Det blømer i natta…
Verda er grøn og rosa og full av epleblomar, liljekonvall, syrin og rhododendron. Eg har vore på tur med klassen min. Me klappa kopplam og såg på tre dagars gamle grisungar. Så fekk me studera ein kjukling på veg til å hakka seg ut av skalet. Han låg der inni og strevde og pusta og var våt og pjuskete, medan ein kunne sjå korleis det vesle hjartet slo. På veg heim vart eg kjørande bak ein traktor med stor tilhengar som eg ikkje våga å kjøra forbi med bilen full av ungar, så me kom tilbake sist av alle bilane i fylgjet.
Eg var totalt utlada etter jobb. Eg har sove alt for lite denne veka. Eg dusja lenge i varmt vatn, og fekk vaska lukta av grishus grundig ut av håret: Så vakla eg ut i senga og sov i to timar.
Gry gav meg syrinar, syrinar frå hagen sin, og i morgon skal eg plukka liljekonvall. Eg var hos Anne Mette og åt reker med sitron og egg og majones med deilig fruktsalat til dessert.
I morgon skal eg sova lenge. Eg gler meg allereie villt og uhemma.
Heidi
Du har väl hört om den svenske skomakaren som satte upp en lapp på dörren till sin verkstad: Stängt mellan hägg och syren? 😉
Det skulle vi alla göra.
Nei, den historia har eg ikkje høyrt, men eg skal ta ho med meg vidare. Heilt enig me skulle stengt butikken og stoppa livet eit par dagar på denne årstida.