Gå til innhald

Første feriedagen

Første feriedagen vart ein tjuvstart. Sidan eg jobbar heime på fredag og Leif og kunne ordna seg fri, sette me oss i bilen med kurs for gebursdagsfeiring i Bærum.

Det er så fint over fjellet nå, men i går var det iskaldt, seks grader og regn på det kaldaste, så første utestopp vart Dalen i Telemark med varm lunsj på ein bryggje restaurant. Me sat under regnmarkisa og åt i regn.
IMG_20190621_134255_180

Det var ein god dag til å sitja i bilen og strikka. I Bærum var det sol då me kom fram, men regnet nådde oss det og. Me fekk verdens varmaste velkomst med nyplukka markblomar, reker og norske jordbær.

Det venta til og med ein nysydd kjole til mormor og to til veslegull. Hotell i særklasse.

IMG_20190622_084303_598

Og så vart det årets lysaste natt. Synd at me må sova…

Heidi

Stuntpoet på sykkel

IMG_20190619_195354_829

Etter ein lang ettermiddag der eg til slutt kom i alle fall nesten i mål med noko eg ikkje er så veldig flink til, nemleg å rydda meg ut av eit skuleår, få levert timelister og laga fakturaar og reiserekningar, så var det deilig å bruka kvelden på noko heilt anna.

For ganske lenge sidan vart eg spurt om eg kunne tenkja meg å dukka opp på ei personalavslutning ute i ein hage for å lesa dikt for to flotte kolleger som skulle gå av med pensjon og i tillegg lesa nokre sommardikt for heile forsamlinga. Slike utfordringar fell eg ofte for fristelsen til å svara ja til, og det var veldig triveleg å gå inn i rollen som bekymringslaus stuntpoet etter å ha jobba meg stuptrøytt og klar for ferie. Sidan det eine temaet var overgangen til noko heilt nytt, måtte eg setja meg ned og skriva litt om tersklar og dører.

Tersklane i livet
kjem ofte før du anar det,
Du har hatt det så travelt
med vegen,
med alt du skal bera med deg,
og alle du skal ta vare på
så du har mest ikkje rukke
å oppdaga kva som skjer
før du står der og skal opna
døra til alt det nye
løfta ein fot om gongen
og trø over terskelen.

Du veit det vil visa seg
sånn etter kvart
kor livet og tida
skal ta deg hen.
Det skal bli bruk for
den du er
når minutta og timane
kjem for å omfamna deg,
for å ta i mot deg,
for å bruka deg,
for å bera deg vidare.

Men først er det tida
for å snu seg litt
smila til alt som har vore,
trekkja pusten djupt,
og kjenna til di glede
kor mykje du har å ta med deg
før du langsomt opnar døra
inn til neste kapittel,
før du som i undring løfter føtene
og rett og slett bare trør over terskelen
og blir klar for nye rom
og nye vegar.

*
Ei handfull sommardikt som eg har skrive for lenge sidan måtte eg og ha med,
eg trur jammen eg byr på eit par sommardikt her og sidan eg er så godt i gang.

Sommarvelsigning

Måtte du få møta deg sjølv att
med sol på ryggen
og sand under føtene.
Måtte rabarbraen knasa
surt mellom tennene dine,
måtte hendene dine bli fylde
av svarte solbær
og luktene frå eit nesten nedbrend bål.
Måtte auga dine
bli fulle av sommarvarme
slik at du vågar å sjå.
(Frå «Eg høyrer heime i livet», 2017)

Særleg i valmuevekene

Særleg i valmuevekene,
dei sanseleg raudoransje
med svarte munnar
skal me finna einannan att.

Vest for engene,
like ved fjøresteinane,
kviskrar bølgjene,

om det hemmelege
til strandnellikane
som engsteleg klamrar seg fast
i trulaust drivande sand.

Særleg då skal eg hugsa
at det er deg
eg skal dela jordbæra mine med.

Me skal fylla sansane
med mogen sommar
og eta.
(Frå «Fotnoter i sanden», 2012)

Heidi

Midtsommarkvinner

IMG_20190618_210401_124

Dette er ein hyllest til dei lysaste nettene i året og til alle dei utruleg flotte damene eg kjenner. Den siste veka har vore full av treffpunkt og levande gode samtalar med kloke venninner. I sist veke hadde eg ein fin kveld med Astrid og Marit på Møllehagen. Me sykla dit i sommarregn og åt fiskesuppe og annan god mat medan me hadde tid til verkeleg å snakka saman for første gongen på lenge.

På fredag reiste eg til Sirdal i lag med Jane og Karin for å besøka Rita. Det er så fint å kjøra bil gjennom desse fantastiske junilandskapa. Når me reiser heim etter midnatt er det framleis ikkje mørkt ute, og når eg køyrer siste strekningen aleine og kjem heim klokka halv tre om natta er himmelen i ferd med å lysna til ny morgon. Det er fint å bruka ein lang kveld med venninner eg har kjend sidan i første klasse då me møtte opp til det store nye kapittelet i livet med kvite knestrømper og nye ranslar på ryggen med fine pennal og nye emaljerte matboksar.

På sundag var eg på damelunsj hos Astrid i sommarsol. Me sat rundt eit langbord med blomar og åt god mat medan me snakka og snakka og song litt innimellom.

IMG_20190616_195018

I går var me i eit sommarhus nede i havgapet der Magni hadde plukka store bukettar med markblomar og serverte rømmegraut og spekemat etter vestlandsk jonsoktradisjon. Det var så fint å sitja og kikka ut på dei eigentleg ganske grå veret som på ein merkeleg måte gjorde grønfargane ekstra grøne og havet ekstra fullt av denne eigenarta roa som kjem til meg i takt med bølgjeslag. Det var så fint å sitja og snakka at me nesten gløymde at me måtte koma oss heim og i seng.

IMG_20190617_230639

Kari Bremnes har skrive om «De halve setningers gudinner, som er venninner…» Kanskje det er det at me ikkje lenger har store flokkar med barn rundt oss som krev halve merksemda, for eg opplever at me meir og meir blir «heile setningars venninner», at det blir meir tid til refleksjon og ettertanke etterkvart som åra legg seg langs ryggrada og kring tankane.

Ein gong høyrde eg nokon uttala at det at kvinner visstnok er mindre utsette for einsemd og alvorlege depresjonar enn menn, skuldast syklubbane. Eg veit ikkje om det stemmer. Eg veit ikkje ein gong om det er sant at kvinner er mindre einsame enn menn, men konklusjonen om syklubbar og psykisk helse har eg tru på.

IMG_20190616_194511_771

Og skuleåret tikkar mot sin ende med alt som høyrer desse vekene av året til. Det er tradisjonelle ryddeprosessar, denne eigenarta rytmen som er veldig travel og veldig tilbakelent på same tida. I denne veka har me hatt den tradisjonelle fotballkampen mellom lærarar og sjuande klasse, tradisjonen tru med småsur vind og regn i lufta. I går fekk eg for første gong lov til å vera med i dommarpanelet i finalen på «Brynetalenter», den årlege litt uhøgtidelege talentkonkurransen som elevane våre kan melda seg på.

I morgon skal me sykla heilt til sjøen, og vermeldinga er så pass vennlegsinna at det ikkje skal begynna å regna for fullt før me er omtrent heime. Me får kryssa fingrane for det. Me lærarar er sånn ca like trøytte som me alltid er den siste veka, og elevane er om lag like klare for ferie som dei på si side pleier å vera. Måtte dei siste dagane me har i lag bli gode og fine.

IMG_20190618_210053_721

Heidi

Skrivetur til Stavanger

IMG_20190615_142353

Stikk mot det som var blitt lova av vêr tidleg i veka, så fekk eg ein fantastisk varm og fin sommerdag i Stavanger i lag med skrive-elevane mine i går. Sidan me skreiv alle saman, så kan eg jo bruka tekstane eg skreiv som blogginnlegg. Det er kjekt med alt som kan brukast, så her kjem ein bukett med små Stavanger-observasjonar frå i går:

Tangotonane dansar over Breiavatnet som er fullt av svaner.
To menn, ein fiolin, ein gitar og ein CD-spelar underheld forbipasserande, og oss som har funne oss ein benk. Måkane skrik glupske skrik og domkyrkja står der, bada i velsigningar frå sommersola som kjærteiknar fiolinar, hender, ansikt og sjeler.

*

Spødekånene er ikkje på torget lenger.
I staden kan du kjøpa deg chutney, relish,
pickles eller jordbær-eddik
frå dragetoppen.no
med fri frakt på kjøp over hundre kroner,
eller du kan ta med deg smagrønt eller microgreens
frå Litlestøl, det lille ville,
eller kanskje krotekake og smurde lefser frå Ryfylke?
Eller kva med Madam Köhlers rabarbrasaft?

Alexander Kielland, framleis tilknappa
i den lange varme frakken sin,
stirrar stoisk ned på
seilskuter, Home of the whoppers,
Fish and cow og Illums bolighus.
Han står der urørleg med måkeskit på flosshatten
og eit tålmodig skråblikk over torget
der tatoverte damer med singlet og latextights
nyt sola i lag med oldemødrer
med kvite handvesker og irrgrøne sommarhattar
og småjenter med papirkroner frå hamburger-restauranten
kjekt kneisende over stripete sommarkjoler.

Luktene av søndagsmiddag frå barndomen,
steikt kjøt og brun saus,
blandar seg med salte eimar frå havet
medan ein måke med nebbet fullt av pommes frites
flyg lågt forbi ein farfar
med vinterkvite legger mellom sandalene og khakishortsen.

Er det sommar i dag?
spør eit barn som går forbi.
Ja, i dag er det sommar,
svarer mormora og klemmer kjærleg rundt barnehanda.

*

Korpsfest utanfor kulturhuset.
Ein tiggar i lange skjørt ristar pappkruset sitt.
Sola glitrer i kornettar og tromboner.
Ein mann med dette stavangerske tonefallet
som kunne mistolkast som litt sutrete
møter ein venn utanfor Mc Donalds.
Nå har eg vore og kjøpt meg do-nøtter
seier han og viser fram posen.

*

Plakatar i hamna om reker og nykokt krabbe.
Seglbåtar og veteranbåtar.

Eit mannskor høgt oppe på dekket
syng til kompet frå ein høgtdunkande båtmotor:
Whisky here
and whisky there,
I drink whisky everywhere,
whisky for my red red nose,
and whisky for my journey.

What shall we do with the drunken sailor
earlay in the morning?

Så må me ha det litt løye og,
seier dirigenten før koret blir slått inn igjen:

I kissed her on her west side,
syng solisten
Å ho-ho-ho-ho-ho
svarar koret.

Den norske sjømann er
et gjennombarket folkeferd…

Kva er det med meg
og aldrande songarar med kvite korluer?

Skal me gå vidare
og finna ein ny plass å skriva,
spør jentene,
det skal me;
svarer eg
og slit meg laus.

rrem

rrem

Heidi

Bare ei veke att av skuleåret

nor

nor

Ein eller annan gong skal eg vera klok og forutsjåande og ha gjort alt forefallande i god tid slik at eg kan surfa gjennom dei siste vekene på ei bølgje av late dagar og vennlig overskot for så å koma lukkeleg og utkvilt over målstreken til ferien…

Heilt sånn vart det ikkje i år heller, men nå har eg jo kunna unnskulda meg med at eg hadde eit og anna å henga fingrane i når eg ikkje var på skulen og… Det går alltid så svimlande fort på slutten, og det er alltid så mykje som skal ordnast. Dette året skal eg verken byte kontorplass eller klasserom, så sånn sett er eg i ein luksussituasjon… Nå er papirarbeidet unnagjort, trur eg, og bare ryddinga står att. Eg jobbar på trinn med gode og ryddige menneske, så det å samla inn bøker telja opp osv, slepp eg og lett unna i forhold til når eg styrde min eigen butikk og måtte finna ut av det sjølv når noko ikkje gjekk opp… Det burde med andre ord vera overkomeleg. Eg skal ta i mot utsjekkslista med rak rygg og entusiastisk kryssa av på at alle papir er leverte, alle rom er rydda, arbeidsplassen er reinslikka, alle jakkar fjerna frå garderoben, vaktvesten teken heim for vask og kaffikoppen teken ut av skapet…

Denne veka hadde eg bokslepp i lag med dei flinke skriveelevane mine. I år har eg bare hatt fem elevar, fem flinke jenter frå ungdomsskulen og vidaregåande skule. Til neste år blir dei litt yngre, for eg veit at det er sjuandeklassingar som har søkt. Det er kjekt at det kjem med nye. Eg tek inn maksimalt ti elevar om gongen, for då har eg sjanse til å fylgja dei godt opp. Eg er stolt over det dei har fått til.

IMG_20190611_230957_779

Me var i lag med kunstfagelevane som hadde utstilling i mølla. Det er veldig kjekt med samarbeid, og eg lar meg verkeleg imponera over elevarbeida deira. Her er eit lite utsnitt av det eg såg.

Eg er så glad for å ha ein liten jobb i kulturskulen. Eg synest rett og slett at breidden der gjer at me har eit veldig godt tilbod til barn og unge på mange ulike fagfelt. Utan å blunka kan eg og seia at kollegene mine der er utruleg dyktige. Eg er jo rimeleg ufaglært i både dans og musikk, så eg lar meg imponera noko voldsomt over kva enkelte menneske kan og får til med barn og unge. Det er godt me er ulike, for saman får me til det meste. Det er vel i grunnen slik med det meste her i livet.

På laurdag skal eg ta med skrive-elevane på skrivetur. Det gjer me minst ein gong i året. Då set me oss på toget, går av ein utvalg plass med skriveblokk og blyant og prøver å festa alt me ser av liv og rørelse til papiret. Det pleier å vera veldig kjekt. Det ser ut til at veret og vil vera oss vennleg, slik at regnet ventar til me er akkurat vel heime att…

I kveld skal eg nyta ein av dei lyseste kveldene i året i lag med gode venninner frå barne- og ungdomsskulen. Det gleder eg meg til. Dessverre går eg glipp av personalavslutninga før sommaren, for den første datoen var avtalt først. Det er litt trist at eg framleis ikkje har klart å læra meg kunsten å forlenga døgna eller å vera to plassar på ein gong. Eg har aldri likt å gå glipp av noko.

IMG_20190614_113540_978

Nå skal eg snart gå ut og sørga for å ikkje gå glipp av junidagen der ute. Eg tenner eit lys for ein eg bryr meg om som har det vanskeleg. Det kan få lysa her for alle andre som og treng eit ekstra omsorgslys akkurat i dag.

Heidi

IMG_20190608_095535_188

Junidagar

IMG_20190608_230602_838

Junidagane er så metta av inntrykk, dei sterka fargane, luktene og dei lange lyse kveldane. På same tida er det kanskje dei dagane av alle eg kjenner som er mest fulle av tørst og lengt. I juni er dei av oss som jobbar som lærarar nesten alltid litt ekstra slitne og søvnige, samtidig som eg trur veldig mange menneske på denne tida blir overvelda av ein veldig livsappetitt. Lyset og forsommaren får oss til å lengta etter tid til å verkeleg la seg fanga av sommaren og me blir samstundes redde for å gå glipp av noko. Alt er så fullkome nå, samstundes som me så gjerne vil at den varme sommaren skal finna oss, på same tida veit me at «snart snur sola», noko det alltid er nokon som kjenner seg kalla til å minna oss andre på, i dette tilfellet meg…

nor

nor

Etter å ha skrive her kvar dag i mai, er det mange inntrykk som har hopa seg opp utan å finna vegen til tastaturet nå i juni.

Eg kunne ha skrive om den merkelege torsdagen med ekstra mykje ver. Den som begynte med det heftigaste høljeregnet i manns minne, og med toreskrall som gjalla i bygningane på skulen og som midt på dagen bydde på 25 grader og ein varme som gjorde det nesten ubehageleg inne i klasseromet. Det varierte mellom vindstille og veldig kraftige vindkast. Om ettermiddagen henta eg barnet og gjekk ein lang tur med barnevogn. Me kjøpte boller og drakk kaffi på torget og ho kommenterte ivrig alt ho såg.

nor

nor

Barnet har flytta ut. Først foreldra, så barnet og til slutt hunden. Nå er det stort og romsleg i huset vårt. Nesten litt for stille og nesten litt reint og ryddig. Det er rart å vera «barnlaus» sjølv om ho bur veldig nære og sjølv om me har sett henne nesten kvar dag. Eg lengtar etter å ha henne rundt meg til ei kvar tid, og eg saknar tyngden på fanget mitt og hodet hennar mot halsen min. Ho blir overraska når ho blir henta i barnehagen og ikkje skal «heim» til mormor og morfar, og då eg spurde om Oscar, hunden, var heime, svara ho «Nei, Oscar huset». Det tek nok litt tid for oss alle å innsjå at «huset» er blitt «heime» og «heima» er blitt «huset til mormor og morfar». Me skal henta henne i barnehagen både i morgon og på onsdag, så det er på ingen måte synd på oss. Kanskje me til og me «må henta noko» i «huset» i ettermiddag slik at me får oss ein klem på kjøpet. Nå skal me reorientera oss til ein ny måte å leva på og håpa at dei tette banda er ein bonus me får ta med oss vidare. Meir enn noko så er eg utruleg takknemleg for at sambuarskapet i «familiekollektivet» i meir enn fem månadar gjekk heilt problemfritt og var bare kjekt.

nor

nor

Eg begynner å landa i tilværet som «kompetanseheva norsklærar» som ikkje treng å tenkja eksamen og oppgåver lenger. Eg er rett og slett ferdig og kan undervisa i norsk så mykje eg måtte lysta utan at nokon kan ta meg på manglande kompetanse. Sett i etterhand så er eg veldig glad for at eg har gjort dette. Eg tenkjer til og med at eg opplevde studiet som både kjekt og interessant. Eg har allereie nesten gløymt kor travelt eg syntest det var på slutten. Det er nok noko ein må ta med på kjøpet som student langt opp i femtiåra at det ikkje er så lett å ta lett på det. Eg la nok i overkant mykje krefter ned i oppgåveskriving og mappeeksamen, men det er jo då å håpa at eg har fått ekstra stort læringsutbytte av det. Eg er meir gira enn nokon gong på å vera norsklærar, så eg ser ikkje vekk i frå at eg kanskje blir meir norsklærar enn spesialpedagog den siste bolken av lærarlivet mitt, men slikt får tida visa…

IMG_20190607_152011_531

Dei siste vekene har eg fått sjanse til å ta igjen litt forsømt sosialt liv.Det har vore kjekt å ha besøk og å gå på besøk. Her er Torhild på sommarbesøk i utestova.

IMG_20190606_001054_803

Og denne fantastiske fruktsalaten fekk eg av Guro.

På pinseaften vakna me til lyden av heftig regn. Eg fekk bilete av at nokon i familien hadde laga seg pannekakefrokost. Det gav inspirasjonen til pannekakefrokost nesten litt ute i regnet…

IMG_20190609_130757_753

I går var me på ein veldig fin pinsegudstneste i Bryne kyrkje. Av og til blir eg fylt med ein spesiell forventning om å få med meg noko ekstra fint når eg går til kyrkja, og slik var det i går. Stein hadde fine pinsetankar frå preikestolen, Birgitte Berg Njå spelte fantastisk fint på trompet i lag med Per Olav på orgel og Holger Lissner sine salmetekstar var inspirerande. Eg fekk lyst til å skriva ei ny pinsesalme med ei bøn om å få styrke til å bevara den fantastiske jorda me har og om å bevara kjærleiken i tider der det trengst ekstra mykje.

nor

nor

Desse syrinane står i ein hage i gata vår. Dei luktar så heilt fantastisk godt at eg vurderer å bli syrineigar. I går inkasserte eg ein veldig fin presang eg fekk av eldstesonen på dagen min i mai. Han inviterte til ein rundtur på hagesenter med mellom anna ein busk til hagen som skulle vera presangen frå han. Eg vurderte å kjøpa meg syrinbusk, men det ende opp med ein bringebærbusk som han skal koma og planta i kveld. I fjor fekk eg ein solbærbusk og året før ein ripsbusk, så nå blir det i beste fall bær i hagen vår.

I dag har eg fått ordna dei siste tinga som gjer at eg nå er ajour på jobb med papirarbeid og rapportar som eg har skubba litt framfor meg fordi det har vore så travelt. Det kjennest godt. Eg hadde den snodige opplevinga å sova i nesten ti timar i strekk i natt. Eg vakna forvirra klokka halv elleve. Eg hugsar ikkje sist eg sov på den måten, så eg må ha hatt ein del søvn å ta igjen. Ute ser det ut som om sola skin, så det får bli ein tur ut etter at me har ete meir av den gode baccalaoen Leif laga i går. Då inviterte me Mohab frå Syria som bur i leilegheita vår på middag og heimelaga rips-is. Det er interressant å diskutera med han både forholda i Syria, det å vera flyktning i Norge og islam i møte med kristendommen. Eg blir berika av å kjenna fleire muslimar ganske godt etterkvart. Eg synest det gjer meg klokare og opnare å møta menneske ansikt til ansikt og på den måten få vita meir om korleis det er å vera dei. Eg er meir og meir sikker på at dialog, samtale og opne personlege relasjonar kan vera med på å gje menneska ei betre framtid same kven me er, kva me trur på og kva meiningar me måtte ha om det eine eller det andre. Me må koma oss ut av ekkokammer og låste oppfatningar av livet og læra oss til å bli flinkare til å lytta.

ptr

ptr

Heidi

3.juni

IMG_20190603_194607_803

Det var vore intense dagar. Studiet er fullført. Karakterane er sette,og vitnemålet kan lastast ned. Det følest uverkeleg at eg verkeleg er ferdig etter ein veldig travel sluttspurt. Det var herleg med langhelg, den vart òg av det innhaldsrike slaget med flyttesjau for dei som flyttar ut Den mest naturlege posten for ei mormor som verken er effektiv utvaskar, flyttemanskap eller handverkar er å vera barneansvarleg. Det har eg kost meg veldig med å vera heilt fram til i kveld. Då flytta barnebarnet ut etter drøye fem månader hos mormor og morfar.

Nå er det tomt i huset. Fem bebuarar med hund og katt er blitt to bebuarar med katt. Det er stille her. Nå er det jo ikkje slik at dei akkurat flyttar til Australia eller Kina. Me kan framleis sjå kvarandre kvar dag viss me vil, og barnesenga skal få stå der ho står.

Eit par linjer sviv i tankane mine. Kanskje det blir ei vise eller noko slikt;

Juni på Jæren mæ jompar onna jakken i dette velsignade lyse,
Me sko vel ha lagt osse, snart æ dæ nått, men me går hær i lyse å fryse…

Omtrent sånn eller noko liknande… Eg skal òg skriva noko om å bada i vipeskrika og svarttrastsongen i det irrgrøne lyset i mai. Eg må bare få sove meg inn litt og få dagane mine stramma opp til å bli rolege og romslege med plass til kreativitet.

IMG_20190601_190303_595

31. mai 2019

IMG_20190528_184254_573

Det er alt siste dagen i mai. Nå går året for min del inn i ei ny og rolegare fase. Livet har vore utruleg hektisk den siste månaden. Eg konstaterer med ei viss lette at alt har gått bra, eg har klart å ta ned dei ballane eg hadde kasta opp og hadde intensjonar om å få trygt ned att, og alt har gått bra.

Dei tre yngste som har budd her sidan jul er på flyttefot, det er rart og litt vemodig. Samtidig så er eg glad og takknemleg for at «bukollektivet» har fungert over all forventning, og at me har fått oss fem månadar som «med-foreldre» med dagleg tett kontakt med eit lite menneske som er i ein fase i livet der ein utviklar seg i eit tempo ein nok aldri kjem i nærleiken av seinare.

Som den språknerden eg er, må eg stolt fortelja at i går då me var ute og gjekk tur kom ho med sin første fullstendige heilsetning… Me gjekk forbi bekken som renn langs mølla og ho sa «bada?». Eg trudde ho refererte til endene som me ofte har snakka om i det området, «Gakk bada!» og forklarte at i dag var det ingen «gakkar» som bada akkurat der, og at dei nok var lenger oppe i dammen. Då såg ho nesten litt irritert på meg og presiserte med trykk på det første ordet: «Iben vil bada!» Sidan det ikkje var ein veldig god idé at ho skulle få lov til det der og då, vart ho ikkje belønna med handling. I staden tenkte eg at det måtte eg skriva ned slik at eg kunne bruka det i ein konfirmasjonstale, så nå har eg gjort akkurat det i denne teksten her…

I dag har eg så smått begynt på prosessen «Å ta igjen det forsømte», noko av det som alltid fylgjer etter ekstra travle periodar. Me får ta det roleg litt etter litt. For første gongen på det eg kan hugsa unna eg meg å lesa aviser mens eg drakk morgonkaffien. Så kokte eg rabarbragraut av resterande rabarbra etter paien i går. Eg fekk eit halvhusmoderleg innfall om at det var for gale å kasta dei seks skrukkete nektarinene på benken som nokså sannsynleg ingen kom til å eta, og eg skar dei i bitar for å laga ein slags nektarinmarmelade. Så langt er innfallet nesten imponerande, men fordi eg hadde noko anna eg ville gjera mens syltetøyet kokte, så ende det med at det svidde seg. Prosjektet bar altså ikkje med seg noko meir enn at eg fekk ei gryte eg skal få anstrenga meg for å få rein, men eg prøvde i alle fall…

Nå har eg kikka på sundagsskuleteksten eg har ansvaret for på sundag og har gjort eit par andre småting eg hadde lova å få gjort i dag. Nå skal eg få unna litt klesvask før det blir nokre timar med barnebarnet før me skal ut på besøk i kveld.

Og med dette har eg teke ned denne ballen og… Maibloggen for 2019 kom eg i mål med akkurat som eg hadde håpa.

Heidi
.

30.mai 2019

IMG_20190530_223036_399

Ein skikkeleg mormordag har eg hatt med bygging av duplobyggverk og god tid. Ein lang spasertur med vogn vart det og. Gullungen kommenterer alt me passerer, og eg prøver nå å nyansera samlebegrepa»gakk» og «pipipipp» til «foggel» , «måke» og «kråke». Eg observerer utviklinga med vidopne øyrer og auge og let meg verkeleg fascinera av å vera vitne til koreis både språkutviklinga og evna til rolleleik eksploderer akkurat nå.

Den lyse, men nokså kalde kvelden har me nytt i lag med gode venner ute i hagestova med varm suppe, heimelaga rundstykke, kaffi og rabarbrapai. Om mindre enn eit døgn har me gått gjennom døra til sommaren det tre lyse månadar ligg og ventar på oss. Lenge trudde eg at vår og haust var favorittmånadane mine. Dei siste åra har eg oppdaga at eg rett og slett er eit sommarmenneske.

Heidi