Gå til innhald

La det swinge.

august 2, 2005

“For i dag vil eg gjesta ditt hus,” song eg i ein av dei første songane eg lærte på sundagskulen. Den om at “Sakkeus var ein liten mann ein bittebittebitteliten mann var han…”

Og akkurat nå i desse dagane gjestar folk huset mitt. I dag hadde eg to heilt nye menneske i den oransje sofaen min: Elizabeth og Linda frå USA. Begge to er sterke single amerikanske kvinner på min eigen alder. Med erfaringar som er til dels samanfallande og til dels heilt ulike mine eigne. Dei var gjester hos Torun, som var gjest hos meg, og plutseleg hadde me så mykje å snakka om. Etter å ha ete pastarett med foaccacia-brød og raud pesto på “Kjøkkenet”, og etter å ha vist fram strendene våre i nordavind, landa me hos meg. Me drakk kaffi av dei nye stripete hankelause koppane mine som er så fine at eg aldri har brukt dei, og eg henta fram resten av vaniljeisen frå sundag og skar opp ei fyrstekake eg hadde henta med meg frå eit bakeri eg passerte på vegen heim

Der sat me, fem jenter, alle mellom fjorten og femti år, og snakka på eit anna språk om relasjonar og erfaringar. Og verda opna seg bittelitt meir mot noko større.

Me avrunda kvelden med at Torun og eg tok med dei eldste døtrene våre og kjørde inn til byen på kino. Dei amerikanske damene hadde ein middagsavtale ein annan plass, så nå var det fritt fram for norsk språk og svenske filmar. Me såg “Så som i Himmelen,” som eg hadde sett før, men ingen av dei andre hadde sett han, så det gjorde ikkje noko. Me kjørde feil gjennom ein bomstasjon, bomma på eit traffikklys, vart omtrent for seine til kinoen og overtrakk parkometertida, men det gjorde ikkje noko… Filmen hadde gjort inntrykk på tenåringsjentene våre, -og på oss.

Å få livet til å swinga slik at ein kjenner ein høyrer saman.
That might be the Question.

Heidi

From → Uncategorized

One Comment
  1. synneva permalink

    Å, lukke!
    Så vakkert!
    Ja, dei kan det med film, svenskane! Så som i himmelen var fantastisk. Eg som har gått i kor heile mitt liv og studert musikk på høgt nivå, vart utruleg gripen av livsnerva, entusiasmen og nerva i filmen. Takk, svenskar, for at de gir oss så flotte filmar!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: