Gå til innhald

Banna i kyrkja:

februar 22, 2004

Eg veit eigentleg ikkje om banna er det rette ordet. Eg trur at det å lysa forbanningar er eit meir dekkjande uttrykk. Det skjedde for eit år sidan. Mannen reiste seg opp midt under preika i den store domkyrkja og lyste forbanningar over både statsmakt og kyrkje. Merkeleg nok fekk han snakka i fred. Med ein viss fascinasjon snudde eg meg og såg på han. Eg har alltid blitt interessert når folk bryt grenser for vanleg åtferd. På same måten interesserer elevar som heng i gardinene meg meir enn grammatikken eg skal læra dei. Eg snudde meg og såg på mannen. Eg kjende på at eg hadde likt å snakka meir med han, likt å finna kjelda til dette raseriet. Det interesserte meg kva han eigentleg ville oppnå med å banna i kyrkja.

For ein månads tid sidan var eg i den same kyrkja att. Denne gongen som sist var eg mellom anna i lag med mi hjartevenninne Torun. Eg observerte med ein viss interesse at den same mannen var i kyrkja denne gongen og. Under nattverden ropa han høgt: “Nå går dei for å få sitt siste måltid, nå går dei for å få sitt siste måltid!” Endå meir enn sist kom det fram at mannen var i ganske stor grad av ubalanse. Eg kviskra til Torun at vår gamle ven frå i fjor var her i dag og. Ho sende meg eit strålande smil. “Er det ikkje fantastisk at han framleis kjenner seg velkomen!” kviskra ho tilbake.

Denne gudstenesta skulle visa seg å innehalda meir dramatikk. Plutseleg og utan førevarsel, datt ei eldre dame som sat eit par benker framfor oss over på sida, og vart liggjande i fanget på mannen sin. Svært diskret og utan at høgmessa vart forstyrra begynte ting å skje. Ei dame som kanskje var lege eller sjukepleiar sette seg bort til dei. Ein mann med mobiltelefon i handa lista seg bort og diskuterte lågmælt med han som truleg var ektemannen til den sjuke. Diskret slo han eit nødnummer og gjekk ut for å snakka i telefonen. I det postludiet hadde tona ut kom to ambulansemenn inn frå sidedøra med båre og oksygenapparat. Då var mange gått ut av kyrkja, truleg utan å leggja merke til denne oppvisninga i diskresjon.

“Eg vart så engsteleg,” sa eg til Torun då me var ute på gata. “Tenk om ho hadde døydd der inne.” “Eg for min del sat og tenkte på at ei domkyrkje måtte vera ein fantastisk plass å døy på,” svara Torun. Ho minna meg om at ho hadde hatt ein dødeleg sjukdom for nokre år sidan og var blitt nøydt til å tenkja gjennom dette med å døy. Det kunne eg ikkje protestera på. “Men eg for min del håpar inderleg at ho overlevde!” kosta eg på meg å seia i det me gjekk nedover gata til kunstutstillinga me hadde tenkt å sjå på.

Det me å døy i kyrkja er eg framleis ikkje så sikker på, men eg tenkte at me kanskje ikkje skulle vera så redde for å sleppa til dei som har lyst til å banna der. Det kunne rett og slett vera interessant å lytta til dei.

Heidi

From → Uncategorized

One Comment
  1. Hilde permalink

    🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: