Gå til innhald

Så herleg

mai 26, 2006

å vakna med god tid. Den siste boka til Linn Ullmann var fin. Fin og sterk og trist og viktig. Venus mjaua utanfor vinduet. Eg slapp han inn og han låg på magen min og mol medan eg las i boka. Ingrid kom med ein jakke. Eg hadde lova ho å sy ned splitten bak som var for høg. Ho fann ein silkespole som eg har hatt liggjande heilt sidan eg sydde brudekjolen min, og fargen var den rette. Så sat eg i senga med brudekjolesilketråden og sydde på jakken med ein malande katt i fanget.

Først nå slo det meg at silketråden gjennom dagen er litt symbolsk, for i dag har kjærasten min og eg vore gifte i ein og tjue år… Me har teke feiringa med ro, sidan me er midt i den store festveka med feiringar på alle kantar.

Men soveromet har eg rydda, og eg har tørka støv av gamle installasjonar. Og eg har vaska ting som i lang tid har lege klart for handvask. Baderomet har lukta intenst av våt råsilke, for eg hadde fire plagg av råsilke som skulle vaskast. Det slo meg at alt eg stod og vaska for hand hadde eg fått eller lånt av syster og svigerinne. Ingrid sa her en dag. “Kva i all verda er det med deg mamma sidan folk heile tida kjem og gjer deg ting?” Kanskje eg har ein litt ubehjelpeleg klesstil som bare appelerar til stylisten i folk…

Eg har plukka rabarbra, og eg har plukka liljekonvall. Akkurat som eg gjorde den dagen for akkurat 21 år sidan, plukka min eigen brudebukett. Eg gjekk og venta på syrinane som ikkje ville springa ut i tide i 1985, og så vart det liljekonvall i staden. Heilt i tråd med meg sjølv plukka eg buketten i bestemor sin hage, og fekk utruleg dårleg tid. Ja, faktisk så dårleg tid at kjærasten min foreslo me skulle dra til kyrkja utan bukett… Men eg røska med meg blomar og forlovaren min laga buketten i bilen på veg til kyrkja.

Far hadde vått hår då han førde meg opp kyrkjegolvet. Han kom rett frå dusjen, så på det med dårleg tid er eg truleg arveleg belasta… Då me skulle gå inn døra gol gauken for første gongen den sommaren. Eg spurde far om han ikkje trudde det var eit godt teikn, – og det trudde han…

I morgon har eg invitert dei av damene på jobb som er eldre enn meg til feiring. Me blir så mange, så eg må dela i to. Atten gjester får eg om alle kjem. Må roa meg tidleg i kveld og stå tidleg opp for å rekka alt eg skal.

Baka, vaska, koka supper dekka bord og laga rabarbragrøt. I morgon har eg fri frå jobben og skal konsentrera meg om oppgåva…

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Kesia permalink

    Gratulerer så mykje med 21- års bryllupsdag! Du tok litt hardt i då du skreiv at du plukka liljekonvall for 25 år sidan, til brudebuketten din….Buketten var vakker den, sauene breka, lerka jubla og lufta var full av vår den dagen! Og svigerfar din spela fløyte på kyrkjegarden…

  2. Heidi: permalink

    Eh, ja, Kesia. Du har så rett så rett…Eg skal inn og retta. Og visst spelte svigerfar fløyte på kyrkjegarden 😉

  3. Skylla permalink

    Så fint!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: