Tiande mai…
Mai månad kveler oss,
velmeinande og vennleg
tek han strupetak
med alle desse kirsebærblomane,
denne vennlege brisen
korleis vågar han røra oss på denne måten?
Svart-trost og vipe,
måltrost og alle desse andre
som aldri kan gje oss fred
Den første krydra angen av gras
etter ein lang vinter
Tunge angar av spirea,
nyutsprungne bjørker
og tidlege blomar
Alt dette som hentar oss inn
som gjer kveldslufta rusa av kjensler
og får oss til å lengta.
Å lengta etter det som var
Å lengta etter alt som kunne ha blitt
Å lengta etter alt som koma skal.
Trøytte av lengt,
med armane fulle av liv,
står me her og kan ikkje sova.
For våre urolege sjeler si skuld
finn me ikkje kvile.
Ein stad høyrer me gauken gala
for aller første gongen.
Snart skal blåklokkene
ringa sommaren inn
og me skal pusta friare.
Heidi
Å – fint!
Takk 🙂
Läser dina notiser, anteckningar och dikter. Tack för att du finns. Du gör livet lättare för mig då och då.
Eva, kor er du? Eg har leitta overalt…
Heidi, jag skriver inte på nätet längre, men börjar längta lite… Skriver mycket noveller och kåserier och har startat en skrivagrupp!
Se här: http://www.kristianstadsbladet.se/apps/pbcs.dll/artikkel?SearchID=73171423763117&Avis=KB&Dato=20040429&Kategori=BROMOLLA&Lopenr=104290307&Ref=AR
Jag har funderat lite om jag kanske ska fråga om jag får skriva här. Det verkar vara en bra mötesplats för skribenter.
Jag önskar dig en solig och fin dag.
Eg ser dei har inntaksstopp her for skribentar, men vil med dette varmt anbefala Eva P for rette vedkomande.
Ein solig og fin dag til deg og, Eva.
Så vakkert du skriv!
Lov å putte det inn i enjoydiary? Med rett forfattar under naturlegvis?
Klart du kan, Anne! Orsak at eg ikkje har sett kommentaren din før nå. HEr går det i hundre og femti.
Heilt i orden. Tusen takk!