Det har vore så fint med haustferie. Me har fått tid til å reisa litt, ta det rolegare enn vanleg, og vera litt heime. Eg har og brukt litt tid, men kanskje ikkje så mykje som eg hadde tenkt på kompetansehevingsstudiet mitt i norsk. Det er interessant, eg er sikker på at det virkar både bevisstgjerande og inspirerande å halda på med. Då eg begynte tenkte eg at det fekk visa seg etterkvart kva eg måtte kutta ned på. Dagane mine var jo nokså tettpakka frå før… Fram til nå har det faktisk gått fint å leggja studiet på toppen av alt det andre, det eg kjenner det går mest utover er blogginga og det å skriva litterære tekstar. Det er plutseleg den halvtimen eller timen dagen ikkje har plass til. Det er trist, men det får kanskje vera slik dette året? Nå har eg bestemt meg for at i dag vil eg bruka litt tid på skriving, sjølv om eg kanskje eigentleg burde… Eg har bestemt meg for at skriving er viktig.

To turar austover har det blitt tid til i haust. Eg liker så godt hausten på austlandet med kald klar luft og blad som rekk å henga så lenge på trea at dei rekk å få skikkelege haustfargar. At eg i åra som austlending faktisk lengta litt heim til skikkelege hauststormar er ei anna historie. Eg har det godt i vest med ein og annan tur som klimaflykting i austen. Biletet over er forresten frå Mandal. Me kjørde el-bil med eit lite flyttelass som skulle til Sunniva, så då må det leggjast inn ladepausar.
Eg liker området der Sunniva bur, og eg liker å vera i lag med «ungane» mine. At dei er vaksne alle saman, til og med dei som bur i Oslo, gjer ikkje at eg sluttar å lengta etter å ha dei rundt meg. Denne gongen rakk me akkurat å få vera med på å feira Halvard sin 24-årsdag på ein koseleg indisk restaurant på Majorstua. Me fekk og nokre koselege føremiddagstimar i lag med Heidi og Per Inge som har flytta til Grünerløkka dei og.
Me er så heldige at me får bu på «Hotell i særklasse» hos Eva Mari og Henrik. Austnorsk klima og fargespekter svikta oss ikkje. Dette må eg bare ha med meg kvar haust så sant det let seg gjera.

På tysdagen sette me oss i bilen igjen til ein ny lang tur med seks innlagde ladepausar gjennom den norske hausten. Me fekk nokre timar i lag med Jan og Hilde og nydeleg krydra gulrotsuppe og nysteikte vaflar på kjøpet. Så mange gilde folk me kjenner.
Vel heime hadde me to gebursdagsfeiringar i familien. Først var alle samla hos mor og far for å feira mor sin dag, og i går var det vesle Iben sin tur til å feira sin aller første store dag. Me var i stova vår, for der var det best plass. Ho er det finaste me har. Eg har fantastiske minne og hadde tette band til begge mine flotte og veldig forskjellige bestemødre. Det gjer at eg ser veldig stort på mormor-rollen. Eg gleder meg over alt som er og alt det som koma skal.
I dag var det lett å kjenna at eg var tilbake på vestlandet. Det var dagen for lange regnkåper, svarte gummistøvlar og horisontalt regn. Det er heilt ok det og. Faktisk kan det vera ganske fint. Eg har i oppdrag på studiet å koma med ei munnleg framlegging av korleis me jobbar med den første lese- og skriveopplæringa på skulen vår. Heldigvis stilde min kjære kollega Elise som informant og intervjuobjekt. Me bestemte oss for å møtast på Coffee-berry, den nye plassen på torget som eg ikkje har rukke å vera på før i dag. Det hadde dei akkurat slike plaststolar som me hadde i blå versjon på kjøkkenet i barndomen. For ein koseleg plass. Der skal eg vera meir. Kanskje sitja der og skriva? Det er ein fristande tanke…
Og så vart det ein tur i regnet og vinden i Bryne-området. Så fint me har fått det her etterkvart. Så måtte eg henta meg heim til pliktene. Nå skal eg førebu ferdig sundagsskulen i morgon, eit kurs eg skal halda på tysdag, lesa litteraturen eg skal ha lese til forelesninga på måndag, leggja opp strikketøy til ei ny gruppe elevar i kunst- og handverk, og førebu nokre vikartimar på måndag og tysdag. Så må eg tenkja gjennom dei to timane på tysdag kveld der eg skal møta ei gruppe tiandeklassingar for å begynna på arbeidet med ei tiandeklasseforestilling, som me må bli nokonlunde ferdige med manuset til ei god stund før jul. Her gjeld det å pusta roleg inn og ut og ikkje stressa…Eg har tenkt å ta meg tid til å skriva nokre utkast til dikt og viser og. Eg har så mange tankar som gjerne vil ut og finna nye former…
Snart er ferien over. Eg er allereie litt innhenta av kvardagen, som ein kan lesa i avsnittet over. Men heldigvis; For nokre fine kvardagar eg bur i…

Heidi
Eg skal ikkje innleia med å seia at eg har haustferie og endeleg har tid til å lesa bøker. Det ville sett fint og ansvarleg ut, men det ville vera løgn. Eg les nemleg alltid bøker anten eg har tid eller ikkje. Då eg hadde fire små barn, gøymde eg bøker i skuffer og skap som ein annan skapdrankar slik at det skulle gå fort å finna fram til skattane om høvet skulle by seg. Og det gjorde det relativt ofte. Ein del tid andre truleg brukte på støvsuging og husrydding vart omsett til lesetid. Kva eg kunne fått til om eg ikkje hadde lese bøker er eit irrelevant spørsmål. Eg les bøker kvar dag, slik er det bare, og eg finn uendeleg stor glede i det.
Nå i haustferien har me vore ute og reist, men innimellom har eg lese to bøker som begge traff meg midt i mage/hjarteregionen og som gav meg den kjensla eg av og til får av å lesa bøker, ei kjensle av å stå på sida av seg sjølv, kjenna på andre sine følelsar og sjå verda frå ein litt annan vinkel enn vanleg. Den første boka hadde eg fått anbefalt både av store deler av familien min og andre kjende, så den visste eg var bra. I «Tante Ulrikkes vei» tar Zeshan Shakar oss med til eit multikulturelt oppvekstmiljø på Stovner i åra rett etter tusenårsskiftet. Me blir kjende med Mo og Jamal, to tenåringsgutar som på kvar sin måte kjempar med identitet og framtidsvisjonar. Boka lot meg koma på innsida av korleis det er å byggja opp identiteten sin med eit bein i norsk kultur og samtidig vera ung norsk muslim og andre generasjons ny-nordmann. Det er ein viktig stemme i integreringsdebatten. Som heilt nyutdanna lærar, jobba eg eit år på Bakås skule på Ellingsrudåsen, som kanskje kunne samanliknast litt mes Stovner når det gjaldt å ha eit multikulturelt oppvekstnivå. Noko av det som gjer inntrykk i boka er korleis den eine hovudpersonen Mo, ein ung skuleflink gut som begynner å studera økonomi, og som får ein norsk kjærast han ikkje torer å fortelja foreldra sine om, stadig kjenner at han blir identifisert med ting han helst ikkje vil ha noko som helst med å gjera. Samtidig er boka ein fantastisk oppvekstroman. Forfattaren seier i eit intervju at han digga boka «Beatles» av Lars Saaby- Christensen, og gjerne ville fortelja om ein oppvekst på den andre sida av byen. Han seier vidare i det same intervjuet frå «Fagbladet» «Min motivasjon er nettopp å fortelle om stedet og folka der, som er så lite beskrevet i litteraturen. Og om hvordan det er å vokse opp med andres mistroiske blikk. Stovner er min hjembygd, det er guttas opplevelser jeg skriver om.» Litt lenger ute i intervjuet seier han «Det ar litt tøft da jeg var ungdom, og det er det nå igjen. Men jeg hadde en vanlig og fin oppvekst. Det har de fleste på Stovner.»
Eg må innrømma at ein dag i haustferien la me turen innom Tante Ulrikkes vei, bare for å sjå miljøet frå boka. Eg har ikkje vore på Stovner før, og såg for meg ein betong- og asfaltjungel. I staden slo det meg kor triveleg det var der. Det var skog, haustgule tre, fine felles uteareal og mykje meir natur og rom mellom husa enn eg hadde sett for meg. Det gjer godt å få lufta fordommane sine av og til. Boka om tante Ulrikkes vei minna meg om eit intervju eg høyrde på radio med ei muslimsk dame som snakka om festkulturen på norske arbeidsplassar. Ho ville gjerne vera ein del av det sosiale miljøet på jobben, men etter å ha drukke kaffi på diverse «lønningspilsar» og ha opplevd på fleire julebord å gong på gong måtta ta hijab-diskusjonen og IS- diskusjonen med stadig fullare norske kolleger, så hadde ho gitt opp, ho orka ikkje meir å sitja der og forklara, forsvara og beklaga. Eg forstår henne godt. Det er ei stor utfordring å gjera Norge til eit godt land for alle som bur her: Fordommar og mistru kan fort gå i alle retningar frå alle partar om me ikkje kan snakka saman og respektera kvarandre. Dei som ikkje har lese «Tante Ulrikkes vei» er med dette utfordra til å gjera det. Forfattaren har fått Tarjei Vesaas debutantpris for boka. Eg gler meg til å lesa meir av han.
Den andre boka lasta eg øitt tilfeldig ned frå e-bokbibliooteket på ipaden min før me reiste. Eg tenkte det var fint å ha ein del bøker der som kunne lesast utan leselampe. Eg begynte å lesa ho under ein ladepause på heimvegen i går, og klarte nesten ikkje å leggja ho vekk. I dag morges måtte eg bare lesa resten av boka før eg var i stand til å gjera noko anna. Boka var skriven av den for meg ukjende forfattaren Birger Emanuelsen og heiter «Jeg skal beskytte deg». Hovudpersonen Jon slit med posttraumatiske opplevelsar etter å ha vore i Zimbabwe med «Leger uten grenser». Han er eit på mange måtar hudlaust menneske som ikkje klarer å beskytta seg mot det vonde som skjer i verda, både informasjon om terror og vanskelege framtidsvisjonar for jorda går rett i kjenslene hans og blir der. Kona Vilje har ein jobb som gjer at ho er mykje borte, og det bekymrer han å sjå at sonen Andreas er like kjenslevar og hudlaus som han sjølv. Han søv saman med guten om nettene for å hjelpa han gjennom mareritta, og spinn seg inn i ein tilstand der han og Andreas nærmast blir til eitt i hjelpelaus hudlaus angst. Farsarven der ein gut skal oppdrast til å bli ein mann ligg ein stad i ryggrada hans. Mykje vanskeleg toppar seg i han og rundt han og plutseleg tek han med seg Andreas på ein halsbrekkande tur han ikkje hadde planlagd på førehand der eg som lesar vart dregen inn i ein tilstand av sårbarheit, styrke og engstelse i eit landskap som grensar til galskap der ein blir redd for at det meste skal gå skikkeleg gale. Eg ser at Birger Emanuelsen har skrive fleire bøker. Dei må eg sjå å få lese…
Begge bøkene evner å ta opp dei store spørsmåla: Korleis skal me møta dei mørke og vanskelege kreftene i oss og rundt oss. Korleis skal me stå stødig i dei utfordringane livet og samtida gjer oss utan å lukka augene? Korleis skal me oppdra barn til å bli sterke og trygge nok til å meistra livet, og til å kunna gjera ein forskjell i ei verd som utfordrar mot, kjærleik og positiv kreativitet?
Eg har så mykje eg har lyst til å skriva her. Eg håpar eg får tid nå i ferien.
Heidi
Nesten kvar dag tenkjer eg på tekstar eg har lyst til å skriva her, men dagane er så fulle av innhald at eg ikkje har kome så langt. Når det går så lang tid utan at eg får skrive så hopar dei ikkje-nedskrivne tekstane seg opp i tankane og så veit eg ikkje kor eg skal begynna. Derfor begynner eg akkurat her og nå. Eg har akkurat levert den første oppgåva mi på det kompetansehevande norskstudiet eg er i gang med. Faget i seg sjølv er både interessant og kjekt, den første terskelen går ut på å finna ut av elektronikken, systema og alt det andre eg må finna ut av når eg må forhalda meg til at Elvira Huskestuen aldri har vore nettstudent før. Den andre terkselen er å få til å skriva ein akademisk tekst etter alle reglane som viser seg å finnast. Det følest eigentleg meir som å reprodusera nyleg lesen kunnskap og plassera han i rett rute med dei rette referansane, men eg innser forøvrig at dette er noko det sikkert er nyttig å læra seg… Stort sett skriv eg jo bare etter eigne reglar, tankar og innfall, og det er vel som med strikking og teikning, ein må læra å strikka rett fram og tilbake før ein kan komponera eigne kreasjonar, og ein må læra å teikna hender før ein slepp ut av kunst- og handverksskulen, som sikkert ikkje heiter akkurat det lenger… Eg er ein hund etter kreativitet og refleksjon, men det er jo mogleg dei spør etter det på eit seinare tidspunkt…
Elles så skjer det mykje kjekt i livet mitt. Sist helg reiste eg spontant til Oslo og hadde ei fantastisk helg i lag med Eva Mari og barna mine, og eg fekk til og med besøkt Heidi, venninna mi som har flytta til Oslo, med og til alle sine.
Eg har i det lengste venta og håpa på litt ekstra-sein-sommar, men eg må nok kanskje innsjå at nå er det haust ein må rekna med. Veret på Jæren er seg sjølv likt att, etter den lange varme sommaren. I dag selde eg lodd på Hå gamle prestegard som dugnad for venneforeninga der eg er med i styret. Det regna og det bles og søkkvåte og forblåste menneske kom inn for å varma seg etter vandringsturar langs havet.
Eg hadde med meg ein ekstra jakke og varme regnklede med intensjonen om å gå ein lang tur før eg reiste heim uansett kva ver det var. Merkeleg nok var det opphaldsver nesten gjennom heile turen, men dei fleste vandrarane hadde nok kome seg i hus, for eg hadde turterrenget stort sett heilt for meg sjølv.
Uansett ver så er det alltid så fint å vera ute akkurat her. Det kjennest som mitt landskap, eit landskap som ligg der og er frodig, øde, bart og storslagent på same tida. Aldri går pulsslaga så fredeleg gjennom kroppen som når dei lyttar til havet sin grunnpuls. I møte med det uendelege havet så kan ein kvila så trygt i å vera liten sjølv. Av og til er det velsigna godt å vera liten, å vera ein del av ein større samanhang, og bare lena seg mot akkurat det.
Heidi
Endeleg har eg litt tid til å skriva her. Det første eg har lyst til å gjera er å leggja ut ein del haust- tekstar eg har skrive dei siste åra. Hausten har tydelegvis inspirert meg til å skriva visetekstar. Eg trur det må vera noko av det vakre vemodet i haustdagane som vekkjer sterke kjensler…
I lyset i august, det mjuke, klare,
ved sidan av kvarandre, graset gror,
for framleis sommar, føtene er bare,
og kornet duvar tungt, det luktar jord,
ei svale stupar og flyg lågt mot stranda,
det varslar regn, det seier dei som veit,
og blåklokkene kvilar blått mot handa,
mens sommar, haust og livet blir til eitt.
*
Ei vipe samlar vengene og kviler,
me går her og er saman utan ord,
det pustar sommar, livet ligg og smiler,
sjå himmelen er høg og verda stor,
tre skarvar sender mørke blikk mot dagen,
ein sommarfugl vippar på eit strå,
ei humle landar gult på prestekragen,
her går me du og eg, me lever nå.
*
I lyset i august, det moldtungt store,
ved sidan av kvarandre, heilt i ro,
med merke etter alt det tida gjorde,
me hugsar at me gråt og at me lo,
eg samlar tid og veit ho må forsvinne,
eg held ho fast som sand i handa mi,
og bølgeskvulpet er eit mollstemt minne,
om alt som kjem, og alt som er forbi.
Der ute flokkast fuglane
dei skriv med heilag penn
på himmelen sitt noteblad
ein song om haust igjen.
Kom hit til meg og møt meg,
eg er ikkje redd for haust,
for me veit alt om stormar,
og låtten vår sit laust.
I hagen takkar sommaren
og opnar opp ei dør,
me høyrer hausten sin musikk,
ein song me kan frå før.
Eg kjem på bare føter,
kan du høyra det er meg?
Du høyrer nok på stega,
det er eg som kjem til deg.
Nå speler livet tonane
i sitt mysterium,
og livet reknar timar
mot ukjend endesum.
Men blomar blømer modig,
for framleis finst her tid,
me er her begge framleis,
så hald fast i handa mi.
Haustvise til barna mine
Sjå regnet vaskar jorda og vindane sit laust,
sjå greinene er tunge av plommer og av haust,
og roser slepper kronblad mens nyper raudnar fram.
mens marka skifter farge, og trea byter ham.
Når nye grinder opnast mot alt som koma skal,
når fuglar søkjer flokken, og sommar står for fall,
når mjukt og mollstemd vemod vil fylla alt som er,
og livet blir september, med raude rognebær.
Då skal eg samla gleda eg finn i blikket ditt,
ho dansar over lepper, ho ler mot hjartet mitt
ho glitrar blidt i stemmen og er i dine ord,
ho varmar meg i vinden, fordi eg er di mor.
Sjå årstider skal koma, og du, du skal gå inn,
og finna fram til stien som du skal kalla din,
og leva håp og vemod, og lengt og sorg og tru,
om du kan bera gleda, velsigna vere du.
Det er sommar i september
Kan det verkeleg gå an?
Roser blømer inn i hausten,
milde bølgjer slår mot land.
Nokon badar rett her ute,
fuglar flokkar seg og dreg.
Livet det har blitt september,
sommaren er att hos meg.
Tunge raunbær heng og gløder,
og potetgras blømer kvitt.
Det er sommar i september,
det er kyss i smilet ditt.
Sol av gull i horisonten,
vinden leikar som han vil,
det er sommar i september,
det er godt å vera til.
Det er sommar i september,
allting har si mogne ro,
takkar for alt som har vore,
sommaren har vore god.
Snart skal frosten kyssa jorda,
snart skal mørket falla tungt.
Me har sommar i september,
alt er framleis nytt og ungt.
Heidi
I dag fekk eg spørsmål om eg hadde teksten til denne visa eg skreiv for eit par år sidan. Eg måtte leita skikkeleg i filer og blogg-arkiv, men fann han til slutt. Fekk lyst til å leggja han ut her og, sjølv om eg gjorde det for to år sidan og. I dag har det vore nok ein bonus- seinsommardag, og eit kjærleiksdikt for seinsommarmenneske kan vel adri vera heilt feil…
Kjærleiksvise i august
Me møtte kvarandre i juni
då natta var vaken og stor,
vemodig og vakker
og svart- trasten song
i angar av gras og av jord.
Me møttest i mjuke famntak,
og snubla i blikk og i ord.
Me var hos kvarandre i juli
då blomane blømde og lo,
då livet var mjukt
og uendeleg stort,
og svaberga brende som glo,
mens småbarna gråt og pludra,
og bølgjene svala og slo.
Sjå nå er august snart til ende
med mognande blomar og bær,
me står her i lag
og held dagane fast,
for framleis er sommaren her,
høyr kveldane dirrar og mognast
dei nynnar om alt det som er.
For framleis er sommaren sommar,
sjå blåklokker står her på tå.
Dei ringer for alt som har vore og er,
og alt som skal koma og gå.
Eg kjærteiknar dette med blikket,
og veit eg har livet mitt nå.
Sjå framleis ligg enga og blømer,
det bugnar av liv på mitt fang,
og vinden han syng meg ei vise,
ho er både lettbeint og vrang.
Eg kysser deg varleg på panna
og håpar september blir lang.
Heidi

Det er siste dagen i august, og dagen kjem med ein smak av seinsommar. Det gjer godt. I morgon får eg vel kanskje innsjå at det teknisk sett er haust. Hausten er fin den og.
Skuleåret rullar og går, det meste er i gjenge att, og det kjennest godt. Som ny student av året er eg i gang med nettforelesningar og lesing. På den første forelesningen fekk me beskjed om at stipendløysinga, det vil seia å lesa på toppen av jobben, ikkje var ei spesielt god løysing. Dei meinte at for å gjennomføra eit halvtårsstudium burde ein ideelt sett ha vikarordning, det vil seia to dagar nedsett arbeidsveke, elles ville det heile bli alt for travelt.
Eg må innrømma at eg ser på det som eit paradoks at det er det dei går ut med. Eg og mange med meg ville helst hatt vikarordninga, men bare ein lærar pr skule pr år får denne i mitt hjørne av verda. Me er mange som må ha kompetanseheving, og dermed må dei fleste av oss ta studia på toppen av vanleg jobb. Her er det eit eller anna som ikkje går heilt i hop.
Når det er sagt, så trur eg at det skal gå heilt greitt for meg med norskfaget, som eg er veldig interessert i. Etter å ha undervist i norsk sidan 1985 burde eg vel ha fått med meg litt… Når det er sagt, så veit eg ikkje om eg ville ha våga å gå laus på matematikk eller engelsk på denne måten.

Men eg får velgja å sjå det frå den vinkelen at eg er heldig som får sjansen til å fordjupa oss i eit fag som interesserer meg. Det er heilt sikkert nye ting å læra.

Augustbileta eg legg ut i dag tok eg sist sundag i nærleiken av Hå gamle prestegård, der eg først var på loddselgjingsdugnad for vennelaget og så tok ein fantastisk spasertur i fint ver. Dette er ei av dei aller vakraste tidene på året når veret er fint.
Det er ikkje bare skulen som er i gang, resten av livet har og lagt seg på plass i ferdiglagde gjerningar med sundagsskule, kveldsgudstenester, venninnekveldar og kulturskule. Kjærasten min har sykla pilgrimsvegen til Santiago de Compostela på ein samanleggbar sykkel. For han er slike aktiviteter ikkje merkelege i det heile tatt. Han avspaserer veker etter eit fjorår med konstant overtid, og skal bruka mesteparten av vekene til eit fagbokskriveprosjekt han har fått stipend til å gjennomføra.
Eg har plutseleg mange fleire timar med aleinetid enn eg er van med å ha, men i desse start-opp-alt-på-ny- fasen, så har eg hatt meir enn nok å bruka timane på. Eg har tenkt av og til at eg treng å øva meg på å vera aleine, eg er nok utprega sosial og toler å ha menneske, gjerne mange menneske rundt meg til ei kvar tid. Eg er vel i grunnen nesten det einaste mennesket eg kjenner som på ramme alvor kunne tenkt meg å bu i kollektiv…
Likevel så trivst eg i eige selskap, spesielt viss eg veit at det er mange eg når som helst kan oppsøkja viss eg får lyst… Det å reisa rundt aleine i verda heilt aleine slik Leif gjer, hadde nok ikkje vore noko for meg. Det er interessant at me menneske er så ulike.
Eg har nokre store tankar eg har lyst til å skriva blogginnlegg om. Det er slike tekstar som eg veit eg må ha litt tid til å gjennomføra å få skrive. Ein av dei handlar om fortrylling og avfortrylling av verda. I dag får det bli ein kvardagstekst. Anna har eg ikkje tid til i dag, nå skal eg snart ut i sola med gullungen på ti månadar.

Det eg har tid til i sommar er å gje deg ein augustbukett med markblomar og kviskra «Takk for fylgjet gjennom sommaren», eg håpar at hausten blir god. – Og så vil eg ta med eit til dikt av alle dei fine Benny Andersen har skrive. Eg fann fram dei samla dikta hans då eg høyrde at han ikkje var her lenger. Med eit aktivt lite kravlekryp på ti månadar, og med naturen på sitt finaste, synest eg det kan passa med diktet «Kryb»
***
Kryb
Velsignet de små i verden,
som vedblev at være små,
krybet, der vedblev at krybe
dengang vi lærte at gå.
Sneglen med hjortegevir
og fyrigt knejsende nakke,
ormen der krydser havet,
de store kaller en bakke.
Tægen der gynger på bladet
som fiskeren i sin båd,
larven der hænger i lyset
som dykkeren i sin tråd.
Den eneste udvej jeg kender
når allting er gået i stå:
at gå hele vejen tilbage
og begynde igen hos de små.
Velsignet de små i verden-
åh, lad mig til bunds forstå:
Det er nødvendigt at krybe,
for den der vil lære at gå.
Benny Andersen
Heidi

Det er utruleg kor fort ting går seg til når ein sommarferie skal bli til eit pulserande skuleår og strukturerte linjer av liv og kvardag. Etter tre dagar i klasseromet, har eg nesten, men bare nesten gløymt at eg nettopp hadde ferie.
Heldigvis kjem dei fleste barn tilbake til skulen med varme i blikket og forventning til å møta klassekameratar og lærarar igjen. Litt buttar det nok i mot å måtta stå opp om morgonen og leggja seg tidlegare om kvelden, men sjetteklassingane som er dei eg forheld meg til for tida har stort sett teke oppstarten på strak arm. Og jammen trur eg ikkje det var eit strøk av opprømt forventning på personalromet og der me heiv innpå siste kopp med svart kaffi iførte nye matchande T-skjorter med antimobbemotiv.
I tråd med tradisjonen stod personalet oppstilde ved flaggstonga og song Bryne – skulesongen i lag med elevar og foreldre. Denne gongen hadde me flinke forsongarar frå sjuande klasse. «Ikkje langt frå Bryne sentrum der ligge skulen vår, han æ gammale og nye, han æ fine. Her ska me gå på skule i sju lange gode år mens regnet pøse ner og solå skine…» Me rakk akkurat å synga ferdig før regnet kom, og i det lyden meir og mindre svikta oss, rakk me å senda ein kollektiv tanke til kollega Stig som kunne finna på å flytta frå oss etter tjue år.
Første dagen var av maratonslaget med oppstart i skulen først og tre omgangar oppstart i kulturskulen etterpå. Me god hjelp av eldstesonen har eg og klart å finna ut korleis eg loggar meg på nettforelesningar og nettmøter med studiegruppa. I går var eg kjempestolt over å heilt utan hjelp oppnå kontakt medgrupa mi. Det er veldig uvant å sjå seg sjølv på ein skjerm medan eg snakkar, men det blir vel ein vane… Som for å understrøka at tida har gått inn i ei ny fase har det vore ganske haustleg ute eit par av dagane.
I dag ettermiddag hadde eg ei «hovudet godt over vatnet-oppleving.» Morgondagen er under kontroll, oppstarten med 17 unge strikkarar som skal produsera kvart sitt sitjeunderlag hadde gått over all forventning og planleggingsmøtet for neste veke var over.

Det kjennest og som om den mystiske sjuka som kan tenkjast å ha vore med i kofferten heim frå Hellas langt på veg har sluppe taket i både meg og dei andre. Det er og noko å vera takknemleg for.
For å få gått litt i regnet vart det byvandring i dag. Eg har falt for fristelsen til to spontaninnkjøp. Eg kjøpte Ketil Bjørnstad si siste bok om 90- talet fordi ho har frista meg i bokhandelen denne veka. Eg har venta på boka og vore inne på e-bokbiblioteket kvar dag for å sjå om dei har lagt ho ut. Då 80- talet kom, gjekk det lenge før boka var tilgjengeleg på e-bokbiblioteket, og då det kom så langt var det lange ventelister. Eg fekk forresten ei anna bok i hendene i dag, boka med tips til skapande skriving, som eg har laga i lag med Thomas og Mari. Det er vel ein slags naturlov at den dagen ein gir ut ei bok får ein lov til å kjøpa ei bok? Bokbransjen må jo ha brukbare levekår.
Det andre spontankjøpet var ikkje fullt så spontant. Eg og Ingrid har gått og kikka på ein fantastisk barnekjole som har vore utstild på den lokale strikkebutikken sidan i vår. Gullungen, som til vår store stolthet har lært å seia, hei, mamma og gakk gakk, har på ein nonverbal måte gitt oss forståing av at ho ville vera veldig søt i ein slik kjole når det blir jul. I dag vart det kjøpt inn garn. Det er tida for romanar og strikkepinnar i vinterstova medan det regnar ute og me ventar på dei siste sommarvekene. Då eg kom heim, vart eg klar over at det ligg ein del ikkje heilt ferdige strikketøy der frå i vår. Det er godt eg har mykje kjekt arbeid i vente,

Overskrifta på dagens innlegg, «Denne dagen et liv,» er ein setning som brant seg fast i meg frå TV-serien «Vi på Saltkråkan» av Astrid Lindgren som vel gjekk på TV på slutten av 60-talet. Det var far til Pelle, Niklas, Johan og Malin, den snille, men svært upraktiske forfatteren Melker Melkerson som siterte og funderte over desse orda.
I sommar har eg lese ein fin ny Astrid Lindgren- biografi av Jens Andersen som har fått dette sitatet som tittel. Eg har lese veldig mange Astrid Lindgren- biografiar, og ein kan undra seg over at nokon vil gå i gang med å skriva endå ein, er beundringsverdig. Denne er fantastisk, eg anbefalar ho på det varmaste. Nå svarte eg akkurat på ein sms, og tru det eller ei, i melllomtida hadde katten viska vekk eit langt avsnitt om Ronja Røverdottar ved å setja seg sjølv eller ein labb på backspace-tasten. Det var nok det fornuftigaste. Innlegga mine blir fort for lange.
I staden skal eg la Astrid Lindgren sjølv få koma til orde:
«Hva som ikke er livets mening, det vet jeg. Å samle på penger og saker og ting, å leve et kjendisliv og pynte seg på ukebladets kjendissider, å være så redd for ensomhet og stillhet at man aldri rekker å tenke etter i fred og ro. Hva gjør jeg med min korte stund her på jorda?»
Astrid Lindgren
Heidi

Eg nektar å bruka ordet haust på lenge endå, august er og ein sommarmånad, så litt romsleg talt har me to veker att av sommaren. Eg har aldri forstått heilt dei som synest at sommaren kan vera lang og varm og gler seg til hausten. Sommaren er for meg den paradisiske årstida eg held fast på så lenge som mogleg. Ikkje det at ikkje haust og vår og er fine årstider, men det er noko heilt eige med sommaren, og få månadar er så vakre som den vemodsmogne augustmånaden.
For oss som hadde vore vekke i tre veker og lese i avisene og på nettet elles om tørken, var det godt å sjå at dagar med regn hadde gjort Jæren grønt igjen. Nye markblomar kom opp der det var uttørka og visna.
Og det var deilig å oppdaga at framleis er kveldane ganske lyse og lange heime i Norge.
Eg var og glad for at svanefamilien i Tjødna framleis symde rundt med dei tre ungane dei hadde då me reiste. Kva som skjedde med den fjerde veit eg ikkje, men med så intenst og aggressivt vakthald som svaneparet driv rundt avkomet, så hadde dei fortent at alle fekk veksa opp.
Denne veka har vore travel med planlegging av skuleåret som skal koma, og i tillegg måtte eg for ein gongs skuld ned på ryggen med eit virus som har herja i familien sidan me kom heim frå Hellas. Kanskje det er eit eller anna gresk me har fått med seg. Min teori om at eg toler kva som helst av slike «øvefære» etter å ha vassa i smitte og snått i trettitre år, fekk seg ein knekk, men så har eg aldri undervist i greske skular då…
Heldigvis kom eg fort i nokonlunde form att, og satsar på at veka som kjem og som nok kjem til å gå i ca 190 km/t kjem til å gå bra. For dei som aldri har starta opp eit skuleår er det sikkert ikkje sjølvsagt å forstå at me skal skapa ein ny verden med nye rom og timeplanar og nye tannhjul som skal gå rundt. Sjølv skal eg tilhøyra det same arbeidslaget som i fjor og forhalda meg til dei same elevane, så det hjelper godt, men eg veit at det blir travelt likevel.

I går las eg i avisa at eit av mine store litterære førebilete, danske Benny Andersen, lyrikar og musikar har gått bort. Han døydde 88 år gammal, så han fekk eit relativt langt liv. Eg oppdaga tidleg dikta hans, og beundrar han veldig for måten han fangar sjølve livet og kvardagane på i orda sine. Eg trur eg er veldig inspirert av han, og ein av mine agendaer er å prøva å få til noko av det same. Eg må sjølvsagt fanga livet frå min vinkel slik Benny Andersen fanga det frå sin. Eg har lese alt eg har kome over av litteratur frå han og av han, og var veldig fornøgd då eg for fem år sidan lukkast i å få tak i «Benny Andersens samlede værke,» at det var jubileumsutgaven hadde mindre å bety. Eg hadde prøvd i mange både danske og norske bokhandlar og på nettet utan hell, men ein lukkeleg augustdag fann eg ho i Ålborg.
Eg har lyst til å æra han med å ha med nokre dikt av han på bloggen min, og i dag begynner eg med to dikt frå den første boka hans «Den musikalske ål», som kom ut i 1960, året før eg vart fødd. Begge desse dikta har eg vore glad i lenge.
Det første diktet heiter bordbønn. Eg må vel få lov til å seia at dette diktet utfordrar det puritanske norske forholdet til mat med eit dansk smil…
BORDBØN
Giv mig i dag
mit brød at smøre.
Blødt og strengt skal mødes
i mine hænder
og smørrets solskin overvælde
brødets mørke.
Lad mig røre ved det vi lever af,
brunt brød, gult smør,
kærlighed
*
Det neste diktet er faktisk og ei bønn, Morgenbøn. Den har eg bedt mange gonger, og og prøvd å fanga på min eigen måte med eigne ord.
MORGENBØN
Levende morgen,
skil surt fra sødt
og inderst til yderst,
lad lysets knive skrabe bort
midt inderste sure hovmot,
at jeg kan frygte
når frygtens time slår,
at jeg kan høre
hvor jeg skal falde ind
når den store musik begynder
Benny Andersen
I eit av dikta mine står eg klar på fortauet med triangelet mitt og ventar på at den store musikken skal begynna. Eg synest det er eit vidunderleg bilete at me alle skal delta med våre tonar, venta roleg på tur, og når alt er klart, bera vår del av den store musikken.
Heidi
Flyturen gjennom natta gjekk kjempefint. Det vart opplyst om at dei kom til å fly med lysa av i flyet, og at dei ikkje ville forstyrra oss med informasjon før me nærma oss landing. Eg var litt redd at nokon skulle protestera på lyset på i-paden min, som eg hadde skrudd til lågaste nivå. Heldigvis gjekk det fint, så eg kunne kosa meg med ein André Bjerke-biografi medan alle andre tilsynelatande sov. Krisematen min frå flyplassen hadde havna i Leif sin bagasje i bagasjehylla, så den måtte eg klara meg utan. Etter ca halvannan time kikka eg ut vindauget og såg at nå kom sola opp. Så vart eg bare sitjande og stirra ein times tid. Det var så utruleg vakkert, horisonten vart meir og meir rosa, blodappelsinfarga, oransje og gul, og eg såg fjellformasjonar og byar som låg og glitra som diamantar. Det må vel ha vore lys frå gater og vindauge eg såg, men det var eit nesten magisk syn som ikkje likna noko eg har sett. Det einaste som bekymra meg var at eg syntest me flaug så lågt. Alt var liksom synleg og såg ikkje ut til å vera langt borte. Det var som dei siste ti minutta før landing på Sola når me kan sjå Jæren under oss og kjenna oss att. Eg tenkte såpass rasjonelt at sidan ingen på flyet såg ut til å bli stressa av det, så var me vel i den høgda me skulle vera. Hypokonderdelen av hjernen min kom med innspel om at det kanskje var fredelegare å krasja eit fly med sovande passasjerar enn å vekkja dei til full panikk, men eg klarte å avvisa dei impulsane som svært usannsynlege.
På eit tidspunkt kom flygaren inn i det same romet som oss og stod rett innanfor døra og gjorde strekkøvelsar med armane mot stive skuldre. Eg fann det sannsynleg at det nok var ein andrepilot i cockpit, og at det var nokså usannsynleg at vedkomande vart galen, stengde seg inne der for å styrta oss… Eg tenkjer at desse indre samtalane kan virka opplysande for rasjonelle menneske utan snev av flyskrekk, utan det minste anstrøk av å vera hypokondar og med langt mindre fantasi enn meg… Slik har me det nokre av oss når me er i fly. Sjølv har eg det mykje betre i fly enn før, og klarte til og med å nyta soloppgangen med bare ein liten bismak av panikk…
Me landa grytidleg i Oslo, og etter ein kopp kaffi tok me tog til Oslo S og gjekk til fots vidare for å møta Halvard, Sunniva og Trygve i den nyinnflytta leilegheiten til Sunniva og Trygve. Dette var avtalt for lenge sidan, eg hadde litt vondt av Sunniva som reiste via Athen og ikkje hadde kome seg i seng før klokka to, og nå skulle ta i mot frokostgjester, men slik fekk det vera. Når me har reist lenge ser me liksom vårt eige med nye auge. Plutseleg var Gardermoen ein skikkeleg luksusflyplass. Toget var så nytt og fint og perfekt og i Oslo var det god plass, kjøleg luft og fint og reint. Etter stormen dagen før låg det avbrekte store greiner på plenar og fortau og ein del skilt hadde blese ned. For å ikkje koma alt for tidleg tok me oss veldig god tid, og hadde ein liten pause i botanisk hage.
Det var kjempekoseleg å eta frokost i saman med «barna». Det gav meining til ei veldig lang mellomlanding i Oslo. Aller helst ville eg ha hoppa av her og tatt toget heim, men det viste seg veldig vanskeleg å få til fordi bagasjen vår var sjekka inn heilt heim. Eg fekk bare finna meg i at det vart ein flytur til på meg denne dagen. Det at eg mislikar å fly gir meg ein fordel i kampen for å prøva å leva grønare og meir miljøvennleg, så det kan eg jo velja å vera takknemleg for. Som eg sa til ei venninne, heller ei natt på ein flyplass enn ein time i eit fly. Det første bekymrar meg ikkje nevneverdig, men det gjer det andre.
Men tilbake til det å vera i Oslo. Dersom eg var turist, trur eg at både hovudstaden vår og Jæren ville fortona seg som vakre, reine og svale destinasjonar.
På veg tilbake gjennom byen vart det ein liten pause ved Akerselva og litt lesing av plakatar. Oslo er blitt ein multikulturell by, spesielt den delen av byen der Sunniva bur nå. I dag begynner ho i ny jobb på ein skule der ca 80% har tokulturell eller tospråkleg bakgrunn. Tenk så mangefasettert hovudstaden vår og landet vårt er blitt. Tenk så mykje fint og spennande me har i lag om me klarer å bruka mangfaldet positivt.
Klokka fem var me heime. Eg tenkte at det hadde gått over all forventning å hoppa over ei natt. Tanken streifa meg nesten om kor mykje kjekt eg kunne ha brukt annankvar natt til om eg ikkje sov… Eg kan beroliga dei som lurer på om det held på å klikka for meg at eg skreiv den setninten med ein viss sjølvironi. Katten var veldig kosete etter bare å ha fått mat av folk som kom innom for å mata og gå igjen den siste veka. Eg la meg ned på sofaen for å klappa katten litt og sovna der…
Men heldigvis vakna eg og fekk sjå to gonger Ingebriktsen vinna femtusenmeter i EM.
Resten fekk venta til ny dag der eg mest av alt høyrer heime.
Heidi
Torsdag kveld gjekk me ein liten tur med Sunniva for å få med oss den siste solnedgangen i Santorini og for å eta gresk middag før ho skulle nå båten til Athen grytidleg neste morgon. Me hadde fått anbefalt ein stad som skulle vera autentisk, rimeleg og bra, men der viste det seg at alle bord var reserverte. Me enda som me begynte på den same plassen som me var den ettermiddagen me kom til Santorini. Eg veit ikkje om det har skjedd noko med mi evne til tidsoppfatning, for eg synest at alt går så fort, ferien, sommaren, åra og livet. Her gjeld det bare å bita seg fast med tennene, klora seg fast med neglene og pusta roleg inn og ut og kjenna at livet faktisk er her akkurat nå.
Etter å ha send Sunniva i veg med taxi klokka seks om morgonen, fekk me pakka livet vårt inn i ryggsekker og koffertar, så reiste me til den stranda me hadde vore på tidlegare i veka for å få ein siste dag i sola og sjøen. Eg kom på at eg kanskje måtte få tatt dette obligatoriske biletet alle legg ut på facebook, dette av tærne sine på ei solseng med hav og himmel i bakgrunnen. Dersom nokon har sakna akkurat dette motivet, så kan de sjå det nederst i venstre hjørne av bileta over. Dei ekstra observante kan oppdaga at tærne er dekorerte med gnagsårplaster. Dette har vore ein ferie med mykje gåing, og det har vore herleg.
Etter bading i den varmaste sjøen eg har bada i, tok me somlebussen tilbake til Fira og fekk skifta av oss sandete badetøy under kleda på eit hotelldo i kjellaren. Så sette me oss på bussen til Kamari, der flyplassen ligg, og der dei «vaksne» i familien skulle eta middag i lag. Kamari var heilt annleis enn dei høgtliggjande «fjellbyane» me hadde vore i til nå. Her var det ein lang strandpromenade og opnare landskap. Me åt på ein restaurant heilt i havgapet. Her åt eg ein rett som mor anbefalte. Ho hadde oppdaga matretten ved å kjenna att ein rett frå ei bok ho hadde lese, der bestemora alltid kokte dette til middag.
Det var ein god grunn til å smaka, tenkte eg. Og det høyrdest dessutan godt ut. Eg har gløymt namnet på middagsretten, men det var langtidskokt oksekjøt med tomat og grønsakar og raudvin i sausen servert med potetstappe. Det smakte veldig godt.
Flyet vårt skulle gå klokka fire, så ungdommeleg nok hadde me planlagd å rett og slett hoppa over hotell denne natta. Me hadde tilbod om nattetimar på hotellroma til både syster og foreldre, men alle var trøytte og me ville heller koma oss til flyplassen, så me bestilte taxi ved midnatt.

Me hadde blitt fortalde at flyplassen på Santorini var veldig spesiell på den måten at han var bitteliten og utan noko skikkeleg venterom. Det viste seg å stemma. Den einaste benken inne i ankomsthallen var full av folk, og dei begynte ikkje innsjekkinga før halv tre. Ute var det varmt og deilig, så me sette oss utfor. Eg tenkte at det er ikkje kvar dag ein sit på fortauet utanfor ein gresk flyplass midt på natta, og med den tanken vart det nesten litt eksotisk å sitja der og lesa og skriva.
Innanfor innsjekkinga, som gjekk ganske fort var det ein heilt minimal tax-free- butikk. Det kan tenkjast at utvalet av alkohol og tobakk var relativt ok, men elles hadde dei nesten ingenting. Eg hadde kome på at me kanskje burde ha med oss litt mat sidan eg på grunn av flyskrekken min tenkte at det var heilt utenkjeleg å sova på flyet. Eg må nemleg vara vaken og forberedd på alt og i tillegg halda flyet oppe med tankekraft i tilfelle piloten av ein eller annan grunn skulle få problem…
Mat var det lite av på tax-free-en. Ein kunne få kjøpt ein liten pakke sjokoladekjeks til fem euro, eller sjokoladeovertrekte hasselnøter til same prisen. Det vart det siste.
Så fekk me vita at flyet var klar for boarding, me skulle fraktast dit i buss. På bussen var det mellom anna ein gjeng som hadde vore på russetur som kanskje hadde gløymt at dei fleste rundt dei forstod norsk. Samtalen deira var reine høyrespelet. Heilt fram til nå har eg lurt på om det var eit iscenesett skodespel for å sjokkera medpassasjerane, eller om det som vart sagt faktisk var ein autentisk samtale. Sidan det er stygt å lytta, skal eg ikkje skriva inn replikkane her, men heller spara dei til eg eventuelt skal skriva eit surrealistisk teaterstykke om norsk ungdomskultur.
Eg hadde grua litt for å ta av, for flyplassen med rullebanane var så knøttliten, og det såg ut som om flya gjekk veldig bratt opp. Nå var det heilt mørkt, så me såg ingenting, og snart var me oppe i lufta heilt smertefritt.
Heidi















