Gå til innhald

Fadosong og sarkofagar.

mars 6, 2004

Me hadde vore og høyrd på fado- musikk, slik alle sa me måtte. Ei spesiell oppleving var det. I eit lite lokale, så nære at me kunne ta på dei, song fire forskjellige songarar sjela si ut til oss på portugisisk. Ikkje fatta me stort av språket, men kjenslene fekk me rett i fanget. Det som gjorde verkeleg inntrykk på meg var å sjå den verdige haldninga til den eine eldre dama som song med eit stort svart sjal om overkroppen. Ho hadde eit levd liv i ansiktstrekka sine, og ho hadde ein aura om seg som sa at dette var ei dame som visste sitt eige verd.

Dagen etter havna eg og Lise i noko me trudde var ei kyrkje, men som viste seg å vera eit gravmausoleum over berømte portugisarar. Me hadde vore på loppemarknad i Alfama, og den store kyrkjekuppelen stod der og ropte på oss då me gjekk forbi.

I eit av roma stod sarkofagen til den store fadosongerinna Amalie Rodriguez som har vore død i seks år, trur eg det var. Til mi undring observerte eg at det framleis var friske blomar og store oppsatsar inne i kammeret. Ei lita svarthåra portugisisk kvinne stod der og gråt medan ho snakka mot kista. I øyrene hadde ho høyreproppar. Eg vart overvelda av synet og trakk meg fort attende. Eg gjekk ut og møtte Lise som hadde vore oppe i kuppelen for å sjå på utsikten. Eg sa at ho måtte bli med meg å sjå noko eg hadde observert.

Me gjekk inn att og den vesle dama stod framleis der og gråt. Då me smilte til henne tok ho ut øyreproppane, og viste oss at ho høyrde på songane til dama som låg i den kvite marmorsarkofagen rett framfor oss. Me portugisiske ord, kroppspråk og handteikn fekk ho sagt noko om kor utruleg trist det var at Amalie var død.

Lise som er ei varmhjerta dame, gav vår ukjende venninne ein god klem, korpå den gråtande kasta seg som eit lite barn rundt halsen på henne og let tårene spruta fritt. Etterpå gav ho henne kyss på begge kinn, og fortalde slik at til og med me norske skjøna det, at Lise hadde så varmt lys i augene, og at ho var så glad for å ha fått møta henne.

Så stod eg for tur. Ho klemde meg og kyste meg, og la handa rundt den vesle glaskrossen eg bar rundt halsen. Ho viste meg at ho sjølv bar eit krusifiks, sa noko om Jesus, falda hendene og gråt endå meir.

Då ho tok fram lommeboka si lurde me på om det var ei sofistikert form for tigging me var vitne til, men der fekk me bli til skamme. Ho viste oss eit visittkot frå ei kyrkje i byen og inviterte oss til å vera med henne dit kveld. Me sa at me var på gjennomreise. Då tok ho opp ein papirlapp og ville at Lise skulle skriva fornamnet sitt der slik at ho kunne bera det med seg i veska si.

Ho smilte då me forlot henne, og det vart ein ny runde med kyssing på begge kinn. Ho var sikkert fem år yngre enn oss, men bar preg av å ha hatt eit vanskeleg liv. Ho mangla fleire tenner i munnen, og kleda var ikkje kjøpte i ein av motebutikkane i sentrum. Då me gjekk såg me at ho skrudde på musikken att og vende seg mot sarkofagen. Kva slags floker i livet ho hadde plassert i kista saman med Amalie får me aldri vita. Eit møte av det sterke slaget var det i alle fall. Eit av dei små vegkryssa i livet som kanskje vil sitja fast i minnet for alltid.

Det er så mykje me aldri får vita.

Heidi

From → Uncategorized

One Comment
  1. Tintomara permalink

    Å, tack föratt du ville dela detta med oss! Och välkommen hem, förresten!
    Jag kan lova dig att du aldrig glömmer detta. Jag har rest mycket, och just sådana här saker, människor man får kontakt med på riktigt, sitter kvar när de andra reseminnena bleknar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: