Gå til innhald

Det finst ein hoffnarr i dei fleste liv.

februar 10, 2006

For første gongen på alt for lenge har eg gått tidleg heim frå jobben. Det kjennest godt. Sola skin frå klar og bleik blå vårhimmel, og sola varmar så godt at vinteren liksom må ta eit steg til sides, sjølv om det er kuldegrader ute. Etter veker med regn og gråver gjer det godt.

I dag var siste dag med HC Andersen- forestilling. På grunn av ting som tok lenger tid enn me trudde, og elevar som var på plass ti minutt for tidleg, vart det minimalt med oppvarming og mentale førebuingar, likevel kjendest det som den beste forestillinga me har hatt reint energimessig. Etter ei forestilling med påfylgjande spontanteater for elevane, er eg både utlada og oppgira på same tida, det er ein både god og litt underleg tilstand å finna seg sjølv i. Me har pakka kostymekassane våre for siste gong i denne omgangen, så får me sjå om me hentar dei og stykket fram att…

Då eg kom innom normalarbeidsplassen min, kjende eg at her ville eg ikkje vera meir i dag. Eg ville bare ut og heim. Sidan eg har jobba alt for mange timar, kunne eg med det aller beste samvitet forlata åstaden før kontortida eigentleg var over. Denne veka har eg jobba åtte og ti timar fleire av dagane, nå er det på tide med litt fri.

Då eg kom heim, hugsa eg at me har arbeidsfolk i heimen.
Stort sett har dei gått for dagen når eg dukkar opp. Med baderoma går det sakte men steg for steg framover. Nå er alle flisene lagde, me har fått opp glasbyggestein til dusjen og badekar på badet oppe.

“Nå går det mot slutten, “ sa fliseleggjaren då eg kom heim søkklasata med handveske kostymeposar og ei rød rose frå HC-Andersen si grav. “Så fint,” sa eg så muntert eg kunne, i og med at eg oppdaga der og då kor rotete og støvete det var heime hos meg i dag. Vårsola hadde ein ubarmhjertig effekt på støvet, men det får me leva med at ho har.

“Summertime, when the living is easy…” plystrar fliseleggjaren. Han klarer å halda tonen så fint så fint der han balanserer rundt i huset med diverse utstyr…

Denne helga har eg verkeleg gledd meg til. Planane er å slappa av og gjera ingenting. Det er bare det at den første vårsola alltid har ein merkeleg verknad på meg. Eg blir så fylt av ein rastlaus energi at eg kjenner eg må ut og vera midt i livet. Ein lang spasertur i sola kanskje? Men først må eg ned og rydda litt. Så skal eg smila til den plystrande fliseleggjaren iet slikt… “Sjølv- om- det- er rotete i huset mitt så er eg ein ganske hyggeleg person- smil” Kanskje steika litt pannekaker til dei andre kjem heim?

I helga må eg skriva store deler av ein musikal til skulen. Det er ein moderne variant av “Prinsessa som ingen kunne målbinda”. Eg har fått det for meg at eg vil ha med ein hoffnarr. For det finst då ein narr i dei fleste sitt liv? Ein som stikk hovudet fram i dei mest uventa situasjonar og viser at du eigentleg er ein liten del av ein stor og avansert komedie…

Nei folkens, her skal det søren meg levast…

Heidi

From → Uncategorized

12 kommentarar
  1. morsan permalink

    Solskenspromenad rekommenderas 🙂

  2. Heidi: permalink

    Ja, skal bare… og så ein solskenspromenad…

  3. Tintomara permalink

    Och tänk så skönt när hantverkarna är klara och du kan ta resultatet i bruk… ett långt varmt bubbelbad med levande ljus…

  4. Heidi: permalink

    Ja det ser eg fram til Tintomara. Det skal bli nyyydeleg.

  5. synneva permalink

    Hoffnarrar er slett ikkje å forakte! Kloke, morsomme, uforutsigbare, satiriske og kansksje litt lure…! Sjølv strevar eg med Tusen og en natt. Der er det så mange hoffnarrar at eg ser ikkje skogen for bare tre… klem

  6. Heidi: permalink
  7. Heidi permalink

    Nei, eg har ein forkjærlighet for narrar i alle variantar. Godt du har god tid til å orientera deg i tusen og ei natt, Synneva.

  8. tiiin permalink

    heidi, jag hoppas du ursäktar, men jag måste faktiskt fråga vad den här meningen betyder: «Viss det som kjennest heilt feil verkeleg er heilt feil på ekte og så blir det nok rett att.» jag känner mig lite korkad, men jag förstår inte 🙂

  9. Heidi: permalink

    Svarar på din tekst, Tiin…

  10. ja, nu fattade jag : permalink
  11. tiiin permalink

    ja, nu fattade jag! 🙂 tack för hjälpen och för de värmande orden!

  12. Heidi: permalink

    Bare koseleg, tiiin. Eg unnar deg alt godt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: