Ante bare ikkje…
at me hadde så mykje klede. Eg har vaska og vaska og send mange plastsekker til Frelsesarmeen. Dagane spring frå meg. I morgon reiser eg med fly til Spania. Eg er stolt over at eg ikkje gruar for flyturen. Er blitt SÅÅ modig, men eg skal nok kjenna det i morgon…
I kveld skal eg ut og eta god mat med gamle venninner. Eg får ta med bilen og kjøra tidleg heim. Nå må eg ned og sjå om vaskemaskinen er ferdig med å vaska. Eg skulle helst ha nådd ein tre -fire maskinar til før me dreg.
Satsar på å finna meg ein internettkafé så eg kan oppdatera litt her. Eg må ta med meg eit manus og, for eg har sagt ja til å vera forteljar og halda fortaljarkurs
på ein stor festival om eit par veker. Døtrene mine og eg dreg dit og ligg i telt. Det blir spennande, men først blir det altså Spania.
Heidi
God tur til heile den vidunderlege familien din og deg!!! Stor klem.
Ha det så skönt i Spanien!
Tusen takk, Synneva og Tintomara. Stor klem tilbake. Hels til Fartein, Synneva og sei at nå står namnet hans på internett. Han er sikkert klar snart for å skriva blog sjølv. Då kan han leggja ut tekniske modellar og andre idéar. 🙂
god ferie 🙂
Du og Hilde. Fekk eit lite sår på fingen då lysestaken eksploderte, så eg har tenkt på deg kvar dag.
(Kryptisk, jag vet…)