Gå til innhald

Nær-døden-opplevingar.

januar 11, 2004

Eg har høyrt folk fortelja om dei, og i dag var det eit program på TV om dette fascinerande fenomenet. Det er interessant at menneske, mellom dei ei blindfødd dame, kjem med mest heilt identiske historiar om korleis det kjennest å vandra inn i døden. Dei ser først seg sjølv liggja livlaus frå eit fugleperspektiv. Så går dei gjennom ein tunnel mot eit stort lys, og får ei sterk kjensle av glede og kjærleik. Nokre av dei meiner å ha kjend att Jesus eller avdøde slektningar, og nokre har til og med snakka med dei.

Eg såg dette programmet i lag med to jenter på 14, Ingrid og Matilde. Me var samde om at det heile var ganske skummelt, men likevel fint på ein måte at dei fleste som har vore eit steg inn i døden har kome attende heilt befridde for dødsangst. Sjølv om eg har ei sterk Gudstru, så må eg jo innrømma at døden kjennest ganske skremmande. Kanskje det siste er eit resultat av at eg faktisk er veldig glad i å leva?

Ute er det ei våt og kald januarnatt. Det regnar og det bles som det ofte gjer i denne delen av verda. Eg er i gang med eit nytt og betre liv med mager mat og hardt arbeid. – Akslene er stive, og hovudverken ligg og duppar
i overflata ein stad. Eg har nok vore litt for ivrig med broderi-innspurten.

Arbeidsoppgavene er mange og krevjande. Eg øver på å
ikkje bli stressa av det. Eg toler mykje arbeidspress, men nå er det heilt på grensa. Eg prøver å gjera ein ting om gongen og konsentrera meg om den eine tingen. Stort sett så funkar det.

Det mest kreativitetsutfordrande eg gjer akkurat nå er å leika dramaturg. Barneteatergruppene våre skal framføra Mio min Mio i vår. Eg håpar Astrid Lindgren ville ha sett med milde auge på at eg skriv inn ein del ekstra jenteroller. Me har så mange flinke jenter som ynskjer seg ei stor rolle.

Life is a cabaret old tjom, so come to the cabaret…

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. TirNaNoir permalink

    Jeg så også dette programmet, og ble helt fascinert av to ting. Den blinde som aldri hadde sett noe, men som kunne se under opplevelsen. Og ikke minst hennes påstand om at hun ikke så sort, hun så bare ingenting. Og så syns jeg påstanden: lyset er det som skjer når Gud puster var utrolig vakker.

  2. Heidi permalink

    Ja, ikkje sant! Eg snakka ein gong med ei som sa ho hadde hatt ei slik nær-døden-oppleving, og etterpå bestemde ho seg for å bli prest. ganske fascinerande og med han som totalt la om livsstilen etter si oppleving. Eg kjenner at eg trur på desse «vitna» og det tek litt av brodden frå dødsfrykten.

  3. Heidi permalink

    Men tenk om me kunne bli fylde av slike erkjenningar og slik kjærleik ved rett og slett bare å vera i live på vanleg måte.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: