Gå til innhald

Stakkars dei små kattane mine…

mars 3, 2006

Akkurat nå er truleg begge to i narkose. Den eine er nyoperert, og den andre ligg truleg på operasjonsbordet.
Klokka ni i dag vart dei leverte inn til sterilisering. Eg ville gjerne la dei få ungar, men orkar ikkje tanken på å risikera å måtta avliva kattungar fordi ingen vil ha dei…

Eg klarte å lura meg unna å fylgja dei til dyrlegen. Eg hadde vondt i magen bare ved tanken. Ingrid og Halvard fulgte kjærasten min dit med hadde kvar sin katt i fanget. Det ser ut som om det blir mitt lodd å vera med og henta dei om ein halvtime, eg gruer meg til å sjå dei avkrefta og svake. Får håpa at dei kjem seg snart. Det kjennest vondt å utsetja dei for ein operasjon som ikkje har annan hensikt enn å ta i frå dei sjansen til å få ungar…

Nå vil eg fortelja om noko som har gjort meg glad. I går kom Janne på besøk. Ho ringde i forigårs: “Hei, det er Janne,” og eg vart så glad. Janne var den første eg vart kjend med då eg begynte på lærarskulen for meir enn tjuefem år sidan. Ho er ei flott dame. Den gongen vart eg imponert over kor sterk ho var. Ho bar tunge ryggsekker utan å kny, ho var i stand til å seila ei tresjekte ute på havet, og til å kasta seg ut i kaldt sjøvatn utan først å telja fram og tilbake på knappane når ho fekk lyst til å bada. Samstundes hadde ho ei ro over seg som eg har møtt få andre som har. Dei første åra etter lærarskulen besøkte me einannan med jamne mellomrom og var gjester i kvarandre sine bryllup. Nå var det gått alt for lenge sidan sist. Me har budd i kvar våre liv utan å treffa einannan på fjorten år. Bare julebreva har latt oss kjenna litt på korleis den andre levde.

Men på onsdag ringde ho og ville besøkja meg. I går var eg tidleg oppe. Eg rydda kjøkkenet og bakte rundstykke. Eg la blå druer i ei skål av glas og smijern og eg tende små lys rundt i stova. Ingrid vaska golva og begge baderoma for meg, og så laga ho eggerøre til oss. “Tenk om du ikkje kjenner henne att, mamma,” sa ho. “Det er klart eg kjenner henne att,” sa eg.

Så ringde det på døra. Der stod Janne og såg ut akkurat som før. Ho hadde med seg ein stor bukett rosa tulipanar. “Du må bare seia i frå når du må arbeida vidare,” sa ho. “Eg veit at du har mykje å gjera.” “Trur du verkeleg eg har tenkt å sleppa deg nå?” spurde eg, og sette over meir kaffi. “Eg håpar du kan vera her heilt til i kveld.”

Eg er hekta på og fascinert av møter mellom menneske og menneska sine liv. Eg skulle gjerne omgåst menneske på heiltid…

Men først må eg henta kattane…

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Heidi: permalink

    Nå skjanglar dei rundt på golvet. Dei går fire vaklande steg og dett over på sida… Stakkars… Men dette ser ut til å gå bra…

  2. Skylla permalink

    Kram till dig och katterna dina!

  3. Heidi: permalink

    Skylla: Takk 🙂
    Kattane har det betrakteleg betre. I dag er dei omtrent heilt som vanleg. Forbausande kor fort det går nåer ein tenker på kor nyopererte dei er: i dag er den store utfordringa å halda dei inne. Dei er heilt ville etter å få koma ut og må haldast kvar gong nokon opnar utgangsdøra… Trur ikkje det er lurt å senda dei ut i snø og kulde med barberte operasjonssår under magen…

Legg att svar til Skylla Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: