Gå til innhald

Om någon skulle visa interesse:

september 29, 2005

Så har eg falt for fristelsen å fylla ut den lista alle opererer med for tida med ekstra tillegg for høg alder.

FÖR TRETTIO ÅR SEN,

1. Var eg fjorten år gammal og hadde akkurat starta med konfirmasjonsundervisninga. Me måtte kjøpa skrivebøker med spiralrygg til å svara på oppgåver i, og presten samla dei inn for å retta.

2. Passa eg barn i to timar kvar ettermiddag for å tena pengar, og fordi eg likte småbarn. Eg gjorde dette frå eg var åtte til eg var seksten år, og i ettertid ser eg at eg lærte mykje.

3. Var eg snill jente og var i mot røyking og alkohol.

4. Lånte eg store bereposar med bøker på biblioteket kvar veke, eg skreiv dikt og drøymde om å bli forfattar.

FÖR TJUGO ÅR SEN,

1. Forlova eg meg i februar og gifta meg i mai. Eg hadde
sjølvsydd kjole i off-white silke og sjølvplukka bukett med liljekonvallar, fordi syrinane ikkje hadde sprunge ut.

2. Var eg på bryllaupsreise til Polen og Frankrike. Me stod i kø i Warshava for å få kjøpt brød.

3. Starta eg min aller første lærarjobb på ein drabantby-skule utanfor hovudstaden. Eg hadde dei mest udisiplinerte elevane eg nokon gong har vore borti. Ein av dei hoppa ut av vinduet, og eg sprang etter han i djup snø med eit langt skjørt på meg. Eg bestemde meg der og då for at akkurat det gjer eg aldri meir.

4. På nyttårsaften fekk eg ein graviditetstest av ei venninne og fekk vita at eg var gravid. Foreldra mine feira sølvbryllaup same kvelden, men eg fortalde ikkje hemmeligheten til dei før seinare.

FÖR TIO ÅR SEN,

1. Hadde eg eit hektisk liv med ein eittåring og ein toåring i heimen. Ingrid var seks år og gjekk i seksårsgruppe, og Odd Christian var ni år og aspirant i skulekorpset. Kjærasten min hadde permisjon og var heime med barneflokken.

2. Var eg lærar i ein førsteklasse med tjue sprell levande ungar. Eg hadde ungar opp og i mente døgnet rundt og elska det.

3. Kjørde eg dei to minste ungane rundt i tvillingvogn og syntest eg var kjempeheldig som hadde fått lov å ha to babyar samtidig.

4. Var eg ca tjue kilo tyngre enn før eg fekk barn, men
rekna med at før eller seinare ville det “gå over”.Eg amma barn i tre år i strekk, men det hjalp ikkje så mykje på vekta.

1. FÖR 5 ÅR SEN,

1.Var eg lærar i sjuande klasse. Me hadde fått lov til å driva eit pedagogisk forsøksprosjekt med fleksitid etter mønster frå ein svensk skule saman med Aud og Jone. Me jobba gratis tre timar i veka på rein idealisme og var stuptrøytte då våren kom Men spennande var det.

2. Laga me musikal på skulen der me laga stykket og musikken sjølv. Elevane våre fekk låna studioutstyr og spela inn playback til deler av forestillinga.

3.Var eg av og til så trøytt når eg kom heim frå skulen at eg måtte halda meg fast i kjøkkenbenken då eg kom heim og skulle laga middag.

4.Feira eg årtusenskiftet med gode venner og masse barn i snøslaps og regn. Årsskiftet som eg hadde venta på med litt grøssande kjensler sidan det gjekk opp for meg som barn at eg ville ha gode sjansar til å få oppleva, passerte i ein slags parentes.

FÖR 3 ÅR SEN,

1.Jobba eg for første gongen med spesialpedagogikk sånn omtrent på heiltid.

2. Starta eg skuleåret som freelansarskribent og forteljar på halvtid, men då ein liten gut til på jobben trong ein spesialpedagogikk, gav eg opp prosjektet.

3. Var eg i dialog med ulike forlag om 2-3 forskjellige barnebokprosjekt som eg aldri har fått tid til å fullføra.

4. Hadde me ei barneteateroppsetjing av Askepott der Askepott hadde ei levande rotte. Denne rymde ut blant publikum på premieren.

FÖR 1 ÅR SEN,

1. Laga eg ein song på bestilling frå kommunen til opninga av den lokale skulpturparken.

2. Dreiv eg research om HC Andersen for å laga ei forestilling saman med Jan Ivar til å visa rundt på
skulane.

3. Var eg i Afrika og budde tre veker hos Linda, ei tanzaniansk dame som driv eit stort prosjekt med
psykisk utviklingshemma barn og ungdommar.

4. Var eg med og arrangerte ein stor innsamlingsaksjon
for å hjelpa Linda økonomisk.

FÖR 1 MÅNAD SEN,

1. Var eg framleis i den travlaste oppstartfasen av eit nytt skuleår.

2. Var eg på møte med venninner frå gymnaset for å arrangera klassefest i oktober.

3. Kjørde me Odd Christian til folkehøgskulen og hadde
bare tre barn att heime.

4. Vart me først adoptert av ein katt som vart henta av eigarane då me hang opp annonse på butikken. Så kom vesle gråblå Cleopatra med abyssinartrekk og flytta inn til oss. Når ho ikkje var henta etter to veker fekk ho matskål kattedo og halsband.

IGÅR,

1. Starta eg dagen med å baka muffins med Kristin og to
elevar.

2. Regna det heftig og tordna ut på natta.

3. Kokte eg grøt til middag.

4. Handla eg eit smykke direkte frå kunstnaren som svigerinna mi skal få i forsinka gebursdagsgave.

IDAG,

1. Har eg vore vikar i tredje klasse for læraren deira vart sjuk.

2. Hadde eg gløymt lommebok og mobiltelefon då eg kom på jobb.

3.Var eg på kurs i klasseleiing. Me fekk sjokolade og frukt i pausen.

4. Var Halvard og eg ute og handla brød, hamburgarar og vårrullar. Nå i kveld har eg jobba med eit dikt.

IMORGON,

1. Skal eg vera vikar i tredje klasse ein dag til. Me skal på utedag og læra om korleis byen vår var i gamle dagar.

2. Har meterologane lova høljeregn, så eg må sjå meg om etter regnbuksa mi.

3.Skal eg kjøra Ingrid til Orre med bilen full av ballongar og ei kake til Oddvar sin 17-årsdag.

4. Kjem Vilde på overnattingsbesøk.

Nokon som kom heilt i mål?

Heidi

From → Uncategorized

10 kommentarar
  1. hemul permalink

    Jag kom i mål! Det var intressant att läsa om allt du gjort, svårt att förstå hur du har orkat! 😉

  2. morsan permalink

    Kom också i mål! De där barnböckerna, de vilar väl bara???

  3. synneva permalink

    sjølvsagt kom eg i mål!
    Skal skriva ei slik liste og senda deg ein gong. Det var kjekt å lesa! No må eg ruga vidare. klem.

  4. Tintomara permalink

    Jag också! jag blev så inspirerad, ska göra en egen lista bara jag hinner! Och bara jag orkar…

  5. Heidi: permalink

    Ja eg håpar bøkene bare kviler. Ein dag MÅ eg vel få litt betre tid.

  6. May Brit permalink

    summen av alle dagar er sjølve livet. Bruk alle sansar – det er spennande å kjenne på alle nyansar. Måten du møter dagen på i dag – former deg til den personen du møter dagen som i morgon… som eit spindelvevnett er livet ditt …

  7. Heidi: permalink

    Det er så sant som eg skulle ha sagt det sjølv, May Brit…

  8. Leif permalink

    Fine glimt av livet

  9. Inger permalink

    Takk, Heidi! Ikkje minst for det diktet du jobba med «I DAG». Rekner med det var der du klarte å formulera mine tankar så nydeleg i diktet eg las då ei nær venninne fylte 60 år! Ho vart så rørt og glad!

  10. Heidi: permalink

    Hallo Inger, så kjekt å møta deg her og. Det var det diktet, ja. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: