Gå til innhald

2.pinsedag.

juni 5, 2006

Me har vore saman med gode vener i helga. Bare eg og kjærasten min. Ingrid styrde skuta her heime, noko ho gjer me stødig hand så vidt eg kan sjå, så med eit par sms-ar i døgnet slappa eg godt av for at alt var i skjønnanste orden heime.

Det var god mat. Vår gamle ven Jan er blitt ein skikkeleg gourmet, så ingenting var tilfeldig. Heimebakt brød, fantastiske salatar, bayonneskinke marinert i rødvinseddik og lun ripspai med is.

Me har site på kafé, me har vore på fjelltur, og me har sett kunstutstilling. Dessutan har me vore oppe omtrent heile nettene og hatt eit par friske diskusjonar. På ein måte ser ein kvardagane sine i eit litt nytt lys når ein tek eit aldri så lite luksussteg til sides. Per Inge prøvde å overbevisa meg om at eg overbelastar meg sjølv på jobb, og eg veit jo at han på mange måtar rett og slett har litt rett…

Så hamna me i femtiårsdag hos folk me aldri før har møtt. Me vart henta dit utpå natta. Det var kan ein seia ein litt annleis måte å koma i selskap på. Ei slags flue- på- veggen- erfaring som eigentleg var ganske interessant.
Kanskje det kunne vera eit utgangspunkt for ei studie i sosiologi å dukka opp i ei rekkje selskap der ein ikkje kjende jubilantane…

Då me kjørde heim i går kveld, haldt eg meg så vidt vaken. I dag skal eg skriva ein song til lærar-revyen i september. Eg må rett og slett begynna nå. Eg har brukt fire timar på å rydda kjøkkenet og vaska kjøleskapet. Sistnemnde instalasjon bar ikkje akkurat preg av å ha blitt pleia av kjærlege hender dei siste vekene.

Sola skin og det er sommar. Ikkje til å fatta…

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Sara permalink

    «Ripspai»..?

  2. morsan permalink

    vinbär?

  3. Heidi: permalink
  4. Heidi: permalink

    Ja, røde vinbær, trur eg. Slike røde sure bær som veks i klasar i hagane. Dei svarte klasebæra heiter solbær. Kallar de dei for svarte vinbær, mon tru?

  5. Heidi igjen: permalink

    Eg sjekka nettet. Dei heiter vinbär på svennsk, ja. Ribes rubum på latin. Så det norske ordet kjem frå latin, tydelegvis. Ribs på dansk og…

  6. Sara permalink

    Ah, tack! Vi säger «röda vinbär» och «svarta vinbär».

Legg att svar til Heidi igjen: Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: