Sundag var…
…dugnadsdagen. I samband med den store årlege marknaden her i byen var “fotballforeldra” utkomanderte til å melda seg på messeområdet seinast kvart på ti. Det vart kjøkkenarbeide på meg. På med kvitt ermeforkle og ei heller ukledeleg hette. Så var det hurtigskjering av salat i to timar. Deretter var utfordringa å selgja komler i kafeteriaen.
Folk stod i lang kø, og me stod tre stykker og samarbeidde om å ausa opp mat. Bestillingane var så ymse. Komle med kjøt og pølse og potet, komler utan smør, liten porsjon med både pølse og kjøt…
Sørlendingane etterlyste sukker til komlene, nokon ville ha kaldt smør i staden for smelta, nokon etterlyste ein ekstra tallerken, og ein ville ha komlemiddag utan komler, men med alt tilbehøyret… Eg måtte hjelpa eldre menn å vurdera om dei orka å eta tre komler eller om det haldt med to… Me innarbeidde oss ein imponerande samarbeisrutine på korleis me saman skulle fylla ein papptallerken fortast mogleg… Fascinerande og travelt å vera i kafeteriabransjen…
Etterpå fekk eg skrive to songar til personalrevyen og gått tur med kjærasten min. Kvelden vart avrunda med at eg fekk overtalt Odd Christian til å sjå film med meg. Me sat i sofaen med ei dyne rundt oss og såg “Finding Neverland” medan me småprata innimellom. Å sjå film med ungane og ei dyne er ei glede av det enkle og mjuke slaget…
Heidi
Men VAD är komler???
Eg lurer på om det er omtrent det same som palt? Det må du hjelpa meg å finna ut. Det er yndlingsmaten til dei fleste på vestlandet. Komler er laga av revne poteter som er blanda med byggmjøl og kveitemjøl og forma til runde ballar på storleik med store poteter. Dei blir kokte saman med kjøt, helst salt lammekjøt og kålrot. Komler blir ofte serverte saman med pølse og steikt flesk. BVlir det servert utan flesk brukar ein smelta smør til Tradisjonell drikke til dette er sur mjølk. Finst noko tilsvarande i Sverige. Kva er palt? I varianten blodkomle er det blanda blod i deigen. Sistnevnte betakkar eg meg for, men dei vanlege komlene er mat frå himmelen. Sør i Norge et dei komler med sukker på og i trøndelag et dei det med prim. Mange lokale vaiantar.
Kroppkakor 🙂 (ja, jag Googlade….)
Er kroppkakor akkurat det same som komler?
Ja, enligt Google 🙂
http://www.milesonmedia.se/olandsmagazinet/articles.asp?p=2&contentId=23
Men Pite-palten verkar ligga nära till också?
Eg trur kanskje Pite-palt må vera det næraste ein kjem. Eg ser det er løk i kroppkakor, det er det ikkje i komle. Men begge deler må vera nokså nære. Då eg var liten åt familien min komle kvar torsdag. Det var veldig vanleg. På fredagen skar ein restane opp i bitar og steikte på steikepanna.