Gå til innhald

Tekst med feriepuls…

august 6, 2006

Nå er han her, feriepulsen… Det er som å sitja på fanget til sjølve sommaren. Sommaren stryk håret mitt med milde vindar og kviskrar til meg: “ Det hastar ikkje. Det hastar ikkje med nokon ting… Kjenn kor godt det er å bare finnast til…”

Og eg lyttar til sommaren, og er så avslappa som eg ikkje kan hugsa å ha vore på veldig lenge… Kanskje det er naturmedisinen som gjer det? Det kjennest i alle fall godt. Eg får ikkje gjort alt eg hadde tenkt. Eg hadde for eksempel så mange tekstar eg ville ha skrive her på Andedrakt, men dei får koma…

Men eg har då fått gjort ein del ting. Eg har malt livet mitt, nei kjøkkenskapa meinar eg, lyseblå. Det tek lenger tid enn eg hadde trudd å mala skap. Framleis trengst litt flikking og maling på innsida av dørene, men lyseblå er dei blitt. Dei har omtrent same fargen som himmelen har ein klar føremiddag i juni. Etterpå skal veggene malast eggeskalkvite på kjøkkenet og nøklebandgule i stova og på gangen. Det får bli når det blir. I neste veke må eg skriva eit juleteaterstykke til Sandnes Kulturskule. Det er eit bestillingsverk som eg lova å ta på meg i mai. Eg har ikkje begynt å skriva, men eg har tenkt ut handlinga, så det går nok bra. I dag skal eg ikkje skriva, i dag skal eg halda helgefred.

Eg har bada i sjøen og hatt herlege lyse sommarkveldar med gode vener. Eg kan ikkje hugsa ein venlegare sommar reint vermessig. Det har vore sol mest kvar einaste dag sidan Jonsok. Det er ein slik sommar ein alltid drøymer om skal koma. Nå går han mot enden, men først skal me nyta seinsommaren. Den vakraste
av alle årstidene…

I går kveld plukka eg og mor rips til frysaren min. Ei stor lyseblå bøtte full. Eg skal plukka meir i neste veke. Etterpå baud far på grillmat på terassen. Klokka tolv om kvelden gjekk eg tur med skjørt og T-skjorte og temperaturen var heilt perfekt. I dag hadde eg tenkt meg i kyrkja, men på grunn av mange små hendingar som ikkje gjekk min veg, så vart eg for sein til å koma meg i veg. I staden fann eg ei radiogudsteneste og la meg i sola og lytta. Det var fint.

Nå skal eg ned og rydda terrassen. Setja malingsspann og white-sprit ein stad der eg ikkje ser dei, feia terrassegolvet og ta inn kleda som ligg på bordet. Kanskje eldsteguten har lyst på ei vaffel? Røra står frå i går i kjøleskapet. I kveld skal eg og Ingrid ut på besøk, men først gå ein lang tur kanskje, og laga god middag?

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Borghild permalink

    ja for ein flott sommar me he hatt! kjempe vèr!! i dag har eg vore på preikestolen og i morgon skal me lysa etter krabbe!!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, det las eg akkurat på bloggen din Borghild. Det høyrest så koseleg ut å lysa etter krabbe 🙂

  3. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Klart at naturmedisinen har en aksje i dette 😉

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar