Gå til innhald

Skriv og vær lydig

mai 3, 2018

Diktet

Et dikt er en rystelse
En vindrosse i blodet

Hvor kommer vinden fra
Skriv og vær lydig

Ingen kjenner strømmene
I luften og i havet

Et dikt er en ensomhet
Et bål på tundraen

En albatross i stuen
Uventet ned fra havet

Arnold Eidslott

Eg slutta så fint med eit Arnold Eidslott -dikt i går, så eg tenkte eg kunne begynna med eit i dag. Biletet over er tatt for halvannan veke sidan, eg konstaterer at dersom eg hadde teke det i dag, ville bjørkene ha stått med grønt slør over greinene. Det går så fort når verda skal bli grøn att. Eg nyt å sjå på det, og eg kjenner det i auga som er kløande, trøytte og «lettrørte» av vår og pollen.

Arbeidsdagen begynte i regnjakke med tjukk skigenser under. Eg har begynt å mislika det å frysa i mykje større grad enn før. Me og omtrent alt som kunne krypa og gå av skuleelevar på Bryne skulle ut og bidra til ein rein og ryddig by gjennom ein felles ryddedugnad med søppelplukking. Det var lova ut ein stor premie til eit av dei deltakande trinna, så entisiasmen var stor. Eg trur ein del av elevane akkurat som meg var lettare sjokkerte over alt me fann av diverse søppel i hekkar og langs parkeringsplassar. Q-tips med gul voks i begge endane er eit mildt eksempel, resten let eg vera å fortelja om her. Det viktigste var at sekkane fyldest opp og at alle var fornøgde med resultatet. Eg kan ikkje hugsa å ha sett det så reint og ryddig i byen vår nokon gong. Så får me håpa det går nokre veker før vegkantane fyllest opp av sigarettsneipar og porsjonsposar med snus igjen. Vel tilbake på skulen skreiv me liste over søppel me hadde funne og tekstar om forsøpling.

Torsdagar er ofte ein mormordag. Så snart eg er klar til å gå frå jobb er det rett til huset der det bur ei blid lita halvtårsjente som liker å bli trilla i vogn. Der sit ho med store forvitne fiolblå auge og betraktar livet. Ho trivest heilt tydeleg best der det er mange menneske å sjå på, men eg prøver og å gå ein runde i skogen slik at ho blir bada i grønfargar og svarttrostsong. Det er eit stort privilegium at me bur så nære kvarandre.

Nå i kveld hadde eg med meg den teknologiske støttekontakten som eg deler hus med på eit riggeprosjekt. Eg held på med ei fredagsrekkje med «foredrag og skriveverkstad» i  regi av «Den kulturelle skulesekkjen», der sjuandeklassingane i kommunen kjem til Bryne mølle for å læra om kunstnaren Andreas Bøe, og skriva tekstar inspirerte av kunsten hans. Min store skrekk er at prosjektoren plutseleg ikkje virkar, at eg ikkje får til å kopla saman PC og prosjektor, eller at det plutseleg skal mangla ein eller annan ledning… Derfor må eg alltid bort og sjekka kvelden før at alt er i orden. Eg ville følt meg så utruleg lite proff viss eg stor der og ikkje fann ut korleis eg skulle henta fram presentasjonen om Andreas Bø sitt kunstnarliv og hovudlinjene i kunsthistorien. Eg har ein kriseplan i hovudet om korleis eg skal klara å bruka halvannan time fornuftig og klokt og godt utan digital støtte, men eg håpar eg slepp å bruka han. Eg liker godt å gjera slike ting i samarbeid med nokon som alltid veit kva hol koplinga skal inn i og kva knapp ein skal trykkja på, men nå må eg rett og slett stå på eigne bein… Truleg ville det vel finnast minst ein elev i ein kvar slik forsamling som kunne hjelpa meg ut av uføret.

Og for at alle skal få med seg eit streif av litterær tyngde dersom dei les denne teksten, sluttar eg like godt av med Arnold Eidslott og…

Håndtrykket

Gå sakte menneske
Søk en høyere gjerning
Trykk den lidendes hånd

Gi han din hånd
Han som står rådløs
ved veikryssene din bror

Håndtrykk lønnes ikkje
med kongens mynt min venn
for håndtrykket lønner seg selv.

Det er fødsel
at to hender møtes
Den høyere gjerning fødes

Gå sakte og let
etter de rådløse hender
Hvert håndtrykk føder en stjerne

Dixi

Arnold Eidslott

Heidi

From → Uncategorized

One Comment
  1. Håndtrykket er eit favorittdikt. Eg ynskte meg det opplese på min siste runde dag, og det fekk eg. 😊

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: