Gå til innhald

Flyskrekk:

februar 27, 2004

Eg skal på fire dagars ferie til Lisboa. Det er litteraturgruppa til kjærasten min som inviterer med seg sine kvinner ut på eventyr. Så lenge har me aldri før vore borte frå barna, og eg gler meg veldig. Det er framleis heilt uverkeleg for meg her eg sit og skriv. Det er sol og blå februarhimmel utanfor vinduet, og eg nyt synet av eit lett melisdryss av snø over markene. Eg har klede som må vaskast. Eg har hus som må ordnast og innkjøp som må gjerast.

Det einaste “men-et “ oppe i denne lukkelege situasjonen dette er, er at eg er så forferdeleg redd for å fly. Det er hardt for meg å tapa kontrollen og gje seg heilt over i andre sin kontroll. Det kjennest som om eg er i akutt livsfare kvar gong eg er i fly, og eg er overlukkeleg for å koma ned på bakken att. Fem og ein halv time skal me sitja i fly i morgon. Me har ei mellomlanding i Amsterdam.

Nå håpar eg ingen prøver å trøysta meg med frasa “Dett du ned så dett du ned….” Det er nemleg det eg har skjøna heilt av meg sjølv¨, og eg ser ingen stor trøyst i den kjensgjerninga…

Flyturen i morgon er ei slags opptrapping til i sommar for då skal eg nemleg fly heilt til Dar Es Salaam. Eg har sjansen til å få ein gratis tur til Afrika, og eg har intellektuelt og reint kynisk bestemd at det prosjektet kan eg ikkje la flyskrekken hindra meg i å gjennomføra. Så får me håpa at hjarte og mage klarer fylgja forstanden…

I alle fall… Lisboa here I come.. Send meg varme tankar i morgon. Ikkje kom med råd om alkohol og Valium, for eg har nemleg tenkt å vera mest mogleg klar og handlekraftig i fall me må gå til nødlanding.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Jag ska visst sända varma tankar. Det ÄR farligt att flyga, fast inte farligare än mycket annat som vi gör…
    Risken är nog störst om man flyger med små ovskyra flygföretag eller med sådana från vissa länder där kontrollen inte fungerar så bra.
    För min del tycker jag att det är väl så läskigt att åka buss. Ja, inte de vanliga stadsbussarna, jag tänker på långfärdsbussar som dånar fram på Autobahn eller på läskiga alpvägar – bergskörning är jag jätterädd för, en orsak till att jag tvekar att åka till ditt vackra land.
    De där hemska bilderna på utbrända, förvridna buss-skelett… brr…
    Döden lurar på odd – och våra kära – var vi går, så är det tyvärr. Och allt vi har att sätta upp mot den är förtröstan.

  2. Tintomara permalink

    Usch, två felskrivningar, och jag tyckte jag läste igenom det…
    Det ska vara oss i st f odd och obskyr i st f ovskyr – förstås.

  3. Heidi permalink

    Eg la ikkje merke til skrivefeila i det heile tatt. Og du, vegane i Norge er faktisk blitt ganske bra. Du kan unngå dei fæle vegane og likevel få sett det aller meste av landet. Takk for varme tankar 🙂

  4. Heidi: permalink

    Og forresten: förtröstan er eit underbart ord. Mitt yndlingsord er tillit.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: