
Dagen etter bryllaupet hadde me lyst til å avlasta småbarnsforeldra litt sidan dei hadde hatt ein travel dag og barnebarnet er ein liten morgonfugl som ikkje tek hensyn til kor mange timars søvn foreldra har fått før ho startar dagen.
Sidan me hadde lyst til å få sett oss litt om på øya, hadde morfaren til barnet ein god idé om at me kunne ta henne med oss på busstur til Oia, denne staden nord på Santorini dit «alle» reiser ein kveld for å sjå på den fantastiske solnedgangen. Eg syntest det høyrdest ut som ein koseleg tanke, og det gjorde barneforeldra og.
Oddvar møtte oss med barnevogn og blei med til bussen for å sjå oss vel av garde, og gje oss ein demonstrasjon i korleis me fekk slått ned vogna. Det begynte lovande. Bussen kom nesten med det same, og me fekk lagt vogna inn i bagasjerommet under. Då me glade og fornøgde gjekk på, kom bussjåføren og bad oss gå av igjen. Bussen var full, og utan ledig sete hadde dei ikkje lov til å sleppa inn babyar. Det høyrdest jo logisk ut det… Eg sette meg på ein steinmur med ein glad og fornøgd unge på fanget og tenkte at me fekk venta på neste buss.
Det er bare det at bilane som tidlegare fortald kjører rimeleg kvast, og så vart det ein del eksos å pusta inn. Ein maxitaxi stoppa, og sjåføren tilbydde seg å kjøra oss til Oia, eller Ia som dei seier lokalt. Morfaren forhandla litt, og syntest at 25 euro, var litt mykje… Etterpå begynte me å tenkja på at taxi kanskje ikkje var så dumt, me hadde jo sjølv reist med desse overfylte greske bussane, så det var ikkje å ta for gitt at neste buss hadde plass for oss heller. Svigersonen var einig, og sidan han er eit menneske med høg handlingskompetanse, hadde han skaffa oss drosje på fem minutt, og snart låg vogna i bagasjerommet. Eg var vel klar over at eg ikkje kunne rekna med at greske taxiar stilde med barnesete, og det viste seg at sikkerheitsselane som faktisk var der, ikkje fungerte. Først då me hadde begynt å kjøra kom me på at me kanskje måtte spørja etter pris. Den veldig hyggelege taxisjåføren sa at det var ein tur på tjuefem minutt som kosta 35 euro.
Sjølv om me hadde sett på kartet, hadde eg ikkje heilt forstått at turen me skulle på gjekk ned ein ganske bratt, smal og svingete veg langs sjøen. Plutseleg føltest det ganske uansvarleg å sitja der med ein usikra baby med tanke på kor utruleg stort fokus me har på barnesikring i bil heime i Norge. Eg trur morfaren hadde dei same tankane, for då eg prøvde å få i gang litt lett og ledig samtale for å få taxisjåføren til å slappa av, sa passasjeren til høgre for meg at eg skulle la sjåføren konsentrera seg om kjøringa…

Fram kom me, og det å trilla barnevogn var lettare i Oia enn i Fira. Gullungen kosar seg alltid veldig med å sitja og kikka på folk, sånn sett kan det sjå ut som om ho kan ha gener frå mormora. Ho stirrar interessert på alt og alle og lyttar oppmerksomt same kva språk som blir snakka. Me var på ein liten gresk kafé der ho åt medbrakte kjeks og drakk vatn frå koppen sin. I tillegg fekk ho smaka på den lokale eplekaka og fekk ny bleie. Me fann ut at sidan det hadde vore såpass mange komplikasjonar med å koma seg dit, så var det sikkert lurt å ikkje drøya for lenge med heimturen.

Då me kom til busstasjonen gjekk det akkurat ein buss, me prøvde å stoppa han utan hell. Me tenkte at nå er me først i køen til neste buss sidan dette er endestasjonen, så då skulle alt vera bra. Lillegull sovna i vogna, og me venta lukkeleg tålmodig. Då bussen kom, fekk eg beskjed om å skunda meg på, så fekk han vogna i bagasjeromet.
Plutseleg forstod eg at gresk køkultur hadde eg ingen kondisjon i. Plutseleg kom folk spurtande frå alle kantar og albua seg forbi meg der eg stod med ein baby på armen og skulle opp busstrappa. Då eg endeleg kom opp sa sjåføren «Sorry, no more seats, I can’t take a baby.» Eg prøvde å argumentera med at eg hadde venta sidan sist buss. Sjåføren svarte bare sorry, og såg oppriktig lei seg ut. Nå kom kampen om ståplassane. Ein ropte at kona og barna var på bussen allereie, han måtte og få koma på. Ein annan meinte det var hans tur. Sjåføren slo beklagende ut med armane og sa på engelsk at nå gjekk han for å kjøpa seg ei flaske vatn, så fekk folk slåst om å vera med på bussen.
På dette punktet tek barnets morfar barnet frå meg og presser seg inn på bussen. Han har ein teori om at nokon vil gje frå seg plassen sin om me går inn med ein baby og seier me var der først. Eg prøver å argumenters med at det høyrest ut som ein dårleg idé. Ei søt ung dame, som viser seg å vera canadisk, tilbyr meg plassen, men det er så fullt i midtgangen at det er ein stor operasjon å både forlata og innta eit sete. Løysinga blir at gullungen blir trygt plassert på fanget hennar, og eg klarer å koma meg så nær inntil at eg kan ha augekontakt med barnet, halda henne i handa og servera kjeks og vatn frå håndveska mi. Ho som låner ut fanget fortel at ho har vore voluntør i Malawi og nå ferierer i lag med kjærasten før dei skal tilbake til Canada. Dei hadde lært etter å ta buss nokre dagar at den greske måten å koma seg innpå greske bussar var å bare kasta seg inn døra med albuane først…
Det velsigna barnet sat der og strålte som ei sol medan me køyrde opp dei smale vegane mot der me kom i frå. Det var ei lette å koma like heile og glade av bussen som då me starta. Neste gong eg tek Gulla med på ekspedisjon trur eg heller det blir til Stavanger med NSB…
Heidi

Sidan kjærleiken i alle sine former fortener all den plassen han kan få i denne verda, sidan eg har fått lov av Elisa, og sidan nokon hadde veldig lyst til å sjå bilete, så tek eg sjansen på å fortelja litt meir frå ein uforgløymeleg kveld på Santorini. Sjølve viinga fann stad under ein rosenkledd portal på eit opphøyd platå med klipper ned mot havet. Det var sett inn kvite silkedekte stolar til oss som var der og stolar på podiet ved roseportalen. Her kjem brura opp midtgangen med ein stolt pappa.

Her er dei via av Hilde Sirnes, til høgre under portalen. Eg blei rørt over at brudeparet hadde lyst til å bruka bryllaupssalmen eg skreiv til Ingrid og Oddvar «Vinden bles frå ville havet», det skulle visa seg å passa her og. Det bles så pass at portalrosene regna ned på oss.
Og så var det fotografering. Fotografane ville mellom anna ha dei opp på eit tak, og Pippi Langstrømpe, Elisajenta frå barndomen, ho med oransje musehalar som likte seg best på øverste greina i det høgaste treet dukka opp. Ho stod aleine på pynten av eit hustak som frå ei scene i Titanicfilmen, med sløret flagrande som eit stort segl i vinden. Dessverre har eg ikkje bilete av akkurat det. Plutseleg kom det eit vindkast som var så kraftig at sløret flaug sin veg. Heldigvis vart det funne att i nokre buskar…
Då sola gjekk ned klokka åtte vart det pause i middag og program for å ta fleire bilete i ein av dei solnedgangane Santorini er så berømt for. Det skal godt gjerast å finna vakrare kulisser for ei feiring av kjærleiken.
Det var program heilt til klokka eitt om natta, både talar, danseinnslag, songinnslag, filmar og bilete. Det som rørde meg mest var den heilt openlyse kjærleiken dei viste kvarandre og familiane sine. Eg ynskjer dei alt godt som tenkjast kan.
For å få med dei finaste bileta har eg lånt frå Sunniva og Leif sine kamera.
Heidi
.
Dette er ikkje brudebuketten, men ein av dei mange bukettane som pynta borda me sat ved. Det var ei stor og fantastisk oppleving å få vera med på denne store dagen for tantejenta mi, Elisa som eg har hatt gleda av å kjenna sidan ho vart fødd. Himmelen var knallblå og himmelen svart med stjerner på.
Brur og brudgom var strålande lukkelege og haldt fine talar om kjærleiken. Studentsjømannsprest Hilde Sirnes stod for ei fantastisk fin viing under ein rosepynta portal. Barnebarnet var pynta i kvit blondekjole med hårband. Me sat ute rundt runde bord og fekk servert god mat, mange fine talar og mange flotte underholdningsinnslag. Det vart sunge, dansa og ledd medan den varme mørke greske sommarnatta pakka seg rundt oss. Det var kjekt å feira og kjekt å bli kjend med brudgommen sin familie. Elisa sin familie stilde med fire festglade generasjonar som var glade for å vera der.
Eg kunne ha skrive mykje meir, men i dag skal eg la det vera, for dette var Elisa og Ole sin kveld som eg synest dei skal få bera med seg utan for mykje innblanding frå tante sin blogg. Takk for at me fekk lov til å vera der, Elisa.
Eg har mange fIne bilete eg kunne ha lagt ut her, men eg vel å ikkje gjera det før eg eventuelt har innhenta løyve frå brudeparet.
Heidi

Me kan jo ikkje vera sånn omtrent på ei sydhavsøy utan å prøva oss på strendene. Sidan Santorini er ei vulkanøy, er dei fleste strendene nesten svarte, og til dels med så skarpe steinar at ein ikkje kan bada utan skikkelege badesko. Den snille hotellverten vår fortalde at det fantest a white beach too. Han viste på kartet og forklarte, og visst hadde hotellet strandhandkle me kunne låna og ta med oss.
Så kom me oss på badebussen, Sunniva, Leif og eg. Han vart etterkvart stappfull, då det kom på to babyar på eit seinare stopp, pressa folk seg saman slik at dei som hardt babyane kunne få sitja. Eg vart sitjande innerst i baksetet i lag med Daisy på fem månadar, faren hennar frå London, og ei dame som fortalde at ho var barnelege i Athen og bare elska småbarn. Eg kom til å tenkja på at det er ganske lenge sidan eg har kome sånn i snakk med nokon på bussen heime.
Då me kom til stranda kom ein mann og tok i mot oss. Me trudde han ville ta inngangspengar for å koma inn på stranda, eller leie for solsenger og stråparasoll, men nei, alt dette var gratis, men han håpa me ville kjøpa mat. Så snart me hadde rigga oss til på behagelege solsenger kom han med menyen. Tenk at det finst strender med spiseplikt…

Sjøen var behageleg varm. Det var deilig å bada. Det var relativt brådjupt, og vatnet var krystallklart og nesten utan bølgjer. Sanden var glovarm, eg skulle gjerne hatt filmversjonen av mitt mannlege reisefylgje som av ein eller annan grunn hadde bestemt seg for å gå barføtt ned til sjøen, og valgte å ikkje snu for å henta sandalane. Etterkvart kom dei for å ta opp bestilling, og dei kom med maten vår på brett på solsenga. Det smakte riktig godt.
Me hadde tenkt oss tilbake i god tid til neste programpost, men først var bussen litt for sein, så viste det seg at bussen skulle ta oss med på noko som begynte å likna på ein rundtur på heile øya. Det er nå kjekt å sjå seg om, og ein billig sightseeingtur vart det og. Etterpå rakk me akkurat å dusja av oss salt og sand og pynta oss litt før me småspurta opp igjen til hotellet der Oddvat og Ingrid bur. Der var det middag for tantar, onklar og syskenbarn av brudeparet, fotografering og solnedgang. I morgon er det den store dagen med bryllaup på Rockabella.
Det vart ikkje seint, for mykje skal ordnast og tenkjast på til i morgon. Jan og Bjørg som bur på ein annan kant av øya gjekk den koselege turen til Fira saman med oss for å ta buss der i frå.
Heidi
. 
Etter å ha surra rundt i vekesvis som to snusmumrikar med ryggsekk, ei sjel og ei skjorte, har nå ferien endra karakter. Frå i går morges til i dag ettermiddag har me fått gjenoppfriska vårt gamle liv som småbarnsforeldre. Me har farta rundt på øya med barnevogn, og det er ikkje akkurat det denne øya med smale gater som enten er fulle av bilar, mopedar og firhjulingar eller er fulle av brusteinar i ulik høgde, trapper i alle variantar frå dei lange bratte og relativt nye til eldgamle trapper med lang avstand mellom trinna og grus i midten.
Folk her virkar som om dei er både veldig barnevennlige og veldig hjelpsomme. Dei både tilbyr seg å hjelpa med vogna i bratte trapper og dei kjem og fysisk løftar i vogna når det trengst. Veldig mange kjem for å snakka med barnet i vogna og prøva å lokka fram eit smil. I dag under frokosten sat ho som ei lita dronning på ein innsats dei sette inn i stolen og gumla på ein kjeks. Pluseleg sat ho med eit stort smil mot noko. Då eg snudde meg for å sjå, var det ein av kelnarane som stod og dansa for henne. Det såg ut som om han vart litt flau over at eg såg det…
Me var på pizzarestaurant der eg trur dei nesten var villige til å ommøblera for å få plass til vogna, og me har vore i hotellet sitt badebasseng og prøvd kunstane etter babysymjinga. Mykje nytt har kome til sidan vår tid. Nå er det badebleier og uv-drakter som gjeld. Det er veldig få småbarn og barnevogner her, så Santorini som er ein bratt og dyr stad utan sandstrender appellerer nok meir til andre turistgrupper enn dei med små barn. Det er eigentleg utruleg koseleg å synga eit litt overgira barn i seng ei stund etter vanleg leggetid, og når eit pyjamaskledd lite vesen står i sprinkelsenga og seier i frå at nå må me ikkje kasta vekk meir av dagen når klokka er halv seks om morgonen, så er det bare å koma seg opp i gresk grålysning»
Foreldra mine, syskena mine, døtrer, svigerson og niesar har innteke øya, så plutseleg var me mange her. Me hadde ein roleg og herleg føremiddag på hotellet der systera mi og foreldra mine bur. Den eldste og den yngste av jentene kvilte i det kjølege store hotellromet mens eg og syster sat med beina på ein avsats og nytte den utsikta de ser på tre av bileta over, medan me løyste verdsproblem og likte at me for ein gongs skuld var på ferie i lag. Etterpå var me ein stor gjeng på kafé og åt lunsj i lag. Den joviale greske kafeeigaren meinte at far måtte vera høvdingen for dette fylgjet og den som skulle ta rekninga. Samtidig påsto han at han aldri kunne trudd at samme mannen var oldefar til den yngste. Slike folk liker eg og far min, me er ikkje vanskelege slik.
Heidi

Me var tidleg oppe for å gå dei førtifem minutta det tar sånn omtrent bort til hotellet til Ingrid og Oddvar. Me skal passa gullungen i drøyt eit døgn medan «ungdomane» er på Ios for å halda utdrikningslag for brur og brudgom. Den enklaste løysinga var å låna både baby og hotellrom i eit døgn.
Det går to vegar mellom dei to hotella. Bilvegen er nok kortast, men han er smal og utan fortau og trafikk- kulturen er omtrent som i Athen… Den andre vegen er og litt smal og kronglete, men nesten utan bilar, og i tillegg veldig vakker.
Klokkene ringte og folk var på veg til sundagsmorgonmesse i dei små kyrkjene langs vegen. Nokre av dei i svarte kjolar. Eg lurer på om det framleis er skikken at enker kler seg i svart. Nokre av dei svartkledde damene eg såg var sikkert under sytti år, men altså kledde omtrent slik eg hugsar at oldemor, Brynhild Strand, var det for meir enn femti år sidan heime i Norge.
Me høyrde song frå ei av kyrkjene og kikka inn. Akkurat som i Athen sat kyrkjefolket på benker. Akkurat nå har eg ein hypotese om at ein sit på benkjer i gresk-ortodokse kyrkjer og står eller kneler på golvet i dei russisk- ortodokse. Folk som veit meir enn meg om dette, må gjerne driva litt forsiktig folkeopplysning i kommentarfeltet.
Det første me gjorde etter å ha vinka til foreldra, var å kjøpa litt mat på den lokale matbutikken. Frokosten på det hyggelige vesle hotellet vårt består av kaffi og eit stykke sitronkake. Norske magar treng litt meir brød og ost og sånn, så det fekk me tak i. Så langt har den aller yngste turisten tatt ferielivet på strak arm. Ho flørter og pludrar, smiler og viser kor stor ho er. Grekerane ser ut til å vera veldig barnekjære, så ho får masse merksemd frå både hotellansatte og andre, og det har ho ingen ting i mot.
Ei smånevrotisk mormor, det vart eg akkurat då eg såg det fantastiske hotellet, kjem til å overpåpasseleg kvart einaste sekund, for hotellet ligg som ein gresk landsby i ei fjellside med utvendige marmortrapper fem etasjar ned til basseng og resepsjon. Her blir det ikkje snakk om utandørs krabbing eller gåing langs bord og vegger, og gåtrening inne på det harde flisegolvet må og vera under streng observasjon… Men det er vidunderleg vakkert her i tilfelle nokon skulle betvila det.
Nå søv veslegull føremiddagsluren sin i vogna på balkongen, og morfar inne på hotellromet. Mormor sit som ein stolt gammal hauk, eller kanskje snarare ugle, ein meter frå barnevogna og nyt livet med eit stort og svulmande mormorhjarte. Eg minner meg sjølv om at eg i grunnen klarte meg ganske bra på den tida me var på ferie i utlandet med fire små barn, så dette ansvaret skal me nok vera i stand til å bera på relativt strake armar.
Ha ein god sundag alle saman ❤
Heidi
I dag morges måtte me opp kvart over fem for å nå ferga til Santorini. Nå var me så heldige å ha Sunniva med på laget, veldig koseleg å sjå henne att i går kveld.
Det gjekk knirkefritt å koma seg til båten der me hadde vore forutsjåande nok til å bestilla stolar. Eg hadde i fantasien sett for meg ein liten holk av ein båt i sterk sjøgang til dei ytterste øyane. I staden kom me til ein båt som var større enn vår heimlege danskebåt. Forskjellen var bare at her reiste dei aller, aller fleste utan å ha med seg bil. Overfarten var ytterst behageleg, sjøen var flat som eit stovegolv.
Me var innom fleire øyar før me kom til Santorini. Den på biletet er ei av dei. Eg lurer på om det er Naxos, men heilt sikker er eg ikkje. Ved ankomst stod alle passasjerane på det nederste dekket og venta på å koma til lands. Det lukta sterkt av motorolje der nede, og plutseleg gjekk det ein alarm, like intens som ein brannalarm og han ville liksom aldri slutta. Eg vart litt stressa og lurte på om det var noko gale, men dei som jobbar der såg avslappa ut, og det pleier å vera eit godt teikn. Me kom oss til lands, så det var vel bare ein legg- til- kai-alarm eller noko slikt.
Inne på kaia var det eit salig kaos av taxiar, turistbussar og andre som var der for å henta. Me leita etter ein person med ein lapp med hotellnamnet på, og fann han til slutt. Han førte oss og ein fransk familie som skulle til same hotellet til ein maxitaxi. To av sikkerheitsselane virka ikkje, elles var alt greitt. Eg vart lettare vettskremt då eg såg dei skarpe hårnålssvingane opp den stupbratte skrenten mot byen. Eg håpa i det lengste at me ikkje skulle opp dit, men eg hadde bange aningar om at den vesle kvite byen øverst på fjellet var Fira der me skulle bu. Det skulle sjølvsagt visa seg å stemma. Oppover hårnålssvingane køyrde me, ei heil kolonne av taxiar og turistbussar. Me kom oss vel opp.
Me er installerte på eit koseleg lite familiehotell i Fira. Ingrid, Oddvar og Iben hadde kome nokre timar før oss. Nå møttest me og åt middag i lag på ein liten restaurant, tsatsiki, brød, ovnssteikt fetaost, gyros og moussaka. Den greske moussakaen som vel er den opprinnelege var med potet og aubergine, malt kjøt med tomat og ein slags omelettaktig masse på toppen. Det hadde ein markert smak av kanel.
Å sjå eit barnebarn eg ikkje har sett på to veker etter å ha vore van med å sjå henne sånn omtrent annankvar dag , var fantastisk, ho hadde fått lenger hår, hadde utvida spisekartet sitt, og lært nye kunstnar som å visa kor stor ho er og vinka. I morgon får me mykje tid i lag med henne. Då skriv eg meir og legg ut fleire bilete. Her er det postkortmotiv for kvar tiande meter, men sidan eg har dann baktroppen for ein gjeng gåande menneske med lenger skrittlengde enn meg, så fekk eg fotografert lite i dag.
Heidi
I dag hoppa me på ein sightseeingbuss og tok ein runde for å få litt meir oversikt over denne kokande kaotiske og fantastiske byen. Me hoppa av i eit område som var som ein einaste stor loppemarknad der du kunne kjøpa det meste som tenkjast kan.
Det var og mange gateselgjarar der. Det er ei utfordring å møta dei med vennleg respekt utan å gje dei for stort håp om at du kjem til å kjøpa noko. Dei kan vera kjempesjarmerande eller veldig usjaretande i sine pågåande metodar for å få seld. Eg er ikkje det minste i tvil om at dei verkeleg treng pengane dei kan klara å driva inn… Dette var dagens mest sjarmerande forsøk frå ein som fortalde at han var frå Jamaica. Heile fyren var eit einaste stort smil:
«Mam, I will give you this for free!» Han rekkjer eit glasperlearmband mot meg. «Mam, you are very beatiful, like Angelina Jolie. It’s true mam, very, very pretty. Leif som går fem steg framfor meg snur seg litt irritert bakover med eit litt oppgitt blikk for å finna ut kva transaksjonar eg eventuelt er i ferd med å rota meg inn i. Selgjaren forstår teikninga og kjem med denne herlege sluttkommentar: «Oh, Brad Pitt…»

I Athen held dei på med dei merkelegaste restaureringsprosjekta. Eg trur dette var «oppussing» av ein agora, altså eit torg, frå romartida.
Me fortsette opp nokre smale gater for å koma opp i det området som blir kalla Plaka. Som ei begynnande begrensning av biltrafikk og eksos, er dette området stort sett avstengt for biltrafikk. Her er det mange små kunst- og souvenirbutikkar, og her vrimlar det av kafear og restaurantar. Nokre av dei er midt i gata slik at dei som serverer må stoppa opp og sleppa fram forbipasserande før dei kjem fram til gjestene med maten.
Me ville opp på Akropolis, denne høgda midt i byen der det ligg fleire gamle tempel frå 500-600 år før Kristus. Tempela er sjølvsagt mest ruinar, men ganske godt bevarte. Det var nesten høgtideleg å gå rundt på dette området som eg har høyrt så mykje om og sett bilete frå så mange gonger. Eg såg nesten for meg dei gamle grekarane som kom hit for å tilbe. Eg innbillar meg at det var der Paulus såg eit altar for ein ukjend gud, som fekk han til å halda den berømte talen på Aeropagoshøgda som innleia med «Athenske menn!» I denne talen knytta han den ukjende Gud som dei kanskje leita etter opp til kristendommens Gud. Imponerande reint retorisk, men mannen var jo utdanna i talekunst.
Me hadde lese litt på nettet om at ein ikkje burde gå opp på Akropolis på den varmaste tida på dagen, at ein burde ha gode sko og ha med seg nok vatn, og at ein måtte forventa å stå og gå i kø. Dette gjorde at me trudde turen opp var mykje lenger og brattare enn han viste seg å vera. Likevel skal det innrømmast at det er litt annleis å vera ute og gå når det er solsteik og 32 varmegrader enn når det er slikt ver me pleier å gå tur i.
I kveld kjem Sunniva med fly frå Oslo for å vera med oss på resten av turen, og i morgon må me vera grytidleg på kaien i Pireus for å ta ein sju- åtte timars båttur til Santorini der me skal treffa store deler av storfamilien og feira bryllaup. På sett og vis kan me derfor med ei viss sorg seia at «interraildelen» av ferien dessverre går mot ein ende, men me har framleis ei veke att i Hellas. Eg skulle meir enn gjerne toga gjennom Europa for å koma heim og, men sidan me snart må begynna på jobb att, blir heimturen dessverre med fly…
Heidi

Tenk at i skrivande stund er eg rett og slett i Athen, byen eg har hatt lyst til å koma til heilt sidan me las kapittelet «Sparta og Athen» i historieboka i fjerde klasse på barneskulen. For å få det til å høyrast ekstra fasjonabelt ut, kan eg jo tilføye at eg sit på taket på hotellet vårt på roof-terrace, ein takrestaurant og drikk cappuccino med utsikt over ein lyssett by i nattemørket og med ein varm bris i håret og på dei sommarbrune armane mine. Dette er ein så pass dyr kafé at dei serverer kaffien med eit halvt stykke formkake med aprikos og eit glas vatn med isbitar.
Mesteparten av dagen har me brukt på toget. Standarden på greske tog er langt høgare enn på dei rumenske og bulgarske. Me hadde veldig triveleg selskap av to unge jenter frå New-Zealand som skulle reisa rundt i Europa nokre veker før dei skal studera eit år som utviklingsstudentar i England og Frankrike. Eg er så imponert over alle dei unge, reflekterte og hyggelige interrailarane me møter. Det var spennande å sjå på landskapet utanfor, eg hadde forventa at det var gansk brunsvidd og holdt ute, omtrent som sør i Spania på denne årstida, men det var faktisk ganske grønt og frodig.
Så kom me fram til Athen som er ein glovarm, bråkete, kaotisk og sjarmerande by. Her som i Thessaloniki er det biler overalt, og dei opererer ikkje med fartsfrender på femti eller tretti i tettbygde strøk. Dei kjører som galne og tutar med bilhorna og mellom alle bilane susar mopedane på ein måte som ser livsfarleg ut. Eg har følelsen av å kryssa gata med livet som innsats, og slik var det i Thessaloniki også. Me les at dårleg luft på grunn av eksosen har vore eit problem i Athen som dei jobbar med å finna løysingar på.

Vel framme i Athen var me ganske svoltne, så me leitte inområdet rundt hotellet ette in koseleg plass å eta. Me hadde ein følelse av ikkje ha funne det aller beste strøket, og dette var bekrefta av at me bokstaveleg talt nesten gjekk på to ganske slitne menn som stod der på fortauet og sette sprøyter på seg sjølv. Me fann til slutt ein fortausrestaurant med tak over, men det vart ganske komisk for det var ei sTor vifte der som skulle sørga for aircondition, og den bråkte slik at det nesten var umogleg å føra ein samtale der inne. I tillegg hadde me bilar på alle kantar.
I ettermiddag vart det litt vandringer gatelangs utan annan mål og meining enn å sjå seg om. I morgon har me heile dagen før me reiser vidare lørdag morgon. Me får bruka dagen godt, Eg innser at det er alt for kort tid til å oppleva Athen, så me får ønska oss tilbake, gjerne om hausten eller om våren når det er litt kjølegare.
Eg har gløymt å fortelja kva det luktar i gatene. Det luktar eksos og blomar, matos frå restaurantane, kaker frå bakeria, for folk er glad i kaker her. Det luktar sigarettrøyk, for veldig mange røyker på fortaua. Det luktar søppel frå søppeldunkar som ikkje har blitt tømt i varmen, og nokre stadar luktar det svakt av kloakk. Og parfyme, gløymde eg parfymelukta frå forbipasserande menn og kvinner? Mange er glad i parfyme her…
Og kva eg tenkjer om å vera i Athen? Eg er spent og entusiastisk. Midt i alt ha dette sterke trekk av historie og av eventyr.
Heidi

Nå har eg sitte på den vesle verandaen vår høgt over dei fire kjørebanane på vegen nedanfor og sett på solnedgangen over Thessaloniki som ser omtrent sånn ut. Det er siste kvelden vår i denne byen, og den første dagen i august. August er ein månad eg har eit sterkt og varmt forhold til, men han overraskar meg kvart år med å koma alt for tidleg.
Eg måtte bruka nokre timar på føremiddagen til å gjera ferdig språkvasken på boka vår. Leif brukte tida på å finna ein hyggeleg frisør og få klipt håret sitt. Ho fortalde at ho hadde to små barn, og eigentleg ønska seg eitt til, men ho visste ikkje om det kunne bli råd med det for ho måtte jobba til sju om kvelden kvar einaste dag for å få hjula til å gå rundt. Det same måtte mannen, så ho var avhengig av at syster hennar passa barna etter barnehagen. I Aftenposten stod det for litt sidan om ein gresk kelnar som fortalde at han jobba sju timar sju dagar i veka og ikkje hadde råd til ferie. Dette var fordi han i tillegg til å forsørga familien måtte forsørga foreldra sine.
Det er lett å sjå at ikkje alle grekarar har mykje pengar å rutta med. Mange bur i veldig fattigslege strøk og arbeidsledigheita er stor. Frisøren Leif var hos fortalde at fleire av vennene deira hadde flytta utanlands i håp om jobb og betre tider. Det er ein nyttig tanke å ha i bakhodet at den hyggelege kelnaren og den blide dama i hotellresepsjonen kanskje aldri har hatt råd til slik luksus som å reisa på ferie…
Då me kom oss ut i dag gjekk me gjennom litt mørke bakgater ned til sentrum. Målet vårt vart eit fotomuseum der greske fotografar stilde ut arbeid. Tema for utstillinga me såg var «Identitet» og «Sjølvportrett» . Eg likte mange av bileta veldig godt. Det var lov å fotografera der utan blits. Eg blir litt i tvil om kor vidt det er lov til å leggja ut fotografar sine arbeid på bloggen min, men her er ein collage med noko av det eg såg som eg la ut på Instagram i dag.

Fotografane som skal krediterast for bileta over er Georgia Masatma, Anastasia Vlacaki, Nastassa Kademiri og Katerina Tsariki.
Museet låg nede ved sjøen og det var ein liten kafé der med fin utsikt. Ei dame sat der og jobba,og to menn sat og drakk kaffi og såg ut vindauget i meditativ taushet. Det var så stille at eg følte eg bråkte når eg opna ein boks iste og tasta på mobilen.

Utanfor var det veldig varmt og veldig vakkert.
Planen var å oppleva gatelivet i handlestrøket, men medvandraren min foreslo ganske fort ein kaffipause på ein hipp kafé der det var laga til slik at ein fekk inntrykk av å sitja ute, bare det at det falske uteområdet var airkondisjonert slik at det var 25 grader der i staden for 35 som det heilt sikkert var ute på gata.

Sidan min lokale turoperatør tydelegvis toler varme dårlegare enn den langt yngre kona si, var han ikkje til å få med seg ut av det nedkjølte lokalet. Eg måtte rett og slett ta handlegatene aleine.
Eg måtte bare gå inn i ein kjempestor bokhandel og nyta synet av alle bøkene sjølv om alle er på gresk. Her nede er eg fungerande analfabet, og akkurat det er ei nyttig erfaring for eit menneske som driv leseopplæring. Eg merker at eg prøver å gjetta meg til ord skrive med det kyrilliske alfabetet ut frå dei bokstavane eg kan. Eg prøver og å knekka bokstavkoden ved å kjenna att ord og overføra dei lydane eg trur teiknet betyr til andre ord. Sjølvsagt gjer det ikkje jobben lettare at eg stort sett ikkje forstår eit einaste ord på det språket orda er skrivne på. Men plutseleg finn eg meg ein oversikt og puggar bokstavar. Me skal vera her halvanna veke til…
I dag slapp me inn i ei kyrkje, kanskje fordi frua til mannen i shorts hadde på kjole, eller kanskje fordi det ikkje var ei messe på gang. Den kyrkja me gjekk inn i er via Sofia, som ikkje er ein helgen, men det greske ordet for visdom. Denne kyrkja var ulik dei i Romania og Bulgaria. Ikona var ikkje så mange, ingen kom inn for å kyssa dei, og det var stolar i romet slik at folk kunne sitja i staden for å stå eller knela ned på golvet. Kanskje dei andre kyrkjene me har sett i sommar og dei me såg i Ukraina er russisk- ortodokse? Denne reknar eg med er gresk- ortodoks av naturlege grunnar. Tante reisande Mac får halda fram med sitt erfaringsbaserte forskningsprosjekt i ortodoks trusforståing. Uansett så er kyrkjer gode rom å vera i. Det er godt å vera i eit så fint rom med så lange gudstenestetradisjonar å bare vera stille og la pust, tankar og kropp bli til ei bøn.
Etter kyrkjebesøket var turen komen for middag. Me fartar ofte rundt ei stund før me bestemmer oss. Ein eg gjekk saman med ville gjerne på ein veganarrestaurant me såg på eit hjørne… Me ende opp med meir tradisjonell mat. Eg åt greske kjøttbollar med rå løk og paprikasaus. Det smakte godt.
I morgon må me tidlegare opp enn me har hatt for vane på ferien, for då ventar toget til Athen. Eller, det er akkurat det det ikkje gjer, det ventar ikkje…
Heidi