
Det er ikkje ofte eg kan skryta på meg å driva med verken ski eller spa, men slik heiter det her me befinn oss oppe i fjellheimen på eit stort og stilig fjellhotell.
Me er her på Aeropagosfestival. Eg kom med buss og tog og Torun, og Leif kom med tog til Kongsberg og sykkel derifrå. Han sov i telt undervegs og hadde ein fin tur bortsett frå at han nok hadde undervurdert dei siste åtte kilometrane med ganske heftig motbakke for å koma opp på fjellet. Men fram kom han…
Fine Barbro Raen Thomassen opna festivalen med å montera utstillinga «Not wanted» med teikningar av svartelista blomar. Ho trekk linjene til flyktningar som ikkje er ønska nokon stad. I dag har det vore ein intens dag. Eg har vore på eit fantastisk foredrag om japanske vandrepoetar, foredrag om kinesisk performancekunst, på workshop om tros- dialog, på foredrag med ein prest, som har jobba mykje med dialogbygging med nye religiøse strømningar. Eg har vore på tidebøner, på korte fjellturar, på foredrag om Gud i kunsten og på Spa med Torun med utandørs boblebad og naturleg høyfjellssol under blå himmel med høgfjellsutsikt. Dagen vart avslutta med konsert med Tore Thomassen. Eg vil gjerne fortelja meir om desse opplevingane, men det for bli seinare.
Mottoet for festivalen er forresten: «Hvor ble det av sjelen?» Det kan du som les få vera med og reflektera over.
Heidi
.
Å koma til Røyse til Torun og Torbjørn er alltid ei oppleving av å kjenna seg varmt velkomen. Først varme klemmar på busshaldeplassen på Vik, så varm heimelaga suppe, grove rundstykke og lokale jordbær.

På bordet ein vakker bukett med markblomar frå enger og grøftekantar, tende lys og beskjeden om at blomane er plukka spesielt til meg.
Så går me tur i skogen medan junikvelden blir seinare og seinare, og framleis er det lyst. Dette diktet eg har lese ein gong om at » mens Gud fremdeles trodde på mennesket, skapte han juninettene», sviv i tankane mine medan me snakkar og snakkar og et markjordbær som luktar sommar, og månen heng over oss, på den framleis lyse himmelen og er nesten fullkomment rund.
Neste dag etter ein lang frokost, set me oss i bilen for å dra til Norefjell. I Noresund handlar me moreller og heimebakte sveler med brunost. Kaffi, grove brødskiver, ost og oliven har me med oss. Ute er det varm sommar og me finn oss ein rasteplass ved Krøderen.
Heidi

Eg hadde ingen planar om å blogga frå toget, for dekninga veit eg det er så som så med, men plutseleg så gjer eg det viss likevel. Det er alltid godt å vera så langt at ein veit ein har nådd toget, at toget ikkje er kansellert og at ein har billett til rett tog. Nå har eg kjøpt meg ein kopp kaffi og beundrar den norske sommaren gjennom vidauget. Viss eg hadde vore turist og vore her for første gongen, så trur eg at eg ville ha likt det eg såg.
Det er annonsert alternativ transport frå Kongsberg, litt spenning må det vera med NSB. Eg skal på bussen til Røyse sånn etterkvart de eg skal overnatta hos Torun. I morgon reiser eg og ho til Norefjell på Aeropagosfestival. Grunnen til at eg så veldig gjerne ville dit var at Martin Lönnebo, som etterkvart er ein svært gammal mann, skulle vera der. Sidan han er eit av dei klokaste menneska eg har høyrt og lese bøker av, så var tanken på å høyra han ein gong til veldig forlokkande. Dessverre måtte han melda avbod av helsemessige grunnar, men eg trur festivalen blir veldig fin likevel.

Det er ein roleg føremiddag på toget, og det er deilig å senka skuldrene i eit togsete. Eg har fått ordna det som skulle ordnast i forhold til jobben, så nå ligg ein lang sommar og ventar. Heldigvis hadde eg god tid då eg skulle gå, for posen som var stappfull av matavfall revna på veg ned trappa då eg skulle kasta han. Elvira Huskestuen var fornøgd med at ho hadde tid til å sopa opp gammalt eggeskal, kaffigrut og ein halvmygla løk før ho måtte gå. Ho rakk til og med å moppa over åstaden med ein grønsåpeklut.
Nå ser eg om det til og med let seg gjera å posta dette. Det hadde vore fint 🙂
Heidi
Då har eg og Elvira Huskestuen snofla oss over mållinja, og er i ferie eller avspasering, alt etter kva ord ein måtte føla for å bruka om denne paradisiske tilstanden litt semestersluttslitne lærarar går inn i kvar år på denne tida. All erfaring tilseier at innspurten er overmåte travel, og all erfaring tilseier at eg gløymer dette frå år til år. Det er i grunnen utruleg kva ein rekk å få gjort på kort tid om ein bare har det travelt nok, men som ein notis til meg sjølv kan eg jo skriva ned at ein ikkje bør venta for seint på forsommaren med å få ferdig bok med skriveelevar og eventuelle prosjekt i den kulturelle skulesekken, og at bøker ein er medforfattar til, kanskje ikkje bør ha deadline ei veke før skuleferien. Uansett, nå er me her både eg og ferien, og like heile er me begge to så vidt eg kan skjøna. Det blir litt av ein overgang frå desse overfylte vekene til romslege dagar ein kan styra som ein vil. Her er nok å ta fatt på av ryddeprosjekt, hageprosjekt og diverse anna, og eg har fått med meg ein plastpose full av pensumbøker frå Kirsten som er vel i mål med det studiet eg skal til med i haust. Eg har tenkt å prøva å koma gjennom det meste før skulen startar att, men først er det helt. Og eg finn det på sin plass å feira den gode tida eg har fått med å starta skuleferiebloggen….
Nå vil eg skunda meg å fortelja at skuleåret som har gått har vore eit godt år. Eg er glad og takknemleg for gilde kolleger, fine elevar og utfordringar som det går an å hanskast med på ein god måte. Me treng bare å kvila oss litt alle saman, så skal me vera klare for nye rundar.
Ferien vart innleia på den gildaste måten gjennom at Sunniva kom heim på besøk frå onsdag morgon til fredag kveld. Sjølv om eg måtte jobba dei to første dagane, fekk me ganske mykje tid saman. På torsdag hadde me familiemiddag og spelekveld, og i går tok me med oss Ingrid og Iben på jentetur til storbyen Stavanger. Det bles iskald nordavind, så Sunniva rakk å hugsa kor ho kjem i frå… Ho og kjærasten Trygve har kjøpt leilegheit i lag, så nå er ho flytta heimefrå heilt på ekte. Sjølv om det er seks år sidan ho flytta ut for å gå på folkehøgskule, så har ho jo brukt ein del av feriane på å vera «heime». Nå er ho ferdig utdanna, snart sambuar og har fått jobb på ein ungdomsskule i Groruddalen. Halvard er og ferdig med sin bachelor i filmregi, og vil mest av alt laga film på heiltid. Avgangsfilmane frå Westerdals vart viste på Saga kino for litt over ei veke sidan, og både Leif, Odd Christian og Sunniva klarte å ordna seg slik at dei var der på premieren. Eg får nok sjå filmen eg og etterkvart. Eg ville sjølvsagt mest av alt ha vore der, men eg fann ut at det ikkje lot seg kombinera med alt det andre.
Her hadde me full sommar i mai og første veka i juni, og me håpar varmen kjem tilbake ein runde eller to før det blir august. Det er kaldt ute, men det er grønt og vakkert. Me var på sykkeltur med elevane i høljeregn på onsdag, og oppvaksne som dei er med mykje regn, så såg det ut til å vera heilt greitt for elevane at regnet datt ned medan me sykla, åt matpakkar, gjekk tur i skogen og padla i kajakk. Me vaksne var meir opptekne av vermeldingane i forkant av dagen enn det dei var. Grønfargane i skogen er heilt fantastiske når det regnar, og den svenske songen «Med ögon känsliga för grönt» tona mellom øyrene mine medan eg pakka mobilen inn og ut av plastposen eg hadde i lomma på regnjakken for å forhindra vannskade. Eg fekk fotografert litt utan at han slutta å virka.
Nå ser eg fram til late dagar med mykje lesing, strikking, skriving og turar på sykkel og til beins. Det skal og bli fint med god tid til gullungen som er blitt åtte månadar etterkvart, til venner og familie. Resten av sommarplanane får eg avsløra etterkvart. I stova er det fotball VM og eg for min del har tenkt å setja meg ut i den nye glasshytta vår med kaffi og aviser og ei bok. Det er jonsokaftan i kveld, men me har ikkje planar om stor feiring. Me har tenkt å kjøra ein tur langs strendene og sjå på bål og finna oss ei strand der me kan vandra litt og nyta kveldslyset. Eg er så glad i desse lyse juninettene, så eg vegrar meg litt for å sova dei vekk…
Når det er sagt, den største nytelsen kvart år når ferien kjem er den fantastiske kjensla av å slå av vekkjarklokkealarmen på mobilen og tenkja at den skal eg ikkje bruka på leeeeeenge.
Heidi

Amsterdam er ein utruleg sjarmerande by. Han er full av kanalar, kanalbåtar, syklar og utdrikningslag i alle variantar. Denne havfruebrura hadde på krysslista si at ho skulle dansa vals med ein ukjend mann på gata. Endeleg fekk Leif bruk for ballroomferdighetene sine.
Vår tidlegare nevnte kanalbåtførar, understreka fleire gonger, og med patos at «The dutch like their freedom». Denne fridommen gir seg både sjarmerande og mindre sjarmerande utslag. På kanalane flyt det båtar fulle av reisefølger der alle inkludert føraren ser ut til å vera synleg berusa. Glade barn blir frakta på syklar utan hjelm og delvis utan sele. Gjerne to framme på stonga og ein på bagasjebrettet og kanskje ein i bæresele på magen mens den vaksne syklisten snakkar i mobiltelefon…
Det største indisiet på fridomen er kanskje lukta av hasj som i enkelte strok ligg over alt. Alt som er relatert med hasj og marihuana må vera den fremste turistsouvenirartikkelen i Nederland.
Men, ein veldig triveleg by å vera turist i, ja absolutt. Nå er me ved enden av ein veldig fin tur og sit her på flyplassen…
Heidi
Laurdagen kom med ein litt gråare type vêr enn det me har blitt bortskjemte med i det siste, men temperaturen var framleis ganske bra. Me hadde avtalt å møta Leif sin hollandske venn frå ungdome av, Jouke, og kona hans, Denise, til ein enkel lunsj på ein gammal kafé like ved jernbanen. Me sat ved eit bord ute og åt ostetoast og drakk kaffi og hadde ein veldig koseleg samtale. Første gongen eg møtte Jouke var sommaren før Odd Christian vart fødd, altså for 32 år sidan. Etterpå har me møtt kvarandre med ujamne mellomrom. Då Odd Christian var to år var me på besøk hos han i Amsterdam. På den tida var han aktiv i ein kristen kommunitet som jobba for å hjelpa vanskeligstilte i Red light district. Då fekk me ein del inntrykk som har festa seg. Elles har me møttest nokre gonger med ujamne mellomrom. Det er fint og litt rart med alle desse menneska me tek med oss på ein eller annan måte gjennom etterkvart ganske mange år.

Denne føRemiddagen hadde eg eit til spennande menneskemøte. Eg såg eit skilt der det stod kunstgalleri og gjekk inn. Der inne stod det ein mann og malte bilete, det var rett og slett atelieret hans eg var komen inn i. Der stod han og malte med fingertuppane dypte i akrylmaling og fingermalte på eit av sju lerret han hadde oppe samtidig. Han var veldig open for å snakka om tankane rundt bileta sine og om det å mala bilete for salg.

Me hadde blitt anbefalt ein indonesisk restaurant, og syntest det høyrdest spennande ut, så fredag kveld var me på plass. Sidan me ikkje hadde bestilt bord, var det litt venting, og me vart sitjande i ein sofa i hotellbaren. Det er farleg å tru at norsk er eit kodespråk bare for dei innvidde, for plutseleg snakka ein av servitørane norsk til oss. Ho hadde oppdaga at me snakka norsk, og kunne fortelja at ho hadde vore utvekslingsstudent i Søgne.
Omsider sat me rundt bordet på høge stolar, og Leif foreslo at eg og han skulle dela ein meny. rejstafel, eg reknar med at det betyr sånn omtrent ris- bord i følgje min nederlandsk, som må innrømmast å vera litt vaklande. Det skulle til og med veta ein vegetarisk variant som me bestemte oss for å gå for. Alt då dei bar inn forrettane lurte eg på kva me hadde begitt oss ut på. Først var det suppe, så var det fem fat til med mat. På det eine var det kylling, og på det andre tunfisk, me prøvde å seia at me hadde bestilt vegetarisk, kvar gong me sa det, såg han tålmodig oppgitt på oss, og like mildt som Harald Heidi Steen sin ubåtkaptein som ikkje såg» den grense under vann», peika han på kokossuppa og sa «Yes, this is vegetarian», og det var det jo…
Det smakte godt, men alt etter forrettane var me Mette. Det med vegetarisk eller ikkje var heller ikkje noko problem. Me er jo eigentleg ikkje vegetarianarar. Problemet var bare at dei med stolt og er ærverdig mine bar inn mat som såg ut til å kunna metta åtte personar minst… Eg var fanga i forventningen om å eta og smila… Me trygla dei andre rundt bordet om å hjelpa oss, og syntest at kelnarane såg litt rart på oss då dei bar halvfulle og nesten ikkje rørte fat ut igjen. Eg fortalde min ektemann gjennom meir enn tretti år at nå måtte han stå opp for meg og svelgja unna. Dette var hans ide i utgangspunktet og eg hadde endå mindre godt av overspising enn han…
Plutseleg høyrde me ei voldsom uling av sirener. På gata utanfor kom det ei uendeleg rekkje med utrykningsfartøy, sjukebilat, brannbilar, politibilar og politifolk på motorsyklar. Kva kunne dette vera? Var det terrorangrep lenger nede i gata. Dei andre i restauranten såg forbausande avslappa ut. Eg tenkte at viss heile verda nå hadde høyrt om terror i Amsterdam, så måtte me ringa heim og fortelja at me så vidt me kunne sjå var trygge på ein indonesisk restaurant. Jan gjekk ut på gata for å høyra om nokon visste meir enn oss. etterkvart kom han tilbake og hadde fått vita at ein dag i året var alle ledige utrykningsfartøy på hjul med sirenar for at alvorleg- eller kronisk sjuke barn skulle få ein kjøretøy. Dette var den dagen..,
Avslutninga på måltidet var store skåler forma som kokosnøttskal med riskrem med kokos i botnen og store bitar oppskoren frukt. I tillegg fekk me fire små skåler med kuler av heimelaga is. Me prøvde å få alle rundt bordet til å eta ei skål for oss. Per Inge ville venta fordi han hadde bestilt is sjølv… Då isen hans aldri kom, viste det seg at det var den isen me hadde ete på dugnad…. Då me kom til hotellet hadde min normalt ganske slanke mann ein mage tilsvarande ein langt framskriden graviditet. Neste morgon måtte me senda melding til reisefylgjet og be dei eta frokost utan oss, me var framleis stappmette…
Frå nå av skal eg setja stor pris på fridomen til å la vera å eta viss det følest feil… Kanskje eg har lært noko…
Heidi

Etter frokost på hotellet tek me tog og trikk for å koma til det anbefalte området Jordaan, som mellom anna er omtalt som hipsterstrøket i Amsterdam. Her er DT smale gater langs og mellom kanalane, masse blomar og endå fleire syklar. Her er det små kafear og butikkar, her ligg huset der Anne Frank skreiv dagboka si under krigen, og her er det mange moglegheiter til kanalturar.
Me åt lunsj på ein liten italiensk restaurant der dei gløymde å laga maten Leif hadde bestilt, men me andre var gode og mette. Så var me i ein fantastisk ostebutikk og kjøpte ost.

Me bestemte oss for å ta ein kanaltur i liten båt på småkanalane i staden for ein av dei større båtane. Der fekk me høyra om den dedikerte båtføraren sitt syn på katolikkkar, politikk, arkitektur og andre båtførarar i tillegg til mykje interessant historie, under dei lågaste bruene fekk me beskjed om å passa hovuda 🙂
.
Heidi
Så langt har me hatt ein fantastisk junidag her i Amsterdam. Eg har strevd med å få til å leggja bileta mine over frå mobilen, og veit ikkje korfor eg ikkje får det til. I staden får eg visa favorittplassen min her på hotellromet. Det er ein brei vinduskarm der ein kan sitja eller liggja komfortabelt med utsikt ut mot livet. Dersom eg skulle brukt mykje tid på hotellet hadde det nok blitt her med ei god bok eller med skriveboka mi. Me er innom som snarast for å kvila litt før me skal ut att. Nå har eg snart brukt opp tida på å prøva å få til det med bileta. Slik er det med reisebloggen min. Det går ofte frykteleg lang tid på å prøva å få til noko eg ikkje alltid får til i det heile tatt.
Då trøyster eg med den gamle songen me lærte av tante Anny på sundagsskulen i baptistkyrkja på Ålgård: » Om det mislykkast, vi børja om igjen…» Om den songen har noko med kristentru å gjera? Sannsynlegvis ein heil del….
Det fekk bli med denne metateksten i denne omgangen. Eg må gjera meg klar til å gå ut på middag. Eg finn nok ut av det med bileta og kjem sterkare tilbake…
Heidi

Me er eit kvarter inn i juni og eit kvarter inn i den første sommarmånaden. Det er i grunnen ein vakker tanke at nå er det sommar i tre månadar, og at det me har opplevd dei siste vekene bare er ein forsmak til det heile.
Dermed kan eg erklæra at mai- bloggen 2018 er i boks, men for å gjera overgangen mjuk, så er han gått over til å bli reiseblogg. I løpet av dagen har eg forflytta meg til Amsterdam. Her skal me vera til måndag i lag med gode venner. Biletet over er eit utsnitt frå hotellromet vårt.
Nå er det sommar, juni og natt. Me snakkast i morgon 🙂
Heidi




