei av jekslene og så kilt seg fast i mellomromet.
Tannlegestolen er ikkje min yndlingsplass i livet, men sjølv ikkje den eigenarta kombinasjonen av optimisme og hypokonderi som eg alltid ber med meg, kunne få meg til å tru at dette enten var noko som ville gro til av seg sjølv, eller noko eg mykje truleg kom til å døy av. Eg innsåg rett og slett at det bare var å koma seg til tannlegen. I det travle oppløpet fram til jul, så var eg usikker på om det fantest ein plass i tida der både eg og tannlegen hadde sjanse til å møtast. Nå ville livet seg slik at Leif hadde tannlegetime i dag på eit tidspunkt der eg hadde tid til å vera pasient, så me sende ein melding i går kveld og lurte på om det var ok for dei at kona kom i staden for han…
Det fekk eg lov til, og så var det bare å skunda seg ned så snart skulen var slutt og krypa opp i stolen. Fantasien min sa rotfylling og krone, men heldigvis var det bare ei fylling som hadde sprukke og delvis falt ut, så dei bora ut litt meir og fylde i ny, så eg fekk ordna det med ei gong, og slapp relativt lett unna. Eg er ikkje den som insisterer på å spara på bedøvelsessprøyter, så eg erklærte meg ikkje smertefri før den tredje sprøyta var sett. Velsigna vere tannlegen min, som fiksa det i ein omgang og bare vart ferdig.
Like etter møtte eg ei eg kjenner som er utdanna lege nede på Bryne. Etter å ha snakka med henne sa eg at ho ikkje måtte vurdera å gje meg slagdiagnose på grunn av den skeive munnen… Eg kunne sjå at ho pusta letta ut. Ho hadde stått og vurdert om ho såg ei ansiktslamming, men ho hadde ikkje tord å spørja…
I ettermiddag har eg laga opplegg til ei opptreden eg skal ha i morgon kveld etter at eg er ferdig på kulturskulen. Eg skal fortelja og lesa dikt i ei stor kvinnegruppe. Eg skal ta med meg diktbøker i tilfelle nokon har lyst til å kjøpa, og har tenkt å selgja to ulike bøker for same prisen som den dyraste. Viss nokon her inne har lyst på det same tilbodet, så kan eg gje det i vekene fram til jul.
Barneboka høyrer ikkje med, det er diktbøkene mine som er på julesal, men eg og Ingrid har framleis att ein del eksemplar att både på bokmål og nynorsk. Dei kostar 200 kr pr stk om nokon treng eit julegåvetips. Eg liker så godt framsidebiletet, og tittelen «God natt», passar og godt i dag. Så snart eg er ferdig med alt eg skal ordna til i morgon, blir det tidleg kveld.

Heidi
For alt me ikkje orka, Gud,
for alt som gjekk i stå,
for alt me ikkje nådde,
og for alt det som me må,
to lys er tend for kraft og mot,
to spinkle lys i mørket står,
så set me oss i ro hos deg,
og søkjer fred for tanken vår.
***
Innleiinga er verset for andre sundagen i advent frå adventsalmen som eg skreiv ein gong for lenge sidan.
Denne gongen har følelsen av å ha tid til å gjera noko eg har lyst til å gjera. Til radiosending frå misjonskyrkja i Oslo klokka elleve vart det bakt kakemenn. Det gjer ikkje noko at eg pr i år ikkje har barn i rett alder å baka i lag med, for resultatet ser heilt av seg sjølv veldig ut som noko som barn som har fått lov til å baka aleine kunne fått til…
Då Sunniva var på studietur i Marokka for det som vel må vera snart fem år sidan, kom ho heim med store mengder safran. Eg var ikkje så van med å bruka safran, men oppdaga ei oppskrift på safranbiscotti som eg har blitt veldig glad i både å baka og smaka på. I sommar brukte eg opp siste rest av dei marokkanske gule godsakene, så i går var eg innom eit apotek for å få nye forsyningar. Eg fekk nesten sjokk då eg skulle betala og det kosta 180 kroner for eit gram. Kakene vart gule og fine, men det spørst om ikkje lussekattane eg skal baka med nokre elevar på tysdag må bli utan safran. Det blir fin farge av gurkemeie og…
Nå står det aniskringler i omnen, for det er Halvard sin julefavoritt. Eg har aldri klart å få dei like gode som dei til tante Gerd, men dei siste åra har eg gjort eit ærleg forsøk.
Akkurat som i fjor, så har eg vald desembersundagen med finast ver til bakedag, så eg har rett og slett ikkje vore ute endå. Heldigvis er det slik at luka inn til det aller finaste i dag har eg ikkje opna endå. Nå skal eg og Ingrid i Storstova for å sjå på Annie. Det gleder eg meg til. Etterpå skal eg treffa Torun, som er heime i helga, til ein kveldstur og litt felles kveldsmat.
Heidi

Eg kan ikkje hugsa sist eg kjende meg så avslappa og roleg. Det å ha lagt ein eksamen bak seg må verkeleg ha ein beroligande effekt. Om ettermiddagen i går hadde eg besøk av eit stk barnebarn som for alvor er i ferd med å erobra kunsten å gå. Det er to månadar sidan ho begynte å ta 2-3-4 steg frå den eine sine armar til den andre si omfavning, men i går tok det skikkeleg av. Me har så stort godt golv å gå på, og gullungen rava fram og tilbake på framleis litt ustøe bein og stoppa opp av og til for å klappa av seg sjølv. – Ho hadde nemleg oppdaga at det å sleppa taket og vakla i veg på eiga hand skapte stor respons hos dei vaksne. Eg unnar henne å starta livet med ei slik klokkartru på eigen fortreffelegheit. Etterkvart skal ho gjera seg mange slags erfaringar, og då er eit positivt sjølvbilete på botnen av alt anna utelukkande positivt, trur eg. Livskunsten ligg i å forstå at ein er unik og har uendeleg høgt verd, men at alle andre menneske er akkurat like viktige.

Kvelden vart brukt i lag med gilde kolleger på Bryne skule på julebord på Jæren kro og motell. Kandelaberlysa brann heilt ned, og eg hadde for lengst gløymt at eg i utgangspunktet var litt trøytt og sliten. Eg jobbar med fine folk. Det er veldig mykje verd.
I dag føremiddag vart det hurtigvarianten av litt julebakst, utbaking av ferdig peparkakedeig. Lukta av peparkakebakst gjer at eg forstår litt betre at det nærmar seg jul. På ettermiddagen var det kvalitetstid med eldstesonen som er langt meir tålmodig på kjøpesenter før jul enn faren er. Heldigvis er eg ingen stor eller pasjonert «shoppar», som det heiter nå for tida, men eg elskar å driva rundt og kikka på folk, bla i bøker inne i bokhandlar, rota rundt på hobbybutikkar og sitja på kafé og sjå meg om. Først spanderte Odd Christian varm kakao på meg, og så etterkvart spanderte eg indisk middag på han. I bilen heim song me amerikanske julesongar nokså høgt og umusikalsk, og hadde til og med eit slags forsøk på «O helga natt», som på ingen måte hadde hatt noko på ei konsertscene å gjera.


I bladkiosken oppdaga eg at i år har det kome ein ny type Donald- julehefte. Eg hadde litt lyst til å undersøkja det nærare, men rekna med at sjangeren ikkje var av det oppbyggelege slaget. Eg landa vel på at eg trur eg liker best dei Donald- forteljingane som finn stad i Andeby. Der kan det nesten ha litt underhaldningsverdi at Donald og nabo Jensen spring etter kvarandre med malekostar i glødande raseri.
Oppbyggelsen kom om kvelden då me leita oss fram til to program om lyrikaren Hans Børli på NRK 2. Han skriv så utruleg fine dikt, og er ein av mine favorittar og inspirasjonskilder når det gjeld skriving. Eg unnar oss litt av det han har skrive, for det har ikkje vore så veldig mykje språkleg fordjupning på adventbloggen for i år.
***
Nei da – det er ikke vanskelig å skrive dikt,
det er umulig.
Tror du ellers jeg hadde holdt på med det
i over førti år?
Prøv bare, prøv
å sette vinger på en stein, prøv å følge sporet etter en fugl
i lufta.
Hans Børli
Under stjernene
Det er farlig å stirre
for lenge på stjernene.
Når du atter senker*blikket mot jorda,
ser du stjernene,
de kalde stjernene-
gjennom din brors hjerte,
bak din elskedes ansikt.
Og alt blir så håpløst
håpløst
fordi du har sett inn i den store stumheten
bakenfor tingene.
Hans Børli
Bønn for drømmen
Jeg frykter den kalde,
alt for kloke tenken.
Den som borer så presist,
roper så høgt på sannhet-.
Jeg ber for Drømmen,
det gåteblå sløret
som skjuler sannhetens
arrete ansikt.
Ja, jeg ber for Drømmen!
La meg lenge få tro
at suset i skogen er noe mer
enn et fysisk fenomen:
Grenenes friksjon
mot strømmende luft.
Hans Børli
Heidi