Gå til innhald

Den dagen våren kom attende.

februar 17, 2004

I dag har det vore heilt ekte vårsol over den vesle byen min. Me stabla fire gutar inn i bilen min og drog på tur til flyplassen for at gutane skulle få sjå ekte fly. Det viste seg at me ikkje kunne sjå eit einaste fly frå ventehallen. Då måtte me smila så fint me kunne, og fortelja rette vedkomande at for desse gutane var det viktig å få sjå og oppleva om dei skulle læra. Flyplasspersonalet var snille og hjelpsame som bare det, dei slapp oss rett gjennom sikkerheitskontrollen heilt utan billettar.

Veska mi måtte gjennomlysast, og eg måtte forklara at sprøytene eg bar på var stesolid i tilfelle av epileptiske anfall, og alt var så greitt så greitt. Det gjer godt å sjå at hjartevarme nokre gonger sigrar over internasjonale føreskrifter. Jan Ivar kjørde bilen heim, me kjørde langs havet, det var vår rundt oss. To av gutane våre somna i bilen heim.

I matpausen var eg på eit improvisert møte som eg vart hanka inn til, og fekk ikkje drukke kaffien min. Så måtte eg og Anne Kristine springa til toget fordi me skulle møta på kompetansesenteret inne i storbyen til “Nettverk for spesialpedagogar som jobbar med alternativ kommunikasjon.”

På toget var det ein ung gut med asiatiske trekk, regnbogefarga genser og Olsen-banden-hatt som tigga pengar i eit stort Colaglas frå Mac Donalds. Han hadde teipa fast loket, laga eit sparebøssehol, og skrive “Redd Barna” på ein stor kvit papirlapp han hadde limt på glaset. Han sa at han visste det såg ut som rein svindel, men bad meg om å stola på han fordi han verkeleg ville senda desse pengane til sveltande barn. Eg stappa to kronestykke med hol i på Colaglaset. Han sa at han skjøna det godt viss eg ikkje stolte på han. Eg sa at eg likte å stola på folk. Anne Kristine himla med augene og trudde eg hadde blitt galen. Eg sa at det kosta meg lite å satsa to kroner på den prosentvise sjansen det trass alt var for at han tenkte å støtta svoltne barn. Ho lo og sa at eg kanskje hadde rett.

Til slutt var det rett frå toget heim til dei to barneteatergruppene mine. Ein vakker tysdag vart det. Eg kom heim og åt kald semulegrøt frå i går til middag, kyssa ungane mine god natt før eg sende dikt til Synneva via mail om å bita i eplet og gå tur med hunden.

Nå gjenstår det snart bare å venta til Halvard sin jakke har gått vel gjennom vaskemaskinen slik at eg kan få lagt han på varmekablane i gangen og klar til bruk i morgon.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: