Gå til innhald

Sommar på Jæren

A7660A3A-7390-4AF4-A00E-D34F7C6935F2

Me hadde vald den finast tenkjelege dagen å dra på tur med elevane våre. Etter eit intensivt sykkelkurs på sykkelgarden på måndag, fann me ut at dei var klare for ein liten langtur til Wiighola og stranda nedfor der.

Me samla dei i to puljer, stilde dei opp på lange rekkjer og formante om ansvarleg sykling. Mesteparten av vegen er det sykkelsti, men med så mange syklistar på ein gong er det og ei utfordring. Så sykla me på rekkje og rad gjennom sommaren. Jærlandskapet var allereie fullt av markblomar, nokre stadar hadde dei slått åkrane allereie. Det lukta fjos og gras og nyutsprungne tre. Eg tenkte at det kan ikkje vera mange stadar på jorda det er vakrare enn her, og når sommaren til og med kjem innom og gir seg til hos oss i mai månad, så er det nesten som ein ikkje kan vera innomhus.

Me lurde litt på om turen ville vera lang for dei, men dei aller fleste klarte det kjempefint og meinte dei kunne ha sykla lenger om det trengdest. Det var lite syt å høyra.

 

Etter ein pause i Wiighola sykla me ned til stranda. Det var lagt opp til at dei kunne bada, og dei aller fleste hadde med badetøy. Under streng overvaking fekk dei bada i puljer og dei tre mannlege kollegene mine var tøffe nok til å gå uti alle som ein. Vatnet kjendest iskaldt med det same eg vassa uti, men etter ei stund fann eg ut at med tretti varmegrader i lufta, så kunne det i grunnen ha frista litt med eit bad. Eg trur det er kjempebra for ungane å vera saman med lærarane sine og gjera noko heilt anna enn vanleg skule av og til. Det er då me har sjansen til å bli kjende utan å vera i klasseromsrammer heile tida.

Om nokon skulle synast dette høyrdest i overkant sukkersøtt og rosenraudt ut, så kan eg jo ta med at sjølvsagt skjedde dei vanlege tinga og litt til. Me hadde punktert sykkelslange, kjettingar som hoppa av for eit godt ord, pedalar som ikkje haldt seg på plass og store skrubbsår på kne. Nokre fekk kleda sine vaska over av ein brottsjø mens dei bada og nokre kom heim skada. Eg håpar likevel at alle saman fekk kjenna gleda over å vera på sykkeltur. Eg veit at nokre barn engstar seg for slike turar, og for oss vaksne er det ei stor utfordring å få det til å bli kjekt for alle slik at dei blir tettare knytta til oss og klassekameratane og slik at dei får gode erfaringar med å vera ute i naturen på sykkel eller til fots.

Det eine me ikkje får lov til å klaga på i dag er veret. I mitt skuleliv frå eg begynte på skulen som sju-åring og fram til nå kan eg aldri hugsa så fint ver på ei skuletur. Du all verda for eit landskap og for ein natur me bur i.

Heidi

 

 

 

Sommarregn

43B370E2-E584-48A7-8644-AA3BC3DA550D

Etter ein varm ettermiddag begynte det å regna. Så kom toreveret. Då eg sat og skreiv i lag med elevane på skapande skriving blinka lyna i kapp med torebraka og regnet hølja ned. Då eg om ut nokre timar seinare var dei lukka sykkelveskene fylt langt opp av sikkert fleire liter vatn, men det hadde nesten slutta å regna. Det var friskt å sykla heim og det lukta så godt av bjørk og syrin og gras og konvallar og alle desse luktene som kjem ein varm forsommaekveld etter at det har regna,

Himmelen var nesten svart, men sola braut gjennom og sette eit dramatisk scenelys på gatene. Det dundra lågt av toreslag langt vekke og antydninga av ein regnboge kunne skimtast. Eg måtte ut ein tur og fotografera litt. Bileta er tekne ein gong mellom ni og ti om kvelden, trur eg.

Heidi

 

 

 

Elvira Huskestuen blir sykkelinstruktør

Eit gammalt visdomsord mellom lærarar er «Du lærer så lenge du har elevar». I dag vil eg vri litt på uttrykket og seia «Du lærer så lenge du er lærar». Det er nemleg ikkje alltid først og fremst elevane som er utfordringa, det er er alt som følger med… Utan at eg var lærar er det slett ikkje sikkert at eg hadde funne meg sjølv på ei kursrekkje før folk som skal læra seg å bruka i-pad. Det har vore ei nyttig øving i å vera den svakaste i klassen. Visst har eg lært noko, og viss har læringskurva vore bratt, det er bare det at nesten alle saman skjønar det me skal gjera så fort. Eg er glad for at eg ikkje skal plasserast på Gauss-kurven i ein slik samanhang, det kunne fort gå på sjølvtilliten laus. Eg ville nok heller aldri entra Otra for å padla på tur med elevar viss eg ikkje hadde blitt tildelt ansvaret for å vera leiar i ein slik båt. Det har eg gjort i to omgangar, begge gongene på leirskule. Fru Huskestuen har derimot sagt nei til å vera med på elverafting i stryk dei same to gongene med unnskuldninga at det er fint å visa elevane at det er ok å ikkje gje etter for gruppepress når ein er ukomfortabel med ei handling…

I dag venta nye utfordringar. Me skulle til sykkelgarden med elevane. Der skulle me operera i smågrupper der ein vaksen hadde med seg ca fem elevar kvar, for å få dette til å gå opp hadde me alliert oss med velvillige foreldre. Vel framme på sykkelgarden møtte me eit traffikklandskap bygd opp med små lyskryss, ei rundkjøring og vegar med skilt der ein skulle fylgja skilt og trafikkleglar og øva på å halda vikepliktreglar og visa retning og teikn med armbevegelsar.

Då me kom fram og vart utstyrte med kart og instruksjonhefte rundt halsen, såg eg til mi forferding at dei vaksne syklane var herresyklar med stong og med begge bremsene på styret. Eg veit ikkje om det er tre sykkelulykker i barndomen, to av dei av den typen med mykje blod og sting i panna, den eine gongen søm utan bedøving, det meinte legen at eg ville læra mest av, som har gitt meg ein varig sykkelnevrose. I alle fall så veit alle i familien min at eg nektar å sykla på herresykkel med stong, og at eg må overtalast godt og lenge før eg vågar meg ut i trafikken med ein sykkel utan pedalbrems. Eg prøvde å seia forsiktig at eg ikkje var så vant med å sykla på herresykkel, men eg fekk vennleg beskjed om at det var nå dei syklane dei hadde.

Då elevane kom fekk eg vita at eg og mine elevar skulle begynna på ein post som vart kalla «Brattebakken» der elevane skulle få øva på hensktsmessig bremsing på sykkel i ein bratt bakke med høg fart. Me fekk og høyra om ein bestefar som nesten hadde skamslått seg i den bakken fordi han ikkje var vant med den typen bremser, og hadde havna utfor ein skrent. Eg fann ut at eg fekk krypa til krossen med mine manglar og feil og fortalde instruktøren at eg hadde ingen lyst til å driva eksempelsykling ned brattebakken på herresykkel med bremsene på styret. Heldigvis fann eg nåde, og fekk stå og gje oppmuntrande ord til elevane før dei sykla utfor ein og ein etterkvart som instruktøren gav teikn til dei. Eg fortalde til og med instruktøren om den gongen eg sykla inn i ein husvegg på lånt herresykkel fordi eg fekk panikk då sykkelen ikkje bremsa då eg tråkka bakover, og fordi føtene sat fast i pedalane med slike metallbøylar då eg skulle prøva å hoppa av i fart. Eg spelte på at det hadde liten hensikt å smitta elevane med min skrekk og fekk snakka meg til å sleppa heilt unna brattebakken. Nå skal det seiast at brattebakken var langt i frå så bratt som det eg hadde sett for meg i fantasien og at skrenten besteforeldre sykla utfor ikkje var så høg… På neste post som var balansetrening, såg eg det nesten som ein fordel at læraren strevde like mykje som elevane med å sykla slalåm mellom kjegler og halda seg innanfor kvite streker i presisjonssykling.

Fru Huskestuen fekk utfordra komfortsonene og hadde snart ei slags meistringsoppleving av å få til å sykla på den skumle sykkelen… Etter end opplæringsøkt takka ho dei ansvarlege for eit godt opplegg og gjekk med heva hode inn i bussen i lag med elevane…

Heidi

27. mai

EE8069FE-4A88-4212-877F-95FAE2F9E858

Eg hadde noko eg absolutt ville gjort ferdig før eg la
meg, men datamaskinen har hengd seg heilt opp og står bare og sviv. Han er kanskje rett og slett meir fornuftig enn meg og veit at det er måndag i morgon…

Eg torer rett og slett ikkje erstarta, for då er eg redd eg mistar timesvis av arbeid. Den einaste fornuftige løysinga blir å hurtigblogga på mobilen og koma meg i seng.

Dagens to kulturopplevingar var økumenisk gudsteneste på torget i dag i høg sommarvarme med eit smilande barnebarn i vogna, og ein fantastisk fin konsert i kyrkja i dag med innviing av nytt flygel. Eit stort kor med mange eg kjenner framførde «Visst skal våren komme» av Eyvind Skeie og Sigvald Tveit. Med veldig dyktige solistar og musikarar vart det ei sterk oppleving.

Dagens gåte kjem her: I dag morges hadde nokon sett fine hageblomar på trappa vår med eit kort der nokon gratulerte med bryllupsdagen. Me har ikkje klart å tolka signaturen nederst på kortet. Me har allereie takka ein feil person, og det er jo litt pinlig for begge partar… Dersom gjevaren les dette, vil me gjerne ha tak i rette vedkomande slik at me kan takka fint… 🙂

Heidi

26.mai

Dagen i dag er ikkje bryllaupsdag, gebursdag eller heilagdag av noko slag.
Likevel er han spesiell. Det er laurdag, sommardag, Jærdag og mormordag.
Han har vore oldeforeldredag og, for me har drukke kaffi på terrassen til foreldra mine med barnebarnet på fanget, og fotografert sommaren.

Me har ete rømmegraut og lese aviser i glashytta. Eg har skrive inn ein del tekstar. Det er på tide å ta ein fin dag inn for landing med eit av dei finaste dikta eg veit om. Kanskje eg ikkje burde innrømma det, men eg er av den typen vaksne som djupast sett er veldig svake for løvetenner… 

 

LØVETANNENS BØNN

Blås på meg, barn!
Fang mine stigende stjerner
og kikk på min gule sol
– som brenner i gressets grønne himmel –
med alle du undrende øyne.

La de små barn komme til meg
for de vet ikke hva ugress er.

av Harald Sverdrup

Heidi

25. mai

25.mai er og ein spesiell dato i heimen. I dag er det 33 år sidan me vart gifte i Gjesdal kyrkje. Dette biletet teikna Ingrid til meg på dagen i fjor, og det toler å bli vist igjen Då me gifta oss hadde syrinane eg hadde tenkt å ha i brurebuketten ikkje sprunge ut, så det fekk bli liljekonvall i staden. I år er det full sommar og truleg den varmaste bryllaupsdagen me har hatt nokon gong. Det vart feira på «uteseveringa på Kjøkkenet» med figod utsikt til jærdagslivet i Storgata.

Før det hadde eg allereie rukke å halda eit lite party i den nye utestova på terrassen med dotter, dotterdotter og kaffi i ny mummikopp.

Det vart ein tur med barnevogn i det fantastiske sommarveret. Og om kvelden var det damekveld på Hundvåg hos Heidi saman med ein liten kavaler påti månadar som ikkje hadde tenkt å sova vekk eit hageselskap med ein gjeng interesante damer på femti pluss. Det er nemleg fleire enn meg som held seg med barnebarn, og det er grueleg gildt å få helsa på dei av og til.

Og om nokon skulle villeiast til å tru at fru Huskestuen på det næraste har teke ferie, så er det heilt feil. Store deler av dagen har gått med på å stabla på beina boka frå Skapande skriving. Det er veldig spennande å lesa og jobba med tekstar skrivne av barn og ungdom. Dersom eg skulle forska på noko ein gong i livet, så kunne det gjerne ha hatt med dette å gjera. Eg synest rett og slett at elevane mine skriv veldig interessante tekstar. Det same ser eg til dels med femteklassingane mine i skulen. Viss barn får plass til seg og kreativiteten sin, så har dei mykje å by på. Eg håpar boka blir ferdig i løpet av helga, for her er det mange andre prosjekt å plassera fingrane sine i og…

Heidi

 

Barføtt

Eg er svak for det med samarbeid, og har til ei kvar tid mange samarbeidsprosjekt gåande. Eg synest det er spennande å bidra med noko eg kan få til, og så kjem ein eller fleire andre med noko eg ikkje kan få til, og plutseleg har me laga noko fint i saman som ingen av oss kunne fått til heilt aleine. I dag skjedde det noko spennande. Frank Robert Andreassen kom ut med ein singel eg i si tid har laga teksten til. Teksten fekk nytt liv, og eg synest rett og slett at resultatet er blitt skikkeleg kult. Det er barbeint og slentrande og sommarleg nakent.

Eg er glad for at eg har fått lov til å posta låten og musikkvideoen her. Kanskje fleire enn Frank Robert og eg kan kjenna seg att i denne sommarhistorien?

Eg veit at det ligg songar eg har skrive med ferdige melodiar rundt i både det eine og andre huset i området og bare ventar på å bli lansert ein vakker dag. Fine melodiar er det og. Eg er glad for å kjenna så mange flinke folk. Kreativitet er spennande. Ein veit aldri kor lang tid noko vil ta, om det ein har på tankestadiet nokon gong vil sjå dagens lys i det heile tatt, og heller ikkje kor vidt resultatet vil vekkja begeistring.  Der ute ein stad svever det og ei billedbok som eg har laga teksten til. Eg trur ho blir skikkeleg fin til slutt. Det er spennande å skapa, og det er spennande å leva.

Heidi

23. mai

Nå er eg komen til enden av den datoen som for meg alltid har hatt litt den same klangen som 17.mai og 1. mai. Slike dagar der datoen liksom ikkje blir bare eit nummer lenger, men betyr noko anna.  Grunnen til det er at det rett og slett er fødselsdagen min. Eg har alltid synest at eg fyller året på den absolutt finaste tida av året. Mor sa då eg var lita at det måtte vera den tida i året det var størst sjanse for å få fint ver. I barndomen forbind eg det å fylla året med Jærdagen, ein stor ting når ein er liten, og med pinse. I vaksen alder er det kome til ein ny tradisjon. Nesten kvart einaste år har eg fått bruka akkurat denne dagen til å ha langdag på jobben med legging av timeplan og planar for neste år på ettermiddagen og kvelden. Slik fekk eg for eksempel feira femti års dagen min for nokre år sidan, og slik fekk eg feira i dag. Det er slett ikkje det verst tenkjelege scenariet, eg har så mange gilde kolleger at eg omtrent har følt meg som ei dronning.  Jan Ivar har til og med antyda at eg truleg tryglar leiinga om å få lagt planlegginga til denne dagen for å sikra meg merksemd, klemming og avsynging av gratulasjonssongar.

Og hugsa har eg blitt. Høgdepunktet må jo vera ei tekstmelding frå One call: «Kjære Heidi Strand, gratulerer med 57-årsdagen, i dag synger vi bursdagssangen for deg og ønsker deg en fin dag!» Eg fekk indre bilete av alle dei tilsette i One Call som høgtideleg avbraut alt arbeid, la høgre handa på hjartet og song for meg med rørte blikk.
Tanken var i grunnen til å bli i godt humør av. Det minna meg om at på 60-talet så melde me oss inn i noko som heitte «Donald Ducks- fødselsdagsklubb». Funksjonen til denne klubben var at på rett dato kvart år fekk me ein postkort med bilete av Disneyfigurar, og på baksida stod det: «Donald og vennene hans gratulerer deg med dagen». På den tida var det og reklame bak på Donald-blada. Eit av produkta var «Mikke Mus – bringebærsaft», som eg trur vart laga på den måten at ein blanda eit pulver ut i vatn. Reklameteksten lød «Mikke Mus- bringebærsaft, -så frisk at du kan drikke bøttevis». Denne teksten trigga meg veldig. Var det verkeleg slik at dersom ein fekk eit glas av denne fantastiske drikken, så var det einaste ein ville å hella i seg bøttevis? Eg fekk veldig lyst til å prøva, og trur eg fekk lokka morfar til å kjøpa pulveret til meg. Mengda var nok meir i retning ei lita mugge enn mangfoldige bøtter, men eg trur eg erfarte at reklame ikkje alltid snakkar sant. Å drikka bøttevis ville ein ikkje vera i stand til.

Men sjølv om eg måtte nøya meg med gratulasjonar frå One Call i staden for frå Mikke Mus og vennene hans, så er eg blitt gratulert og klemd til den store gullmedaljen gjennom andre kanalar. Det er i grunnen litt underleg kor mykje det varmar med helsingar på sms og facebook, det har minna meg på kor mange fantastiske menneske eg har kontakt med. I dag har det gått heilt i hundre, så eg har nesten ikkje fått takka nokon. Eg har ambisjonar om å ta ein takkerunde ein av dagane, men inntill vidare får eg audmjukt bøya meg i alle hattar og fortelja at eg verkeleg har varma meg på alle gode tankar og helsingar.

Om me kom i mål med timeplanen? Ja, det ser rett og slett ikkje verst ut. Det er ikkje hemmeleg at me gjerne skulle hatt fleire ressursar enn dei me har, men ut i frå begrensningane, så synest eg me fekk gjort ein heiderleg jobb. Så viser det seg kanskje i august kva me burde ha tenkt på den gongen me tenkte i to heile kveldar.  For alle som ikkje har prøvd seg på slikt: Å mekka timeplan for alle lærarar og elevar på eit årstrinn er som ein kabal som er dømt til å ikkje gå heilt opp. Alt blir ikkje optimalt for alle, sjølv om det er målet vårt, men det nest beste kan ofte fungera heilt ok det og. Då eg besøkte skular i Tanzania for fjorten år sidan, tenkte eg at eg aldri meir skulle klaga på situasjonen i norsk skule. Det løftet har eg ikkje klart å halda, men eg tenkjer at det er viktig at me som jobbar i skulen seier i frå om kor skoen trykkjer og kjemper for at barna våre skal få eit best mogleg tilbod slik at dei kan utvikla seg til å bli «gagns menneske i skule og samfunn», som det heitte i ein tidlegare læreplan.

Etter end planlegging tok eg med meg mann og barn og svigerbarn for å eta middag på Møllehagen. Eg har hatt lyst på lakseplanke med potetmos heilt sidan eg var der sist for veldig lenge sidan, og det smakte kjempegodt i dag og.  Etterpå måtte eg unna meg litt tid med syster som hadde stild som barnevakt for Iben. Veslejenta kunne ikkje vera med på middagen ute, på grunn av samanfall med leggetid. I staden kom ho innom meg på jobb for å gratulera mormor med dagen. For slike som meg som for første gang feirer gebursdag som mormor, vart det eit av høgdepunkta. Det var stort å gå rundt med ei entusiastisk lita smilejente og bare visa henne fram. Eg har forstått det slik at barnebarn har ein lov til å vera uhemma stolt av utan å bryta nokre sosiale reglar for kva som passar seg. Dersom dette er rett, så passar det meg heilt perfekt.

Det siste som skjedde før bloggskriving, var at eg fekk ein lang og koseleg telefon frå Sunniva i Spania med ein lang og koseleg telefonsamtale frå horisontalen i sofaen. Katten eg hadde på magen mol så høgt at det høyrdest som eit bakteppe til samtalen for ho som sat nede i Spania og snakka.

Nå er det to minutt att av 23.mai, og både eg og datoen skal inn i kvilemodus. Takk til alle som gjorde dagen god.

Heidi

Neste år og i dag

885F8005-A9CA-4CC2-8B34-503DC8E39182

I dag har me hatt den første av to planleggingskveldar der me legg timeplan for neste år og finn ut korleis me skal løysa det pedagogiske og praktiske puslespelet. Eg blir alltid bittelitt svimmel av å starta med noko nytt samtidig som me står framfor avslutninga av det me står midt oppi. Nåtida blir nesten litt fortid og framtida blir uverkeleg nær.

Eg er ikkje ein typisk planleggjar. Eg er eit sånt menneske som blir intenst fokusert på nåtida og som synest at den halvtimen eg til ei kvar tid står midt oppi er meir interessant enn halvtimane i morgon eller om eit halvt år. Om det gjer meg vanskeleg å samarbeida med får bli ståande som eit ope spørsmål som andre kan besvara betre enn meg. Eg har og problem med å planleggja ferieturar, men eg vil påstå at eg er intenst til stades i dei når eg først kjem meg i veg. Eg held aldri opp å la meg fascinera over kor ulike me er, men eg har ein slags tru på at viss me gir kvarandre litt plass og tålmod så har me evna til å utfylla einannan og bli noko fint i saman.

I morgon kjem planleggingsdag nummer to, og så skal i teorien neste år sånn grovt sett vera i boks. Utrulege greier…

Så får eg låna ein tekst til avslutning

Det er en kveld for en sang, tenkte Snusmumrikken.
En ny vise som skal ha én del forventning i seg, og to deler vårmelankoli,
og resten bare grenseløs begeistring over å vandre og være alene og trives med seg selv.
Tove Jansson Fra «Det usynlige barnet».

Vel heime att

Nå er me vel heime att etter endå ein nydeleg dag langs vegane. Eg kan ikkje la vera å skriva om kor fint det er når naturen vaknar til live att og alt plutseleg ser ut til å bløma samtidig. Noko av det som truleg gjer at me blir som trollbundne av alt det vakre, er at det er så flyktig. Me veit at noko av dette går over før me får tenkt oss om. Den eine dagen står kirsebærtreet kledd i blendande kvite blomar, neste dag er graset fullt av kvite kronblad, og når det blir helg att er det heile over. Slik kjem og kjem livet i spiralforma rørsler gjennom dei same roma i livet gong etter gong, og me veit med eit streif av vemod i halsen og tårekanalane at me samtidig blir førde gjennom dei litt lengre årstidene i livet, dei som me bare får vera med på ein gong kvar.

Og i dag skal me vera takksame for at me framleis er her alle saman, og framleis har sjansen til å dela våren, sommaren og hausten med.

Så snurrar me gjennom denne rare festen av ein vårmånad, som kanskje er den travlaste i heile skuleåret, for dei av oss som har livet vårt der. Samtidig er det alle desse langhelgene og høgtidsdagane og alt som feirast skal. Nå skal eg inn i ei kort, men intens arbeidsveke med to planleggingskveldar for neste skuleår, og mange tidsfristar som eg skal kappspringa med. Dei lover oss varmt og fint ver i morgon og. Det er aldri feil.

Ha ein fortsatt fin mai-månad, det har eg tenkt å ha.

8F6CFFF2-65BD-4727-8C36-BA506D33AD74

Heidi