Gå til innhald

Farvel til Elsa og Carl.

mars 14, 2004

Elsa Beskov og Carl Larsson for å vera meir nøyaktig…
Då eldsteguten min føddest for snart atten år sidan, kom svigermor med ein stor flat presang. Det viste seg å vera ein plakat av ein Carl Larsson akvarell med clipsramme frå Ikea. Då guten min var liten kalla han plakaten med guten i knebukse med seler og sixpence- lue for “Per”. Dette fordi han likna til forveksling på Per i Elsa Beskov si bok om Pers nye klær.

Då veslebror Halvard overtok barneromet for åtte år sidan, hang framleis Per og lyste frå veggen, og det gjorde han heilt til for eit par veker sidan. Då fant Halvard, som skal fylla ti år i oktober, ut at han ikkje trong barnebok- bilete på veggen lenger. Tvert om trong han veggplassen til fotballskjerf og supporterflagg. Slik hadde det seg at Per stod lent inntil veggen ved senga mi ein dag eg kom heim.

Så ei natt skulle eg leggja meg i mørkret, for ikkje å vekkja kjærasten min som hadde sove i fleire timar allereie. I det eg sette foten ved senga knaste det farleg i glas. Det var Per som hadde sklidd ned som ei anna sengematte frå sin tilbakelente plass mot veggen, og besynderleg nok kom eg frå det uten større skader under foten. Neste dag var det bare å samla saman glasskåra og innsjå at Per hadde gjort si teneste hos oss. Men sidan han viste seg å vera uskadd han og hamna han øverst i eit skap. Det kan jo koma barn i huset igjen…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: