Gå til innhald

Kom og sjå!

juni 26, 2005

“Mor kom og sjå!” ropte Ingrid frå badet. Ho ropte på ein måte som fekk meg til å ana uråd, så eg slapp alt eg hadde i hendene og sprang. Ute på badet stod ho foran spegelen og drog av seg huda i ansiktet i store flak. “Sjå, eg må ha blitt solbrend sa ho,“og drog av seg all huda på det eine kinnet.

Eg kjende kvalmen stiga opp i meg, og kom på fryktelege ting eg hadde høyrt om brannskadar og væsketap. Eg prøvde å få stemmen min til å høyrast roleg og fatta ut då eg sa at ho ikkje måtte gjera det. Me måtte heller prøva å massera fuktighetskrem forsiktig inn. “Det nyttar ikkje sa ho, og drog av seg all huda frå panna og nasen. Huda er jo heilt laus, eg må bare få ho av.”

Då begynte eg å fatta. Var ho ikkje skremande balansert situasjonen teken i betraktning? “Ingrid,” spurde eg med lett skjelvande stemme. “Tullar du med meg?” Ho benekta
hardnakka, men eg drog kjensel på nokre smilerykningar i munnvika. Svaret på uhygga låg i ein pose på vasken, ei gummiaktig flytande ansiktsmaske til å fjerna døde hudceller med. Gni inn, og riv av etter eit kvarter, ein presang frå ei venninne på seksten-års-dagen. Og eg er eit uhelbredeleg lett offer for den typen spøkar… Eg lærer viss aldri.

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. morsan permalink

    Dina texter får mig alltid glad!
    Vågar jag säga «sådan mor sådan dotter» med tanke på spratttet?

  2. Tintomara permalink

    Håller med morsan!

  3. Heidi: permalink

    Jo. morsan, det stemmer nok at Ingrid og eg har litt lik humor. Hennar er om mogleg endå meir svartkanta, ho får meg til å le mange gonger til dagen, og aller høgast ler ho om ho klarer å lura nokon til å tru eller gjera eit eller anna tåpeleg.

  4. synneva permalink

    Du er jammen heldig, Heidi. Som har så fin kontakt med ungane dine no når dei er ungdommar. Ikkje alle får til det… Det handlar nok mykje om din utrulege evne til å leva livet her og nå, tilstades. Og din ungdommelighet. Du er eit førebilete i så måte.
    Glad i deg! Stor klem.

  5. Heidi: permalink

    Tusen takk for vakre ord, Synneva. Nå bankar eg snart på døra di…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: