Gå til innhald

Vibrerande liv…

februar 22, 2004

Eg vaknar og et sein frokost. Eg brukar nokre timar på å skriva ein song til Sigvald, inspektøren på skulen min som feirar 60- års-dag nå i kveld. Ingrid har vakse forbi meg med 12 cm. Ho er framleis lys lys blond, og etter lang og tålmodig omgang med kreppetonga står håret som eit platinablondt flor kring hovudet hennar og langt nedover ryggen. Eg går bak henne og Matilde på veg ned til sentrum, dei går med lengre steg enn meg og eg må småspringa for å halda fylgje. Eg kjenner der eg halsar bak dei at eg er stolt av å vera mor til denne store vakre jenta.

Det er sol i gågata. “Ein blir så rastlaus og uroleg i slikt ver. Det er vårkjenslene som kjem,” seier ei eg kjenner når eg møter ho ute i byen. Eg kjøper oransje tulipanar og ei nysteikt fiskekake som eg et varm rett frå posen. Vel heime kastar eg resten av sjokoladekaka fordi eg ikkje klarte å ha ho ståande urørt. Ho var uimotståeleg mislukka. Ho var tung og hard og rå i midten, og ho stod der og ropte på meg så høgt at eg ikkje høyrde andre lydar medan eg var på kjøkkenet.

Eg fekk ein mail frå ei barndomsvenninne.Det var ein sånn animert “Send det vidare- sak “ der ho skriv at sjølv om me aldri ser einannan meir så er ho glad i meg, og at eg har vore med på å gjera livet hennar til kva det er i dag. Eg bli meiningslaust glad og skriv straks eit svar før eg sender mailen vidare til mine nåverande venninner.

I flokk og fylgje gjekk me atten kolleger frå jobb med trommer og norske flagg til der inspektøren skulle feia dagen sin. Utan at han visste om det sneik me oss inn på festen for å synga for han: Me hadde songer, talekor, røde papphjerter og isfaklar. Så fekk han klemmer før me gjekk.

Me er saman fire jenter seinere på kvelden. Eg og syster mi og dei to tenåringsdøtrene våre. Me et pizza og druer og syster mi seier at eg ikkje måtte eta appelsiner, eg som er plaga med urinvegsinfeksjonar. I bilen heim snakkar Ingrid og eg om spøkelse. Ho er overbevist om at dei finst. Eg sa at om ho treff dei kan ho bare korsa seg, for Jesu kraft var sterkare enn alle onde krefter. Me ler litt medan dei spelar dansebandmusikk på radioen. På kjøkkenet har eg ingrediensa til bollebakst og i kjøleskapet er det kremfløyte for i morgon er det fastelavn. Ei faste av det bokstavelege slaget hadde ikkje vore dumt å gå inn i i år.

Og den første kjenninga av vår har kledd av meg det ytste laget av vinterhud. Det er eit vibrerande liv.

Heidi

From → Uncategorized

One Comment
  1. buy tramadol permalink

    Great work, webmaster, nice design!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: