Barføtt
Eg er svak for det med samarbeid, og har til ei kvar tid mange samarbeidsprosjekt gåande. Eg synest det er spennande å bidra med noko eg kan få til, og så kjem ein eller fleire andre med noko eg ikkje kan få til, og plutseleg har me laga noko fint i saman som ingen av oss kunne fått til heilt aleine. I dag skjedde det noko spennande. Frank Robert Andreassen kom ut med ein singel eg i si tid har laga teksten til. Teksten fekk nytt liv, og eg synest rett og slett at resultatet er blitt skikkeleg kult. Det er barbeint og slentrande og sommarleg nakent.
Eg er glad for at eg har fått lov til å posta låten og musikkvideoen her. Kanskje fleire enn Frank Robert og eg kan kjenna seg att i denne sommarhistorien?
Eg veit at det ligg songar eg har skrive med ferdige melodiar rundt i både det eine og andre huset i området og bare ventar på å bli lansert ein vakker dag. Fine melodiar er det og. Eg er glad for å kjenna så mange flinke folk. Kreativitet er spennande. Ein veit aldri kor lang tid noko vil ta, om det ein har på tankestadiet nokon gong vil sjå dagens lys i det heile tatt, og heller ikkje kor vidt resultatet vil vekkja begeistring. Der ute ein stad svever det og ei billedbok som eg har laga teksten til. Eg trur ho blir skikkeleg fin til slutt. Det er spennande å skapa, og det er spennande å leva.
Heidi