Gå til innhald

Jobba under press…

februar 1, 2004

Eg innser det sjølv… Eg er nok eit typisk tidspress – menneske. Så lenge eg skreiv på hypodea så var det ikkje noko problem å laga ein tekst i veka. Eg ville jo for alt i verda ikkje ramla ut. Då det likevel skjedde, var det fordi internett svikta, og fordi venninna eg styrta til for å berga plassen, ikkje var oppdatert nok til at det lot seg gjera å logga inn. Her er det godt med tid og rom, og innsatsen blir etter det.

Eg toler det utrulege av arbeidspress utan å bukka under. Veit eg at eg må skriva tre songtekstar innan eg går og legg meg, så klarer eg det. Kjem det gjester så panikk-ryddar eg, sjølv om eg har hatt fleire dagar på meg, og natt til julafta sit eg ofte oppe halve natta for å bli ferdig med presangane. Men fryden med å gå rundt i ein velordna heim og tenkja at her er alt som det skal vera,
den har eg sjeldan kjend. Eg veit rett og slett ikkje korleis det kjennest ut når alt ligg på sin rette plass og intet arbeidspress finnest. Eg anar ikkje korleis det kjennest å ikkje ha noko å bruka tida si på. Og eg innser at det etter alt å dømma er eit privilegium å ha det slik.

Så nå får eg bare ta med ro at innan veka er omme må eg ha laga eit utall pictogram, skrive ein elevmusikal, skrive to møtereferat på sida av den fulle jobben min og diverse møter. Det klarer eg nok. Elevmusikalen har eg forresten to veker på å skriva kjem eg på nå. For ein luksus.

Men i kveld skal eg skriva eit par songar og eit brev til svigermor som har brekt armen etter eit fall på glatt- isen.
Ungane vil at eg skal baka ostescones til dei, kanskje det ja, kanskje… Men mest av alt gler eg meg til å krypa under dyna med Knut Hamsun biografien. Eg elskar å lesa biografier.

Ute er snøen i ferd med å smelta etter å ha vore her i fem dagar. Alle som vil har fått gått på ski, og alle er fornøgde. Oppvasken ropar på meg og vil inn i oppvaskmaskinen. I kjøleskapet står ei skål med riskrem og ei mugge rød saus og ropar endå høgare. Ikkje skal eg opna kjøleskapet i det heile tatt. For eg er nemleg flink jente. Og eg har sett meg sjølv under tidspress. Skal ha på meg bunaden min i Ingrid sin konfirmasjon 2. mai. I beste fall…

Og eg som er motstandar av overdriven struktur…

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Jag har också svårt att få saker gjort i tid. Allt som inte är någon definitiv deadline på tenderar att inte bli gjort alls… och det är sällan det funkar att sätta egna deadlines. som väl är funktar jag hyfsat på jobbet, det är allt privat som inte funkar så bra.
    Nog klarar du att komma i bunaden, så mycket som du har att göra så hinner du ju inte att äta…
    Men idag har jag gått ut och gått med min julklapp (från Tulo som skriver här på Andedräkt) nämligen ett på gåstavar. Det tog mer än en månad att komma sig för…
    Det vore roligt att vara litet mer disciplinerad…

  2. Heidi: permalink

    Ja, men med meg funkar det ikkje slik at eg blir slank av å ha det travelt. Desverre… Då hadde eg ikkje hatt vektproblem… Snarare kan problemet vera at eg får for lite tid til å planleggja rett mat og til å trimma. Eg har observert linken mellom deg og Tulo og har allerede prøvd å finna ut om Tulo er…. Nei, det seier eg ikkje i fall det er hemmeleg…

  3. TirNa(Noir) permalink

    Jeg fungerer stort sett på samme måte, og det er utrolig at det går bra, men det gjør det jo stort sett. Av og til, når presset griper meg skikkelig i nakken, lurer jeg på hvordan jeg klarte akkurat «dette» sist. Men jeg husker selvsagt aldri det, og lærer heller aldri av mine feil. Men du – dette med velordnet hjem tror jeg vi kan glemme til antallet hjemmeboende barn er nede i null. :o) Ha en trivelig helg

  4. Heidi permalink

    Takk TirNaNoir. Eg er akkurat tilbake frå ei herleg venninnehelg i Kristiansand med fire lærarskulevenninner. Me har ikkje akkurat sove vekk tida, så nå er eg stuptrøytt og må leggja meg snart….

  5. Hilde permalink

    🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: